VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Sosialdemokratiets krise

av Berge Furre,
SVs landsmøte

Eg vil byrja med eit sitat:

"Faren (for ein kjernefysisk verdsbrann) blir stadig større. Supermaktene sine arsenal av atomvåpen veks stadig og våpna blir teknologisk betre og betre. Samtidig får også andre regjeringar slike våpen. Difor er det berre eit tidsspørsmål før galskap, desperasjon, trå eller feilrekning slepper desse forferdelege kreftene laus.

I ein total atomkrig vil det kvart sekund bli sluppe laus sprengladningar større enn alt det sprengstoff som vart bruka under heile den andre verdskrigen. Kvart sekund i den lange ettermiddag for verda før alle atomrakettene og atombombene er brukt.

Tenk dykk den andre verdskrig kvart sekund. Fleire menneske drepne på eit par timar enn samanlagt i alle andre krigar i menneskeslekta si historie. Dei overlevande, dersom det da vil vera overlevande, ville leva eit ynkverdig liv blant dei forgifta ruinane av ein sivilisasjon som har gjort sjølvmord."

Kva for ein fredsfantast, atompasifist, skrekkpropagandist, Moskvalakei eller naiv SV-leiar er det som har sagt dette? Prøv ikkje å gjetta. Orda er sitert etter USAs president til for nokre veker sidan, Jimmy Carter. Dei er henta frå hans avskilstale til det amerikanske folket etter nederlaget. Han var gått av som president - og kunne seia sanninga - og fella domen over sin presidentperiode: Menneskeslekta har kome nærare undergangen: "Det er berre eit tidsspørsmål før galskap *"

Den bomba som for 36 år sidan gjorde at ein japansk by slutta å eksistera er i dag ei minibombe. Ein einaste MX-rakett inneheld 10 sprengladningar som kan skytast mot like mange ulike mål. Kvar ladning inneheld meir sprengkraft enn alt det sprengstoff som vart slept over Tyskland og Japan under heile andre verdskrigen. Det skal finnast atomvåpen som tilsaman svarer til ein million Hiroshimabomber, [med] ei sprengkraft som svarar til fire tonn TNT for kvart menneske på jorda. Dei lærde blir ikkje samde om kor mange gonger desse våpna kan utsletta menneskeslekta. Det er likesælt. Ein gong er nok. Og skulle nokon overleva - så vil dei overlevande misunna dei døde, som Krustsjov sa i si tid.

Som om ikkje dette var nok, går vi no inn i åttiåra med eit nytt våpenkapplaup, villare, intensare, meir vanvittig enn noko vi har opplevd til no. USAs forsvarsminister Weinburger kunngjorde førre veka at USAs forsvarsbudsjett skal auke med 180 milliarder kroner over to år - så det aukar frå 950 milliardar i år til omlag 1220 milliardar neste år.

I fjor bruka menneskeslekta 2500 milliardar kroner til våpen - medan ein milliard menneske svelt. Om andre land fylgjer opp og aukar våpenlagra i same takt som USA, vil dette talet auka til 5000 milliardar på omlag fem år.

USA har fått ein president som trur han kan tvinga Sovjet i kne - ved å rusta opp til Sovjet ikkje kan fylgja etter. Og han har skaffa seg ein utanriksminister som openberrt trur han kan vinna ein atomkrig. Gong på gong sa general Haig frå da han var NATO-sjef at NATO var klar til å bruka atomvåpna - også som fyrste brukar: 

"Atomvåpna må takast i bruk for å overtyda fienden *"

Dei som dagen etter Reagans valsiger trøysta oss og sa at han nok ville skaffa seg moderate rådgjevarar, må skamma seg idag.

Eller gjer dei det? Ville våre eigne Høgrefolk gjeve Reagan betre råd? Eit av måla med USAs gigantiske opprustning er å føra vidare den militære opptrappinga ved vår kyst i nord: USAs flåte skal bli enda betre istand til å sperra av opningen ut frå Murmansk mellom Noreg og Bjørnøya og sperra Sovjets flåte inne. USA skal byggja opp ein gigantisk styrke ved vår kyst - for å kunna slå til mot Kola-halvøya dersom Sovjet slår til andre stader der USA står veikare.

Men Høgres forsvarspolitikar, Per Hysing Dahl, helsar denne meldinga velkomen. NATO har ikkje nok skip i området, meiner han. At USAs oppladning her vil føra til tilsvarande russisk opptrapping på andre sida - med aukande press mot vårt land, er ute av hans tanke. Det skal meir til for å gjere inntrykk på Hysing Dahl enn eit nytt våpenkapplaup ved vår kyst.

USA gjorde eit ulykkeleg presidentval. Det kan skje ulykker her og. Hysing Dahl kan vera forsvarsminister om nokre månader.

Og når USA førebur invasjon i El Salvador for å knusa ei folkerørsle som samlar alle demokratiske krefter. Kva seier Langslet? Noreg må ikkje ta standpunkt for kommunistane i El Salvador!

Det har enda ikkje slått ned i norsk politisk medvet at presidentvalet i USA i fjor var noko anna enn eit val av ein vanleg republikansk president som Ford eller Nixon. Vi har fått ein amerikansk president som talar om at han vil leggja til side både SALT I- og SALT II- avtalene, og vil utsetja tingingar om våpenkontroll - til USA er blitt så sterkt at dei åleine kan diktera vilkåra. Da skal det bli fred *

Denne groteske naivitet er altså ein berande tanke hjå den mektige leiar for verdens mektigaste supermakt, vår allierte *

Men liksom presidentvalet i USA var ein katastrofe, var det ingen isolert hending. Valet av Reagan var den såra kjempes desperate val - men ein del av bakgrunnen var ein annan katastrofe: Sovjets innmarsj i Afghanistan. Det såret er like ope idag. Og Sovjets dårleg skjulte trugsmål mot Polen gjer oss utrygge på dei gamle menn i Kreml. Ja, langt frå berre utrygge. Kynismen - og sjansespelet med menneskeslakta som innsats - blir spela der og. Afghanistan er eksemplet. Den som ikkje er redd i dag, er enten totalt uvitande eller mentalt sjuk.

Somme åtvarar mot redselen. Men når det er grunn til å vera redd, er det farlegaste å sjå bort frå faren.

Redsel kan lamma - når der ikkje lenger er rom for von og utveg. Men når der er von, kan frykta driva til handling - for å overleva. Og det heldt på å skje rundt oss.

Vi har fått ei ny fredsrørsle - i vårt land og andre land. Menneska vaknar i millionar til kamp for å overleva, styra utanom undergangen. Det byrja med Kvinner for fred: Midt i den iskalde blåst frå Afghanistan reiste 100 tusenvis av kvinner frå dei nordiske landa seg og byrja snakka om fred - i ei atmosfære av ny kald krig. Dei ville ikkje akseptera det nederlag kampen mot dei nye atomvåpna i Europa vart. Så kom den breie folkereisning mot amerikanske våpenlager i Noreg. Og no bryt aksjonen Nei til atomvåpen fram som ei brei tverrpolitisk folkerørsle.

Dette er lyspunkta vi knyter våre voner til: At vanlege menneske til slutt seier nei til vanvetet, til undergangen, slik at dei som har makt til slutt må gje seg.

Vi er med rette oppskaka over at vald og drap har trengt inn i vårt land i politikkens bizarre utkantar, og terrorismen bankar også på vår dør. Men kan vi i grunnen venta anna når den vald som kan utsletta oss alle er den kvardag politikarane lever med - og når utsletting av livet på jorda er ein av politikkens "opsjonar"?

Det er Sosialistisk Venstrepartis djupaste ovetyding og forpliktande haldning at atomvåpen er ikkje forsvar. Atomvåpna er eit brotsverk mot menneskeslekta, eit trugsmål mot alt som er verd å forsvara. Difor skal dette landet aldri forsvarast med atomvåpen. Verken i krig eller fred må det lagrast atomvåpen på norsk område - heller ikkje avleveringsmiddel for slike våpen. Det må bli eit grunnleggjande prinsipp for dette lands politikk at norske styremakter aldri må tillata alliert bruk av atomvåpen på eller frå norsk område. Heller ikkje må førebuing til slik bruk tillatast, og det må ikkje finnast installasjonar til støtte for kjernefysisk krigføring i Noreg.

For å nå dette målet vil vi arbeida langs tre liner:

1. Den norske "atomvåpenopsjonen" av 1960 må opphevast. Den går ut på at NATO-styrkar i ein krise- eller krigssituasjon vil disponera atomvåpen på norsk område. [I regjeringsfråsegna er det formulert slik: "Innenfor rammen av de allierte forsvarsplaner er det forutsatt at det norske forsvar i tilfelle krig vil kunne understøttes av styrker utenfra. Disse styrker vil også disponere kjernefysiske våpen til bruk for egne avdelinger og eventuelt til bruk for norske oppsetninger *" Det er bra at forsvarsministeren hevdar at det ikkje er gjort praktiske førebuingar til at norske styrkar skal ta atomvåpen i bruk, men det er ein realitet at norsk forsvarspolitikk i dag føreset at Noreg skal "forsvarast" med atomvåpen.] Vi meiner at dette er ein farleg politikk som aukar risikoen for at Noreg skal bli atomslagmark. Vi vil difor arbeida for at norske styremakter skal slå fast at dette ikkje lenger er norsk tryggingspolitikk.

2. Installasjonar til bruk for andre lands kjernefysiske strategi må bort frå norsk område. [Såvidt vi veit er det sant at det i Noreg i fredstid ikkje finst atomladningar. Det finst heller ikkje permanente framande stridskrefter i Noreg. Men] det finst ei rekke installasjonar og hjelpemiddel for USAs atomstyrkar og atomstrategi på norsk område. Det gjeld installasjonar for navigasjon og kommunikasjon for USAs atomubåtar. Det gjeld utstyr for avlytting av militær aktivitet langt frå norsk område - i lufta, på land og under havflata - avlytting som ikkje har noko med forsvaret av Noreg å gjere, men er ledd i USAs utvikling av fyrsteslagsevne: Gjennom dei prøver USA t.d. å fylgja Sovjets ubåtar kvart minutt i Barentshavet - for å kunne slå dei ut med eit fyrste slag.

Det gjeld flyplassar i Noreg som blir bygde ut for å ta imot amerikanske langtrekkande fly, utstyrte for å føra atomrakettar. Flyplassane blir også forsynt med reserveutstyr for slike fly. Dei mest avanserte flytypane, spesialbygde for å føra atomrakettar, øver i bruk av norske flyplassar.

USAs veg til fyrsteslagsevne går bl.a. over norske flyplassar, norske navigasjons- og kommunikasjonsstasjonar, norsk lytteutstyr.

Ingen kan påvisa at dette gjer oss tryggare. Men det gjer at vi byggjer ut det eine mål etter det andre for Sovjets atomrakettar. Vi førebur Noreg som atomslagmark - om ragnarok skulle koma. Vårt forsvar trugar ikkje Sovjet - sjølvsagt. Men hjelpemiddel i USAs militære oppbygging mot Sovjet på norsk grunn må oppfattast av Sovjet som ein fare - fordi USA - ikkje Noreg - er farleg for Sovjet.

Ingen kan hevda at faren for eit åtak på Noreg ville auka om desse installasjonane vart fjerna. Sjansen for at Noreg vert atomslagmark blir mindre - når supermaktane veit at atomvåpen ikkje vil bli brukt frå norsk område. Vi veit at vi ikkje kan fjerna den faren i den verda vi lever i no - men ei konsekvent norsk haldning vil vera eit klårt avspenningstiltak i eit område der spenninga aukar.

3. Vi vil difor også arbeida for at Norden skal bli ei atomfri sone: Denne politikk - eit absolutt nei til atomvåpen i krig som i fred - skal utvidast til å gjelda dei nordiske land. I røynda er det Noreg som sit med nykelen her. Verken for Finland eller Sverige er det aktuelt å ta i bruk atomvåpen i forsvaret. Om Noreg gjorde si haldning klar, ville truleg Danmark fylgja etter.

Det er viktig at denne tanken har framgang også i andre parti og i tverrpolitiske rørsler. Men når andre talar uklårt, er det ei oppgåve for dette partiet å tala klårt - og seia kva vi meiner med ei atomfri sone i Norden.

Det sjølvsagte utgangspunkt er sluttakta frå FNs nedrustningssesjon i 197[?] der oppretting av atomfri soner fekk høg prioritet blant nedrustningsoppgåvene. Langt på veg kan vi finna eit mønster i avtala om atomfri soner i Latin-Amerika, den såkalla Tlatelolco-avtala frå 1967.

Eit traktatverk om Norden som atomfri sone må inkludera fire element:

  1. Ei avtale mellom dei nordiske land der dei tek på seg ein folkerettsleg bindande skyldnad til ikkje å produsera eller utplassera atomvåpen på sitt område, og heller ikkje tillata andre statar å utplassera eller bruka atomvåpen på nordisk område, eller overfly området med slike våpen.
  2. I ei serskild avtale med dei nordiske land gjev atomvåpenstatane rettsleg bindande tilsegn om
    • strengt å respektera den atomfrie sones stilling, og
    • avstå frå bruk eller trussel om bruk av kjernefysiske våpen mot statane i sonen.
  3. Det må byggjast opp eit internasjonalt kontrollapparat - helst i FN-regi - for å sikra at både sonestatane og atommaktene held seg til avtalene. [Atomenergibyrået i Wien vil få ei naturleg oppgåve her. Vidare bør det koma eit internasjonalt apparat til å overvaka avtala.]
  4. Det må inngå i føremålet med avtaleverket at det skal tena internasjonal avspenning i vidare meining. [Med utgangspunkt i ei slik nordisk soneavtale må det arbeidast for å byggja ho ut med vidare våpenkontrolltiltak - i andre deler av Europa, avtaler om uttynning av atomvæpninga i tilstøytande område i aust og vest m.v.]

Some vil innvenda: Men kva er avtalar verd? Dei er da berre papir. Det er rett nok at avtaler ofte blir brotne i krig, men i fredstid blir gjerne avtaler etterlevde. Og det er i fredstid krigen blir førebudd. Difor er slike avtaler viktige for å hindra krig.

Eg går såpass konkret og detaljert til verks - fordi denne saka no må koma ut av tåkeheimen. Det er bra at andre parti, som Arbeiderpartiet og Venstre, no har teke ordet "atomfri sone" i sin munn, men dei må snart forklara kva dei meiner med det. I Arbeidarpartiet har denne saka no blitt ein kasteball i eit internt partitaktisk spel - etter at ein sterk opinion pressa tanken inn i partiprogramutkastet.

Programutkastet har denne formuleringa: "Norge vil arbeide for en atomvåpenfri sone i nordisk område som en del av arbeidet for atomfrie soner i større europeisk sammenheng." Denne formuleringa er ein gummistrikk - og som ein dansk filosof har sagt: "Der skal karakter til at selge gummistrikk i meter." Også dei som reelt er imot ei atomfri sone i Norden og som har avvist Kekkonens plan i alle år kan no seia nei til ein slik sone ved å knyte vilkår til ho som gjer planen meiningslaus - at ho skal omfatta Kolahalvøya, eller at ho skal omfatta sentral-Europa.

Vi ynskjer alle nedrustning på Kola-halvøya, men det føreset ei tilsvarande nedrustning på amerikansk side. Våpna på Kola-halvøya er ein del av balansen mellom Sovjet og USA - ikkje mellom Sovjet og Norden. Og vi ynskjer alle eit atomfritt Europa. Men det er lang veg dit. Ei atomfri sone i Norden er eit steg på den vegen, eit fyrste steg. Men da må ho ikkje bli avhengig av ei allmenn fredsordning i Europa fyrst: Da er ei slik sone i Norden ikkje lenger eit fyrste steg - men siste steg. Det er fornuftig at dei nordiske land går i brodden - tek det fyrste steg - fordi vi ikkje alt har atomvåpen her i fred. Da kostar det ikkje så mykje å seie nei til dei i krig. Og fordi ei slik ordning her er balansert - ho omfattar to NATO-land og eitt land med bistandsavtale med Sovjet. Ho endrar ikkje supermaktbalansen, men ho tener freden.

Kampen for Norden som atomfri sone har også eit vidare perspektiv. Etter kvart som supermaktene aukar presset på sine kliantar, på dei små statane, blir det meir og meir vanskeleg for små land å verja suverenitet. Ei sterkare politisk og økonomisk orientering mot Norden kan skapa grunnlag for større sjølstende - ein suverenitet i solidaritet med dei andre nordiske land som saman utgjer ein økonomisk og politisk styrke vi treng for å verja og utvida det vi har av handlefridom nasjonalt og mellom statane. Difor er det viktig at SV er konstruktive når det gjeld å utvikla økonomiske og kulturelle samarbeidsband mellom dei nordiske land, og at dei nordiske venstrepartia utviklar eit samarbeid i dette perspektiv. Og difor skal dette landsmøtet avsluttast av ein finsk kamerat med eit foredrag om Sosialisme på nordisk.

Ein kan fyllast med vonløyse når ein ser kven som er sett til å leia supermaktene. Men dei er den røyndom freden skal bergast i. Difor må vi gripa kvart eit halmstrå med største alvor. Bresjnevs tale på SUKPs siste partikongress må takast alvorleg. På fleire område går han der tilbake på standpunkt Sovjet har hevda med styrke dei siste åra, og kjem imøte krav frå vest. Viktigast er at han på ny føreslår ei fastfrysing av atomopprustninga i Europa - eit dårlegare framlegg enn det NATO avviste i 1979. Men likevel. Eg vil oppmoda vår statsminister til å ta Sovjetunionens president på ordet - og gjera det Noreg kan for at våre mektige allierte skal møta framlegget med alvor og granska kva som ligg i det. Vona er lita, men eg vonar likevel at dette framlegget ikkje skal bli møtt som sist - med vedtak om utplassering av fleire raketter. Schmidts ord om at det framleis er mogleg å unngå utplassering av 572 nye atomraketter i vest er verd å merka seg, særleg når folk i Reagans administrasjon antyder at talet bør bli tolv hundre, og at 150 B52-fly skal byggjast om til å føra 3000 kryssarraketter. Truleg vil ein del av dei operera nær den skandinaviske halvøya.

Vi skal ikkje venta at norsk tryggingspolitikk let seg endra i ei handvending. Men med eit sterkare SV kan vi tru på ei utvikling steg for steg mot større nasjonal handlefridom og gradvis avvikling av dei farlegaste banda til atomstrategien.

Tilhøva ligg serleg til rette for å avvikla Frydenlunds tese om at Noregs nei til EF gjer oss meir avhengige av USA - og driv oss inn i eit nærare forhold til USA enn andre europeiske land. Ei nærare tilnærming til dei små NATO-land på kontinentet er ei markering av ein annan tendens. Vest-Tyskland er i klemme - tettpakka av amerikanske atomrakettar, og med Thatcher og Giscard som kappast om å vinna Reagans gunst. Derfor ser vi ikkje Vest-Tysklands uavhengige kurs så klårt som i fjor, men grunnlaget er der: Tyskland ynskjer ikkje å bli slagmark for USAs og USSRs avgrensa atomkrig. Og der har vi same interesse: Poenget i marineminister Lehmans tale er nettopp at ein konflikt i Sentral-Europa der kreftene er så fastlåst, kan bli overflytta til våre strender i nord - mot Kola-halvøya. Vi sa nei til EF fordi vi var imot EFs storkapitalistiske strukturar, men ikkje fordi vi fornektar vårt interessefellesskap med Europas folk framfor katastrofen.

Vi skal helsa einkvar fordomsfri tanke om tryggingspolitikk velkomen - særleg debatten i Arbeidarpartiet. Høgres mistenkeleggjering av DNA fordi der er debatt må ikkje få dekka over det uhyggelege faktum at i Høgre, vårt nest største parti, er det ingen debatt om tryggingspolitikk, berre ei tom stille, avbroten av rituell repetisjon av teser frå femtiåra. Der endrar ingen ting seg - i ei verd der alt anna er i forandring.

Kampen mot atomstrategien må førast på tvers av partigrensene. Vi skal ikkje ta monopol på den kampen. Vi skal vera fullt lojale mot dei vi samarbeider med t.d. i Nei til atomvåpen, og vi skal ikkje blanda det saman med vårt partis arbeid. Vi skal heller ikkje krevja den same klårleik av slike rørsler som av vårt parti. Men vi skal vita kva for ein fordel det er for denne kampen at SV kan ta krystallklåre standpunkt i slike saker og at vårt parti etter kvart er skolert og budd til full innsats i den kampen.

Mange vil sjå valet av politikarar som Reagan og Thatcher som resultat av den økonomiske krisa i den kapitalistiske verda. Også i mellomkrigstida førte krisa til val av ekstremt høgreorienterte leiarar for somme stormakter - utan at vi skal dra jamføringa usømeleg langt. Ein annan parallell ser ut til å vera at kapitalismen svarar på krise med militarisering. Den gigantiske oppvæpningsbylgja vi ser starta har med dette å gjera. [Men medan oppvæpninga i trettiåra på kort sikt løyste ein del økonomiske problem, ser det ut til at ho idag ikkje maktar hindra verken inflasjon eller arbeidsløyse, samtidig som fattigdomen i den tredje verda berre må auka når våpna tek plassen til u-hjelpa på budsjetta.]

Militariseringa er kanskje den farlegaste sida ved krisa. Og ho forplantar seg over alle grenser - til Sovjet som vil måtta svara med meir undertrykking for å skaffa pengar til enda meir våpen, til Kina - og til vårt land.

Nedskjering og innstramingspolitikk i Noreg er ikkje berre nedskjering og innstramingspolitikk, men frigjering av midlar til militær bruk: Dei andre budsjetta må haldast nede for at forsvarsbudsjettet skal kunna auka med nye milliardar. Det betyr kanoner i staden for barnehager. Og signala frå Reagan er klåre nok: Tre prosent årleg auke er ikkje nok. Presset på Noreg vil bli enormt for å auka med enda fleire milliardar.

Er den norske politiske leiing klar til å stå imot? Høgre er det iallfall ikkje. Det er tvilsamt om Arbeidarpartiet er det - sjølv om nei til nøytronvåpen, til ein NATO-marine i Gulfen og til amerikanske inngrep i El Salvador kan gje visse voner.

Men problemet er at den økonomiske krisa har svekka sosialdemokratiet alvorleg. Kapitalismens krise har blitt sosialdemokratiets krise. Det ser vi klårt over heile Europa - og i vårt land.

Kva er så kjernen i Sosialdemokratiets krise - den krise vi ser i land etter land i Europa? Eg trur det er at veksten tok slutt - kapitalismen kom i krise. Dei hadde vendt seg til ein veksande produksjon i kapitalistisk regi som ga overskot så store at staten kunne dra inn ein del - og dela ut til sosiale reformar og utjamningstiltak. Så tok veksten slutt. Dermed var det ikkje grunnlag for slike reformar lenger. Sosialdemokratiet hadde ikkje anna att enn å stimulera det kapitalistiske næringsliv til å greia seg. Innstraming og delvis tilbakevending til liberalismen - meir marknadsøkonomi - vart svaret. Dermed vart skiljet mellom sosialdemokratisk og borgarleg politikk enda meir utvaska. Sosialdemokratiet stod utan reformar. Tilbake var tiltrua til statsbyråkratiet, ein stat som kunne gjera mindre og mindre for å møta vanlege folks behov. Dermed tok veljargrunnlaget til å svikta.

Langt på veg slo det norske Arbeidarparti inn på den same kurs: Omskiftet kom midt på syttitalet. Støttepolitikken til næringslivet kom i vanry og vart langsomt lagt om. Det skjer ei tilbakevending til trua på marknadsøkonomi og privatisering. Liedutvalet - med masseflytting og storstrukturbrigdet var katekisma. Dei sosiale utgiftene må bremsast. Det offentlege forbruket må ned - unnteke militære. Kommunar og fylkeskommunar må strama inn. Stengte sjukehus, barnehagar osv. *

Arbeidarpartiet har gått frå skanse til skanse dei siste åra, gjeve slepp på hevdvunne tradisjonelle sosialdemokratiske prinsipp, lagt seg så nær Høgre at endatil AUFs formann seier at problemet er at DNA er for nær Høgre. Det merkast i bustadpolitikken, i skattepolitikken, i sosialpolitikken, i rentepolitikken, i industripolitikken, i tryggingspolitikken.

Var så denne retretten til meir marknadsøkonomi naudsynt? På eine sida var krisa internasjonal. Ho råka oss og, og det var forståeleg at ein greip etter framande mønster. Men vår situasjon var likevel annleis: Oljeinntektene gjorde han annleis. Dermed kom innstramingspolitikken her til å få underlege verknader - ein veldig auke i eigarinntektene - medan innstraminga råkar vanlege folks inntekter - når marknadskreftene fekk friare slag.

Frå 1979 til åtti auka eigarinntektene med om lag 55 %. Held vi oljeverksemda utanfor var auken 25 %. Oljeselskapa kunne håva inn ei forteneste etter skatt på nærare ti milliardar kroner - tre gonger det ei normal kapitalavkastning skulle tilseia.

Med lønningane skjedde noko heilt anna. Lønskostnadene i prosent av faktorinntekt i bedriftene fall frå 74 % til vel seksti prosent i 1980 - etter at dette taler har auka år for år. På eitt år fall den del av bedriftens inntekter som går til løner heilt ned på nivået frå 1950-åra.

Men for det offentlege auka inntektene enormt.

Ein svarar ikkje på den krisa kapitalismen skaper med meir kapitalisme. Ein svarar ikkje på problema oljeverksemda og oljepengane skaper med å gje friare spelerom for marknadskreftene.

Tvert imot - står vi overfor ein situasjon der sosialistiske løysingar er dei einaste logiske og naturlege.

Oljeverksemda må haldast på eit nivå som det norske samfunnet kan meistra. Så må oljepengane brukast planfast til å møta fellesskapets behov - til utjamning, til dei som har lite, til å byggja ut sosialsektoren og til arbeidsplassar. Og dei må brukast til å tryggja industri som er truga i lokalsamfunn der det er heilt naudsynte arbeidsplassar.

Dette er også økopolitikk. Vi må ikkje tru at innstraming og marknadsøkonomi lettar presset på ressursane og miljøet - tvert imot. Det einaste som kan kallast økopolitikk er planmessig styring av ressursar og kanalisering av forbruk i leier som lettar ressurspresset. Perspektivet må vera sosialistisk planøkonomi - det er det som er grøn politikk.

I morgon kjem vil tilbake til eit punktprogram som er SVs framlegg til utgangspunkt for ei fornying av arbeidarrørsla. Det inneheld ikkje heile vårt program, men saker som bør kunna samla ut over våre rekker. Ein stor del av dette burde kunna gjennomførast om vi slepp ei høgreregjering i haust, og om SV blir styrkt - med fleire stortingsmandat, og med større styrke utanfor Stortinget, og om voksteren i politisk verksemd og aktivitet blant folk på tvers av partigrensene held fram.

Det trengst ein motoffensiv. Sterke krefter ynskjer det i heile arbeidarrørsla. Vi er budd til å gjera jobben, og eit sterkare SV er ein del av jobben.

Eg tenkjer på område som

  • tryggingspolitikk - ut av atomstrategien og oppvæpningsspiralen
  • styring av teknologien ved fagrørsla
  • arbeid for alle
  • bustadpolitikk - gjenreising av den sosiale bustadpolitikk
  • ein skattepolitikk med brodd mot høge inntekter og formuer, bl.a. rentetak
  • seks timars arbeidsdag - ei sak der kvinnerørsla og fagrørsla må løfta i lag
  • vern om velferdsstaten mot innstraming
  • statleg styring av oljeverksemda
  • oljepengane til fellesforbruk.

Vi trur at ein slik politikk kan vinna fram fordi han er i samsvar med sterke straumdrag på grunnplanet i fagrørsla. Der er ein fornyingsprosess igang - med å reisa ein klår front mot borgarleg politikk, med å reisa dei sakene som kan gje grunnlag for ei ny offensiv haldning: Eit konkret reformprogram som kan gjenskapa ein klår profil for arbeidarrørsla på område der vegen til Høgre har blitt for kort.

Men ei slik fornying må nå langt vidare enn SV - inn i fagrørsla, inn i Arbeidarpartiet. Det burde vera mogleg - med utgangspunkt i fagrørsla - å reise ein del saker, sentrale reformkrav, som kunne snu vinden og føra heile arbeidarrørsla på offensiven. SV ynskjer å gjera ein innsats for det, og det er dette som pregar opplegget til landsmøtet. Vår haldning er usekterisk - vi ynskjer å gå saman på tvers av partigrenser om saker som kan femna vidt i arbeidarrørsla. 

Statsministerskiftet i DNA har kanskje løyst den personkrisa som omlegginga av politikken skapte - og det er viktig for eit parti herja av mistillit og indre forgiftning. Det er ei vinning også for oss at spenninga har kome tilbake i norsk politikk - at det ikkje lenger er sikkert at Willoch blir statsminister. Men den politiske krisa er ikkje dermed løyst.

Eg har nemnt hovudproblemet: Behovet for ein klår reformpolitikk for å endra maktforhold og endra fordelinga av gode i samfunnet - ein reformpolitikk som kan gje arbeidarrørsla eit samfunnsomskipande innhald. Men ho må orientera seg i ein ny røyndom. Alta står som stikkord til ein ny røyndom - der andre krav og verdiar står på saklista enn dei som kan målast i pengar. DNA har skaffa seg ein tenkepause. Vår von er at dei vil bruka han vel. Vi lova på førehand å ikkje utnytta situasjonen dersom dei hadde mot til ein retrett. De hadde mot, og eg skal stå ved lovnaden.

Vår von er no at motet skal veksa i tenkepausen - til å sjå at vi har eit samisk folk innanfor våre grenser, at vi lever i ei tid da slike minoritetsfolk har krav å stilla og har rettar som etter kvart får grunnlag i folkeretten. Difor må inngrep i samefolkets område venta til desse rettane er avklara og fastlagde, og det samiske folket kan tala med si eiga røyst i eit sameparlament.

Dei borgarlege partia gjev oss eit underleg syn å sjå. Regjeringskrangelen - om den regjering dei kanskje får høve til å danna - har ført dei ut av den politiske debatten om framtids-Noreg. Kva kjem derifrå om Olje-Noreg i framtida, om den teknologiske revolusjonen, om atomtrugsmålet, om krisa i det økonomiske systemet? Ingen ting, bortsett frå halsbrekkande C-moment i abortspørsmålet. Her skal det bergast både andlet og regjeringsalternativ, og det er ikkje enkelt å sameina. Det kunne vera freistande å smila av dei travle menn med statsrådar i magen. Men dette er alvor. Senterpartiet sitt framlegg om ei nemnd der kvinna sjølv oppnemner fleirtalet inneber sjølvbestemt abort - for ressurssterke kvinner som er van med å greia reglar, autoritetar og kompliserte institusjonar. For den ressurssvake kvinne vil dette systemet fortona seg vanskeleg å meistra, og fjernt. Systemet vil gjera det lett for dei sterke og vanskeleg for dei svake. Og innebygd ligg framleis den kvinneforakt som nemndsystem er eit uttrykk for - at ho ikkje skulle vita kva som er den rette etiske utveg.

Det føregår noko på borgarleg side som kan truga dagens abortlov. Det er ein dyrekjøpt reform - som har blitt kasteball i eit borgarleg spel om regjeringsmakt. Kva dei kan finna på er ikkje godt å seia - det skifter litt frå dag til dag. Det tryggaste er å sjå til at vi aldri får svaret - ved at dei ikkje får regjeringsmakt.

Korleis blir det Noreg våre barn skal overta?

Vi veit at det blir bruken av oljen i Nordsjøen som i høg grad vil avgjera det. Vi veit at forandringane stormar inn over oss. Det er forstemmande kor lita rolle dette spelar i politisk debatt: Kor nærsynt debatten - det politiske livet - er. Det ser ut til at det einaste problem som vekker den breie interesse blant dei andre partia er konkurranseevna i framtida: Som om ein rimeleg fortenestemargin for eigarinteressene er det som avgjer om landet skal vera til å leva i om nokre år.

Den einaste debatt ut over kjøpmannsperspektivet på framtidsNoreg har vore debatten om Sosialisme på norsk.

 

Rune Slagstad opna den store konferansen om dette i fjor med å hevda et vi har valet mellom Sosialisme på norsk eller kapitalisme på tysk. Eg undrast om ikkje den kapitalisme på norsk som vi kan få - vil bli eit hakk verre enn kapitalisme på tysk.

Den politiske debatten er hardna. Dei varmande slagord i eit kvart partiprogram for nokre år sidan - er borte, politisk døde ser det ut til: Dei mjuke verdiar, eit kvalitativt betre samfunn, eit meir menneskeleg samfunn, distriktspolitikk, den grøne bylgja, ressursvern, jordvern - det er ikkje det politikken dreier seg om.

Prognosane i departementskontor og statistiske tenkargrupper er så skremande at dei ikkje eignar seg til å bli offentlege: dei peikar mot eit langt hardara samfunn -

  • med halvering av industriarbeidsplassane,
  • svære flytteprosessar,
  • ny nedleggingsbylgje i jordbruket,
  • nedskjering på sosial- og helsesektor,
  • arbeidsløyse,
  • ei stigande kløft i arbeidslivet mellom dei unge og sterke menn i dei gode oljestillingar - og dei andre.

Ord som styring og demokratisering blir forsøkt sette i vanry. Privatisering og marknadsøkonomi er på moten - dei utrulegaste ber ei reim av Milton Friedman i si hud.

Likevel er det i dei landa der marknaden er friast at det går verst - med sysselsetting, med inflasjon, med handelsbalanse, med den menneskelege trivnad. Fordi Friedmans marknad er ein abstraksjon som eksisterer i Friedmans hjerne - og kanskje i enkelte lands fortid. Marknadsøkonomi idag er ein ideologi for den sterkes rett til å slå den veike ned - og ta frå han det velferdsstaten har gjeve.

[Vi er eit av dei rikaste land i verda. Den nye frykt for styring og planlegging og den nye tru på marknaden held på å gjera oss til fattig-Noreg. Det er ingen grunn til at Noreg med store oljeinntekter skal skjera ned forbruket til nødvendige offentlege formål som sjukehus, eldreomsorg, barnehagar osv.

Det er manglande vilje til planhushald som tvingar til slikt.]

Debatten om vi skal bruka oljeinntekter er langt på veg meiningslaus. Ei sak er at oljeinntektene i alle høve blir brukte. Heller ikkje Venstre tek konsekvensen av sitt måtehaldsprogram når dei skal skriva partiprogram. Dessutan er omfanget av oljeverksemda like viktig som sjølve spørsmålet om bruken av pengane. Dei viktige problem er kor stort omfanget av verksemda skal vera, kven som skal styra ho, og kven som skal bruka oljepengane og til kva. Der er måtar å bruka oljepengar på som raserer arbeidsplassar og bygdesamfunn - men dei kan også brukast til å verja arbeidsplassar og lokalsamfunn.

SV legg på dette landsmøtet fram til debatt eit samanhengande oljeprogram - som det fyrste parti i landet, trur eg. Grunntankane der er

  • lågt utvinningstempo, nitti mill. tonn er uforsvarleg høgt både av ressursgrunnar og av økonomiske grunnar,
  • full offentleg styring: Oljen skal ikkje vera eit emne for å auka privatkapital og gigantselskaps profitt
  • og så skal pengane kanaliserast planfast - ikkje til større privat forbruk for folk som har rimeleg forbruk frå før, men til fellesgode til dei svakaste i samfunnet, til sosialsektoren, til utjamning.

Kvar står vi så - som parti?

Vi har vore gjennom ein lang og vanskeleg periode med konsolidering og oppbygging sidan samanbrotet i 1975. Vi vart til på dei jublande triumfar i 1972 og 1973. No kan vi slå fast at vi har greidd å byggja partiet også i motgang. No går det framover. Jamvel våre motstandarar sannar at vi har fått vinden i ryggen.

Eg trur omslaget kom i fjor vår. Vi greidde å bryta ut av vår tronge krins - dels fordi våre faglege folk var med og skapte ein brei allianse mot lønspolitikken under inntektsoppgjerda, dels fordi vi makta reisa ein debatt om Noregs framtid som nådde ut over våre rekker. Etter kvart kom fylgjene av innstramingspolitikken til syne - og viste at svaret på kapitalismens krise ikkje var meir kapitalisme. Breie folkelege rørsler mot supermaktenes atomstrategi braut apatien hjå mange. Vi fekk etter kvart eit nytt klima - der SV kunne pusta lettare.

Vi merker at kontaktflata er breiare, medlemene kjem og seier at no er det lett å arbeida, fleire og fleire lag blir meir aktive, medlemstalet aukar. Ja, endatil meiningsmålingane krabbar oppover. Dei kjem nok til å oppføra seg som gradestokken i april utover no. Men vi har forlengst blitt samde om å varma oss på dei gode gallupar, og gløyme dei dårlege.

Vi har ein god politikk. Vi ynskjer innverknad og makt for å fremja den. Difor vil vi gjerne ha ei større gruppe på Stortinget, og vi har god tru på at vi skal få det. Men noko fleirtalsparti blir vi knapt - heller ikkje regjeringsparti.

Difor må vi søkja innverknad også utanfor Stortinget - ved å vera med og byggja opp folkerørsler kring viktige spørsmål som fred, sosial tryggleik og arbeidarmakt. Gjennom den innverknad slike rørsler har på Stortinget og andre maktorgan kan vi fremja viktige saker - med stortingsgruppa som ei av fleire reiskapar.

Takk vere eit godt og tillitvekkande arbeid frå våre stortingsrepresentantar i denne perioden er ikkje regjeringsspørsmålet noko vanskeleg problem for dette partiet lenger. Talen om SV som "halehengparti" eller "demonstrasjonsparti" har stort sett tagna. Dei to på tinget har visst å stå fram med styrke, autoritet og konsekvens, også når vi var på kollisjonskurs med regjeringa. Tida for dei utidige demonstrative kabinettspørsmål overfor SV er såleis omme. Når regjeringa har innsett at ho måtte ha SVs støtte, har ho denne tida stort sett vore budd til å snakka med oss om ei rimeleg ordning for begge partar. Slik var det ikkje for nokre år sidan. Men baksida er at ho langt oftare ordnar seg med eit av de borgarlege partia - og ein høgreorientert politikk.

Det er likevel ikkje noko problem for oss å seia at vi føretrekk ei regjering av Arbeidarpartiet framfor ei høgredominert regjering - fyrst og fremst fordi ei slik regjering vil i viktige spørsmål måtta høyra på det som kjem frå fagrørsla, frå arbeidsplassane, frå folkerørsler. For oss som parti er det ein fordel med den noverande parlamentariske situasjon. Men avstanden mellom oss og DNA er så stor at vi må stå fritt til å stemma i samsvar med vårt program - utan noko avtale eller regjeringsdeltaking.

Når det er sagt, vil eg leggja til at eg ikkje trur ei borgarleg regjering vil vera ein katastrofe for SV som parti. Det vil vera ei ulykke for norsk oljepolitikk - fordi private profittinteresser vil sleppa sterkare til, og det er alvorleg. Men dei som trur det vil vera ein katastrofe for oss som parti trur eg tek feil. Posisjonen som det mest radikale av to opposisjonsparti - med ein konsekvent antiborgarleg politikk - gjev fordeler. Trua på at DNA vil syna eit radikalt andlet i opposisjon er ei vakker tru, som eg gjerne skulle dela, men eg ottast at resultatet blir ein serie av manøvrer for å skaffa seg ein borgarleg alliert - og dermed ny adgang til taburettane på vilkåra til eit mellomparti.

Same korleis stortingsfleirtalet blir til hausten, vil vår line måtta bli ein brei alliansepolitikk på sak - både i Stortinget og serleg i arbeidet utanfor Stortinget - i folkerørslene. Framfor alt har vi festa tanke og handling til fagrørdsla. [I solidaritet skal vi byggja fagrørsla sterkare. I solidaritet skal våre faglege folk på tvers av partigrenser kjempa fram saker som den politiske arbeidarrørsla skal gjennomføra. Fornyinga i arbeidarrørsla har byrja - ho har byrja der.] 

Vi ser og andre viktige teikn til eit politisk straumvende: Dei store demonstrasjonane åttande mars - med eit samla tog i Oslo - fortel om ei kvinnerørsle i fornying kring konkrete radikale politiske krav som seks timars dagen.

Apatien blant ungdom slår sprekker. Bakgrunnsmaterialet for meiningsmålingar tyder på at SVs oppslutning blant ungdom, som minka i fleire år, no er på veg tilbake til dei høgder som var vår styrke.

Vilkåra er der for eit straumvende etter ei tid med alle slag høgrekrefter på frammarsj. Vi kan løysa ut og driva stra

umvendet vidare om vi maktar det som er vår oppgåve: Å ta plass på rett side av fronten i den daglege klassekamp - og reisa perspektivet ut over dette samfunn mot sosialismen. Vi skal vera jordnære, men det er lett å bli berre jordnær i ei krisetid. Maktar vi ikkje å reisa perspektivet, løfta visjonen, er vi ikkje lenger eit sosialistisk parti. Difor bør vi føra den ideologiske debatten vidare og få han til å fengja også ut over våre rekker - som debatten om Sosialisme på norsk gjer.

Eg har masa om "høgrebylgja" så mange gonger dei siste åra, at jamvel svorne bokmålsfolk uttalar det på nynorsk - med ei litt trøytt mine. Men under den kalde vintersnø har det spirt. Eg skal ikkje bli så banal at eg byrjar snakka om våren. Men jordsmonnet er pløgd og harva for ein annan vokster - for ei gryande tid for SOSIALISME PÅ NORSK.

Kjelde: Upublisert manuskript ("med atterhald om endringar"), Arbeiderbevegelsens arkiv
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen