VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Heimat til oss sjølve

av Anders Hovden, ,
Den norske kirkes 900-årsjubileum
Minnetale, Preken | Kirke og stat, Norsk historie

Nidaros domkyrkje!

Under denne høge kvelven og desse herlege bogane kjenner me oss på heilag grunn. Eg tykkjer det er som eit møte med dei som fra gamal tid og til i dag hev bygt landet med ånd og hand. Og i dag mest med han som var Guds reidskap til å gjeva vårt folk den største av alle gavor, kristendomen.

Eit 900 års-minne.

Me er ikkje eit folk frå i går, eller berre frå danske-tidi, me er eit eldre folk, med gamal, høg kultur. Og me kjenner det varmt i slike store stunder at me er eitt folk, at land og by er sysken, og at me er glade i kvarandre. Ja, me er so få her i landet, at me må fylla ut med samhug. Det er so kaldt her i landet, at kvar av oss må auka med hjartevarme. For det hev vår soge lært oss: Stend me samde, er me sterke, stend me skilde, er me demde. Me hev havt nok av borgarkrig her i landet! Olsok-høgtidi er difor au blanda med sorg og anger, ja, skam, for korleis tok me imot den gode kongen? Liksom jødane førde Kristus til Golgata, soleis let me Olav få Stiklestad. Dei hev jamt måtta lida mest dei som hev kome med dei nye tankar og dei nye tider. Dei største og beste hev vorte heidra med det store hat, men etter si avferd høgst elska. Og hatet mot kong Olav brigda seg um til den store kjærleik som hev lyft denne høgkvelv yver det norske folk. 
--- Olav var hard frå fyrst av, retteleg som ein kantut, norsk gråstein. Eg hev høyrt um ein bilethoggar, han fann ein formlaus marmorstein i søyla. "Eg skal gjera ein engel av han," sa han. Det vart eit gildt kunstverk. Det same gjorde Gud med Olav. Han lét honom tilhoggast gjenom store motgangar: Frå vill viking til heilag Olav. Noregs soge kjenner knapt sidestykke til slik vokster og utvikling.

--- Ja han var Guds reidskap til å gjeva oss kristendomen.

"Sjå der kjem min Gud med sitt store ljos!" sa han, og folket vende seg, og alt folket vende seg smått um senn mot soli som rann, og fekk glans yver seg av den nye tid. Og ein ny fager tone vakna millom Noregs fjell: kyrkjeklokkone.

     Å, um den store flokk me såg

     som inntil frelsarhjarta låg

     og fekk sin hugverk lindra

     og gråten sin vend um til smil

     og hugheil tru for myrke tvil,

     so dei av gleda tindra.

Vår norske kyrkje er dogga med Olavs blod, og ho eig hjarta åt det store fleirtal i folket vårt, ho stend på ein høg stad, og skal aldri rivast. Og kristendomen vert heller aldri avlegs. Liksom når ein reiser på havet det alltid opnar seg nye horisontar, soleis vil kristendomen reisa høgkvelv og nå fram um all kulturutvikling, so lenge verdi stend.

Snorre hev reist eit storfelt æreminne yver kong Olav. Lat ingen få riva det ned! Me les der um kongen, at han hadde slike strålande, sterke og agevekkjande augo - ein må koma til å hugsa Moses! Av samvær med Gud hadde andletet hans fenge slik glans at folk ikkje tolde sjå han i augo. Ja, truskap mot di yvertyding, di livssak, er samvær med Gud. Og liksom Moses såg landet på avstand frå fjellet, so såg og Qlav Noregs framtid, der det budde eit kristna, fritt og lukkelegt folk. Og for denne store sak sette han livet inn, og ofra det, so Kristi ord sanna seg på han: Den som ofrar sitt liv for miskunn, skal vinna det til evigt liv.

Det nyttar ikkje for nokon å avstutta kong Olav, for han var ein av dei største menn som hev levt her i landet. Det ser me av den vidfemnande verknad som livet hans fekk. Hans sterke ånd levde etter han; og då vann han alt han hadde stridt for. Eit merke på hans stordom er ogso synet hans på grensefjellet: Han såg ut yver Trøndelag, både der han hadde vore og ikkje hadde vore, og han såg ut yver alle land, radt til verdsens ende. Berre eit flogvit hev hjerne og hjarta til slikt eit syn. Vår norske kyrkje bør eigna til seg dette Olavs vidsyn.

--- Olavs andre store livssak var hans samfundsskapande gjerning. Snorre segjer: "Fyrst vilde han freda og frelsa landet frå trældom under utlandske hovdingar, og sidan umvenda folket til den rette trui, og samstundes setja lov og lands rett. "På den måten samla han folket, og gjorde det til eit folk. Og han lærde det å vera lovlydigt. Ein lærdom som me heller ikkje må gløyma, so sant vårt folk skal ha framgang. Og han lét alle vera like for lovi, både småfolk og storfolk. "Folket reiste seg mot Olav," segjer Snorre, "for di han var rettferdig; men han vilde heller gjeva avkall på sitt kongedøme enn på si rettferd."

Heilare mannsvilje kjenner heller ikkje vår norske soge til.

--- Olavs program etter hans avferd?

I mange hundrad år stod det glans av Noregs soge. Det kunde nemnast mange, både kongar og andre. Eg nemner berre erkebiskop Øystein, ein kraftkar på same faste viljestøyping som Olav sjølv. Beste provet for at tidi var stor, er Nidaros domkyrkje, som Øystein tok til å byggja. Han var reidskap for folket vårt, som var so gjævlyndt og stortenkt, at det i djup anger og varm kjærleik reiste Olav dette herlege minnesmerket, eit av dei fagraste i verdi.

Olavs minne la glorie um Nidaros, Olavanes ærverdige by, midstaden i landet fyre dansketidi. Det lydde liksom klokkeklang i lufti. Olavsklokka, Glad, kalla folk frå innland og utland. Og fegne var pilegrimane når dei frå Feginsbrekka såg den fagre byen.

- Men so kom nedgangstidi. Vår gamle kongsætt døydde ut, og ved kongelegt giftarmål fekk framande innpass i landet. Olavs minne, som hadde halde folket saman, skulde slettast ut. Vår norske tunga tagna, og lenge var landet utan song. Nidarosdomen lagdest mest i ruin, liksom Noregs soge. Men Olavs ånd levde i folkedjupet, i segn, eventyr, folkevisor og hugtakande folketonar. Vårt folk hev alltid stridt med å reisa Nidaros-domen, og seg sjølv, uppatt. Det hev me alle vore samde um.

     "Fram da, frendar, i fredlege kappsteg,

     reise det som velt er,

     rette det som rengt er!"

Og no tek Olavskjeldone til å sildra friskt fram utyver landet. Me hev nått so langt med Olavs program, at me no er eit fritt folk som rår vår eigen lagnad. Med varm vyrdnad vil me i dag heidra nokre av dei menn som i dei siste mannsaldrar med Olavs ånd og truskap hev atterreist landet. Ein fær berre tid å nemna dei: Guds kraft i Wergeland, Vinje, Johan Sverdrup, Garborg og Bjørnson; Guds kraft i Hauge, Aasen og Ueland; i P. A. Munch, Welhaven og Schweigaard; i Abel, Ibsen og Grieg; i Landstad, Chr. Bruun, Blix og Lindemann; i Michelsen, Løvland og Georg Stang og Sivle. Velsigna vere minnet dera!

Mange fleire kunde nemnast, um det var tid til det, men lat oss ikkje gløyma bonden:

     Her ned i grunnen sveitten rann

     trufast åt federne våre.

     Her dei sin heim og hugnad fann,

     dogga med smil og med tåre.

Og fiskarane, sjøfolket og fangstmennene. Utferdsmodet segjer: "Til havs, til havs, me finn ein staden land." Eg tarv berre nemna Roald Amundsen og Nansen.

--- Vårt folk er på heimveg på alle leider. Programmet for vaken landsungdom hev lenge vore:

     Heimatt til far og heimatt til mor

     og heimatt til fedraland.

     Heim til dei gamle myndige ord

     som hyser vår fedre-and!

Me veit at det største framsteg eit folk kan gjera, er attersteget til seg sjølv. Me vil med Wergeland vera "norske i malm og klang og pryd og præg," men under borgarkransen skoda vidt ut yver verdi. Liksom Olav i sitt syn frå grensefjellet.

- Strid må det til; for i ærleg strid er det vokster; utan strid ingen framgang. Men me vil stridast med åndelege våpen og hugsa på at me fyrst og fremst er menneske.

 
Å, ungdom, de som i dag er her, og utyver landet lyder etter: De kjenner det i dag, og me kjenner det alle, kor me elskar landet og folket vårt. Ikkje for di vårt folk er betre enn andre folk, men for di det er vårt. Av same grunn som me elskar far og mor, for di dei er våre foreldre.

     Handi hans far min, eg gløymer 'kje ho

     med fingrane krøkte av mein.

     Ho ligg og skin i mitt minne no,

     so fin som ein perlestein.

I alle andre spursmål kan me stå usamde og skilde som sprikjande fingrar, men gjeld det ei livssak for fedralandet, da stend me fast saman som knyttneven!

Som i 1814 og 1905.

- Kong Olav leidde folket vårt upp i ljoset. Me vil vera med på det program! Liksom kona i barneflokken nede i den tronge skuggedalen - ho lengta etter soli for seg og sine; og da soli um våren vann seg nedetter lidi, kunde ho ikkje venta, men leidde borni sine upp or den myrke kalde skuggen og upp i solstrima, so soli kunde skina på deim.

Det er dette både kyrkja og landsstyret og me alle gjerne vil gjera med folket vårt.

- Då eg i 1913 vart send til Amerika for å avduka Ivar Aasens æreminne, svara rektor ved Concordia college, den gjæve Aasgaard, som no er biskop: "Me hev reist æreminne for to norske bønder her ved skulen vår, i fjor for Hans Nielsen Hauge, han lærde det norske folk å elska Gud, og i år for Ivar Aasen, han lærde det norske folk å elska foreldre og fedreland. Desse to norske bønder skal stå som augnemerke for den ungdom som gjeng inn og ut på denne skulen."

Dette er just Olavs program: Kristendom og norskdom. Som òg var det siste bod fra den døyande biskop Wexelsen, og han la attåt "og messe på Olsokdagen". Og no er me endeleg komne so langt, at Olavs åsyn atter tek til å lysa i landet og samla folket.

"Ljose tottest meg lidene langs landet so lenge Olav levde," segjer Sigvat skald. Og no tykkjer me og at det ljosnar i landet.

Å, de unge som eig framtidi, gå i sporet at dei trugne, viljesterke menn som gjenom tidene hev elska landet fram med ånd og hand.

I min ungdom skreiv eg eit lite dikt som skulde vera mitt program. Mange av dykk, ungdomar, hev teke det upp:

     Mitt land eg gjev med hugheilt mod

     alt det som heiter mitt,

     min sveitte og mitt friske blod,

     sjå det er allting ditt!

     So sælt ein gong for sliten mann

     å sova i di jord,

     Gud evigt signe Noregs land!

     Det er mitt siste ord.

Kjelde: Heim og hamn - Preikesamling, bd. 3. Oslo, 1944.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen