VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Heidra far din og mor di

av Anders Hovden, ,
Noregs Ungdomslags landsstevne
Landsmøtetale, Preken | kristendom, Norsk historie

De er samla her i dag utsendingar frå heile landet. Fjell og strand, hav og fjord, dal og skog, vettermyrker og midnattsol - alt dette ber me med oss, det bylgjar i denne stund gjenom kyrkja i vårt mine.

Kvar ber med seg sitt stykke av landet, sin eigen heim. Alt landet er samla i sjelene våre. Og da det no er feståret, so veit eg ikkje betre tekst å tala um enn det fjorde bod.

     Handi hans far min - eg gløymer 'kje ho

     med fingrane krøkt av mein.

     Ho ligg og skin i mitt minne no

     so fin som ein perlestein.

     Tidt når eg veiknar, og båten driv av,

     eg tykkjer hans trugne hand

     enn ror ved sida mot straum og hav

     og bergar meg båten i land.

Ja, lat oss sjå vel på handi hans far, hjarta vårt skal verta varmt av det. For me veit kvi ho er so hard. Det kjem seg av trufast strid for heim og huslyd, på berg og på bylgje. Ungdomar, me hev ein gjæv far her i landet, han hev berre lært å ofra seg til siste tru og tanke, men aldri lært å njota livet for sin eigen del.

Det er just dette trugne kvardagsstrevet som ber landet, det er denne daglege jamne striden nedanifrå som yngjer uppatt folket og byggjer Noregs framtid.

Bonden, fiskaren og arbeidaren, dei er roti som ber heile treet, og fær ikkje roti suga kraft til seg, so visnar både topp og greiner, kor høgt upp i lufti dei enn hev nått.

     Her nedi grunnen sveitten rann

     trufast åt fedrane våre.

     Her dei sin heim og hugnad fann,

     dogga med smil og med tåre.

     Her hev det flødt ei sædeflod

     varmt av vårt beste hjarteblod,

     her hev me grorbotn å veksa!

Småguten ser dette ærlege strev og fær samhug med far sin, og vyrdnad for arbeid. Og det er noko av det fyrste han segjer, ofte fyrr han kan tala reint: "Far, eg vil hjelpa deg!" Det er slike born det vert noko av. Ver trygg! Og det er ingen ting som gjev foreldri meir arbeidsmod enn å sjå desse viljuge blenk i barneaugo.

Og det er den beste uppseding born kan få: å veksa upp i ein småkårsheim der foreldri er trugne arbeidsfolk. Betre uppsedingsmetode finst ikkje.

Den norske bondeungdomen hev den store arv å eiga ein god far. Me kan segja med guten som søkte post og vart spurd etter attestar; det hadde han ikkje, men han rette seg upp og vart varm i andlitet og blank i augo: "Han far min var ein bra mann!" Den attesten heldt han for god, og den vart og teken god. Og den guten som vert varm og glad ved minnet um ein god far, vil svara romet sitt. "Eg vil likjast far," tenkjer han, og han gjer sin skyldnad i alle tilhøve.

Og det er dagleg styrkjing i eit slikt minne um ein gild far -

     han ror ved sida mot straum og hav

     og bergar meg båten i land.

Og ho mor - næst Guds namn er hennar det dyraste i verdi.

     "Du gamle mor du sliter arm

     so sveitten er som blod,

     men endå i ditt hjarta varm -"

Det måtte vera ein husmannsgut som skreiv dette diktet! Eg hev merka meg det, at fatigfolks born elskar foreldri mest; for dei hev set deira harde strid, og fått samkjensle med deim. Uppi ei avstengd bygd millom høge fjell var det ei mor som bar borni sine upp i solstrima høgt uppi lidi, at soli skulde skina på deim!

Dette skulde skrivast på kvar husdør, på kvar skule og på kvar kyrkje.

For dette er heile uppsedingi, ja heile kristendomen: å lyfta alt folket or dei kalde skuggane og upp i solstrima i Guds kjærleik. Dette hev vår norske mor gjort med borni sine .. med oss alle.

Guten på de ville vegar kom full heimatt um natti, og fann mor si på kne framyver benken. Sliti og trøytt hadde ho gråte seg i svevn i bøn for han.

Då sansa han seg og la seg på kne ved sida hennar.

Ho hadde bore han upp i solstrima, soli fekk verma han gjenom hjarta.

Eg minnest ho mor sa stundom um kvelden: "Eg er so trøytt, eg ottast eg aldri vinn stå uppatt meir." Men um morgonen var ho den fyrste likevel.

Da eg var liten, såg eg aldri mor sova. Eg meinte visst at slike "gamle kjerringar" ikkje treng sova.

Åja, me born kan ofte vera tankelause, når det gjeld våre foreldre. Me berre krev og krev, og tenkjer lite på kva dei hev å stå i. Ærfuglen plukkar sin eigen barm til blods til å liva um ungane. Det same gjer ho mor. Ei mor gjeng yver ville snøheii og ber barnet, og då ho i rennedrivet ikkje når til hus, nækjer ho seg sjølv og kleder barnet varmt. Der frys ho i hel, medan barnet vert berga.

Men jamvel i døden er dei opne augo vende mot barnet. Sjå mor di i augo, du som er so rik at du hev henne i live. Det er ein underleg varm hjarteblenk, som du aldri meir fær sjå att når mor di er under torva.

Da vil du kanskje aldri meir få njota so mykje kjærleik som det er i ei einaste morståre - den perleskatten av umsorg som er i hjarta hennar. - Guten som døydde i Amerika - det var det siste han bad um, at dei måtte føra liket hans heimatt, so mori kunde gråta ei tåre på gravi. Då skyna han kva ei morståe er verd.

Lat oss skyna det med' me er i lag med henne. Det må aldri henda at norsk ungdom vert likesæl med mors gråt!

Det var ein gut som skulde til Amerika, han hadde fått billett og god plass der burte, og utferdshugen var stor. Men han slo det frå seg.

"Kvi fór du ikkje?" spurde eg.

Han såg bljugt ned: "Eg tolde 'kje sjå at ho mor gret so."

Denne guten hev kome seg so godt fram her i landet, at han knapt hadde gjort det betre i Amerika. Denne sin rike vokster hev han fått av signing frå det fjorde bodet. Eg hev lese hebraisk og gresk, men det hev eg mykje gløymt, men eg hev lært meg til å lesa ei onnor runeskrift som eg hev meir hugnad av: det er dei runer som er skrivne i andletet på våre gamle foreldre. Lat oss alla stava oss fram der, og livet skal verta oss rikare og varmare.

Ho låg der, mori, og skulde døy, ho hadde slite seg ut i barneflokken. So kjem presten. Ho klagar: "Aldri hev eg fått gjort noko for Vårherre, eg hev vore so forkava at eg lite hev fått vore i kyrkje eller på møte - kva skal eg segja til Frelsaren, når eg no snart skal framfor hans domstol?"

Då sa presten: "Du skal ingen ting segja, berre syn honom hendene dine." Det var Frelsaren sjølv som tala gjenom den presten: "Vel, du gode og trugne tenar, du hev vore tru yver lite, eg vil setja deg yver mykje."

Lat oss skyna på foreldri våre! Det er den største gleda dei kan få. Men her er mykje foreldregråt i landet. Det er den beiskaste av all gråt. Løytnanten som ikkje vilde kjennast ved si bondemor på gata - kva tykkjer de um den karen?

Når ein riv seg laus frå si rot, so visnar ein! Far planta um nokre bjørker, og da grov han djupt og vidt ikring roti og tok ei stor torve med: "Treet veks best i si eigi jord," sa han, "elles kan det lett visna".

Eg hev lagt meg dette på hjarta. Me skynar alle at det var eit sant ord.

Lat oss vedkjenna oss vår mor, lat oss lyfta henne i vårt hjartefamn høgt for all verdi, kor "simpel" ho enn er: "Dette er mor mi!" Og lat oss letta hennar alderdom for alt det ho hev ofra for oss. Lat oss gleda henne, liksom vesleguten gjorde. Han var van med at mori "bles på", når han hadde slege seg. Og ein gong mori gret svært, kraup veslen upp i fanget hennar og sa medynksamt: "Bane båse på!" Da sprengde smilen gjenom tåra, brodden var broten av sorgi.

Og tru meg, betre medisin fær du aldri på apoteket. Det er samhugen som grøder hjartesåri. Og det er just slikt hjartelag i kvardagslaget som gjer livet verdt å leva.

Og det er godt manns-emne i det barnet som gjerne vil linna mors gråt.

Det barnet som elskar foreldri sine og heimen sin, vil i ungdomen få høgare hugmal. Kjærleiken vidar seg ut som ein spiral og umfatar smått um senn bygd, grend, folk, fedreland.

Stråleringen frå barneheim og foreldre legg seg til sist um heile folket og heile landet. Einast av slike born og slik ungdom kan ein venta manndoms offerdåd.

Held ungdomen no til dags mål med fedrane og foreldrom sine? Eg er ikkje med på denne klaga som ofte lyder oss um øyro, at fedrane var alt og me ingen ting. Eg her nyst fare med Bergensbana, og eg hev i desse dagar vitja festutstellingi her i byen. Me hev fått i gang Amerika-lina, eimskipi våre fossar til og frå på dei store hav. Alt dette er fagnadverk. Me hev lagt oss hardt i arbeidsselen det siste hundradåret, og me hev skote god vokster.

Me torer sjå fedrane våre i augo. Eg kjem just frå dal og fjord frå dei store stemnor. Eg møtte ein hugheil ungdom med ålvorleg vilje til å koma heimatt til far og mor og fedreland; dei stod reide til vern, um landet kom i fåre. Ja lat oss med Wergeland bera såfræ i hand og hug til å kleda vårt land med skog og korn og med norsk mål og ånd. So at det Noreg var, det må det eingong verta på land, på bylgje og i folkerang - ja, mykje betre!

     Mitt land, eg gjev med hugheilt mod

     alt det som heiter mitt!

     Min sveitte og mitt friske blod,

     sjå det er allting ditt.

     So sælt ein gong for sliten mann

     å sova i di jord.

     Gud evigt signe Noregs land!

     det er mitt siste ord.

Min dogmatikk er kort og greid:

Far, mor, fedreland, Gud.

Dette er himmelstigen yver oss. Me må stiga alle desse stegi, elles når me aldri vårt mål som menneske.

Sjå Kristus, kor han lydde far sin. Han var fatigare enn fuglen, meir heimlaus enn reven i ville heii. Han var lydig radt til krossen.

Men allstad der han fór fram, høver det på han:

     Soli hev sitt same lag,

     der ho skin vert alltid dag.

Han var morshjarta som bar oss alle upp i solstrima, at Guds kjærleik kunde skina på oss.

Han er sjølv solstrima, og det er hans yrke å føra oss alle ut or forsøla og burt på solsida både i tidi og ævelengdi. Hjarta hans brast i hans fyrste manndomsår, for di han gjorde sin fars vilje. Kvar blodsdropen i han brann av heilag vilie til å bera fram si livssak.

Kva er kristendom?

Eit farshjarta som aldri sluttar å banka av kjærleik til oss.

I min barndom ein gong, eg skulde henta hesten ned av fjellet, vart eg yverfallen av eit styggelegt torever; eg gjekk og sprang og gret inni skodda, eg visste 'kje kvar eg var, eg såg inkje veg, og eg fann ikkje heim.

Aldri gløymer eg kor glad eg vart da eg høyrde far ropa på meg. Han hadde vorte redd for meg og skunda seg etter. Me kunde ikkje sjå kvarandre eller finna kvarandre med det same; men eg kjende meg trygg likevel, for far var nær meg og ropte på meg.

Ofte hev eg hugsa dette seinare i livet, når eg hev villa i tvil og farar og vore ættvill på ymse måtar. Far var der og ropte på meg.

Brør, far er her og ropar på oss!

Det er Gud Fader som stirer ut etter sønene sine, ferdig til å springa deim i møte og ta deim inn til hiarta.

     Det sælaste på jord,

     det er i Jesu namn

     få leggja seg som barn

     inn i Guds faderfamn.

Kva er kristendom?

Eit morshjarta som aldri sluttar å slå, ei umsut som fylgjer oss til vår siste dag.

Ei fatig mor frette at son hennar, siømannen, var komen til lands og låg pa sjukehuset. Ho reiste straks. Men då ho kom inn, hadde han alt mist sans og samling. Ho sette seg ned ved sengi, og ho kunde 'kje anna - ho strauk honom yver kinni.

Men da sansa han seg straks: "Takk, mor, for di du kom."

Han kjende morshandi. For um ho enn var hard av slit, so kan likevel ingen klappa ei barnekinn so mjukt som handi åt mor.

Det er hjartelaget som gjer handi mjuk og varm. Men der er likevel ei hand som kan klappa endå mjukare, det er frelsarhandi. Han som "teikna oss i båe hendene sine", då han vart krossnagla av kjærleik til oss. Det er fåe av oss som fær den hugnad at mor klappar oss i vår siste strid, for ho er vel då under torva.

Men Frelsaren lever. Gjev han til slutt må bøygja seg modervarm yver oss og klappa oss til evig fred.

Brør, kristendom - det er frelsarhandi.

Kjelde: Heimn og hamn - Preikesamling, Oslo, 1944.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen