VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Den 17de mai

av Anders Hovden,

Herren hev sendt meg til aa ropa ut aat fangane:

Fridom! og aat dei bundne: Opne dører! til å forkynna eit naadens aar fraa Herren med hugging aat alle nedtyngde, til aa gje dei syrgjande hovudkrans for oska, og lovsongs klædnad for ørvæna. Dei skal byggja uppatt det, som er nedbrote fraa gamal tid; og reisa det, som er rive fraa slægt til slægt. (Es. 61-).

Tone: Lover den Herre.

Fagnar me allheims fader med vyrdeleg fagnad!

hjarto dei jublar for fridomens æra, som dagnad.

Trældomens kvarv,

fridomens vann me, vaar arv,

landet kan prisa sin lagnad.

Modlaust var folket og mennerne bøygde og mødde,

hjarta slo sjukt under oket, og barmen forblødde.

Gud vera lov,

han vakte aandi som sov,

han kveikte augo, som glødde!

Vaarsoli fløymer um Norig, og grorlufti brikjer.

ljoset og livet no sigrar og raader og rikjer.

Raudleitte flag

helsar vaar signade dag,

krafterne spretter og sprikjer.

Herre, hit sevja og saft under roti vaar strøyma.

grorlufti gidra urn landet og avlande fløyma!

Evnurne gro,

Norig det stiga av sjo

gjævar enn me torer drøyma!

Gud ver vaar verja, um nokon vil herja vaar grøda.

statt ved vaar sida, naar valdsherren ned oss vil trøda!

Heiter me faa,

sterke med Herren me staa,

hugheilt for landet me bløda!

Aa fagert var det idag koma ut i vaaren, der soli spratt med fuglekvitter yver den blømande jord. Folksens gleda steig upp av fedralandet som den graa lerka: Ho stig fraa si lyngtuva so forlivande glad . . .som var kvar kjensla eit hallingkast . . . med slik yverjordisk jublande musik, som kom den fraa smaa tonekulur eller straalebublur, som dansa yver usynlege strengjer i lufti. Ein skjelvande gledegneiste, som ikkje heile det kalde verdsensrom evlar sløkkja. Eg hev raaka den graa lerka i mang ei bondestova, der dei kunde gleda seg ved lite; der det var gudsfrygt midt under fatig raad.

Og so tok kyrkjeklokkune te ringja nedi hovudstaden, fyrst ei og so hi, og til slutt alle. Tunge og lette, myrke og ljose malmtonar blandar seg saman som sorg og gleda, aalvor og gaman i livet. Klangen breier seg fraa by til by, og bygd til bygd, til dess ei varm tonebaara dirrar yver heile fedralandet . . . fraa kyrkjetaarni som peikar upp mot Gud i ljosheimen, han som er gjevaren av all god gaava.

Folket retter ryggjer fraa kvardagsstrævet, lyfter hovudi mot dei festlege tonane, og det gjeng varmt gjenom dei: "Idag er det fridomsdagen, Norigs dag. Idag skal me faa lov berre tenkja paa fedralandet."

Tusund hender heisar flaggi, og tusund augo tindrar samstundes mot dei stigande nasjonale fargar, til heile landet er festklædt.

I flaggtogi glimtar titusund barneaugo mot dei reine fargar aat fedralandet. Friske munnar syng fedralandssongar, som slær ein grunnakkord i deira blod, ein heilag klang, som hjaa mange vert til full musik i mandoms yrke. Og klokkune ringde og ringde, og eg totte dei lyfte fedralandet upp til Gud og la det inn aat hans faderbarm.

Og dei ringde til livsfest og uppstode, i naturen som i vaar soga. Upp av gløymska stig dei gjæve, som hev vore Guds reidskap te byggja Norig, og som ved sine livsverk endaa er grunnmuren under vaar tjodskap.

Og yver kvar ein som steig fram, lydde heilag Olavs kjende ord: "Sjaa, der kjem min Gud med sitt store ljos!" For det var dei, som sende ljos yver land, gav upplysing, synte samanheng, løyste knutane, greidde flokane. Sterke menn, med lyn i augo, gjekk dei i ein viljestorm yver landet Guds ærend i dei ymse leidir.

Oldtid og nytid møttest i samraad. Olav, "som med sitt blod maala krossen paa fedralandct," (det er dette me sidan hev lyft yver oss i vaart flagg, i vaare norske fargar, med all tanke, kjensla og daad, som ligg under) saman med Aasen og Hauge, Leif Erikson saman med Wergeland og Sverre saman med Sverdrup o. s. b. Alle dei, som i sjølvlaus kjærleik vigde sitt liv og gjekk fram i ein heilhugsbrand for folk og land.

Og eg saag federne fraa Eidsvoll, dei aatte varme hjarto alle, og mange ogso ljose hjernar. Dei skal ha sin store heider: men ikkje meir enn som rett er. For eg ser eit livande hegn ikring deim, ein her av livsrøynde, ærlege andlit, ein stjernekrans av trufaste augo, som ikkje kjende til svik: Det var den norske bonde, den norske soldat fraa 1814. (Vaare soldatrar kom den tid av smaabønder og husmenn; storfolk slapp fri, og velstandsfolk kjøpte seg lause). Deim skal det talast um paa 17. mai meir enn fyrr; for det var dei, som tok tyngste taket og frelste fedralandet ved aa gje eidsvollsmennerne trygd. Gjerne gav bondestova og husmannshytta son sin og let han dra til grensa. Hjarto ringde i kor fraa landsende til annan: "Alt for fedralandet!" Den norske bonde i 1811 kan liknast saman med Sven Duva: "Eit daarlegt hovud hadde han, men hjarta det var godt."

Eg meiner ikkje, han aatte smaa evnur, men at han vanta upplysning, og iser den nymotens kultur som syner seg i, at ein berre duger til aa velta byrderne yver paa Staten og elles klynka og klaga som baan ved mors stakk.

Han hadde kje betre vit dengong enn at han elska Gud, bibel, fedraland, far og mor - kort, alt det som etter vaar nyare kultur meir og meir gjeng av mote, vert gamaldags og avlegs.

Aldri hadde det vore verre tid for folk: Staten var busliten; pengane, bonden hadde spart seg saman med livs vaagnad, vart verdlause. Her var uaar og hunger. Folk laut mala mjøl av reinsmose og bork og takka til dei derved kunde halda liv i seg og sine. Det var i sanning lite te fyra uppunder fedralandskjærleiken med. I brodden for ei krigsher, som strøymde inn yver landet, stod ein sigervant herførar. Europa var i mot oss. Lite var her baade av mat og klæde til vaar soldat, som skulde verja landet.

Eg veit bestefar, som var med aust ved grensa fraa 1809 til 1814, gret som eit barn, naar han fortalte um deira grysjelege vondliding.

Men likevel vaagde det norske folk aa gje seg fridomen midt framfor det vreie andlit aat Europa. Og bonden var viljug aa verja den med liv og blod. Midt i den rivande bakstrævstid, som atter la Europas folk i lekkjur, gjorde lagnaden det so, at me, yngstebroren millom landi, just fekk vaar fridom.

Orsaki til vaart folks framtøke i 1814?

 
Me var eit kristelegt bondefolk - det var heile saki! Me var vane med aa vaaga livet paa land og sjø. Hadde kje endaa lært njota, men berre seija aat oss og stræva. Hauge hadde just vaket bonden til tru paa Gud. Og det er som det heiter, at den beste kristen er den beste soldat. Kvifor det? Jau, einaste han hev lært den vanskelege kunst: Aa døy, um so skulde krevjast. Han gjeng ikkje i slag med ørvæna og vert so, naar han hev fenge lukta blod, villare enn rovdyret. Daa han hev Gud med seg gjeng han fram med meir ro, siktar gløggt og raakar hjarteblinken snøggt. Soleis hev dei det og burane; me høyrer um dei, at dei knelar fyrst i bøn, og deretter gjeng dei paa som kjempur. Dei er og eit kristelegt bondefolk.

Me var eit folk i bøn i 1814. Framfor Guds andlit lovde me aa hevda landsens sjølvstende til siste blodsdrope.

Me les um Moses, at han, eingong Israel var i slag, stod med henderne lyfte i bøn. So lenge han var varm og heil i hug, gjekk Israel fram; men trøytna han viljeveik, fekk fienden yvertaket.

Vaar norske mor var heil i hug i 1814, ho trøytna kje i si bøn, som steig beint mot himmelen som Abels offer. Lat oss ikkje lenger gløyma, at fridomen er komen fraa kristendomen, som ropar gjenom alle tidir til fangane: Fridom! og til dei bundne: Opne dører!

Det er vaar von og bøn no, etter at me hev lagt vaar fridomsdag upp til Guds altar, at 17de mai-raaskapen skal reinskast ut. Det er egte norsk takksemd mot Gud dette, at me just veljer "Norigs dag" til aa drikka oss fulle paa.

Eg ottast fulla, at det til den 17de mai er komne fleire brennevinsflaskur til bygdi, enn det er folk her i kyrkja idag!

Mange flagstengir stend og nakne; og endaa fleire hjarto, ottast eg. Dei hev idag ingen varm tanke for fedralandet.

Kanskje me hev fenge fridomen for billeg, og at me soleis - for rett aa skyna paa den - maa dogga roti av fridomstreet med meir hjarteblod?

Me som bur so nær Finland, at me ikkje tenkjer! Elelr lærer me fyrst aa elska fedralandet - under Russland?

Men det er iser vaar bøn og von, naar me hev lagt "Norigs dag" upp til guds altar, at det skal verta reist høgkor i vaart folkestyre, so me aldri maa liggja under for bygdebatar eler livebrødspolitik, trongsyn og hat.

Me er so faa her i landet, at me lyt elska kvarandre mykje!

Som smaaelvane renn fraa alle sidur ned i hoveudvatsdraget, som derved fløder upp og ber lettvint all matrialen og timbra fram til maalet - soleis skal me med alle vaare folkeevnur strøyma saman i ein viljefoss. Derved skal me lettvint magta a abera vaar folkesak fram til siger, "reisa det som hev vore reve fraa gamal tid og hev lege nede fraa slægt til slægt."

No spillest vaar folkekraft som vaarbekkjer til alle sidur og renn i sandet

Vaart folk skal vera evnerikt; men det er mykje med vaare evnur som med vaare fossar, som brusar villt, kvar i sin dal, og sprøyter berre skum. Driv ingi fabrik, knapt nok ei liti kvern.

Kva skulde me kje vinna, um alle vaare viljar dreiv saman til eitt hugdrag, som vatnet gjenom eit slok eller mylnerenna!

Naar her er eit par framifraa dugande menn i Norig, so stend dei mot einannan som pluss og minus i eit reknestykke; og gagnet, som landet daa fær av deira livsyrke, vert soleis berre null.

Det er vaar største folkesynd, at me øyder vaar kraft i faafengd, innbyrdes strid, at me hev for vis aa riva straaleringen fraa fedralandet for aa pryda vaar eigen skalle dermed. Til den ende gjer me i vaare ordskifte det, som er beintfram og greidt, til knutar og uløyselege flokar. "Me er eit folk av juristar", som det hev vore sagt um oss.

Me lyt læra, at fedralandet naar lenger enn til vaar dørstokk, vaar meining, og vaar bygd; at land og by, aust-, vest-, sud-, nord- og innland altsaman høyrer Norig til, og skal vera oss like kjært.

I min barndom lengta og ottadest eg, berre eg kom yver paa andre sida av min heimefjord. Seinare hev eg prenta meg inn, at alt det, som er innanfor Norigs grensa, heile vaart vide land med by og bygd, er tunet heime hjaa min far; og at alt folket, høge og laage, med alle politiske parti og religiøse sektir er mine systkin.

Ingen landsdel hevja seg yver den andre; for me veit, at det og kan "koma noko godt fraa Nasaret". Just derifraa! Me elskar Finmarki likso mykje som Mjøsbygderne, Hammerfest likso mykje som Oslo.

Jamvel hovudstaden maa smaaminka seg til aa vera berre ein del av fedralandet, til liks med dei andre landslutir.

Me hev set so vonrikt paa ungdomsrørsla i vaar tid og meint merka noko av heilhugsbranden fraa 1814. Me hev innbillt oss, at der var vaare folkeevnur i ferd med aa tvinna seg saman til Samson-lokkar yver vaart framtids arbeid.

Me tottest skinita domkyrkja i Nidaros, atterreist, med sine tindar og taarn yver Norig. Det vart bore oss fyre, at det gjævaste og mest turvande arbeid i vaar tid var aa reisa den domkyrkja, som er vaar nasjonalitet, bland ungdomen, heisa klokkune av gamalt maal og malm høgt upp under himmelen og lata det norske folkelynde atter ljoma yver landet, og samla vaare etterkomarar i ein systkinflokk um Gud og fedraland.

Hev me trutt for ljost um ungdomen? Det er tungt as sjaa, at ætlingane av dei, som i 1814 varda fedralandet med liv og blod og ikkje kolna i sin fedralandskjærleik paa grunn av borkabrød og livsfaare, no forlæt Norig i store flokkar, (bladi nemner upptil 30,000 utvandrarar berre i aar!) straks dei flødande pengetidir er stogga. Etter dei gode tidir leivde dei knapt meir enn til reisepengar. Naar Norig hev født deim fram og kosta dyr skule paa dei - vips! so er dei i Amerika.

Hjarto hev i sanning ikkje slege djupe røter ned i jordbotnen aat fedralandet, naar ein so lett kan riva seg laus.

Me skal ikkje berre lasta dei; for det høyrer og med til vaare folkesyndir, at me er tvere, ulaglege og rangvise med kvarandre. Fyrr me unnar andre ein liten heimstad, so vil me helder, at vaar jord skal liggja udyrka i gagnlause moar. I)et er likso mykje sur kaldvæta i vaare hjarto som i vaare avlause myrar. Der er jamvel dei, som helder læt garden sin gaa tit tvangsausjon, enn dei i tide unner andre eit stykke med seg.

Det skal vandra fleire ut fraa Norig enn fraa sjølve Finland. Ein maa gruva for, koss det vilde bli, um vaart land kom i krigsfaare. Daa rømde vel storparten av ungdomen straks, ved fyrste gysja um ufred. Er me kje verdige baan av dei gamle vikingar?

Dei "russiske sagfilarane" hev vistnok alt jaga mange ut av landet. Her er og tankelause folketalarar, som gjerne vil vera profetar og alltid slutta sin tale med ein smell um, at "Rusland vil ta oss". Dei hev alt skremt kjeringane, og deira skot med laust krut snøyder og svekkjer landet meir enn verkelege fiendkulur vilde gjera.

Me for vaar part meiner, at desse "profetane" med korte tankar og lange haar er vaare mest faarlege "sagfilarar". Me hev fenge det i munnen no her i landet. Kunde store ord gjera det, torde nok ikkje russen ta paa oss. Eg stend og her og talar, likevel me hev ei kjensla av, at anten me talar, eller hunden utpaa bakken gøyr, so gjer det paa lag same gagnet.

Aa, kvar skal ein finna att heilhugsbranden fraa 1814! Daa gav by og land kvarandre handi. Nordmenn, som var studentar eller embætsmenn i Danmark, rodde i smaa, opne baatar millom kryssande krigsskip av fiendar - dei vilde heim til Norig, ofra si kraft for fedralandet, dela lagnad med sitt folk!

Ei heilag glod av offerhug laag paa altret i deira hjarto. Kor deira augo tindra i kapp med solsprett, straks dei berre timde tindane av Norig! Er dette hjartelag døytt ut hjaa vaar tids ungdom? Vilde me i liknande tilhøve ro den motsette vegen! Nei, det er daa visst mange, som hev same sinnelag for fedralandet den dag idag, og vel ikkje mindst av dei, som er komne ut, og fyrst daa rett saknar den moderbarm dei hev mist. Eg høyrde soleis nyst um nokre nordmenn, som kom fraa Amerika:

Det vart ein morgon i Nordsjøen ropt: "Land i syne!" Nordmennerne skundar seg uppaa framdekket - og graaknausane innyver Lister stig av havet. Daa tek dei til aa syngja ein av vaare fedralandssongar. Dei er alle med; men fyrr dei er komne til halves med verset, er det ingen meir som syng; dei hev alle nok med aa døyva ned graaten som vil upp.

Aa, ein kjende seg so hugtung i framandt land; so rotlaus og utan kjelderisl, at hjarta vilde turkast burt! Um knausane derinne var harde og graa, so var det daa likevel fedralandet, der hugnaden fraa barndomen av stod som nysprotne bjørkir i ljose lier. For kva er fedralandet?

Ikkje berre dal og strand, skog og fjell, gard og grunn; - det er det mindste - men iser all den sæla som til alle tidir ligg i det dyre ord heim: Far og mor, viv og barn, systkin og venir.

Kanskje foreldri dine er døydde. Då fyrst skynar du paa deira, daa fyrst elskar du deim rett.

Eg tenkjer meg, at det er soleis kunstmaalaren fraa fyrst av hev kome paa setja glorie eller straalering um hovudet paa heilagmenne: Han hev mist mor si, og synest ikkje, at han hev vore nok snild med henne. Og no stig ho fram for han i ein straalering, som samlar glans fraa minni um all hennar mildskap, umsorg og kjærleik. Straaleringane fraa alle vaare dyraste minne, heilt fraa barneaari av, hev fletta seg til ei einaste stor glorie um panna aat fedralandet; og utav denne kransen tindrar augo aat vaare foreldre og venir. Og som morgondogg, sprengt ut yver bladi, glitrar augo aat vaare baan, og framtidsvonir. Fedralandet er summen av gamle slægters liv i tusund aar, i gleda og graat, i strid og yrke. Kvar trufast livsgjerning paa heimleg grunn som er dogga av hjarteblod og ærleg sveitte.

Alt det, som i truskap og kraft hev vore tenkt og verka gjenom tidine, hev lagt seg yver grunnen under oss i lag yver lag av merg-jord og matjord. So me trur, at nettupp denne jordbotnen soleis er den mest høvelege og laglege just for oss til aa veksa og gro i; at det einaste er her all vaar evna - med alle sine greinir - rett kan faa full vokster og utvikling.

Berre her fær me spenntak aat heile vaar kraft.

Alle tenkjande hjernar - med bankande hjarto under - som er eldstytta i brodden for vaart folks framsteg; alle moderbønir; Barnet vaart, som skal greina seg ut i framtids ættir; alt det yrke, i tanke og gjerd, som hev sevja av landsens jord i seg, og som knuppar seg og gror i vaarluft; vaar siste kvilestad ved moder jords barm, vaart liv i minnet aat gode baan . . . alt. . . alt dette, og mykje meir, er fedralandet!

Skal me daa ikkje elska det? Skal daa kje alle aadrarne i oss vere stemte strengjeradir, som brusar av fedralandssong paa "Norigs dag"!

Det er kje umogeleg, at nokon av oss, som no liver, kan koma i same tilhøve som federne i 1814, at me fær syna vaart hjartelag til fedralandet.

Det nye aarhundrad rann upp i smaafolks blod.

Ved smaa nasjonars grensemur

dei store rovdyr ligg paa lur

med løvegap og tigergrin

og augo, som av mordlyst skin.

Turen kan koma til oss, likevel det endaa ikkje er nokon yverhangande faare.

Men um gale skulde hende? Skulde me daa likna kjeringane, som for nokre aar sidan av rædsla for domedag la henderne i kross og ikkje vilde gjera meir? "Det nyttar kje likevel," sa dei.

Jau, det er berre eitt som alltid "nyttar likevel": Vera vaken og gjera sin skyldnad med friskt mod, til ævabylgja tæk oss. So greier Gud resten; det er hans yrke.

Eg kom til ein døyande bonde, ein trugen arbeidar. Det leid med han. Men da han høyrde, at sonen skulde av og kjøyra, segjer han: "Det er ei reim laus i selen, gløym ikkje aa bøta den, elles kunde du gjera deg skade."

"Far, tenk ikkje paa verdi, tenk berre paa Vaarherre no", jamrar dotteri, ho var innbaka med desse talemaatane, at ein paa sitt siste berre skal liggja med knepte hendir og glo i loftet.

Men eg vart varmt grepen av den kristelege umsut, gamlingen hadde for sine til det siste.

Soleis skal det vera: Gløym ikkje det som er avlage, "bygg og bøt" til ditt siste andedrag!

Me ser av burekrigen, at forsvar mot yvermakti slett ikkje er vonlaust.

Burane sigrar vel ikkje, soleis i det ytre. Men del vera heretterdags den største heider aa heita bure. Og me kan vera viss paa, at soga aat eit folk, som hev synt slik fedralandselsk og mandom, nok ikkje skal verta slutt so snart. Vonleg vert dei kjerna til ein ny sambandstat, i Afrika.

I fridomskrigen i Sweiz, daa den stormegtuge fiende stod med odd ved odd inn yver grensa av det vetle land, og det saag reint raadlaust ut - sjaa, daa stormar det fram ein ung bonde, kastar seg inn mot fienden, femner bringa si full av spjot, og fargar jordbotnen med sitt hjarteblod.

Det verkar som gneiste i krut. Fedralandskjærleiken sto i ljos loge hjaa hans kameratar, dei gjekk paa og reinska landet for fiendar. Det stend enno ein urørleg vyrdnad av fristaten Sweiz.

Aa, det er ei lyst for gjenta og for gut

ganga fram med Gud og saa sitt hjarta ut

i ein heilhugsbrand,

til vaart fedraland,

gror av aks i alle grender!

"Kristenfolk" her i landet kallar det "aa preika politikk", um me nemner fedralandet i kvrkja. So laagt stend mange.

Liksom fedralandet ikkje høyrde kristendomen til!

Veit de daa ikkje, at far, mor og fedraland er stasjonar paa vegen fram til Gud!

Eimkrafti i Moses og Israels gamle profetar var just fedralandskjærleik.

Paulus var varmare for sitt folk ein sjølve Wergeland. Han brukar so sterke ord, at me synest mest, det høyrest fælt ut: Han ynskjer verta forbanna: fordømd av Gud, um hans folk derved kunde verta frelst!

Men er ikkje dette just ein flamme av den same kjærleik, som dreiv Jesus - han som gret saart av ynk med sitt folk - upp til krossen, der han hang som ei forbanning for sine medmenneskje? Men med Jesus er det den skilnad, at han hadde hjarta stort nok til aa elska alle folkeslag som sitt fedraland.

Me er kje so store: Me byrjar som baan med aa elska mor, far. Og etter som me veks vidkar det seg ut til fedraland. Ingen naar endaa Kristi kjærleik, som femnde all verdi.

Ikkje aa gløyma Luther, som elska sitt fedraland, so det stod storm etter. Fedralandskjær1eiken var og ei av drivkraftine i hans reformasjon. Han skal jamvel ha brukt neven paa ein utlending, som eingong hæda Tyskland.

Aa, lat oss no i dag her i kyrkja, framfor Guds altar gjera denne dyre lovnaden:

Mitt land, eg gjev med hugheilt mod

alt det, som heiter mitt!

min sveitte og mitt friske blod

sjaa det er allting ditt!

So sælt eingong for sliten mann

aa sova i di jord.

Gud evig signe Norigs land,

det er mitt siste ord!

Kjelde: Anders Hovden: "Heim og havn. Talar, salm og song", Hordalands Prenteverk, 1902.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen