VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Nynorsk språk og kultur

av Jon Lilletun, ,
Åpning av Dei nynorske festspela
Åpningstale | Målsak, Nynorsk

Gode forsamling.

Fyrst vil eg få takke for innbydinga og seie at det er ei stor ære og glede for meg å få lov til å vere til stades her i dag og opne

"Dei nynorske festspela" som i år vert arrangert for sjuande gong.

Me lever i festivalane og festspela sin tidsalder, noko som vitnar om at vi har eit rikt og mangfaldig kunst- og kulturliv her i landet. "Dei nynorske festspela" står sentralt i dette biletet.

Eg veit ikkje om denne forsamlinga forventar at eg ved opninga av "Dei nynorske festspela" skal kome med fråsegner og lovnader om kva regjeringa vil gjere for å styrkje nynorsken si stilling. Det kan til dømes gjelde læreboksituasjonen, manglande læreplanar på nynorsk, dårlege kunnskapar i nynorsk, både i grunnskulen, vidaregåande skule og blant studentar på dei pedagogiske høgskulane.

Departementet vert og ofte kritisert for at det nyttar nynorsk i altfor for liten grad, både i brev og rundskriv, og at det som vert skrive, er tungt og byråkratisk og meir til skade enn gagn for nynorsken. Når det gjeld nynorskkunnskapane i mitt eige departement, kan eg roe forsamlinga med at den politiske leiinga har eit sterkt innslag av målfolk, og at vi såleis driv omfattande vaksenopplæring av byråkratar på alle nivå. Dette vonar eg vil gje positive resultat.

Ved opninga av desse festspela meiner eg det i fyrste rekkje er viktig å fokusere på at nynorsk språk og kultur har mange bein å stå på, og at det er ein høgst oppegåande og levande kultur. Eg vil freiste å gje nokre døme på dette mangfaldet.

Eg vil òg peike på nokre av dei utfordringane vi står overfor dersom vil skal kunne ta vare på det som er vunne gjennom mange års målstrid og kulturell vekst.

Det er viktig for meg viktig å slå fast at nynorsk målreising representerer noko av det beste i den politiske og kulturelle tradisjonen her i landet. Kampen for nynorsk språk og kultur har vore lang og hard. Å nå dit me er i dag - språkleg og kulturelt - hadde ikkje vore mogleg utan denne kampen. Eg har ikkje tenkt å gå nærare inn på den striden som førte fram til det verkeleg politiske og organisatoriske gjennombrotet for nynorsken omring hundreårsskiftet. Eg vi likevel nemne nokre viktige milepælar:

- "Jamstellingsvedtaket" i 1885 da Stortinget vedtok å jamstella "det norske Folkesprog" med "det almindelige Skrift- og Bogsprog" 
- Skuleloven frå 1892 der det vart opna for at skulestyra i kommunane kunne velje om borna skulle ha skriftleg opplæring på nynorsk. 
- I 1902 vedtok Stortinget at lærarstudentane skulle ha ei skriftleg prøve på begge måla. 
- I 1908 vart det så vedteke at studentane ved universitetet kunne velje om dei ville bruke riksmål eller landsmål ved skriftleg eksamen. Dermed fall den siste riksmålsbastionen.

Når nynorsk språk og kultur kjem på bane, vekkjer det sterke kjensler også i dag. Det er lettare å skjøne kvifor frontane ofte er steile og harde når ein ser målstriden i eit lengre tidsperspektiv. Da innser ein kvifor det også i dag er viktig å verne om dei sigrane som nynorskfolket har kjempa fram. Difor har til dømes Noregs Mållag ein viktig funksjon som "vakthund" og pådrivar i saker som gjeld nynorsk språk og kultur.

Så til mangfaldet.

Nynorsk språk og kultur framstår i dag som ein integrert del av det norske samfunnet, både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Om ein tenkjer nynorsk språk og kultur bort, ville vel sjølv dei argaste nynorskmotstandarane vere samde i at landet hadde vorte mykje fattigare.

Samfunnet her i Ørsta og Volda kan tene som eit døme på dette mangfaldet. Eg kjenner meg vel heime og ikkje så lite audmjuk over å vere midt i hjartet av det nynorske kraftsentrum med røter tilbake til Ivar Aasen. Og det er viktig.

Men like viktig er det at me her i Ørsta og Volda møter eit levande, moderne utdanningssamfunn som utviklar seg i spenningsfeltet mellom fortid, notid og framtid. Her møtest det rotnorske og folkelege med framtidsretta vitskapleg forsking på høgt nivå. Her set arven frå Aasen og IT-verda kvarandre stevne:

- Med Ivar Aasen- tunet får vi eit nasjonalt kulturbygg med ein museumsdel, utvikla vidare frå det gamle Aasenmuseet. Det skal også bli hovudarena for Dei nynorske festspela. Her vil det bli audiovisuelle framsyningar, konsertar, teaterframsyningar, kontor, kafè med vidare. 
- Her finn me Ivar Aasen- instituttet (oppretta ved Høgskulen i Volda i 1995) som har ein nasjonal knutepunktfunksjon med særskilt ansvar for å utvikle høg kompetanse i nynorsk skriftkultur. Det språkleg/vitskaplege arbeidet til Ivar Aasen med Norsk grammatikk(1864) og Norsk Ordbog(1873) blir mellom anna ført vidare ved Høgskolen i Volda. 
- Høgskulen i Volda har eit vidt spekter av studietilbod, til dømes innafor mediefag med fjernsyns- og radiojournalistikk basert på ny teknologi og moderne metodar.

Når det gjeld mangfaldet i nynorsk språk og kulturliv i dag, er det elles mykje å vise til:

- Den litterære arven frå Aasen, Vinje og Garborg som er ført vidare fram til vår tid av framståande forfattarar av drama, romanar og lyrikk. Alle som kjenner norsk litteratur, veit kva for posisjon Tarjei Vesaas har nasjonalt og internasjonalt. Halldis Moren Vesaas har gjort ein uvurderleg innsats for nynorsk språk og kultur, både som lyrikar og omjetjar. Edvard Hoem, Kjartan Fløgstad og Jon Fosse har alle ein sentral plass i norsk samtidsdikting. 
- Nynorsken står også sterkt som scenespråk. Det norske Teatret spelar ei viktig rolle i norsk kulturformidling. Sentrale internasjonale verk har blitt omsett til nynorsk og spela på dette teatret. "Dei elendige" og "Spelemann på taket" har vore særs populære framsyningar. Evert Taubes "Så lenge skuta kan gå" kan vere nok eit døme. Det skakar heller ikkje lenger den norske folkesjela om Ibsen vert spela på nynorsk. 
- Nynorsken er godt representert blant det beste i norsk visekunst. I lyrikken til Jacob Sande, som Jon Eikemo formidlar på ein glimrande måte, finn me både varme, humor og livsvisdom. Det gjer også godt å sjå at nynorsk humor spelar ei sentral rolle når nordmenn har det moro, for mange har den oppfatninga at det er gravalvoret som kjenneteiknar nynorskfolk. I så måte har Are Kalvø gitt den norske humoren ein ny dimensjon, sjølv om det ikkje alltid er lett å vera "tusen år og like blid".

Dette var nokre utvalde døme. Mange fleire burde har vore nemnt for å yte full rettferd.

- Det som skjer i skulen, har mykje å seie for nynorsken. I dei store byane er positive ting på gong som det er grunn til å merkje seg. Dagsrevyen hadde for kort tid sidan eit innslag om nyoppretta nynorskklassar i dei store byane. Det er til og med starta ein nynorskklassse i grunnskulen midt i det såkalla fintrønderske kjerneområdet på Singsaker, som vel må kunne seiast å vere ein bastion for norsk riksmål. Ein elev som blei intervjua, vart spurt om kva nynorsk var. Jo, svara han så klokt, det var eit språk han Ivar Aasen laga. Han hadde så rett. Det er Ivar Aasen sitt skaparverk. Det er opp til oss å forvalte denne arven.

Så til nokre av utfordringane!

Nynorsk språk og kultur er truga frå mange hald. Eg vil difor peike på nokre viktige føresetnader for at nynorsk språk og kultur skal leve i framtida.

For det fyrste må me dyrke det språklege mangfaldet.

Samstundes er det viktig å ta vare på det beste i den nynorske språk- og kulturtradisjonen. Eg vil også understreke at nynorsken må byggja på det levande talemålet. Først då kjenner folk at dei har språkleg fridom, tryggleik og identitet. Eg innser at det er ei vanskeleg oppgåve å normere regelverket slik at desse krava blir oppfylte.

Raudblyanten har spela ei sentral rolle i norsk skulehistorie.

Elevane visste at om dei nytta ord som byrjar med an- og be- og sluttar med -heit og -else kunne karakteren bli sett ned. På dette område har det i dei seinare åra skjedd ei liberalisering, men lista over forbodne ord er framleis lang. Dersom elevane blir pålagde å bruke ord og uttrykk som knapt vert nytta nokon stad i landet, kan me fort vere ute på ville vegar. Resultatet kan bli at ungdommen ser på nynorsken som eit framandspråk dei er mindre fortruleg med enn engelsk. Det må ikkje bli slik at dei leitar etter ord som er ukjende og rare når dei brukar ordliste. På det viset kan fornorskings-ordlistene bli nynorsken sin verste fiende. Dette vil på sikt berre gagne nynorskmotstandarane. Og dei har ein lang tradisjon når det gjeld å harselere over nynorske ord og uttrykk. Me må sjølvsagt ha eit regelverk å halde oss til, men dette må ikkje verte ei tvangstrøye, som hindrar kreativitet og språkleg skaparglede. Da blir det umogleg å utvikle ei god språkkjensle. Difor må også nynorsken "gå inn i si tid" og vere villig til å endra og fornya seg. Berre på den måten kan ein "lyfte den norske ålmugen og sikra den språklege fridomen" - som kanskje Ivar Aasen ville sagt det. Elles kan nynorsk språk og kultur bli plassert på museum før ein anar det.

Eg er også viss på at "Dei nynorske festspela" vil bli eit prov på styrkje, mangfald og kraft til å møte utfordringane. Heilt til slutt vil eg ynskje dykk alle til lykke med festspela. Eg har ei kjensle av at Ivar Aasen står vakt om arrangementet, kikkar ned på oss og nikkar tilfreds.

Kjelde: www.regjeringen.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen