VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Aasmund Olavsson Vinje

av Tarjei Vesaas, ,
Festmøte ved 150-årsminnet for Vinjes fødsel
Minnetale, Festtale | Norsk historie, Målsak, Nynorsk, Litteratur

Det er litt rart for meg å skulle seia noko om Aasmund Olavsson Vinje - han har liksom vori så like innpå heile tida. Ein høyrde om denna diktaren med det same ein byrja å sanse, og lærte tidleg mange av dikta hans. Og så var det det, at ein kunne gå ned til Vinjeplassen på 20 minutt. Dei fjell og dalar han hadde sungi om, hadde ein like framfor. Vinje hadde nådd å bli folkekjær då, såleis lærte ein slåttekar meg «Storegut» ein sommar, fordi han var frå den same Edland-Haukelid-grend som Storegut sjølv. Detta var alt saman som det skulle. Ein skjøna det berre ikkje endå.

Seinare skjøna ein at detta diktarnamnet var ei blinkande stjerne på himmelen, blankare til kvar tid. Og det er med god grunn. I Vinjes beste dikt er det noko som går til det aller inste i ein, og forandrar på det som er der. For ein nordmann er einskilde Vinje-dikt rett og slett ein part av tilværet.

Songane hans lever i folk, og samstundes er dei høgst levande der dei stadig lyder gjennom konsertsalane, gripande og lyftande. Vinje hadde den lykke å få Edvard Grieg til komponist. Dei to møttest på halv-vegen, på ein sjeldsynt måte som likemenn.

Men i hans levetid var det nok mindre med stasen. Mange av dei han hadde ikring seg forstod han ikkje, og ville ikkje forstå han. Sansen for Vinje måtte ha si mogning. Hans eigen livsdag kunne ikkje vente på det, den brast før eit slikt vende skjedde. Han var eit heimlaust menneske, det er sanninga, og han skreiv:

Eg finner vel eit hus som vil meg hysa  
når soli heim til notti vil meg lysa.

Og det fekk han, men for seint for han sjølv. No er her husrom for den heimlause Vinje overalt. Det er ikkje første gongen lagnaden er slik for eit flogvit.

Hans eiga bygd var heller ikkje særleg interessert i denne varme diktaren med den farlege tunga - og det let han dei der heime få vita så det sveid. Seinare vart det sjølvsagt stas og takk.

Han flytte ut og kom på skular. Ute i det framande gjelde han sine eigne vegar, og hadde det trongt - slik han hadde det heile sitt liv. Han vart sedd på med ein flir. Denna rart utsjåande diktaren med eit stort og eit lite auga. Han gjorde heller ikkje noko for å vera som andre. Såg ut som han gav ein god dag i å vera til spott, ja iblant like fram til vanvørdnad.

Denne unge Vinje ville vel dei som i dag kallar seg opprørarar sett mykje inn på å få gjort til ein bror. Der var nok ein opprørar i han, men med opprøret ikkje sterkt nok, det knakk rett som det var. Han ville vori brysam å ha i eit parti. Opprøret vart iblant skubba til side av den bitre naud, iblant av draging til dei som hadde vilkår for å dyrke kunst og fest. Mellom dei treivst Vinje, for hos dei fekk han spela heile sitt rike register ut. Verdens strålande freistingar syntest Vinje var til for han sjølv og, han var ein fødd selskapsmann.

I festleg lag spraka han av glede og gløgge ord, er det fortalt. Han kjende godt si eiga makt såleis. Men i neste stund var han slegen av det djupaste vemod, og hadde lett for tårer. Ingen kunne vel bli riktig klok på han.

Han som var knytt til ideane som heng ned frå himmelen i eit band.

Det er det ugløymande biletet hans frå ein vidspurd fesjå-tale. Han seier:

Ja tanken, ideen, heng som eit band ned frå himmelen med kvister på seg ikring til den minste livsgjerning. Og det er denne du skal finne i alt du gjerer, og knyte det fast til denne tråden, for at det kan dragast opp frå jordi av den store hand.

Det er som sagt om han sjølv i hans største diktarstunder: lyftast opp av den store hand.

Men det er og gode ord for den anonyme, til han eller henne med «den minste livsgjerning». Ein blank idé ventar på alle som har noko dei verkeleg vil skape, stort eller smått. Det er eit av Vinjes mange styrkande og trøystande ord.

Denne vedunderlege poeten var og mangt anna enn poet. Her er ikkje tid til å gå nøyare inn på Vinjes livsverk. Dikta hans er av mange slag, og alle kan ikkje vera like gode. Men dei er alle sprungne ut frå ein lykkeleg og ulykkeleg diktar-hug. I prosaen sin var han ein lysande meisler, der òg, men kunne ofte bli uvørden og farleg. Når han skreiv om det han ikkje likte, så song han ut om det så kosta han hans armods levebrød. I artiklane sine kunne han arge folk til raseri. Denna same mannen som gjorde folk stille og ordlause med noko av den skiraste poesi her er laga.

Han var rett og slett ei gåte. Ingen kan seia, med krav på å vita det, kven han, Dølen, verkeleg var i sitt einrom. Blir berre bleike gissingar. Det blir sagt så lettvint at han gret med eitt auga og lo med det andre, og så har ein liksom gjort seg ferdig med det. Det fortel lite om dei høge kvelvingar og dei sorgfulle gaglemyrar og dei stikkande tornemoar som måtte vera Vinjes indre landskap. Og der dei sjeldnaste fuglar fauk over, og til og med slo seg ned.

Her blir all teori grå.

Ein får i staden la seg gripe og skake og røre av han som han er, verme seg hos han i kulden, styrke seg i ei veik stund, eller gløyme seg bort i noko useieleg, som der òg er så flust av. Ein må vera takksam for den gåva han var og er - han som kjende gledene og børene til botnen. Han kunne fortelje om standplassen sin:

Du på ruinene må stå  
av livet ditt,  
fyrst riktig då du rett kan sjå  
ikring deg vidt.

Og han sa, med orda lagde i munnen på den gamle Olav på legd:

Det bakken opp for alle ber, og vegen er for alle her  
so smal og trong.  
I livet er slik sorg at der er nok for song.

Ja, song vart det, ut av dette bresteferdige liv. Og vidsyn hadde han langt utover landegrensene. I den nasjonale språkstriden stod han konsekvent urikkande, men han såg på den og som ein verdensmann. Uroleg og leitande og gjennomborande var han som menneske. Tok ingen ting for sikkert på førehand.

Som journalist var han ein av dei skarpaste her har levt i landet. I einmanns-tiltaket, bladet Dølen, viste han fullt ut desse evnene sine. Bladet som han vel sleit seg ut på. Mange klandra Vinje for at han altfor lett skifte meiningar. Han var brysam som venn og farleg som motstandar. Var sedd på som morosam, fargerik, men altfor omskiftande. Veik og omsynslaus samstundes, med evne til å rive folk med. Som svar på alle harde ord sa han: Eg er ein ærleg mann, difor skifter eg meining. Det som er sikkert, er at han var eit fruktbart urosentrum.

Vinje heldt alltid til liksom tett attved livsens sterke straum. Det kjende han som sin plass. Det er oppslitande å vera der for den som er heilt open som han, open for alt det straumen fører. Ein er nøydd til å tenke på han sjølv når ein minnest diktet hans om skogen og den svarte å. Når ein ser for seg dette unntaks-mennesket på sin utsette plass, så skjønar ein det er seg sjølv han skriv om:

Du skog! som bøyer deg imot og kysser denne svarte å,  
som grever på di hjarterot  
og nedi fanget vil deg få,  
lik deg eg mang ein munde sjå og aller helst i livsens vår,  
at han den handi kyste på,  
som slo hans verste hjartesår.

Heitt og intenst, i glede og armod, slik var Vinjes tilvære. Nok fanst det «blomar i såret» som han seier, men tærte gjorde straumen på hans hjarterot, så han døydde ikkje meir enn 52 år gammal. Seinare har tydinga av denne altfor stutte gjestinga hans berre vaksi og vaksi.

Det er no 150 år sidan dette klare ljoset tenntest oppe mellom Telemarks fjell. Det lyser med sitt mangslungne skin langs vårt skiftande og mangslungne land. Vi er djupt takksame for at eit slikt menneske sprang fram med slike evner og slikt mæle. Vi har ein skatt av Vinje-dikt med oss frå vogge til grav. Det kan ikkje vera annleis mellom dei og oss. Med ei iling av glede kjenner vi rett som det er:

Forsona koma atter gamle tankar.  
Det same hjarta er som eldre bankar.

Kjelde: Syn og Segn, Syttifjerde årgangen, s. 291-295, Oslo 1968.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen