VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Fremad og ikkje gløyme!

av Kari Veiteberg, ,
60-årsmarkering for Ingrid Bjerkås' ordinasjon

Kjære venner,  

Den 19.mars 1961 blei Ingrid Bjerkås ordinert som første kvinnelige presten i Den norske kyrkja. Vi står her i takknemligheit. Eg står her som prest, Oslo-biskop og feminist.

Kva betyr det at kyrkja vår no har hatt seksti år med kvinnelege prestar?

Dei fleste i kyrkja er jo ikkje prestar. Dei fleste sit i benkane under gudstenestene, høyrer og ser framover, framover mot altaret. Ei av Norges første feminist-teologar Dagny Kaul, har fortalt meg om kva ho opplevde i Frogner kyrkje då ho for første gong såg ei kvinne ved altaret: Det var Sylvi Baardseth Panjawi, (Sylvi var kapellan i Frogner frå 1977 til 2000). «Det skjedde noko fundamentalt med heile mi erfaring -- oppleving -- av det heilage,» sa Dagny Kaul.

Klart at kvinner ved alter og på preikestol endra noko! Det skjedde noko med den klare rollefordelinga der alle har fått tildelt sin plass: menn der, kvinner der, barn der, skeive der. Det er ei maktfordeling som har levd i kyrkja og som vi stadig kan sjå restar av.

No, seksti år sidan den første, er vi mange kvinner. Og vi er eit sant mangfald av kvinner! Eg blei fødd same året som Ingrid Bjerkås blei ordinert, og eg blei ordinert tretti år etter. I mi studietid blei mange av oss opptatt av spørsmålet om språk. Dersom vi berre brukar maskulint språk om Gud, kan vi å skape eit inntrykk av at Gud er meir mann enn kvinne. Kor er det blitt av Gud som Surdeigsbakar, Bakstekone, Myntleitar, Sauebonde, Gartnar, Veverske, Visdom, Hyrde, Ven, Kjelde, Fjell, Bjørnemor? Ho fins i Bibelen! Og også slike namn på Gud kan skape ei anna oppleving av det heilage!

Seksti år sidan: Etter den tid har vi heldigvis fått fleire prestar som er kvinner, og vi har fått eit større mangfald i kyrkja. 

Som feminist og biskop håpar eg at eg kan får vere med å gjere rommet betre å vere i for alle kvinner. Men kampen er ikkje over enno: Stadig høyrer vi historier om kvinner som ikkje blir sett, vi høyrer også om dei som blir sett på ubehagelege måtar.

Vi må arbeide saman for at rommet for alle blir større og betre: At du som veks opp, du som no studerer til prest, at du som sit i kyrkjebenken, kan erfare at du har eit rom i kyrkja, -- som den du er. Vi minnes i dag Ingrid Bjerkås og ser framover. Kampen er ikkje over. Også i dag, og her, heiter det: Fremad og ikkje gløyme!

Kjelde: www.kirken.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen