Alle har eit livssyn

Kilde: Epost fra KrF

Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide (foto: krf.no)

Gode president,

Kongen starta gårsdagens Trontale med å peika på at «Norge er et land med store muligheter. Vi står godt rustet til å møte utfordringene vi står overfor.»

KrF kan ikkje vera meir einig. Norge er ikkje eit godt land å bu i - Norge er eit fantastisk land å bu i for dei fleste. Men vi må ikkje gløyme at vi har eit særskilt ansvar for dei som fell utanfor.

Og så er det viktig at Noreg ikkje blir eit land som får nok med seg sjølv. At vi løfter eit perspektiv utover meg og mitt - og våre eigne landegrenser. Klodens to store utfordringer er det å bekjempe fattigdom og det å bekjempe klimaendringer. Desse to hovedutfordringane er sjølvsagt også ei hovudoppgåve for Norge.

President,

I Norge er det spesielt to ting det er vanskeleg å snakke om: Det er EU og det er Gud. For i begge tilfelle tenker folk med ein gong at du enten er for eller mot. Sjølv er eg i alle høve trygg i trua på sistnemnte.

Min spådom er at i denne stortingsperioden kjem diskusjonen om tru og livssyn til å bli meir aktuell og meir utfordrande for oss politikarar enn den har vore på mange tiår.


KrF meiner at det beste svaret er å styrke røtene våre. For kva er det som har gitt næring og vekst til framveksten av sentrale verdiar som likeverd, menneskeverd, frivillighet og nestekjærleik? Her har kristendommen ei heilt avgjerande betyding. Den arven burde ikkje gøymast bort, men heller løftast fram med stolthet.

Dette gjeld ikkje berre kristendommen. Dei som ønsker å støvsuge det offentlege rom for livssyn og religionar, underslår viktige faktum:

Som at forståelse blir skapt av møter. Respekt kjem av dialog.

Vi politikarar må tørre å snakke om tru og religion på ein djupare måte enn vi gjer i dag.

President!

Sjåtil Frankrike, der den såkalla nøytraliteten har fått fritt spelerom. Det har ført til at mange franskmenn ikkje lenger veit kva dei skal tolerere, fordi dei ikkje vert utfordra av andre livssyn i det offentlege rom.

Mange ser ut til å gløyme eit enkelt faktum: Alle har eit livssyn. Ingen av oss som bur i dette samfunnet er livssynsnøytrale.


Eg syns vi skal lytte til Ayesha Wolasmal som i fjorårets debatt om skulegudstenester sa dette: «Sånne som meg kan jo få fritak, men jeg gledet meg til skolegudstjenestene. Jeg synes det var så hyggelig, fordi det var den eneste julefeiringen man ble inkludert i. For ellers er jo hele Norge stengt under julen».

La meg kort oppsummera:

Fråvær av tru og religion er ikkje nøytralitet.

Gode President!

Denne hausten har vi hatt høve til å følgje mellom anna søskenpara Pablo og Elina, Martin og Markus,Linnea og Martine, Sem og Lara i serien «Søsken» på TV2. Den viser oss at eit mangfoldig samfunn gjer oss rikare, og at det er gjennom å vise sårbarhet og ved å bry oss vi får mulighet til å skapa eit meir ekte, varmare og rausare samfunn.

Jaget etter det perfekte er ingen av oss tent med. Dei menneska finst heller ikkje. Vi har alle våre gode og dårlege sider. Denne serien viser tydeleg at eit samfunn der folk får vere seg sjølv er til det beste for alle. I serien møter vi Sem, som har William`s syndrom.

Han fortel stolt til sjåarane at han er heilt unik fordi han har eit av dei mest sjeldne syndroma i verden. Sem har tru på seg sjølv, men trua på seg sjølv dytter ikkje andre ned, han elskar menneska rundt seg. Det er eit godt førebilete og viktige verdiar som samfunnet vårt treng.


Vi møter også Elina og broren Pablo som set i rullestol. Ho blir spurt korleis det er å ha ein bror som set i rullestol, kor broren raskt bryt inn og seier: «Om dere lurer på hvordan det er å ha en lillesøster som kan gå, så kan det være ganske morsomt. Og litt irriterende.»

President!

Denne historia fortel mykje, etter mi meining. Vi er opptatt av korleis det er for nokon å ha ein bror som ikkje oppfyller krava til det såkalla normale. Men det såkalla «normale» er underordna, og finns ikkje. Det som betyr noko er at vi har nokon å være glad i, bry oss om, og til og med nokon vi kan krangle med.

Det er nettopp slike historier som dette som mellom anna gjer at eg er i politikken - fordi eg ynskjer å utforma politikk for dei som treng politikk. KrF er eit kristendemokratisk sentrumsparti som vil leggje til rette for ein politikk som inkluderer alle menneske og gjev dei som har nokon ekstra behov mulegheit til å vere ein aktiv del av samfunnet.

Dette handlar ikkje berre om sorteringssamfunnet. Det handlar òg om å stilla opp for dei som har pleieansvar. Derfor fremmar KrF i dag eit forslag som kan bidra til å forbetre pleiepengeordningane!

President!

Når teknologien stadig bryt nye barrierar, må vi stoppe opp og stille oss spørsmåla: Kva er eit fullverdig liv? Når skal hjelp bli gitt, og når skal den ikkje bli gitt? Kven skal vi satse på og kven er ikkje verd det? Teknologien må spele på lag med menneskeverdet og ikkje kjempe mot.


For KrF er ikkje dette berre eit spørsmål om kva som er rett å gjere, men det er eit spørsmål om kva samfunn vi vil ha. Eit samfunn som velger vekk eit slikt mangfold blir eit trongare, mindre tolerant, mindre raust samfunn. Det er ikkje eit alternativ vi ønsker for Norge.

President,

KrF vil i dag invitera alle våre medrepresentantar frå alle parti til ein dugnad.

Vi som sit i denne salen er stort sett einige om at det er heilt avgjerande at Norge har ein sterk sivil sektor. Vi vil at det offentlege, når ideelle eldsjeler tilbyr sine tenester, skal sei: JA! TAKK!

Det er grunnen til at KrF no tar initativ til ein felles dugnad blant partia på Stortinget for å sikre dei ideelle, non-profittbaserte aktørane. Trass mange gode vedtak i denne salen ser vi ein stygg trend: Dei ideelle aktørane opplever stadig å skvisast ut. Anten det er av offentleg styrte helseforetak eller av meir kommersielle leverandørar.

No handlar det mellom anna om at det offentlege skal ta sitt ansvar for å dekke dei historiske pensjonskostnadane for ideelle aktørar, gjennomføringa av anskaffelseslova, sikre lengre anbudsperiodar og vurdering av anbudspraksis.

President,

Det er behov for politisk styring. KrF vil ha med alle parti som ønsker vekst for ideell sektor og ei betre styring over velferdsaktørane. Dykk er alle velkomne på dugnad her i Stortinget. KrF vil følgja opp dette initiativet.


Gode president,

KrF er eit opposisjonsparti. Vi er tilbake til det som har vore regelen ¿ meir enn unntaket i norsk politikk - der mindretalsregjeringar må hente skiftande støtte i Stortinget.

I tida framover kjem KrF til å rekke ut ei hand til alle parti som ønsker konstruktiv samarbeid. For oss vil ikkje fargen på partilogoen vere det avgjerande, men kva politikk vi kan få gjennomslag for.

KrF skal bruke vår posisjon i Stortinget med ansvar og klokskap. Vi kjem til å stemme for den politikken vi er for og mot den politikken vi er mot. Men det skal skje innanfor ansvarlege økonomiske rammer.


President!

Men i alt dette skal vi passe på dei som treng det mest.

For det er behov for politikarar som tør å prioritere dei svakaste høgast.

Dei borna som veks opp i fattige familiar, som aldri får reise på feriar eller delta på fotballtrening.

Dei som kjempar ein dagleg kamp mot rusen.

Dei som kjempar mot mobbing eller overgrep.

Ja, det sosiale engasjementet har gått som ein gul tråd gjennom KrFs historie.

La det ikkje vere nokon tvil: Ein politikk som verkeleg tar dei kristne verdiane på alvor blir på mange måtar radikal.

Derfor er mykje av KrFs politikk òg det, anten det gjeld sosial rettferd eller forvaltaransvaret.

Det gjeld i kampen for å utjamne forskjellar.

I kampen mot global fattigdom.

I solidariteten med menneske på flukt.

I kampen mot klimaendringane.

Spesielt i klimapolitikken er det viktig at vi som politikarar hugsar på kva som er hovudoppgåva vår. Det er ikkje berre å tenke på dei som lever i dag.

Vi må tenke pågenerasjonane etter oss.

President,

Det er behov for politikarar som tenker lengre.
Det er behov for politikarar som set kampen mot fattigdom først.
Det er behov for politikarar som ikkje lar likeverdstanken og menneskeverdet stanse ved riksgrensa.
Eg håpar KrF i denne stortingsperioden vil visa at vi gjer nettopp dette.

Takk!

Med dette tek eg opp det framlagde forslaget.


KrF vil ha eit samfunn hvor trua si betyding vert anerkjent av politikarar. Vi er ueinig i forslaget til ny trus- og livssynslov som er ute på høyring.

Regjeringa vurderer å innføre ei heilt ny minimumsgrense på 500 medlemer for at trussamfunn skal få statsstøtte. Dette kan føre til at Vennenes samfunn, også kalla kvekarane, som har vore her i landet i snart 200 år, ikkje lenger skal få statsstøtte!

I forslaget frå regjeringa er det òg lagt opp til at personar under 15 år ikkje skal telje som støtteberettiga medlemer av trussamfunn. Det bygger på ei tenking, fronta av Human-Etisk Forbund, om at barn skal vere nøytrale observatørar til tru og livssyn fram til dei fyller 15 år.

Som om ein slik nøytralitet fins.

Verda går ikkje alltid framover. Haldningar til menneskeverdet har gjennom historia svinga i pendel. I Norge har framtredande samfunnsdebattantar hevda at eit samfunn utan menneske med Downs ikkje naudsynt er eit dårlegare samfunn. Slike haldningar må vi som ansvarlege politikarar kjempe mot.

I boka til forfattaren Erik Lunde, «Uønsket. Mennesket i sorteringens tid» kan vi lese om korleis jentebarn i India blir sortert bort på grunn av kjønn. Sortering av friske jenter skremde oss. Men diverre er det eit godt eksempel på korleis teknologien kan bli brukt mot mennesket og ikkje for.

President!

Vi kan ikkje godta at menneskeverdet i Norge skal ha fysiske, praktiske eller økonomiske hindringar. Vi kan ikkje ha det slik i vårt siviliserte samfunn at foreldre som ventar barn med spesielle behov ikkje tørr å bere fram barnet fordi ein ikkje veit om ein kan makte det. At dei er usikre på om dei orkar kampen mot papirmølla og byråkratijungelen. Eg har stor forståing for at det kan opplevast vanskeleg.

President, som politikar er det mi oppgåve å sjå til at vi som storsamfunn gjer alt vi kan for å leggje godt til rette, slik at alle føler seg velkommen til denne verda og ikkje minst blir inkludert. Slik at alle foreldre kan gle seg til barnet sitt blir fødd med eller utan eit kromosom for mykje.