Investere i famililane

Kilde: www.krf.no

Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide (foto: krf.no)

Me lever i ei verd prega av enorm ulikskap. Eit aukande fleirtall nyter godt av framgang og velstand, mens eit stort mindretal på hundrevis av millionar medmenneske lid under valdsbruk, krig, utryggleik og fattigdom. Europa og USA er ramma av avskyelege terrorangrep, men omfanget her er berre ein brøkdel av lidingane som rammar folk i konfliktområde som Syria, Irak og Jemen. Kashmir-konflikten mellom India og Pakistan har blussa opp igjen med fare for ny krig mellom to land som har atomvåpen. Konfliktløysing og atomnedrusting er tvingande nødvendig. Fattigdom, klimaøydeleggingar og konflikt gjer millionar til internt fordrivne, til flyktningar eller til arbeidsmigrantar.

Sjølv om krisene er svært alvorlege, må me ikkje bli handlingslamma. Tvert imot viser dette tydelegare enn nokon gong betydinga av norsk innsats for fred og forsoning, forpliktande klimatiltak og ein aktiv utviklingspolitikk for fattigdomsnedkjemping og internasjonal rettferd. Dette er òg hovudbodskapen i den alternative utviklingsmeldinga som Kristeleg Folkeparti nyleg la fram. Den veldige kontrasten mellom nokon sin rikdom og andre sin fattigdom blir ei aukande kjelde til uro. Kampen mot ulikskap blir derfor stadig viktigare i ei verd der ny medieteknologi gjer fattigdomskløfta letterare synleg for alle.

Den amerikanske statsvitaren Robert Putnam har sagt at det viktigaste me kan gjere for å redusere ulikskap i eit samfunn, er å investere i familiane. Putnam seier at barn som opplever at foreldra jamleg et middag med dei, eller som ofte les godnatteventyr for dei, gjer det langt betre på skulen enn barn frå familiar som får lite tid i lag. Det seier meg at ein politikk som gir tid og rom for at foreldre kan ha tid med barna sine, er eit stort gode. Får me eit arbeidsliv som berre er lagt opp på arbeidslivets premisser, slik at det går ut over familiane, taper me alle.

Det er ikkje berre Kristeleg Folkeparti i vesle Noreg som seier dette. Òg verdas mektigaste mann, president Barack Obama, seier det same:

«Me må slutte å behandle omsorgstilbodet til barna som eit sidetema, eller eit kvinnetema, men behandle det som den nasjonale økonomiske prioriteten som det er for oss alle,» sa han i fjorårets State of the Union-tale.

Me veit at utanforskap er eit aukande problem i det norske samfunnet. 290000 barn har foreldre som har psykiske lidingar eller alkoholmisbruk som gjer at dei slit i kvardagen. Ein av tre elevar som begynner på vidaregåande skule i Noreg, har ikkje fullført utdanninga innan fem år. 37000 elevar får spesialundervisning. 84000 barn veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Dette veit vi. Eg trur mange hadde sleppt å hamne utanfor dersom me hadde satsa sterkare på nettopp familiane.

Trass i dette, og trass i denne verkelegheita, ser me no at stadig fleire av partia her på Stortinget tar til orde for færre og dårlegare ordningar for familiane. Eg kan ikkje nemne alle, men eg har lyst til å nemne tre eksempel:

Partia på venstresida har lenge kjempa mot kontantstøtta og familianes valfridom. For to år sidan sa partiet Venstre at òg dei ville skrote kontantstøtta. I haust har òg Høgre og Framstegspartiet tatt til orde for å fase ut ei av vår tids viktigaste familiepolitiske ordningar. I realiteten står sentrumspartiet Kristeleg Folkeparti igjen som den einaste garantisten og forkjemparen for kontantstøtta og dermed familianes valfridom på Stortinget. Det er ein posisjon og ein særstilling me gjerne skulle vore forutan.

Fleire parti tar òg til orde for å fjerne eller svekke barnetrygda. Òg her skal ei velfungerande og universell familiepolitisk ordning angripast av politikarar som burde hatt som sitt fremste ansvar å ta vare på nettopp familiane. Eg har inga tru på å behovsprøve barnetrygda. Eit viktig prinsipp for velferdssamfunnet vårt har vore at slike velferdsordningar har vore for alle. Alle skal ha dei same rettane, dei same moglegheitene og den same tilgangen på godane. Derfor kjem Kristeleg Folkeparti til å fortsetje kampen for dei universelle, familiepolitiske ordningane. Nettopp kampen for dei like moglegheitene er ein av dei viktigaste kampane me kan ta for ein moderne norsk familiepolitikk. I dag ser me at mange familiar ikkje har like moglegheiter. Det er ei djup urettferd i det norske samfunnet ved at det er økonomisk ugunstig å få barn tidlig i livet. I dag er det slik at me som samfunn legg opp til barnefødslar i 30- og 40-åra i staden for i 20-åra. Professor Anne Eskild seier det slik: «Dagens ordning for foreldrepenger er på kollisjonskurs med biologien.»

Det er inga rettferd i at desse ordningane bidreg til å gjere det vanskelegare for unge kvinner og studentar å få barn. Det er inga rettferd i at ei kvinne med tilknyting ti1 arbeidslivet vil få opptil ti gonger så mykje støtte som ei kvinne som føder utan å ha vore i arbeid. Det er eit politisk ansvar å viske ut denne urettferda. Eg er glad for at Kristeleg Folkeparti har gjennomslag for å auke eingongsstønaden noko gjennom statsbudsjettet dei siste åra, men me er langt frå i mål.

I 2013 gjekk Kristeleg Folkeparti til val på å jobbe for det som er bra for barna, fordi me veit at eit samfunn som er bra for barna, er bra for oss alle. Sidan den gongen har me jobba strategisk og målretta for å setje barnas situasjon på dagsordenen. Før Stortingets fjerde år i denne perioden ser me at me har oppnådd mykje på vegner av dei sårbare barna. La meg kort ta noko av det viktigaste:

- Me har fått på plass støtte til ein opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse
- Me har fått øyremerkte midlar til skulehelsetenesta og helsestasjonane
- Me har fått på plass ein heilskapleg opptrappingsplan mot vald mot barn
- Me har fått på plass ei styrking av Statens barnehus
- Me har fått på plass auka kontantstøtte
- Me har fått på plass både betre og fleire barnehageplassar
- Me har fått på plass Barnas transportplan
- Me har fått på plass ei varig løysing for asylbarna
- Og ikkje minst: Me har fått på plass 1700 fleire lærarar i 1., 2., 3. og 4.klasse. Det viser at Kristeleg Folkeparti prioriterer nettopp det viktigaste: Barna og familiane våre.

Avslutningsvis vil eg rette merksemda mot den siste tidas debatt om religion, livssyn og trua sin plass i samfunnet vårt. SV tar til orde for noko som minner om den franske sekularismen, der religiøse livssyn skal gøymast bort til fordel for ikkje-religiøse livssyn. Eg synest Noreg er eit mangfaldig og fleirkulturelt samfunn, ja eg vil seie vakrare enn nokon gong. Men da er det viktigare enn nokon gong at me tar vare på røtene våre og ikkje gøymer dei bort. Det er viktigare enn nokon gong at me lærer om kvarandres livssyn i skulen og i lærarutdanninga, at me snakkar om kva trua betyr for oss menneske, òg i offentlegheita, at me gir rom for skulegudstenester, sjukehusprestar og ei samlande folkekyrkje. Me må anerkjenne at religion og livssyn har ein naturleg plass i det offentlige rom.

Eg oppmodar til ein meir livssynsopen politisk debatt der me ikkje ser på religion, livssyn og tru som noko truande eller farleg. Me må sjå på det som den positive samfunnskrafta som trua speler i samfunnet vårt, som den samlande faktoren ho har for oss i tider med krise og sorg.

Alle har eit livssyn. Ingen er nøytrale. Dette gjeld òg SV. Men SVs trusvedkjenning om at trua skal gøymast bort, er eg sterkt ueinig i. Noreg er og skal fortsatt vere eit livssynsopent samfunn.