VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Det handlar om anstendigheit

av Knut Arild Hareide, ,
Debatt om mistillitsforslag mot justisminister Sylvi Listhaug (6)

Eg vil starte med å gi ein takk til statsministeren for den meldinga som ho gav til Stortinget. Dette var den utgangen som var rett i ei så alvorleg sak. Det er verdig at justisministeren på eige initiativ tar konsekvensen og trer tilbake.

Ei sak som dette handlar ikkje om å vinne eller å tape; det handlar om anstendigheit. Det er det viktig å hugse på ein dag som denne. Og den anstendigheita må gjelde oss alle.

Denne saka handlar om tillit - tillit der ute i samfunnet, tillit mellom folk, tillit mellom folk og politikarar, tillit mellom politikarar, tillit mellom posisjon og opposisjon.

Det er spørsmålet om tillit som er grunnen til Kristeleg Folkepartis sterke engasjement i denne saka, fordi vi kjempar for eit samfunn der alle kjenner eit ansvar for kvarandre. Kall det gjerne sosial kapital, kall det gjerne samfunnslimet, kall det gjerne anstendigheit. Det er nettopp det felles engasjementet for ein anstendig politisk debatt og ei anstendig offentlegheit som òg gjer at denne saka vekkjer så sterke reaksjonar.

Nokon har sagt at det var berre ein Facebook-post, at dette er ein debatt om debatten. Eg vil ta avstand frå ei slik bagatellisering. Det alvorlege er innhaldet og kva det nører opp under.

Når tilliten til justisministeren for mange av oss blei borte, er det òg fordi denne saka føyer seg inn i eit større mønster. I vår vurdering har me ikkje berre sett på denne saka, men vurdert tillit i ein heilskap.

Ein statsråd skal byggje bruer, ikkje byggje murar. Ein statsråd skal inkludere, ikkje ekskludere. Ein statsråd skal bidra til tillit og ikkje mistillit. Statsråden har karakterisert det å hjelpe menneske i naud som å bere folk på gullstol, menneske som har det så krevjande og har eit så krevjande liv at me ikkje kan forstå det. Statsråden har tala om «godhetstyranniet» som om det er mindre godheit me treng. Statsråden har stilt seg bak krenking av kyrkjeasyl. Statsråden har sagt at Kristeleg Folkeparti ikkje er opptatt av å hjelpe menneske i naud når me aukar bistanden, men berre vil få fram vår eiga godheit. Fleire av utspela har hatt eit preg som ikkje har vore ein statsråd verdig, som har vore splittande, og som har tatt fokuset vekk frå dei politiske sakene.

Høgreekstremismen og andre former for ekstremisme er på frammarsj i Norden, og det er nettopp i sosiale medium desse kreftene florerer og hentar si næring. Det er det som ligg bak alvoret i denne saka. Og det er denne justisministeren som har hatt nettopp det øvste ansvaret for å kjempe mot høgreekstremismen i Noreg, ansvaret for beredskapen vår, for kriseleiing.

Statsminister Erna Solberg har i fem år tillate Framstegspartiet å drive med dobbeltkommunikasjon i regjering. Det har òg prega den offentlege debatten på ein svært negativ måte.

Kristeleg Folkeparti ønskjer anstendigheit i norsk politikk og i det offentlege ordskiftet. Derfor må det bli slutt på polariserande og splittande retorikk og framferd. Det har statsministeren eit viktig ansvar for, både i eiga regjering og i regjeringspartia. Statsministeren har ansvaret for at verken statsrådar eller regjeringsparti får drive fram med dobbeltkommunikasjon. No må det setjast ein annan standard for det offentlege ordskiftet og for kva ein kan gjere og seie i storting og i regjering. Eg stolar på at statsministeren vil sørgje for nettopp dette.  

Kjelde: www.stortinget.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen