VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Framfor nytt?

av Tarjei Vesaas, ,

Årets siste kveld, og vi går rettar oss inn etter det. Vi gjer førebuingar som alle ser, men vi gjer fleire som ingen ser. Kvar med seg prøver vi spennviddene våre.

Kvifor det?

Skal det koma noko nytt?

Det brukar vi ikkje få svar på. Vi er små vanlege menneske. Busette i Norges land.

Norges land. Ein skulle kunne sjå det for seg under eitt, der det ligg i nyårsnattsmørkret. Der det strekker seg så utruleg langt gjennom gradene frå sud til nord. Det ville vori eit fint syn. Det er tregaleg at augo våre ikkje har dei linsene som skal til. Vi får berre tenke oss denna endelause stranda ut mot store hav med skiftande narnn. Mørkt står det harde dulde berglandet opp, nakent og slipa og kaldt i kveld - men med alle sine tusen fyrlykter skinande. Blink i blink ut mot ukjent og mørkt. Det er det. Frå Halden til Kirkenes, og med eit digert hopp, nord på Svalbards isdekte strender. Slik ligg landet vårt blinkar hjelpsamt og venleg. Roleg kvilande i seg sjølv, men vakande i omsut overfor død og fare.

Tanken på detta bind oss tettare saman. Vi kjenner oss som einskap.

Bakom denna frontlina mot verda tenner menneske innover landet i byar og bygder sine millionar ljospunkt. Ikkje som leideljos i eit usikkert farrvatn, men som eit av hovudvilkåra, eit av kjenneteikna for å vera til. Om linsene våre ikkje er sterke nok, er vi bundne saman ved ljos vi ikkje ser. Vi kjenner berre kastet frå dei i hugen, som ei helsing.

Nordmenn er glade i landet sitt i dagsljos òg. Men landet er hardt og vilt på mange vis, og sprenger folk frå einannen i landsluter. Slikt let seg ikkje så lettvint stelle med som ein kunne ha hug til, og slike fråeinannen-skilde folkegreiner kan av og til bli strie og pukke på sitt. Fort å trive til i det daglege smågnålet. I kveld kjenner vi oss som eitt - der vi ligg og berre er ei rad blinkande punkt mot mørke natt-bylgjer.

Men slik er det og i andre land i kveld. Der er same tanken. Alle ligg med tende ljos overfor eit nytt år. Vi må ikkje stenge oss av som norske. Det kan vera på sin plass å møte slike kjensler med kvast straks. Låse dei fast med eit klårt A.0. Vinje-ord frå 1860. Nasjonalitet heiter det:

Vi meina og tru det gjævaste er  
å vera ein Noregs mann.  
Ja, denne heimen oss fyrst er kjær,  
men vita vi må, at den store verd er berre vårt store fedreland.

Dei største tankar vi alltid få  
av verdsens det store vit,  
men desse tankar dei brjotast må  
lik strålar av soli, som alltid få  
i kver si bylgje ein annan lit.

Vi ligg her og har fått evne til å skape ljos. Det synest mest som den vakraste av alle menneskelege evner. I von og i tru blir ljoset tent på nytt om det sloknar. Vissa om at slike evner finst er det som kanskje mest verkar til å halde motet oppe i oss no òg. Vi trur i grunnen nokså fast på bortgøymde krefter i folket. Noko som trør til når vondt og vrangt trugar. Og det er ikkje noko undrast på at vi gjer det - det er ikkje lenge sidan vi såg at kreftene fanst. Dei var der då det leita på. Og einstad langt bak i medvetet reknar vi med slike kraftkjelder no og, i det vi førebur våre løynde kammers ved ei årsgrense.

Førebur oss.

På kva?

Ja visste vi det, så ville det straks vera mykje enklare.

Men det er ikkje enkelt å leva notildags.

No er det ikkje nemnande att av 1948. Noko godt år for menneska på jorda kan ein ikkje seia at det var. Her skjedde ingen ting som frigjorde i det store, slik at folk kunne stå lykkelege og puste ut. Kvifor kunne det ikkje det? Krefter til det låg nok ein stad. Dei kom berre ikkje i bruk. Nei her vart heller trongare. Tonen vart beiskare enn før. Denne nymotens oppfinninga som heiter goodwill, og som ein tenker seg som ein veldig smilande fullmåne over tretoppane, den minner meir om ein måne på nean. Skralare kvar morgon.

No glid året bort i mørkret over det store havet. Det er i eit skumt hav det høver seg å la eit brukt år søkke ned. Ein synest det glid av stad som dei siste skybankane av ein stormkave. Der er det siste og der er det alfer siste, og så dukkar det under og skal aldri koma att. Det var året 1948.

Det kan pynte seg med nyfallen snø og te seg kvitt og skuldlaust i det det dreg. Det hjelper ikkje. Og ein og annen liten privatmann kan ha gjort det godt på ein eller annen vis i dei farne 12 månadene, så han seier takk og farvel av eit fullt hjarte i avskilsstunda. Det hjelper ikkje. Og ei og anna gjente og gut kan ha opplevd kjærleikens rus og lykke og står blinda av det og seier takk! vedunderlege år. Det hjelper ikkje. Dette er einskildhendingar og einskildkjensler, som hjelpelaust kjem bort i ei samanlikning. Den store massen hadde det ikkje godt. 1948 er mørkt i draga sine - og var i grunnen fødd til å bli det. Ikkje mykje vemod skal ofrast på det når det no er slutt.

Men i ein andsloppen sekund står her tomt liksom og er ikkje år. Då prøvar ein i hast reservane sine til å ta imot det andre. Det går ei skjelving i ein: det nye året er her. Alt du har å gjera er å vera klar til å leva i det.

Vera førebudd.

Ein må førebu seg på så mangt ein nyårskveld i midten av det 20. hundreåret. Ein må vera rusta til å ta imot både vondt og godt i større målestokk enn generasjonane før har hatt bruk for. Det har aldri vori så revnande fullt av lovnader i båe leier.

Går noken nærare innpå og spør: kva trur du, om vondt eller godt? så må ein vel ærleg seia eg trur ingen ting om det lenger, eg førebur meg berre på kva det så skal vera, så langt evna mi rekk, eg vidar ut medvetet mitt til å kunne ta det inn og prøve tola, og prøve stå imot, om det er slik.

Verden er i slik ei røre av påstander og skuldingar og motpåstander og motskuldingar og lovnader og lovnadsbrot, at det må gå rundt for eit middels menneske. Ein les det ein les med mistru etterkvart. Ein tenker med seg sjølv: det verkelege, det får eg ikkje visst.

Det er alt ein veit.

Noko kjensle av tryggleik kan det ikkje bli av det, og vi talar ikkje om tryggleik heller lenger, vi talar om å vide ut sitt eige indre område og styrke det, så det kan halde overfor ukjende og utenkte hendingar.

I all stille ordnar vi oss. Det høyrer til dei private tinga i avsides hjartekrør. Vi skal ikkje krevje einannen til rekneskap for det, og be å få det framlagt og utlevert. Men no er vi ved eit skifte, liksom. Eit nytt årstal fører med seg heile biletet av skifte. Av at no er det noko nytt. Omtrent likeså årvisst blir ein narra på det. Men mennesket let seg ikkje knekke, det mønstrar optimismen sin kvar nyårskveld.

Det er ei tid som lett kan føde nye tider dette. Men mennesket har eitt ynske no, til denne dag fåfengt, men alltid og alltid oppattnya og med hei tare glod - Alfred Tennysons ord: «Ring ut de tusen krigens år, og ring de tusen freds-år inn!».

Trur vi det? Vi har ikkje lov å halde opp å ynske det, det er sikkert. Fordi det er ein del av å vera til. Eingong må det bli sant. Vi skal gjera medvetet vårt så romt at det kan ta imot detta og.

Trøysta vår denne usikre nyårseftan 1948 er at vi aldri kjenner grensa for våre eigne oppreisingskrefter som menneske. Den som tenkte han ikkje hadde noko, kan vise seg å ha meir enn mange. Det er det som skaper kjensle av reserve. Vi er ikkje born av mørkret. Vi fødest ikkje med fosforglans i augo, som dei gjer dei som skal tasse på rov i vinternettene. Vi set i staden eit venleg ljos ved bustaden vår, og ved leia til bustaden, så den framande ikkje skal koma ut for noko. Slik er det å ha tru på andre, og ha reserve. Born av mørkret er vi ikkje, og der er ei umåteleg sol einstad. Ho står uriggeleg bak kuvinga av jorda i denne stund, og vi kjenner det går trådar til henne. Difor kan ikkje vonløysa slå oss heilt til jorda heller.

Slik fødes nyår.

Litt hjelpelause står vi der med vårt og går over streken, men med hugen førebudd imot nytt.

Kjelde: Olav Vesaas: Tarjei i tale. Det Norske Samlaget, Oslo 1997, s. 86-90.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen