VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Framfor frosten

av Tarjei Vesaas, ,
Kåseri i den faste programposten "Sett og høyrt"
Kåseri | Andre verdenskrig

Enno i slutten av august i år kunde det vera på den gamle og liksom rette måten for ein. Det vart so fint varmt ver då, etter ein våt og grå fyresumar, og ting etter ting kom på plass liksom, og fekk vera det som det skulle vera. På marki mogna det seg. Og i skogen var det so stilt og takande som ein berre kann lesa um det i løytnant Thomas Glahns papirer. Ja slik hev det vore kvar ettersumar, at på den tid livnar Knut Hamsuns Pan-forteljing upp og grip ein med all sin trolldom, so sant ein då ferdast ute i mark og skog. Det fyller skogen med dikt ein slik augustkveld, og me vilde gjerne hatt den poesien framleis, det blir so mykje fatigare utan han, utan slike forunderlege jarn­netter. I haust ei tid var det mest slik som Glahn fortel, trass i dei evige krisone som sleit i nervone på folk. «Og løvet gulner end mere,» seier Glahn, «det lier mot høsten, det er kommet noen flere stjærner på himlen, og månen ser fra nu av ut som en skive av sølv som er dryppet i guld. Det var ingen kulde, ingenting, bare en sval stilhet og et strømmende liv i skogen. Hvert træ stod og tænkte.»

«En tak for den ensomme nat,» seier Glahn, «for bergene, mørkets og havets sus, det suser igjennem mit hjærte! En tak for mit liv, for mit åndepust, for den nåde at leve inat, det takker jeg for av mit hjærte.»

Slik står det i Hamsuns Pan. Og rart skal det mennesket vera som ikkje hev kjent ein slik takk igjenom seg ein dag Guds grøne jord retteleg openberra seg for han. Men Hamsun hev gjeve det form. Det fer som eit lykkeminne i ein kvar gong ein høyrer det, frå då ein las det fyrste gong. Den angande og fortrolla skogen som mennesket hev skapt seg ved det som grodde inne i mennesket sjølv.

Farvel til denne skogen, karm ein vel seia no. Det skal vel ikkje bli dikta slikt meir. Ein kann vel ikkje tru at grobotnen held seg til det. For i og med at september kom, so løyste krisone seg ut i den krasande eld og stålvalsen som no rullar gjenom verden, og som ingen veit enden på.

No er septemberdagane og tilende. Me skal ikkje gløyme dei. Dei gylne septemberdagane i 1939, med den blodraude bakgrunnen.

Var det noko nytt? Det er blive talen vår no. Var det noko nytt? Var det noko nytt i vest? Og den som just hev stengt radioen, svar ar at nei det var visst ikkje noko større nytt i vest. -

Inkje nytt i vest. - Den kjende boktittelen viser fyrst no kor god og bitande han er. Ingenting nytt, melder kommunikeet, og likevel veit me at kvar gong er mange liv sløkte. Liv som takka for å få leva ei mild augustnatt, og som kvar for seg var ein viktig og kostbar runde av hendingar og minne, og planar framover. Men det vart ikkje spandert ei line på dei i kommunikeet.

Var det noko nytt? spør folk einannan. Og ja! kann den spurde svara ein annan gong. Fælen. Og fortel. Det var i alle fall nytt i aust. Hundre tusen. -Og so er verden liksom stum att for oss, inntil neste telegramnytt strøymer ut av radioapparatet. Einstad står store skytemaskinor og rister luftlaget. Dei når ikkje fram hit med svingingane slik at det høyrest, men svingingane når fram endå, på hemmelege vegar, so folk står arme i dirringi og spør: er det noko nytt?

Hundre tusen -

Herlege elvenamn dukkar fram i meldingane. Weichsel, Rhinen - det er ikkje fyrste gong dei er knytte til krigen. Og so er det stumt att. Men hundre tusen er noko å tenke på i stilla til neste melding.

Kjem ein so til å sjå seg ikring, så ser ein at det er den finaste dag som ein kann tenke seg. Ein so blank og varm og gjenomskinleg septemberdag som ingen gong. Trei står bøygde av frukt. Og tilfjells, der det ikkje kann bogne av eple og plommer, der bognar det av lysande raunebær.

Det er som det rektigt vil vise seg: sjå her, sjå kor rikt det er. Kor vedunderleg det går i einannan og fær vekse og mogne og realisere alle evnone sine her ute i naturen, både i grøde og i prakt.

Men den som ser denne fint tilstelte hausten 1939, han kann liksom inkje sjå det for eit anna syn som stig fram i tanken og dimmer: nemleg det unge og emnefyllte mennesket som ris upp i mørke lange rader, med panserklædd skalle, og drag som er hardt tilspana av rådløyse og stum sorg: Sjå meg, det kveldskume unge mennesket i kolonna, ingenting kann eg få vekse fram til, i sunn og god vokster under skiftande og tilbakars vendande årstider. Det er mangt det som eg skulde kunne realisere, men eg fær ikkje so mykje som prøvt meg, so -. Det er lite meining i det. Men her går eg, og derburte gaper det snart upp midt imot. Det er lite meining i det! seier dette mennesket med den stive mina under stålhjelmen. Men seier det ikkje med ord. Ein underleg fatalisme stoppar tunga. Det er berre å gå -.

Det er desse som ein skimtar, som ein skugge framfor greinene som laver av eple og plommer og raunebær, det er difor det er so vanskeleg å gle seg ved synet av ein fin haust.

Er det noko nytt? spør me einannan, og fær til svar ja eller nei. Korleis skal dette ? ligg det bak spursmålet. Og menneskeleg nok blir det tenkt: Kor langt vil det gå? Vil det nå oss? Vil det krasa mitt?

Imedan lagar det seg til den nye årstidi. Frosten melde seg no ei natt. Midt i at det var varmt, med varme netter langt ut i september, so kolna som av kaldt stål rundt oss. Klædi kjendest tunne, og ute i skogen valna plantone aldri so lite.

Berre slik ei liti byrjing. Ei ny årstid blæs litt på oss, og me kjenner kor nakne og verjelause me er når slike bylgjar innover. Det kom ein mann over bøen fyrr soli kom denna kalde morgonen. Han gjekk fort, og lutte fram, som ein gjer når ein kjenner trøya er for tunn. Han spurde um det var skjedd noko nytt i vest igårkveld klokka ti? og so stega han vidare til arbeidsplassen sin. Vegen hans viste so godt i rimet, og ein slik veg etter folk gjenom dogg og rim er alltid so usikker og småkrokut å sjå til. Dei snorrette vegene med dei djerve greie svingane som folk bygger seg, dei fortel ikkje sant. Slik er ikkje menneskevegen. Han er tvertimot ein slik småkrokut, bakkut veg som sporet som ligg att over ein tilrima bø.

Nei dei fortalde ikkje at det var skjedd noko nytt, svara eg han.

Det er verre no då dei ikkje eingong fortel um det, sa mannen og gjekk sin veg. Det var ein ovleg still morgon dette, etter den fyrste halvmilde frostnatti. So snart solskinet kom tok det til å dala lauv or bjørkene utan at det var korne ein vindsblekk. Det er slik ei fælske fer igjenom ein. Slikt ein tegjer med og slær burt.

For ikkje mange dagar sidan slokna det i eldstaden hjå den store diktaren Olav Duun. Han døde midt i den fyrste krigsmånaden, og tomromet står der so vondt at det verker. Ved båra hans stod Sigrid Undset og sa um tidi: «menneskeliv og menneskelykke er ikkje mykje verdt idag.» Det var sanne ord. Og trøysteslause. Og sagde ved båra åt Olav Duun syner dei endå skarpare kor på av-vegar det heile er ved å koma. For Olav Duun var eit menneske ein stor ting, og på ein måte som det ikkje er likn til, hev han vist oss einskildmennesket når det står på høgd og vinn ved sin einsame styrke. No er han burte. Han skal ikkje få seia oss meir på sin blanke måte. Men skal Olav Duuns verdsetjing av mennesket og høyre til ein faren tidbolk snart? - likeins som det trugar med å gå med poesien frå Hamsuns Nordlands­dikting? Det er uhugleg å sjå slike straumvende.

Det går berre vidare. Inn i oktober. Krigsmånad nr. 2. Og samstundes lagar det seg til vinter her i landet so smått. Fyrebuing til vinteren. Den vesle frosten aukar vel snart til bitande frost, so dei grøne vokstrane som står att i jordi fell i rader. So dundrar jordi snart klaka. Og på dei umtrent bil-lause vegene ramlar forgløymde og framattgravne hestekjerrer. Men denna frosten kjenner me frå før, det er verre med ein ny som er iferd med å gripe oss - ved tanken på kva det er for krefter som er komne laus i menneskehugane.

Kjelde: Olav Vesaas: Tarjei i tale. Det Norske Samlaget, Oslo 1997, s. 64-68.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen