VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Det trengst ei grend for å oppfostra eit badn

av Oddny Miljeteig, ,

      17. mai er eg så glad i

      moro eg har frå morgon til kveld!

      Då er det så du, om vi er små du,

      er vi med likevel.

      Eg ropar hurra dagen så long,

      og syng for Noreg så mang ein song.

      Og eg, eg kan du, elska mitt land du

      det skal du sjå ein gong.

Hjarteleg til lukka med dagjen, alle saman, små og store i alle fasongar, aldrar og valørar, karar og kvinner, gutar og jenter! 17. mai er gjebosdagjen til Noreg, og slik som me feirar! Kvart år når det livnar i lundar og lauvast i li, då kjenner me denne sitrande forventninga til 17. mai. «Du vår med ljose dagar», syng me, etter ein lang og kald vinter som nektar å ta slutt. Men våren vinn alltid. Eg er sikker på at ikkje alle har sove så lenge i natt, somme avdi de har vore så spente, andre avdi det var noko som skulle ordnast på ein bunad -- eg sydde ut min i fjor -- eller det var ei kake som ikkje var heilt ferdig eller eit bord som skulle pyntast. Men no er dagen runnen, og det er fest og høgtid uansett -- og bjørka har sprotte -- i år også! Sjølv om det lengje såg spøkje ut.

Takk for at eg får koma til Etne på 17. mai, her eg huserte på hybel heile mi ungdomsskuletid -- og her eg er konfirmert i Stødlekjørkjo. Før eg var 13 år var eg innlosjert på lemen hos Signe og Endre Tjelmeland i Sæbøbrekko i lag med Martha Eikemo Sund og systrene Liv og Kari, og her fekk me prøva oss som vaksne medan våre jamaldringar knapt reinska potetene sjølve. Foreldra våre slapp i alle fall billeg frå tenåringsopprøra våre -- til kvardags. I Etne sa de «det» i staden for «da» og «him» i staden for «heim», me merka oss da. Seks dagars skuleveke hadde me, og bussane gjekk seinare enn i dag, for dette var før Åkrafjorden var full av tunnelar og den beste vegen kommunen kan by på. Det handla om å verta bråvaksen, men samstundes badn på veg til å bli ungdom; viktige formingsår for sjølvaste livet. Og framleis kan eg fyrste verset av Etnesongjen!

«Kjem i hoga 17.mai 1948, trur eg. Nei, helst 1949. Me var konfirmerte: Hilmar, Olav og eg og Kristoffer -- rodde frå Bjelland til Markhus og gjekk og tok delvis buss utetter og kom til syttandemaibygdo Etne med iskrem, dravle, musikkorps, fotballkamp og skikkeleg syttandemaitog med flaggborg og komiteen føsste -- og så korpset med trommer og basuners lyd spelande på potpurri over «Alle fugler små de er.» Det var så fint atte -- og «Gammel jægermarsj» og eina itte det andra -- korpset var ei oppleving for oss innante», skreiv syskenbarn Leif Andenes til meg då han høyrde eg skulle halda 17. mai-tale i Etne. Han tenkte gjedna han måtte setja syskenbarnet i stemning og passa på at eg hugsa på det var 17. mai det skulle handla om og ikkje fyrste, som også er ein stor fridomsdag for meg. Men eg stussa på det med iskrem -- i 1949? Så tidleg?

Mitt fremste 17. mai-is-minne frå barndommen er kroneisen, som då ikkje heitte kroneis, men kronesis -- og kosta deretter, altså ei krone. 17. mai var is og brus og karamellar og tog på Markhus, og 60-meteren, som barndomsveninne Liv alltid vann -- på bilvegen, for det var einaste plassen på Markhus det var 60 flate meter i eitt. Tale hadde me også -- på Bedehuset. Eg trur dei var like, alle saman, for eit barneøyra -- og noko keisame, adle -- så her står eg i same tradisjon!

17. mai -- feiring av grunnlov, fridom og fred. I 1814 var ingen grunnlovsfar i pappapermisjon eller heime med sjuke born, så kvinnene var ikkje på Eidsvoll. Ikkje hadde me stemmerett i 1905 heller, så Stortinget sa nei til at kvinnene kunne få delta då det skulle haldast folkerøysting over om vi skulle lausriva oss frå Sverige. Mange let seg provosera over ei slik «mandfolkavstemning», og Landskvinnestemmerettsforeningen med fleire samla på snaue tre veker inn 279. 871 kvinneunderskrifter på eit opprop til støtte for unionsoppløysinga. Imponerande! For dette var lenge før sjølv telefaksens tid! (Manneavrøystinga viste forresten 368 208 røyster for unionsoppløysing og 184 mot. Så er det sagt også.)

1905 kom og gjekk, og fleire år deretter. Fyrst 11. juni i det Vår Frues år 1913 vedtok eit samrøystes Storting allmenn røysterett for kvinner og med det for alle.100 år etter hyller vi dei fire store, som i 2013 ikkje er Ibsen og Bjørnson og Kjelland og Lie, men:

Camilla Collett, fødd i 1813, 100 år før kvinnerøysteretten -- og langt meir enn systra til Wergeland som var ulukkeleg forelska i Welhaven. Forfattaren og debattanten Camilla Collett insisterte på at kvinners liv og erfaringar var viktige nok til å bli skrivne og lesne -- og ho skreiv dei sjølv.

Gina Krog, fødd 1847, høvdingen i tidleg norsk kvinnerørsle, agitator og primus motor i oppstarten av fleire kvinneorganisasjonar som Norsk Kvinnesagsforening og Landskvinnestemmerettsforeninga.

Fredrikke Marie Qvam, fødd 1843, den store organisatoren bak kvinneorganisasjonane -- og fyrste formann i dei alle: Norske Kvinners sanitetsforening, Landskvinnestemmerettsforeninga og Kvinnesaksforeninga.

Fernanda Nissen, fødd 1862, den utolmodige borgarfrua som engasjerte seg i fyrstikkarbeiderske-streiken i 1889, laga tog for kvinnerøysterett i Kristiania 17. mai i 1899, arbeidde aktivt for sosiale reformer og jenters rett til utdanning.

-- dei fire store, dei leve!

17. mai er ikkje ein sjølvsagd dag. Takk vere Henrik Wergeland er det fyrst og fremst borna som pregar den folkefesten vår grunnlovsfeiring er. Born -- ingen militærparadar, og har nokon uniform, er det skulekorpsa. «De små en alen lange» er framtida. Difor er 17. mai like mykje ei feiring av framtida som av den 199 år gamle Grunnlova. Grunnlova av 1814 var i seg sjølv radikal og framtidsretta, sterkt inspirert av både den franske og den amerikanske revolusjon. Grunnlova knesette ytringsfridommen -- i 1814! Henrik Wergeland ivra for at grunnlovsverket skulle feirast gjennom opplysningsarbeid, songar, talar og dikt. Nett slik me feirar dagen i dag!

I tillegg, og det gjer Wergeland nifst aktuell, han kjempa iherdig for at «Jødeparagrafen» i Grunnlova skulle opphevast. I dag utfordrar tiggarane av romfolket, og sør-og aust-europeiske arbeidslause og fattige vår oljesmurde, velstandsmaterielle folkesjel. Røyster hevar seg for at dei bør stoggast ved Noregs grenser. Røyster hevar seg for at det skal bli forbode i Noreg å be nokon om hjelp i si naud. I hovudstaden, byen med det store hjartet, forbaud bystyret for to dagar sidan folk å sova ute eller i bilar. Forbaud det. Respekterte samfunnsstøtter seier på rame alvor at det å tilby menneske ein plass å gå på do og å dusja, det er å leggja til rette for tigging og kriminalitet. Me må ikkje la storbyane utan hjarta bli landet utan hjarta! Me løyser ikkje tiggeproblemet i Noreg ved å tilby menneske do, dusj eller ein enkel plass å sova. Men: vi løyser heller ikkje ein millimeter diskriminering, utstøyting og jaging av romfolket i Romania og Balkan ved å la vera. Ikkje ein millimeter.

Og i vår globaliserte verd nyttar det ikkje å prøva seg på ordtaket «Ute or auga, ute or sinn.» Me må i 2013 tora å sjå naud og fattigdom i kvitauga. Eg seier ikkje at det er lett. Sjølve livet er ikkje lett. Det kan ingen krevja. Same kor godt vi skulle forvalta Oljefondet. Til sjuande og sist handlar det om anstendighet og å ta vare på menneskeverd og humanitet, anten det gjeld tiggarar, arbeidsinnvandrarar eller asylsøkjarar. For dei fattige, forfylgde og utstøytte, men også for deg og meg, og for Noreg som nasjon og land. Kanskje handlar det mest om vår humanitet? Dette er alvorleg tala. Men 17. mai er alvor. Fridom og demokrati er alvor -- fridom frå krig, fridom til fred og til folkestyre.

Me må ikkje undervurdera 17. mai, har eg tenkt dei siste dagane når eg har fundert over denne talen. Me må ikkje undervurdera 17. mai. 17. mai er heile folkets, og me skal ikkje yppa unødig til strid -- me skal stå samla om våre grunnleggjande verdiar, vår kristne og humanistiske kulturarv. Då toler me greitt eitt og anna flagget som ikkje er norsk i 17. mai-feiringa. Då må me læra av historia og ikkje tilleggja grupper av menneske nedrige eigenskapar. Det har vore gjort før -- og det gjekk ikkje godt. 

17. mai 2013 er vår andre etter 22. juli. Det største ein-persons terroråtak nokosinne i verda med 77 uskuldige drepne fann stad i hjarta av hovudstaden og på Utøya i Tyrifjorden der AUF hadde sommarleir i politisk skulering og ungdommeleg moro. Terroren var ikkje galen manns verk. Det var høgreekstremismens. Men rettsstaten Noreg bestod prøven då det galdt som mest. For det kan me godt svinga ekstra med flagga -- i dag, og ved grunnlovsjubileet neste år. Og alle dagane imellom er det me, det store me, som må syta for at terroristen, fascismen og framandhatet taper kvar einaste dag: Det er den demokratiske dialogen, samtalen, som er folkestyrets berebjelke. I ein dialog er partane likeverdige, utan våpen, begge talar og lyttar. Dialog er krigens motsats, humaniteten er rasismens og høgreestremismens endelikt. Å bruka, utvida og foredla folkestyret vårt i stort og i smått, det er det viktigaste vi kan gjera for å tryggja fridom og fred på norsk jord.

I eit slikt lys blir det å delta i foreinings- og organisasjonsliv demokratiets adelsmerkje. Og slikt er me gode til i Noreg, ikkje minst i grendene på bygdene, der dugnad kanskje er det fremste bygdedyret, eigentleg? «It takes a village to raise a child», sa Hilary Clinton. «Det trengst ei grend for å oppfostra eit badn». Det trengst eit samfunn, ein dugnad, for å oppfostra eit badn. Dugnad er tufta på samarbeid og samkjensle og erkjenninga av at me må lyfta i flokk når noko som er større enn mi eiga kraft skal gjerast. Eg er så gammal at eg fekk vera med mamma i kvinneforeiningjo der det vart brodert og strikka for misjonen -- med god kvinneprat og eit gudsord attåt -- og ein gong i året, på Kristi Himmelferdsdag, basar til Santalmisjonen i Gamlahuset på Eikemo. Kvinneforeiningane peika ut over seg sjølve -- og Noregs grenser. Det er ingen eigentleg skilnad på arbeidet i kvinneforeiningane og moderne frivillige organisasjonars internasjonale arbeid. Men verda er vorten mindre. Me reiser kjapt, og i den rike delen av verda reiser me ofte og fritt. Dei som søkjer naudhamn hos oss reiser korkje ofte eller fritt -- og ikkje like kjapt som oss heller. Men verda er endra, og endringane skjer fort. Me held på og venjer oss til at ikkje alle nordmenn og -kvinner kan rekna slekta si attende til Harald Hårfagre, eller er fødde i dalstroka innanfor. Slik er det, slik kjem det til å verta. Asylborn i dag, samfunnsstøtter i morgon. Og me kjem som land til å ha bruk for kvarandre og oss alle.

17. mai 2013. Me minnest alle dei som har gjeve sine liv for freden. Me har hatt lite krig på vår jord, og kvar 17. mai sidan 1945 har vi feira atter eit nytt år med fred -- her oppe på verdas tak. Framleis lever krigsveteranar i blant oss som kan fortelja oss si eiga -- og med det vår -- historie frå nazismen og krigsåra. Men den dagen kjem snart når det er opp til oss som aldri har opplevd krig på norsk jord å verja ein fred me lett tek som sjølvsagd. Her oppe. Men Noreg har vore i krigar i meir enn ti år i andre land og på andre kontinent: i Serbia, Irak, Afghanistan og Libya, og når me ser oss i spegelen, ser me ikkje ein utilsulka fredsnasjon. 

Men dette skal ikkje vera ein refsartale. Me ser i spegelen likevel ein fredens plett på jorda, gong etter gong kåra av FN til verdas beste land å bu i, verdas beste mødreland, eit land med små økonomiske skilnader og tillit blant folk -- og mellom folk og styresmakter. Likestilte er me også, og har nokså rein luft, djupe dalar, høge fjell og store vidder, Langfoss og Hodlestadnut. Landet vårt -- på sitt aller vakraste ein mai-dag. Detta har me faktisk fått til lenge før her på berget vart det nye Oljeberget. Vår trygde- og sosiallovgjeving, som gjer at ingen skal stå med huva i handa, vart skipa før det var kome opp ein einaste drope olje or Nordsjøen. Eg vil seia at dei på 60-talet som sytte for botnplankar og reisverk i den norske velferdsstaten, dei var dei 112 Eidsvollsmennenes sanne etterfylgjarar. Og dersom ikkje me i verdas rikaste land har råd til å la torsken vinna over uljo i Lofoten, kven skal då bidra til at klimaet ikkje går av hengslene? Me har berre ei jord. I landbrukskommunen veit de kva det betyr å forvalta skaparverket -- og levera garden til neste generasjon i betre stand enn då ein sjølv overtok. Det er forvaltningsansvaret. Landbruksoppgjer eller ikkje! Og i år vart det landbruksoppgjer for skaparverk og framtid og berekraft, skjønar eg.

Folkestyret vaks fram i bondesamfunnet. Og vestlandsbonden har vore sjølveigar og hatt lite med husmenn. Eg meiner Vestlandet har eit særskilt ansvar også i det moderne norske demokratiet. Eg trur det er vestlendingane som må aksla leiartrøya for lokalt folkestyre og mot politisk elitisme og statsbyråkrati. Av og til må dei tolma seg i statsapparatet i Oslo. Dei må læra seg å lytta til sitt folk og ikkje valsa over lokalsamfunn med rapportar og styringsinstruksar og måltal. Dessutan må dei styra som skal styra. Selskap eignar seg dårleg for styring. Posten Noreg AS gjekk eingong med post, no lever dei for å levera, med statleg konsesjon og tilskot, går heller med overskot enn med post -- og heile leiarsjiktet tener meir enn statsministeren. I fjor utraderte dei postleveringa til Eikemogrenda med eit simpelt brev. Dei gjorde opp rekning utan vert, og dei fekk straffeporto. Men sjølv etter at Sigve ordførar la saka på samferdsleministeren sitt bord, og ho gav Posten Noreg AS marsjordre for ein strafferunde, ja, sjølv etter det vart det ikkje meir enn 3 dagars postlevering til Eikemo. Det er ikkje lageleg for dei som korkje har apotek eller Felleskjøp eller eiga avislevering. Posten AS skal ikkje avfolka Noreg eller lata som om me er med i EU. Det er me nemleg ikkje, og Posten skal ikkje vera trygge for at siste ordet er sagt i saka om postlevering til Eikemo. Det handlar nemleg om demokrati og distriktspolitikk. Og eg kjem aldri til å seia eitt fint ord om Posten Noreg AS før dei oppfører seg som tenarar for innbyggjarane og ikkje herrar.

Heilt til sist, det viktigaste av alt: Språket vårt, som gjev oss identitet og let oss kommunisera med kvarandre, i tale og skrift. Det handlar om nynorsken, sjølvsagt, hjartespråket. Eg var i min ungdom med og laga Noregs Mållags mest kjende slagord: «Snakk dialekt -- skriv nynorsk.» Ivar Aasen, han som laga landsmålet, nynorsken, på norske dialektar frå nord til sud, Ivar Aasen, han er 200 år i år! Dvs. det er 200 år sidan han vart fødd. Difor er 2013 Språkåret i Noreg. Nynorsken er ikkje eit vestlandsmål, men det er me i nynorskens kjerneområde som er garantistane for at nynorsken skal leva og veksa som eit landsmål, eit skriftspråk for heile landet. Eg kan godt verva deg til Noregs Mållag -- eg har verva 428 siste året, for nynorsken, språket vårt. Språk er personleg. Språk er makt. Å stå opp for nynorsken er å stå opp for vår identitet. Det finst ikkje fridom utan språkleg fridom. «Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasen si skuld,» sa Tarjei Vesaas. Takk, Ivar Aasen, seier eg!

17. mai -- grunnlovsdagen, dagen for folkestyre og fridom. La oss bera, i alt vårt mangfald, ein felles draum om å halda på og fornya ein fridom som femner om oss alle, i grend og bygd og by. Då vil det vidunderlege skje at me tillitsfullt kan planta løktastolpefrø, heisa vårt flagg og feira 17. mai som grunnlovsdagen om att og om att og om att -- like til Hodlestadnut fell. Syng det av hjarta, et is, kjøp brus og pølser, la oss jubla for folk og land, heimen vår, grenda, bygda, Etne, vind, sludd, regn og sol: hurra! Hjarteleg til lukka med dagjen!

Kjelde: Oddny Miljeteigs private arkiv
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen