Eg og mange med meg stræva med Norskdomen i Tale og Skrift. Og no er det kanske meir Tid en nokotsinn før for dikkon Politici at stræva med den i Politikken.
Ja, det gjelder at vera norsk i vaar Politik. Med vaart indre Stell vil det alt ganga sin naturlege Gang; men med det ytre er det meir livsfarlegt, for ein stor Feil der kan draga etter seg Aarhundrad af Trældom og ein national Undergang.
Og her kjem eg in paa eit Knutepunct, som kanske mange af dikkon ikke hava tenkt stort paa, men eg og det Slags Folk somyket meir. For at tala i vanlegt Krigsspraak, so rasar Slaget paa Berg og Kullar, og det kjem snart ned i Dalane. De kunna jamvel sjaa nokot af Røyken nede i den morgenbladiske Sumpen. Eg for meg heve fengjet mine Saar og Skraamor, og der er alt skotne mange Hestar under meg. Den sidste var, daa eg no vardt utjagad fraa Departementet.
Lat meg gjera dette greidt, endaa det ikke er so greidt. Her er, som vist Mange vita, ein Strid millom norsk Maal og dansk Maal, og imillom national Politik og unational Politik; og no vil vaar historiske Logik, at dei som strida for eit norsk Maal, og dei, som strida for ein norsk Politik, skulle vera dei sama Menn eller idetmindste halda ihop mot deim, som fara ut fraa Landet baade med sit Maal og sin Politik. Det er ein Strid millom inbygdes og utbygdes Folk, millom Folk, som tru paa Norge, og deim, som ikke tru paa det.
De vita vist Alle, at me vaaro lenge sambundne med Danmark og fingo vaart Bokmaal derifraa. No tru Mange og daa mest vaar eldre Embættesstand - for den yngre er meir norsk - at dette Maal er det beste for os, liksom desse Folk og no med sine nyare Partiskribenter taka til at tru, at me hadde det so fælt godt under Danmark, i Motsetning til gamle Presten Wergeland, som so tidt predikad her burt i denne Kyrkja. I si Bok om "Danmarks politiske Forbrydelser mod Norge" gjorde han vist det Vonde verre en det var, liksom desse uheimske Menn no gjera det betre en det var og med ein af dette Folks Hovudmenn lengta tilbake til Babylons Floder, der me just, som han meinar, vaaro lykkelege baade i Politik og Tungemaal.
No, desse sama uheimske Folk ero ikke so vonde som dei sjaa ut. Me maa tru, at dei meina det nok so godt, liksom me bør tru vel om Alle; men derfor kunna likevel ikke me, som tru paa Norge og elska norsk Maal og norsk Politik, lata vera aa slaast med deim til siste Blodsdropen.
De hava vist høyrt gjetet eit skandinavisk Selskap in i Christiania. De burde kjenna det, om ikke for annat, so daa for det, at Professor Daa, som det er Tale om at gjera til Storthingsmann for Amtet, er ein af Storkaksane der. Dette Selskap samlar i seg dei største Stridsmenn mot os, som eg kallar Heimefolket, i Motsetning til alle desse Utmenn.
Desse Utmenn, som fæla for sit kjære danske Maal her i Norge, dei stydja seg til ein Utmannspolitik for i denne at faa Hjelp mot Fienden, som er Norskdomen. Og derfor vaaro dei fyrst danske Skandinaver og liksom stodo med den eine Foten nede i Danmark og med den andre her uppe og skrevad over Skagerak, og derfor vardt kalla "Skagerakkarar". Men no i den seinare Tid hava dei lagt seg paa ei Samblanding med Sverige, og derfor faa Navn af "Amalgamister".
Men, lat meg no ikke baktala desse gode Folk! Dei hava og sine Grunnar. Naar eg seer ein Mann, som ellers er klok, at vera imot mi Meining, so spør eg alltid meg sjølv: "Men er daa di Meining den rette?" Naar dei med Tanken paa den sidste tyske Krig segja, at smaae Stater maa halda ihop, so seer eg snart, at der er ein god Tanke i dette; men naar dei so ikke kunna bevise, som dei enno ikke hava kunnad, at me verda sterkare ved at slaa os nærare ihop med Danmark og Sverige, so held eg paa Norge, som det er, og det Samband med Sverige, som no i det sidste Fjortendagsbind af Verdsens beste Tidarskrift, nemlig Revue des deux mondes, verdt kallad eit Mønster i sit Slag, og det af det Slaget, som Austrike etter somange Forfatningsprøvor er driven til at taka for godt med alle dei serskilde Nationaliteter under seg.
Dei hava kver sit Læge og Ulæge, store og smaae Stater. Best er det kanske for den store, naar han er godt samfengd; men det er so faae af slike, at det jamvel no af kloke engelske Skribenter verdt talad om at skilja Irland fraa England for at faa Fred for det. Denne Storstatslære af vaart skandinaviske Selskap f. Ex. er derfor langt ifraa ei uomstridt Lære, og allerhelst naar der er sovidt stor Skilnad paa Folk, som skulle kippas ihop, som Norske og Svenske og Danske. Eit Forsøk paa at binda os nærare politisk saman, vilde derfor truleg snart enda med at driva os lenger ifraa kverandre, en me no ero. Med alt det mot og med som der ellers kunde vera at tala om denne Ting, so er det vist, solenge vaare Amalgamister ikke hava gjort meir trulegt, at Unionen verdt sterkare ved at bli omgjord, solenge er det Daarskap at tala om og fyreslaa ei Omgjerd; og naar du seer, at dei fleste af desse Folk ero unorske i si Spraaklære og heile Livsupfatning, so fær idetmindste eg ein endaa større Mistanke til deires Politik, en eg ellers vilde hava gjort.
Liksom Dansken vilde draga os in med seg i den sidste Krigen, det hadde, soleids synes heller ikke Svensken at vera fornøgd med vaar Riksakt af 1814, men vil faa den omgjord. De kjenna vist nokot til dette og til Svenskestriden her eit Aaret, liksom og til det, at ei Regjering, som lik dikkon Gardemenn i dei gode Dagar liver paa Borg, heve fengjet lappad ihop ei Unionscommitte, som er ferdig med eit Utkast til ei ny Omgjerd af vaart Samband med Sverige. Det er eit heilt Lass med Erteris af Tankar alt dette, og det vilde ingen Ende vera med at greida det alt ut. Nok er det: me norske i Tungemaal og Politik vilja inkje vita af alt dette, men hava alt som det er i Politikken, og norska paa vaart Tungemaal, medan alle desse Panskandinavister eller Amalgamister eller Utmenn staa tvert derimot, og stræva alt det dei kunna med at røma ut or sit eiget Skinn, som likevel med all deires Utmannskap er norskt.
Her sjaa de eit Glimt af Borgerkrigen, godt Folk. Og det er ein Borgerkrig, som de sjaa i dikkos eige Bygd. Prest og Fut og Skrivare ero ikke med her og overleggja om Botmedel for Landsens Ulykkor, som no heve samlad somange. Det vilde vera so rimeligt, at dei vaaro med; for det er Menn, som Stat og Folk hava lønt for at vera Landsens Lærarar. Dei sitja heime og kanske afdøma dikkon, liksom de gjera med deim. Her sjaa de Borgerkrigen og Skilnaden millom tvo "Culturer" og tvo Tungemaal og tvo Politikker. Det er so du kunde fara fraa Sans og Samling ved at sjaa slik Daarskap, og skal nokon faa den største Skuld for dette, so ved den evige Gud, vil Domen ganga deim imot, som fingo Lærdom og Løn for at retteleda deim som fødde og klædde deim so vel.
Det er Tanken min liksom Tanken af dei klokaste Menn eg kjenner, at det no gjelder meir en nokotsin før etter 1814 at frelsa vaart nationale Liv. De maa, om de ikke kjenna til det, taka denne Tanken min paa Borg, liksom de hava gjort med dikkos Gardsdrift og heile Stell, og liksom vaart Ministerium sit politiske Liv. Me liva paa Borg Allesaman. Det heile Liv er paa Borg.
Taka de no denne Borgen god og tru paa eit nationalt sjølvstendigt Norge, so kunna de ikke eingong velja Valstad til Thingmann, sosannt som det er vist det, som vist er sagt og ikke motsagt, at han er for denne af vaart Ministerium paatenkte Omgjerd af vaart Samband med Sverige. Her gjelder det at samla sine Folk. Slaget er større en Nokon trur. Ikke for det, at den Sak kjem fram paa dette Thing; men Thingets Holdning maa vera slik, at ingen Statsraad vaagar seg til at framsetja slikt eit Forslag; for Thinget maa skonas: Naar norske og svenske Statsmagter koma i Strid, so hava me Krigen med Krut og Kulor paa eit hangande Haar. Derfor maa Slaget staa, før det kjem solangt.
Dei Gamle kallad Politik ei Kunst. Og desse Tankens Monarker hadde Rett. Men det er meir en ei Kunst. Det er Visdom. Det gjelder no for os at styra vel heime og stella godt burte. "Inarbeidet er lett, men Utarbeidet er tungt", verdt det sagt. Me maa halda vaar Riksakt, so Svensken og Europa ikke fær Grunn til at klaga, at me forsøma vaar Pligt. Me maa hava eit godt Krigsvæsen, og der er eg ikke med paa at spara, naar der som no ved dette Statsraadsskifte er Grunn til at tru, at alt verdt brukad paa rette Maaten. Gjera me dette, so skal eg for min Part etter Evne "procedere" vaar sak under ein Krig for eit europæisk Publicum i Times f. Ex. Og so skulle me kunna stella med Alt her heime, som me vilja. Men gjera me ikke dette, eller idetheile forsøma vaar Pligt og faa eit Storthing med "berre Bønder", som ein Mann her sagde, so er eg den fyrste til daa fraa den Sida at taka vaart nationale Liv i Forsvar, som daa og vilde vera trugad.
Det er ikke greidt for den, som ikke er eit Faavit, at vera Storthingsmann. Lat meg no vera omtenkt ein Augneblink! Eg vilde daa segja: Me skulde stella os so, at me hadde Overmagt eller Pluralitet, men ikke stort meir. So skulde me, for at sona vaare Motstandarar ut, taka jamvel rike aandelege Stakkarar med for at forgylda Storthingets Vegger. Her er nemlig ei Magt imot os, "Middelmaadighedens Magt", men som heve nokot Boklærdom og nokre Skillingar, og denne er i denne "Middelmaadighedens Verden" so stor og sterk, at ho ikke er at foragte. Ho fær Morgenbladet f. Ex. til "Organ". Og no skulle de høyra desse Ord af ein af desse boklærde Folk, som trefte meg paa Jernbanestationen og tiltalad meg slikt, daa han høyrde, at eg skulde her up til eit politisk Møte. Eg brukar det Bokspraak, han talad; for mit norske Maal er for fint til desse Ord:
"Ja, det have vi efter 50 Aars Frihed! Det er Bondens Skillingsagtighed og Luseri. Det er Raahed og Barbari og Bornerthed og Fanteri."
Han talad so Skummet stod i Kjæften hans, og han talad meir af sama Slag, men dette kan vera nok for at gjeva dikkon ein Tanke om Stilen, som eg ellers høyrde meir af sidan paa Jernbanen. Denne Stil vil koma i Morgenbladet og i Aftenbladet, dersom det liver solenge, sosannt de ikke halda litt Maate, og der vil Somange tru paa denne Stil, at der kjem eit Atterslag, so det, som me no ynskja, verdt upsett til me ero døydde, dersom me ikke før koma under Rusland.
Ja, Rusland, det var sannt. Det er Mange som i dette Modløyse tala om at koma under det. Dei tala om, at me daa vilde vinna paa mangt i Handel og Vandel, at vaare Sjøhavnar f. Ex. vilde tena store Pengar. Om eg og slike Folk daa kom til Sibirien, var vel kanske ikke so farlegt; men vaar meste og beste Ungdom vilde koma til at slaast for det store Riket. Det vardt vel endaa verre en daa vaare Skandinavister og Amalgamister tala om, at me hadde det so fint under Danmark. Norge vardt tappad for sit beste Blod til Floten og Hæren og til Sal, som der vardt bygt stygge jydske Slott for. Norge vaa daa ein "militær Coloni", eit "Stuteri" for Trælar eller rettare Slagt, liksom no i Amerika før denne sidste Krig. Den, som kjenner Historien, veit dette. Jau, det var "Oeconomien", som dei tala om ved ein Samstat i det skandinaviske Selskap og ellers. Nei, det verdt nok den beste Oeconomi, liksom den beste menneskelege Tanke, at vera eit sjølvstendigt Folk. Og det kunna me vera, naar me stella os som Folk. Me hava daa ingenting at fæla for korkje fraa Sverige eller nokot annat Land; for verda me daa tekne, so er det ikke for me er eit sjølvstendigt nationalt Folk, men fordi det er, som det heiter, ei "europæisk Nødvendighed".
Ja, her er store Ting at tenkja paa for kver den som vil vera Politikus eller Skribent eller Talare eller eit slett og rett norskt Menneske. Stella me os vel, so kunna me faa alt det, som godt og stort er. Men stella me os ille og misbruka vaar Fridom, so vil det verda sagt til os som til eit annat Folk: "Guds Rike skal takas ifraa dikkon og gjevas til eit Folk, som berer dets Frugter".
Det kunde vel vera verdt at minna om alt dette her paa Eidsvoll med sine Minne om den gamle Landsretten, som her vardt gjeven, - med si Riksforsamling femti Aar sidan, - med Kyrkja for vaart Syn, der vaar fyrste Konge i denne nye Tid vardt liksom invigd. Det var her Wergeland og livde si meste og beste Tid. Det kunde vel vera den rette Staden her at minna os paa eit fritt og sjøvstendigt Norge i Tungemaal som Riksstyre!