VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Tromsø atomvåpenfri sone!

av Ingunn Elstad, ,
Demonstrasjon foran rådhuset

En av medlemmene våre. forfattaren John Gustavsen, har fortald om då Tromsø fekk besøk av Hiroshimas ordførar, Tadatoshi Akiba, i 2006. Akiba reiste rundt for å samle byar og kommunar i eit internasjonalt nettverk for å forby atomvåpen. Målet var at verda skulle eliminere atomvåpen innan 2020. Ordførar Akiba fortalde om då atombomba vart sprengt 6. august 1945. Han sa at det var eit levande helvete. «Ingen andre på jorda bør gå gjennom dei lidingane vi har opplevd.» Temperaturen auka til langt over 1000 grader. Nær halvparten av menneska i Hiroshima døydde i løpet av dei første vekene. Overlevande vart varig sjuke. Det var mange, mange sjølvmord.

Tromsø erklærte seg som atomvåpenfri sone. I dag omfattar nettverket 27 norske kommunar -- mellom dei Narvik, Bodø, Hammerfest og Mo, Trondheim, Bergen og Oslo. I USA er 13 000 ordførarar med i nettverket.

Det verdsomspennande arbeidet på mange nivå har ført til at FN¿s forbod mot atomvåpen no kan tre i kraft. Det er heilt påkravd, sidan vi er inne i eit nytt atomvåpenkappløp.

Så kan ein spørre kva Besteforeldrenes Klimaaksjon har med det å gjere.

Vi prøver å tenke på framtida til generasjonane som veks opp. Spørsmålet om atomvåpen gjeld ikkje plikter overfor NATO, og er mykje meir enn eit militært spørsmål. Over 50 norske organisasjonar kravde i eit opprop mandag at Noreg skal ratifisere forbodet. I spissen står dei tunge humanitære organisasjonane -- Røde Kors, Kirkens Nødhjelp og Norsk Folkehjelp, alle miljøorganisasjonane, Den norske kirka osv. Besteforeldrenes Klimaaksjon er med. Oppropet slår fast at eit fleirtal av statane i verda ser det som utdatert, uakseptabelt og illegitimt å true med massemord av sivile.

Og no skal då Tromsø kommunestyre vurdere om dei ønskar å sleppe atomvåpen inn i nærområdet til Tromsø by.

Kjelde: www.besteforeldreaksjonen.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen