VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Heimleg rotfeste

av Sigmund Skard,
Ved årsstevne i Noregs Ungdomslag
Innlegg | Utenrikspolitikk, Globalisering, Innenriks, Kommunisme, Kapitalisme

Vi møtest til landsstemne endå ein gong, i den soldis av sommar og grøde som gjerne høyrer våre stemner til.

Og vi synest vel i grunnen at dette har vi fortent. Det går slett ikkje så verst med rørsla vår. Vi avsluttar eit godt arbeidsår innanfor vår eigen ring. Ser vi ut over den ringen, tør vi seia at Noregs Ungdomslag har sin del også i den vidare vokster som har bore fram vårt folk. Sjølve nasjonen synest vera nøgd med seg sjølv i dag. Aldri i historia har så mange norske ete så rikeleg, kledt seg så vel, hatt så mykje moro, og kome så snøgt frå stad til stad, som vi gjer.

Men ser vi gjennom denne sommardisen ein augneblink, ja då veit vi alle at den stemninga ikkje verkeleg ber. Vi, og dei aller fleste folk i vår kulturkrins, lever i dag i større velstand enn nokosinne. Og inst inne lever vi i ein endå mykje større angest.

Og no tenkjer eg ikkje først og fremst på atombomba, med sitt fantasifølgje av redsle. Den skal nok menneskeslekta leva med heretter, så lenge ho lever, som ein del av lagnaden sin. Eg tenkjer på den «normale» utviklinga som verda har gått inn i. Den voksteren er atombomba berre eit symptom på; og han må i mange stykke synast like skremmande.

Ein ting er dei svidande nederlag som mange av våre tankar lid i vår tid. Vi lyfter opp fridom og rettferd i programmet vårt. Og vi ser i dag, femten år etter sigeren i verdskrigen for demokratiet, at ein stor del av menneskeslekta framleis lever under politiske system der den frie tanken og det frie ordet er fornekta, jamvel i prinsippet. Vi ser nasjonar kjempa for sin sjølvsagde råderett under straumar av blod. Vi ser rasar og folk i dump underkuing. Og vi har røynt, jamvel i nasjonar som vi trudde stod våre tankar nær, korleis diktaturet og fåmannsveldet alltid ligg på lur med sitt politi og sine bødlar.

Men kanskje endå meir skremmande er den indre omlaging som sjølve livet vårt går igjennom, ikkje berre i vårt land, men i alle.

Den tekniske utviklinga slår over verda med ei kraft og ein fart som ikkje har sidestykke i verdshistoria. Min far las barneleksene sine i lyset frå ei tyrispik ved peisen. Eg kan høyra i radio, om eg vil, signala frå eit romskip som mennesket lar sirkla rundt månen. Og denne revolusjonen er i gang med å skapa ei ny menneskjeleg livsform. Ho er symbolisert alle stader i marsjen frå landet og til byen, sentret i den nye maskinkulturen. Vi ser alt i dag den tid i møte då det norske folket langt på veg er eit villafolk. Og mange nasjonar i Vest-Europa er alt komne lenger på den vegen enn vi.

Den voksteren kan ein seia mangt om; eg kjem tilbake til det. Men mykje av han må vekkja vår djupe otte. Diktarane har for lenge sidan skremt oss med bilete av livet i det framtidige metropolis - det tekniske massesamfunnet, styrt av upersonlege makter og bore av standardiserte menneske, like som såpestykke. Vi, i vår vesle avkrok, er ikkje komne dit, enno. Men straumen merkar vi alt. Vi òg tar til å kjenna dei åndlause og mekaniserte åtferdsmønster som breier seg motstandslaust i massane. I alle land blir tilgangen symbolisert av ein ny ungdom som vi aldri ser innanfor murane hos oss, ein ungdom som synest vera utan personleg livsstil, og ofte utan ansvar og utan interesser, anna dei som knyter seg til mopeden og magasinet.

Det er lite å undrast på at denne utviklinga skaper forvirring. Og endå meir vekkjer ho modløyse. Det er noko knusande ved sjølve dimensjonane i det som skjer. Og vi i Noregs Ungdomslag må vel kjenna denne angesten dobbelt, knytte som vi er til ein minkande sektor av folket. Har arbeidet og ideala våre i det heile noko på seg i dag? Eller er vi attergløymer, avleggs som ein Ford-bil frå 1920 henta ut på asfaltvegane?

Det er somme av dei eldre mellom oss som fordømmer denne utviklinga, og nøyer seg med det. Der er andre, mellom dei yngre, som synest synd på seg sjølve under skuggen av atomskya, og gjer seg interessante med si vonløyse. Eg skal ikkje bruka tida vår på dei.

Men kan ein ikkje slå seg til ro med slikt - kjenner ein skyldnad til å gjera sitt, same korleis vonene ser ut just no - ja, då har ein ikkje anna å gjera enn å ransaka seg sjølv og mæla si kraft på oppgåvene ein gong til.

Kva er det vi står for, i Noregs Ungdomslag? Er det noko særdrag i andletet vårt?

Her kan ein gi mange svar. Men det som mest merkjer oss ut, anten vi no slumpar til å ha yrket vårt i by eller på land, er vel at vi kjenner oss nært knytte til bøndene. Det er ikkje noko samband i organisasjon, og slett ikkje i politikk. Det kviler på ei kjensle av sams tradisjon. Det er noko sjeleleg.

Dette er ikkje lett å fanga i ord; men eg tenkjer vi alle veit kva vi talar om. Det har noko å gjera med sjølve den livsform som laga seg i bygdene våre før maskinane kom, og som ikkje enno har døytt bort. Det er eit liv som står naturen nærare enn bylivet gjer. Det har eit tempo som gir plass for ettertanke. Det har den merg det gir å laga noko med eigne hender. Det byggjer på personleg ansvar, og gir endå fridom åt den einskilde. Kanskje eg kan gjera tydelegare kva eg meiner dersom eg minner om livssynet og livskunsten i bøkene åt Olav Duun. Det er ei kulturform som har rotfeste og samanheng, eit tilvære utan hastverk. Det er alvorsamt, kanskje noko tungt. Og det er i god meining konservativt - i eit land der konservatismen ofte har vore stutt-tenkt og utan horisont.

Men samstundes har historia vår som folk gjort at denne bondearven kom til å veksa inn i radikale tankar, frå opplysningstida og den store franske revolusjonen. Bondearven vart ein demokratisk arv hos oss, politisk, sosialt og kulturelt. Han er nasjonal, og samstundes på merkeleg vis internasjonal. Og han har gjennom alt dette halde fast på å vera folkeleg, nær sagt til det revolusjonære. Desse draga har gått jamsides, og gjer det framleis. Eg trur det er denne jamvekta som aller mest er vårt særmerke.

Dette er ikkje verdiar som vi er åleine om i folket vårt, langt derifrå. Men dei feller seg hos oss inn i ein samanheng som vi meiner at nasjonen ikkje har råd til å missa. Ideala våre har kraft ut over den kulturforma der dei voks fram. Dei gir oss sjølve vår plass og vår oppgåve. Og vi meiner at dei også gir oss noko å bera ut åt andre.

Vi lever i ei verd i dag. Kvar time og stund veit og kjenner vi at vår lagnad er knytt i hop med lagnaden åt alle menneske, med deira sorg og strid.

Vi veit godt at her kan ikkje vi, i Noregs Ungdomslag, gjera større frå eller til, beinveges. Men omveges kan vi gjera mykje, på ei jord som alt meir skrøkk i hop. Den fruktboksen frå Sør-Afrika som vi ikkje kjøpte i går, er kanskje i morgon eit argument ved eit regjeringsmøte i Pretoria til bate for dei svarte. Vi kan alle gjera vårt til å byggja den folkemeininga i verda som det med kvar dag blir vanskelegare for nokon å sjå bort ifrå.

Verda er delt i to store læger i dag. Den totalitære ideologien er framleis livs levande, no som i 1930-åra; og det er viktig at vi held den skiljelina klår inni oss. Den lina deler ikkje berre mellom oss og kommunistane: ho drar også grenser innanfor den vestlege verda. Ingen freistnad på «forståing» må her dølja for oss kvar vi verkeleg står, anten det gjeld Tibet eller Ungarn eller Franco-Spania.

Men dette negative kan aldri bli hovudsaka. Noko av det største som skjer i historia i vår levetid, er trass alt positivt: reisinga av alle dei farga folkeslag til full fridom. Det er den lyse sida av vår tids redsel. Og vi kan hjelpa til, ved å vera med og skapa åndeleg klima for det nye som her kjem.

Vi må berre ikkje tru at det er nok med fromme ønske. I tusental år har dei farga folkemassane træla, for sine eigne herrar, og for oss kvite. Ingen må innbilla seg at dei kan ta sin rett og vinna sitt rom, og så skulle verda elles bli verande slik ho er. Vi gir i dag nokre kroner til å hjelpa India. Det kan bli tale om å ofra mykje meir, ja noko av sjølve vår lovpriste levestandard, før det blir jamvekt og rettferd mellom rasane.

Den skyldnaden som såleis kviler på oss, kan vi berre fylla ved ei innleving, som òg er ny i historia. I denne stund, medan vi står her, i vår trygge og sjølvsagde middagsmette, er det utalde menneske som vansmektar i sine fangehol for di dei meiner det same som vi. Det ragar ikring millionar av skjelettmagre barn som aldri i sitt liv har ete seg verkeleg mette. Vi kan ikkje fylla vår borgarplikt i verda i dag utan vi opplever dette, og mykje meir, som noko verkeleg, som kjem oss ved, og før vi maktar å setja den opplevinga om i handling.

Og dermed tar den vide verda oss tilbake til oss sjølve. Vi tevlar med verdskommunismen i dag om godviljen åt dei farga millionane. Det avgjerande i den striden er ikkje om vi kan produsera like mange bilar og badekar og kjøleskåp som russarane, men om våre livsideal er verde å tileigna seg, og om vi greier å forma vårt eige liv etter dei, slik at vi verkeleg kan tena til mønster. Her ligg vår oppgåve, og ingen andre kan løysa ho for oss.

Det står i programmet åt Noregs Ungdomslag at vi vil arbeida for «menneskerett, menneskeverd og individuell fridom». Dei orda kan tolkast mangeleis. Politisk lar vi medlemene våre dra dei slutningar som kvar finn rettast. Men tar vi feste i grunnverdiane våre, blir det nok att som vi kan samlast om.

Det gjeld jamvel reint politisk. Vi bind oss ikkje til noko parti. Men vi trur at det er livsviktig for demokratiet at alle borgarar får dei same startvilkår, så langt det kan skje. Her veit alle, at i dag er det vår eigen ungdom, landsungdomen, frå bygdene og havkanten, som har mest grunn til klage. Mykje blir no gjort for å retta på uretten. Men mykje meir skal til.

Og det er ikkje berre tale om kroner og øre. Vår ungdom har særlege kulturverdiar i si varetekt; dei må ikkje forskuslast ved ei mekanisk utlikning og sentralisering, der byen blir tatt til sjølvsagt mønster. Her vil vi vera med og skapa ein vaken kritikk. Det høyrer med i den «folkelege opplysning» som står på programmet vårt.

Vi skal vaka over folkestyret i det heile. I vårt som i alle land har demokratiet lett for å gli ut i tekniske detaljar som blir røyklagde av ekspertane. Vi skal slå gjennom den røyken, til dei store prinsipp. Og vi skal skjerpa den sunne mistanken. Det finst dei mellom oss i dag som set kapital inn på eit «opplysningsarbeid» som vil få oss til å tru at den verkelege fridom er fridomen til å ta 10 øre meir for margarinpakken. Vi skal læra dei at fridom er noko både djupare og høgare.

Men slikt er ikkje lenger hovudsaka. I sjølve samfunnsstriden flytter tyngdepunktet i dag, i våre land, til ein indre front. Vi er på vegen inn i eit nytt liv. Kva skal vi bruka det til, som menneske?

Og no skal vi ikkje høyra på dei som lyfter ein einsidig jammersong over den nye tid. Det er ikkje i og for seg noko gale ved å bu i villa (eg gjer det sjølv). Få av oss seier nei anten til vaskemaskin eller mixmaster. Vi vil alle gjerne fort fram; og barna og barnebarna våre kjem vel til å venja seg ved ståket au. Ingen må blinda seg for dei veldige framtidssyner som opnar seg for opplysningsarbeid og folkeleg kulturspreiing ved billegboka og billegbladet, radio og fjernsyn. Men det er like visst at desse midla, dersom vi ikkje passar på, kan bli eit farleg våpen for mektige pressgrupper, drivne av økonomisk vinst. Dei kan koma til å tena uniformering og åndeleg forsimpling, i staden for den frie kulturen vi drøymer om.

Det var denne utviklinga som vår største filosof, Niels Treschow, åtvara mot for 150 år sidan, då han lyfte si røyst mot det han kalla «handelsånda». Og det er den som i stigande grad merkjer samfunnet vårt, trygt innanfor ramma av velferdsstat og arbeidarstyre. Det er ei ånd vi alle kjenner vel, med si vurdering av mennesket etter materiell framgang, med sitt reklamegnål og sin flate optimisme, med sin utvendige eleganse og si åndelege utvatning. Det er dei livsideala som står på offensiven i dag. Og det er dei som med sitt billege glitter formar livsmønsteret for mange unge.

Mot dette må vi reisa oss, ut frå kjernen i kultursynet vårt. Vi må samla oss til organisert motstand. Vi må vera med og skapa ei anna livsluft, og stø dei krefter som drar i vår lei. Vi har ein grunn vi kan stå på her. Vi kjem aldri tilbake til naturalhushaldet, og vil det ikkje heller. Men dei ideal som det gamle bondesamfunnet skapte, dei har no i dag ved sjølve verdsutviklinga fått ein ny akualitet som vi for få år sidan ikkje kunne tenkt oss.

Vi vil verna om ein personleg åndsvokster, om ei fri utvikling av den einskilde. Vi vil fremja alt som kan letta samfunnspresset, alt som skaper høve til å vera annleis. Vi vil ikkje med dette bryta fellesskapet. Men vi vil gjera oss frie frå massen i alt der han berre er til hinder. Vi vil ikkje stengja oss av frå vår eiga hastige tid. Men vi vil skapa inni kvar og ein av oss øyar av ro, der sjela kan møta seg sjølv. Det har aldri funnest nokon annan måte.

Her er det hundre vegar å gå. Men ut frå våre føresetnader vil vi ofte koma til å ta eit mellomstandpunkt. La meg nemna nokre døme.

Vi har i dei siste ti-år sett ei frigjering av kjærleikslivet, både hos kvinne og mann, som er ei av våre største kulturvinningar. Men vi har åg sett korleis denne nye fridomen blir misbrukt, ofte for profitten skuld. Vi ser kjærleiken bli vurdert etter brystmål og lidenskapen bli eit utsutta drops. Vi ser blygskap bli rekna for ei skeivutvikling. Vi ser kvinna bli ned-vørd i radikalismens namn. Det høver med vår tradisjon her å vera med og atterreisa verdmål og grenser på den nye grunnen, i den vanskelege og verdfulle jamvekt der også viljen får lov til å vera med.

Vi ser alltid nye drabantbyar eta seg utover landet. Dei har alle dei tekniske føremoner som skulle knyta folk i hop. Og endå er dei ofte heimstaden for ei isande einsemd. Det som skulle skapa kontakt mellom menneske, blir ofte til upersonlege funksjonar. Kanskje kan vi vera med og skapa større varme her, ut frå minnet om vår «gamle grend», der folk «gjekk inn kvar dei vilde», kjende kvarandre, og kjende med kvarandre òg.

Vi lever i allment velstand i dag. Merkeleg mange menneske spør knapt etter kva ting kostar meir. Eg veit ikkje om dette kan vara, sosialøkonomisk; men eg veit at det minkar gleda ved det vi får. Mange av oss vil då minnast krigsåra, med sin strammare livsstil, og dei gleder den gav, midt oppi mørker og liding. Er det ikkje mogeleg å la, noko av den stilen koma att, ved ei medviten samling kring det som veg noko i livet, motsett alt det som vi i røynda godt kan vera forutan?

Fremst på arbeidsprogrammet vårt står «folkeleg opplysning». Vi trur ikkje på slagorda om «eliten» som einaste kulturskapar. Vi veit at eliten snart tørkar i toppen om ikkje røtene når vidt. Men det vi vil med vår opplysning, er ikkje masseutdeling av åndeleg hermetikk. Vi vil ei oppseding til å velja og vraka, ei hjelp for kvar, og ein til å finna sine verdmål. Vi trur at nettopp vår tradisjon, med si tru på den organiske voksteren, her kan gi noko som ikkje akkurat andre gir.

Ein kjerne i arbeidet vårt har alltid vore det nasjonale. Vi tar med i dette heile kulturen, frå bunader og musikk til leik og dans; og det er ikkje for oss ein livsfjern romantikk. Vi veit tvert imot at i den flaum av ferdiglaga og billeg fabrikksivilisasjon som i dag blir velt ut over oss, tener vårt arbeid til å styrkja sjølve heimkjensla i folket. Og vi trur at den heimkjensla er den umissande vokstermolda for heile menneske, i vårt land som annan stad.

Vi dyrkar det som er norsk i språket, ikkje berre av di det er heimleg i sitt opphav, men av di det for omtrent alle norske knyter seg til det intimaste i oss, det som er med og byggjer personlegdomen. Her møter vi uventa motstand som før. Vi har i siste året opplevt at dei som elles talar mest sutefullt om kulturkrisa, har brukt teatret til massepropaganda for at den vanlege mann hos oss skal kle seg om, språkleg, så fort han kan. Og det alternativet som blir bode, er eit glatt salong- og magasinmål, utan heimleg sevje, fylt av halvforståtte engelske og amerikanske gloser. Vi trur ikkje at det er vegen til ein personleg kultur i maskinalderen. Vi skal halda fram med å peika på vår veg.

Visseleg: vi har oppgåver nok. Og dei krev mykje av oss.

For eitt er sikkert: medvind ser det ikkje ut til, just no. Den stride straumen går oss imot. Tenkjer vi berre på oss sjølve og vårt eige land, kan vi synast veike.

Men ser vi lenger ut, er det annleis. Dei krefter vi no reiser oss imot, går over all verda. Men det gjer motstandskreftene med. Frå India til USA kling det i dag med aukande styrke eit rop etter personleg kultur, etter heimleg rotfeste, etter gjennomarbeidt menneskjeleg ansvar, mot alt det som vil laga oss annleis. Ikkje minst i dei vaknande farga folka merkar vi denne lengselen: dei vil vinna fridom og framgang under nye livsformer, men utan å selja sjela si. I det lyset blir våre kvardagsoppgåver store, og vårt strev for det heimenorske i sanning internasjonalt. Vi har stundom vore kalla «heimfødingar» av våre motstandarar. No høver det å senda slike ord attende til sine opphavsmenn.

Kva siger vi kan vona på, veit ingen. Idealverda skal vi aldri få sjå. Dei framtidssyner som har helga rørsla vår, frå Henrik Wergeland til Olav Aukrust, skal aldri bli sanning i eitt og alt. Men vi vågar tru at verdiane kan leva, også under nye kår. Og vi hentar kraft frå å vita at folket skal koma nærare det målet vi drøymer om, dersom vi ikkje sviktar på vårt frontavsnitt. Vi skilst frå sommarmøtet vårt i von om at arbeidet vårt ikkje er spilt, og at vårt såd skal bera grøde med merg i, både for vårt eige folk og for den store menneskeverda.

Kjelde: Sigmund Skard "Ein arv til å gøyma. Talar", Det Norske Samlaget, Oslo 1974.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen