Det er de unge som oppfører seg voksent

Kilde: www.nu.no

Kjære landsmøte,

Det er utruleg godt å sjå dokker. Eg håper dokker har fått kvilt dokker godt i juleferien. For det har dokker verkeleg fortent. Eit så innhaldsrikt miljø-år som 2019 kan ikkje eg hugse, det kan heller ingen andre.

Men dette har berre vore byrjinga. På dette landsmøtet skal me legge planen for neste steg i miljøkampen. Kjære alle saman, velkomen til Natur og Ungdoms landsmøte 2020!

*

2019 har vore historisk. Aldri før har så mange menneske, med ungdom i spissen, tatt til gatene og kjempa for livsgrunnlaget vårt. I 2019 skapte me dei største miljødemonstrasjonane i norsk historie!

Saman med millionar av ungdommar i resten av verda har me fått miljø til å prege den politiske dagsordenen som aldri før. Og det hadde ikkje skjedd utan vår innsats.

Utan at me hadde stått på og mobilisert, organisert, skrive pressemeldingar og lesarbrev, snakka med journalistar, krangla med politikarar og kjipe gubbar i kommentarfelta, svart på ca ti millionar spørsmål om politisk fråver. Utan dette så hadde ikkje dette gått.

Me har gitt jarnet 110 % og skal vere utruleg stolte av oss sjølv og det me har fått til!

Dåeg vart med i NU for ti år sidan, kjentest det litt sært å vere han i klassen som alltid ville snakke om miljøet. Nå er det endra. Undersøkingar viser at miljø er saka som opptar ungdom mest. Det siste året har me ikkje kjent oss åleine i miljøkampen. I 2019 er det over 3200 personar som har blitt med i NU -- det er tidenes medlemsvekst!

Det viser at alle dei som har streika skulen for klima har ikkje latt det bli med den enkelt-demonstrasjonen. Folk har meldt seg inn og starta lokallag.

Eg er mektig imponert over den innsatsen dokker alle har lagt ned i å verve og bygge organisasjon dette året! Og det er akkurat det som trengst viss me skal klare å vinne miljøkampen.

*

Dåme var her i fjor, hadde me nettopp lagt bak oss 2018 -- eit år kor heile verda, og Noreg, verkeleg merka konsekvensane av varmare temperaturar. Det var skogbrannar, fôrkrise, heitebølger.

Me har sett det i 2019 også. Ras på Vestlandet der det før ikkje gjekk ras. Tidenes verste tyfonar har herja i Mosambik. Akkurat nå står Australia i flammar. Skadene er så store at det er vanskeleg å fatte. Eit område like stort som Finnmark er svidd av.

Døma på ekstremvær som blir forsterka av klimakrisa, og driv folk frå hus og heim, er mange og skremmande. Me ser allereie konsekvensane av tiår med manglande klimahandling. Derfor har me nå ikkje råd til fleire tapte år for miljøet!

*

Barn og unge har vist at me ikkje godtar at dette skjer, og gjer opprør på ein måte verda aldri har sett makan til. Me har fått ein ny måte å aksjonere på gjennom skulestreiken, og Greta Thunberg har gitt miljøet den talarstolen det fortener.

I landsmøtetalen min i fjor las eg noko som Bergens Tidene skreiv då Greta Thunberg nettopp hadde starta å få ein del oppmerksemd:

¿Om du tenkjer at vi skulle hatt ein Greta Thunberg i Noreg, kan du leite i ditt næraste lokallag av Natur og Ungdom. (¿) Dei som skal vere her lengst, tek det største ansvaret. (¿) Noreg er fullt av Greta Thunbergar.¿

Eg sa i januar i fjor at eg kjente ein heil haug med Greta Thunbergar i min eigen organisasjon. Om eg må seie det sjølv så trur eg eg har fått endå meir rett.

For det er såutruleg mange flinke folk me har i organisasjonen vår. Om det er Tara i Hammerfest NU som er i TV-debatt med ordføraren i Kvalsund om Repparfjord-gruva. Vilja, Aksel, Tina på Debatten på NRK. Varisa og Svalbard NU som arrangerer verdas nordlegaste klimastreik.

Det er så mange av dokker eg kunne nemnd. Dokker har så til dei gradar levert, og eg har kjent meg uendeleg stolt over å få vere leiar det siste året.

*

Det har ikkje vore eit roleg år akkurat. Lite visste me kor omfattande det skulle bli då me i fjor mobiliserte til ein ny nasjonal skulestreik. Men me begynte å skjønne at noko stort var på gang då kontoret blei nedringt av elevar, lærarar og foreldre.

Så kom 14. mars. 4000 elevar fylte Torgallmenningen i Bergen. Hordaland NU stod i front for den største miljødemonstrasjonen i byen nokonsinne.

Same dag sette regjeringa ny rekord i oljeleiting. Makan til dårleg timing skal ein leite lenge etter. Men det var som å kaste bensin på streike-bålet.

Fredagen etterpå, 22. mars, har allereie skrive seg inn i norske historiebøker. Frå den største byen til den minste bygda, tok norske skuleelevar til gata, til rådhuset, til Stortinget.

Det var 500 i Førde. 2000 i Tønsberg. 1500 i Stavanger. 4000 i Trondheim. 1300 i Hamar. 500 i Mo i Rana. 150 på Svalbard. 1000 i Tromsø. Nesten 80 stader blei det streika, og over 40 000 deltok!

Utfor Stortinget var det 20 000. Og tenk at Oslo NU hadde starta planlegginga berre tre veker før!

22. mars var det ikkje mogleg å lese ei nettavis eller høre ei nyhendesending utan at du såg eller hørte ein NU-ar som langa ut mot tafatte politikarar. Det var umogleg å ignorere oss. Ein liknande maktdemonstrasjon har ungdom i Noreg aldri vist før.

22. mars endra norsk historie. Og utan NU-lokallag over heile landet som organiserte dette, hadde det ikkje skjedd.

Det stansa ikkje der. Me følgte opp med nasjonale skulestreikar 24. mai og 30. august. Totalt er det i år blitt arrangert klimastreikar over 100 stader. 70 000 ungdommar har deltatt i løpet av året.

Eg tør ikkje heilt rekne på kor mange fråversdagar det blir, men er det ein ting som har blitt krystallklart så er det at framtida er viktigare enn fravær, og at det ikkje er me som skulkar unna ansvaret, dei som skulkar unna er oljedopa politikarar som ikkje tar framtida vår på alvor!

*

Den mobiliseringa me har stått for i 2019 har endra norsk miljødebatt fundamentalt. Miljø er nå den viktigaste saka for norske veljarar, det er historisk.

Når partia nå skal lage nye stortingsprogram, er det miljødei ber mest om innspel på. Politikarane ser at dei er nødt til å levere meir. Og det er det me må måle dei på: Kva dei gjer. Ikkje kva dei seier.

For dei har jammen prøvd å sno seg unna! Det har ikkje vore grenser for kor mange usaklegheiter, bagatelliseringar og og avsporingar klimastreikande ungdommar har blitt møtt med. Det har vore veldig mange gonger det siste året eg har tenkt at det er dei unge som oppfører seg mest vaksent.

*

Det har ikkje mangla på klamme klemmar frå politikarar, som skryt av miljøengasjementet vårt, utan å kome med nye klimatiltak. Eller så vil dei forsvare status quo. Heile poenget er jo at dagens klimapolitikk ikkje er nok.

Påtysdag opnar statsminister Erna Solberg Johan Sverdrup-feltet. Det skal utvinne olje fram til 2070 -- 20 år etter alle utslepp må vere borte viss me skal løyse klimakrisa. At me framleis jublar for slikt i Noreg, mens jorda står i brann, er vanskeleg å fatte.

Så lenge ikkje me tar eit oppgjer med den norske livsløgna -- at norsk olje og gass kan vere ein del av løysinga -- så forblir med ein netto bidragsytar til klimakrisa, uansett kor mange el-bilar me har.

Undersøkingar viser at unge er klare for endringar som også inneber at me sjølv må endre livsstilen vår. Spørsmålet er om dei vaksne er klare for endring. Det ser ikkje akkurat sånn ut når ein i Noreg i 2019 kan oppleve at ein olje- og energiminister skryt av å sette rekord i oljeleiting.

Men til slutt vil ikkje dei som styrer ha noka val. Til slutt kan dei ikkje ignorere oss. For det er ingenting som tyder på at det siste årets kraftige miljøengasjement er eit blaff!

*

Mens ungdom tok ansvar for miljø i 2019, måme dessverre konstatere at regjeringa igjen svikta. I statsbudsjettet dei la fram i haust er me milevis unna klimamåla.

Det kan vere greit med skippertak i eksamensperioden, men når du skal forvalte heile livsgrunnlaget vårt er det ein sjukt dårleg strategi å tenke at alt berre skal ordne seg i siste liten. I alle fall når me allereie har kasta bort fleire tiår.

Dei norske utsleppa er like høge nå som dei var i 1995. Då blei eg født. Du skulle tru at på den tida ein rakk å pushe aldersgrensa i NU så hadde ein fått kutta litt i alle fall.

Dei får det til i andre land. I Sverige og Danmark har ein redusert utsleppa sidan 1990, og har ambisiøse mål om å kutte meir. I Noreg set me i gang fleire utgreiingar, eller prøver å finne flest mogleg smutthol i klimaavtala med EU for å sleppe å kutte heime.

Det er ikkje slik at klimatiltaka ikkje finst. Men dei må prioriterast. Regjeringa vår har vore opptatt med heilt andre ting.

Mens titusenvis av ungdommar i løpet av våren streika skulen for klimaet, måtte regjeringa ha krisemøte om bompengar for å redde Frps oppslutning. Kjære Erna Solberg, kva slags leiarskap er det?

*

Året som gjekk var også mykje prega av vindkraft. Den debatten har vore så spesiell at den fortener eit par ord.

Det er ein vanskeleg -- men viktig -- balansegang å vege fordelane med fornybar energi opp mot ulempene ved inngrepet. Blir ulempene for store, bør det ikkje bli noko av eit vindkraftverk. På linje med hyttebygging, vegbygging og annan menneskeleg aktivitet kan også utbygging av fornybar energi gjere inngrep i viktige naturområde.

Men åseie prinsipielt nei til vindkraft på land -- slik ein del vindkraftmotstandarar tar til orde for -- blir feil. Det blir for galt å seie som vår nye olje- og energiminister Sylvi Listhaug -- at «vindmøller er noko svineri» eller at «havvind er forsøpling av vårt havrom».

Me kjem ikkje unna at viss ein skal klare å skape eit fossilfritt Noreg, og eit fossilfritt Europa, så vil ein trenge meir fornybar energi. Det betyr at me må tole å sjå vår eigen energiproduksjon, også når det er vindkraft.

Eg er glad for å ha kunne stått for det synet Natur og Ungdom har hatt i vindkraftdebatten -- at me i utgangspunktet er positive til vindkraft, men ikkje for einkvar pris.

Det blir gjort feil av utbyggarar idag, med dårleg kartlegging, bygging i myr, vindturbinar midt i fugletrekk og øydelegging av reinbeite. Vindkraftbransjen har absolutt mykje forbetringspotensiale, og det er ikkje alle prosjekt dei bør få realisere. Men når det er gjort på riktig måte, er vindkraft ein del av løysinga.

Me bør kunne snakke om dette meir med innestemme. Det har vore altfor mykje hets, usaklegheiter og konspiratoriske påstandar i debatten og motstandskampen mot vindkraft. Det tener verken klimaet, naturen eller miljørørsla på.

*

Ein sak me verkeleg skal feire med året som gjekk var at me 6. april drog i land ein av dei største sigrane i norsk miljøhistorie. Arbeiderpartiet gjekk endeleg inn for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja!

Dåme var her i fjor, var me ikkje heilt sikre på å vinne. Me fekk høre at det ikkje var sikkert at AP-landsmøtet ville ta opp saka, at AP-leiinga kunne finte oss ut nok ein gong.

Men me mista aldri trua. Me visste me hadde grasrota i AP med oss, me jobba godt saman med AUF. Me brann varder, skreiv lesarbrev, hadde aksjonar.

Til slutt blei kampen krona med siger. Me kunne stå ute på Youngstorget og feire at eit gedigent fleirtal på APs landsmøtet sa ja til at våre mest sårbare og verdifull havområde skulle vere oljefrie!

Me må aldri gløyme at den sigeren ikkje kom av seg sjølv. Den kom på grunn av langsiktig og målretta arbeid frå NU, gjennom fleire år. Den kom på grunn av alliansebygging og samarbeid, med fiskarar, Folkeaksjonen og AUF. Det hadde aldri skjedd viss ikkje me hadde stått på, viss ikkje dokker hadde jobba med dette over heile landet.

Sigeren blir ståande som eit symbol på at grasrotengasjement, gode argument og kunnskap kan vinne over sjølv dei mektigaste oljeinteresser. Den 6. april 2019 vann me kampen for sjøfuglen, skreien, fiskarane og klimaet. Den dagen gruste me oljelobbyen så til dei grader!

Sidan 2001 har Lofoten, Vesterålen og Senja vore stengt for oljeverksemd med seks forskjellige regjeringar. Men likevel betyr vedtaket i AP utruleg masse.

For første gong i norsk historie så er det fleirtal på Stortinget mot å opne eit område for oljeverksemd. Nå treng ikkje dei mindre miljøpartia bruke opp forhandlingsmakta si på Lofoten, Vesterålen og Senja. Det vil gi oss fleire miljø-sigrar.

Derfor skal me vere utruleg fornøgd med at me har klart å stå løpet ut, heilt fram til målstreken. Dette var den første saka eg jobba med då eg blei med i NU for snart ti år sidan. Andre har jobba endå lenger med den. Nå treng me ikkje ta den kampen igjen. Det fortener endå ein applaus!

*

Arbeiderpartiets vedtak har allereie flytta oljedebatten. Langt fleire diskuterer sluttdato for oljeutvinning, og avvikling av skattefordelane i næringa.

Oljelobbyen kjenner seg under press. Det er berre å ta ein titt på annonserer som tapetserer busstopp og nettaviser, podkastane til Aftenposten, eller alle dei oppbrukte oljeskam-kronikkane oljelobbyen peisar ut.

Men sjølv om dei møter motstand, får oljenæringa framleis bore mange sårbare stader. I haust var me saman med Bellona ute og aksjonerte mot oljeboringa ved Trænarevet. Den saka viste tydeleg kor pill rote norsk oljeforvaltning er, og at miljøet konsekvent blir tilsidesett når ein søker om å bore.

Heldigvis blei det ikkje gjort drivverdige funn. Wintershall Dea kan berre prøve seg igjen, me er klare til å aksjonere. Nå er det på høg tid at Trænarevet blir verna mot oljeboring!

*

Den største kampen framover står lenger nord i Barentshavet. I haust har me igjen gått rettens veg for å stanse grunnlovstridig oljeboring, og gjennomført runde to av eit historisk klimasøksmål.

Me skal vere utruleg stolte av korleis me har klart å løfte denne saka i haust. Det har blitt arrangert lysmarkeringar frå Kristiansand i sør til Svalbard i nord, oppført kunstprosjekt og arrangert temakveldar. Mange reiste til Oslo for å følge søksmålet i retten eller følgte med på strøyming.

Det kjentest stort å sitte i rettsalen og høre advokatane våre framføre saka vår på ein mesterleg måte. Ikkje minst kjentest det stort å ha Greta Thunberg i ryggen, som valde å donere 250 000 kroner til søksmålet.

Nå kjem truleg dommen om litt over ei veke. Me veit ikkje kva den seier, men me veit at me har all klimaforsking og alle gode argument på vår side. Nå er det opp til dommarane i lagmannsretten.

Uansett utfall så har dette søksmålet vore viktig. Det har løfta debatten om olje og klima, avdekka grove feil i oljeforvaltninga, engasjert masse folk og ikkje minst sett søkelys på det grove grunnlovsbrotet barn og unge opplever i dag.

Så får me sjå kor det ber hen etter dommen. Me skal nok ikkje sjå bort frå at ein av partane uansett vil ta det til Høgsterett forthe final showdown. Eg seier nå berre: Bring it on!

*

Eg veit mange av dokker har sett dokumentaren «Ekspedisjon Barents». Den viser veldig godt kvifor naturen me kjempar for i klimasøksmålet er så viktig å ta vare på.

Mens mange hav rundt omkring i verda slit, så er Barentshavet framleis nokolunde reint, og det kryr av liv. Som Thor i sentralstyret fortel i dokumentaren:

«Denne filmen er ikkje historia om alt som har gått tapt, det er historia om alt som fortsett lever, fortellinga om alt vi kan ta vare på. Det krev handling, eller kanskje motsett. Det krev at vi lar Barentshavet få ligge i fred.»

For om me skal ta vare på denne naturen, så er det nettopp det som trengst: At me set ei grense for oljeindustrien i Barentshavet. For det er berre slik me kan sikre det yrande livet, både over og under vatn.

I Barentshavet finn me det