VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Korleis forsvara freden?

av Berge Furre, ,

«Vi lever i ein usynleg konsentrasjonsleir. Ei avgjerd ovanfrå kan på ein augneblink utsletta oss meir effektivt enn gasskamra kunne. Det er berre tilsynelatande at vi lever i eit sivilt samfunn. I røynda rår krigstilstand. Noko sviktar i den politiske tenkninga både i aust og vest dersom regjeringane trur at dei har rett til å rå over livet til heile menneskeslekta.

    Tredje verdskrigen kom til å bli det største brotsverket i menneska si historie...

    Dersom vi vil unngå eit globalt Auschwitz, må vi få orden på tankane våre om tilhøvet mellom aust og vest.»

    Det er Gyørgy Konrad som skriv dette, ungarar, ein av dei fremste forfattarane i Europa, kritisk sosialist, busett i Budapest, jøde, ein av dei siste som unngjekk fangetoga til Auschwitz. Artikkelen er ei treffande uttrykk for den nye tenkning som no veks fram i fredsrørsla både i aust og vest i Europa - og som gjeld verdsdelens situasjon og verdsdelens forhold til resten av verda. Det er ei tenkning som vågar å ta Europas tragiske og groteske situasjon inn over seg, og spør: Kva må endrast i denne situasjonen for at freden skal bli trygg i verdsdelen? Korleis skal vi finna eit varig forsvar for freden?

    Det var NATOs dobbeltvedtak 12. desember 1979 som løyste ut den nye fredsrørsla. Som brei masserørsle dovna fredsrørsla bort med prøvestansavtalen i 1963. Den nye rørsla synest ha større breidde og livskraft enn den gamle. Arbeidsformene er til dels dei same - underskriftslister, massemøte, massedemonstrasjonar, fredsmarsjar over landegrensene, resolusjonar til politiske styremakter, massearbeid for å påverke etablerte organisasjonar som parti, fagrørsle, kyrkjer osv.

    Men den nye fredsrørsla er også ulik den gamle - på fleire måtar. Ho er kunnskapsrik - meir enn den gamle. Det står ein hær - orsak uttrykket - av ekspertar og andre kunnskapsrike folk og forsyner ho med innsikt i det vi kjempar mot - om våpenteknologi, om verknader av atomvåpens bruk, om strategi. Ho er vel forsynt med motekspertise. Og våre samfunn har blitt opnare. Pågåande undersøkjande journalistikk maktar i langt større grad klårleggja kva som skjer i dei stengte rom - der generalar og toppolitikarar fekk leggja sine planar i fred tidlegare. Og mykje av kunnskapen kjem frå «avhopparar» som har vore med og bygd opp den kjernefysiske militærmaskina i vest. Organisasjonen «Generalar for fred» er unekteleg noko nytt som vi ville trudd var utenkeleg for nokre år sidan.

    Fredsrørsla for tjue år sidan vart kritisert fordi ho appellerte til kjenslene - medan det var den andre parten som forvalta tanken og kunnskapen når dei agiterte for NATOs atompolitikk. I dag er inntrykket det stikk motsette. Motpartens logikk er så totalt avslørt at det han står att med er dei kjensleladde slagord for å leggja skodde over galskapen. Da Margaret Thatcher for alvor vart redd for jentene ved Greenham Common, heldt ho ein tale om muren i Berlin - som om den, ei frukt av den kalde krigen i Europa, skulle vera noko argument for atomoppvæpning og nye mellomdistanserakettar. Skulle rakettane bli tekne i bruk, ville nok muren i Berlin bli borte, men det ville også resten av Europa. Kanskje heng dette intellektuelle overtak for fredsrørsla saman med eit anna serkjenne ved den nye rørsla: Kvinnene har vore og er fortroppen og hovudtyngda på ein ganske annan måte enn i femtiåra.

    Ein styrke med fredsrørsla er at ho er konkret: Målet i fyrste omgang er å hindra utplassering av 572 nye mellomdistanserakettar. Det nyttar ikkje å avvæpne rørsla med generelt prat om at vi alle vil fred. Ho spør kvasst og konkret: Er du for eller mot dei nye rakettane? Svar ja eller nei: Er du med eller mot?

    Dette var utgangspunktet. Det var eit godt utgangspunkt. Men tenkning kring atomvåpen og krig og fred kunne ikkje slutta med det. Kva med samanhengen desse rakettane inngår i? Kva med dei andre rakettane? Kva med SS20? Kva med USAs planar om å utplassera fleire tusen kryssarar på fly og skip og ubåtar? Kva om vi «vinn» slaget om eurorakettane fordi eit omslag i USAs strategi gjer dei mindre viktige og skifter ut denne planen med ein plan om noko verre?

    Det har hendt før: Tidleg på sekstitalet trekte USA tilbake sine landbaserte mellomdistanserakettar i Europa - og svara på dei sovjetiske rakettane med sjøbaserte rakettar på ubåtar - fyrst Polaris. Kan siger i rakettkampen bli ein skinnsiger - fordi ein ikkje har forstått den samanheng rakettstriden inngår i? Og om det skulle bli nederlag - vil fredsrørsla bryta saman i resignasjon fordi ho ikkje veit kvar neste slag og neste frontline går? Eller sett at det lykkast å hindra nye rakettar i Vest-Tyskland - fordi USA finn ut at dei står tryggare i Storbritannia?

          Eller eit liknande spørsmål som iblant kan gnaga oss her: Sett at det skulle lykkast å få til ei avtalefesta atomfri sone i Norden: Ville det vera så mykje vunne dersom USA sa: OK - vi kan greia oss utan COB-flyplassane i Noreg i ein krisesituasjon ved at vi byggjer Keflavikbasen til langt større dimensjonar. Kanskje er dei amerikanske atomflya tryggare dersom dei bunkrar og fyller ammunisjon i Island enn i Noreg? Eller sett at USA under presset frå fredsrørsla utset utplasseringa av nye rakettar i Europa - og så dukkar det opp ein ny rakettype eller flytype i Sovjet. Og så byrjar heile slagsmålet på ny.

    Det har blitt naudsynt å byrja diskutera ein fredsprosess som oppgåva for fredsrørsla - ei utvikling der kampen mot rakettane er eit ledd, eit delmål, men der kampen og sigeren i rakettsaka får eit vidare perspektiv ved å inngå i ein fredsstrategi som skal hindra at siger i rakettsaka blir oppslukt av andre oppvæpningstiltak.

    Kampen mot rakettane har lært oss at kampen må førast i mange land om han skal kunna vinna fram. Rakettane gjeld heile Europa - ja, meir enn Europa. Difor blir kampen felleseuropeisk.

    Men når ein så går ut over grensene i ein felles kamp - merkar ein òg at situasjonen er ulik frå land til land. Rakettane har blitt ei hovudsak her sjølv om dei ikkje skal utplasserast i vårt land. Her i landet er truleg COB-programmet eit meir brennande trugsmål - som så vil fortona seg som mindre viktig i Nederland som har få COB-flyplassar. Går vi så til Aust-Europa, oppdagar vi at ei uavhengig fredsrørsle gror fram der og skil seg frå den offisielle ved at ho også rettar kritikk mot opprustning i eige land. Men emna for kritikk der blir andre. Sovjet hevdar at dei ikkje har atomladningar stasjonerte i andre land, og mykje tyder på at det er sant. I DDR, Ungarn osv. gjeld fredsrørsla sin kritikk av militariseringa av samfunnet - kamp mot våpenopplæring i skulen, rett til militænekting, forbod mot produksjon av krigsleiker, motstand mot stasjonering av framande troppar, og retten til å gje uttrykk for desse synsmåtane, og retten til å ha kontakt med fredsrørsla i vest og samtale med den. Dermed blir grensa mellom fredskampen og kampen for menneskerettane kryssa.

    Kva er så Europas situasjon? Kva meiner Konrad når han talar om ein «usynleg konsentrasjonsleir»?

    Eg har fleire gonger tala om ein okkupasjon av Europa - atomokkupasjon. Vi gløymer lett at Tyskland framleis er okkupert: Midt i Europa står dei to supermakters herar oppmarsjerte mot kvarandre - i kvar si okkupasjonssone. Sovjet har landa i Aust-Europa som sitt «bakland» - USA har Vest-Europa. Tysklands deling og okkupasjon er kjernen i Europas situasjon. Også i den er der trekk av okkupasjon. Det er synleg nok i Polen, i Tsjekkoslovakia, i Ungarn. Det er ikkje så synleg i vest sidan NATO har hatt breiare folkeleg støtte enn Warszawapakta.

    Men det vesentlege ved Europas situasjon er at det finst om lag ti tusen atomrakettar tilsaman på begge sider i verdsdelen - og at det finst planar om å dobla dette talet på ganske få år, og at kanskje det dobbelte talet rakettar utanfor Europa anten er programmerte mot mål i verdsdelen, eller kan overførast til Europa på mindre enn eit år.

    Sjølv om landa i Vest-Europa under fredelege forhold har ein høg grad av suverenitet i interne - og til dels utanrikspolitiske - spørsmål, opphøyrer denne suvereniteten straks situasjonen blir kritisk. Kjem det ei krise, er det USA som avgjer om krigsmaskineriet skal setjast i gang i vest - liksom det er Sovjet som avgjer det i aust. Det er ei supermakt på andre sida av havet som då avgjer om verdsdelen skal leva eller ikkje leva. Suvereniteten er oppheva. Den einaste viktige fridom i ein krisesituasjon - fridomen til å velja liv eller undergang - er fråteken Europa i dette system som faktisk vert kalla eit «tryggingssystem».

    Det er dette forhold som får Konrad til å tala om Europa som ein konsentrasjonsleir - ein jøde som lever med minnet om Auschwitz sterkare enn oss: Krefter utanfor leiren kan i ein gitt situasjon bestemma at vi alle skal døy.

    I røynda er Europa faktisk pantsett av to supermakter. Dei har teke kvar sin del av verdsdelen i pant - og reknar å ha rett til å satsa pantet i konfliktar utanfor Europa. For dei akutte og farlege konfliktane er i røynda ikkje i Europa. Her er «den kalde krigen» i røynda død. Grensene er klåre og traktatfesta - og gjennomhola av turistar, varer og gassleidningar og normalt samarbeid.

    Det er utanfor Europa konfliktane mellom supermaktene kan koma ut av kontroll - i Midt-Østen, ved Gulfen, i Søraust-Asia, kring Korea. Og USA har gjort det ganske klårt at dei ser det som sin rett å møta konfliktar i andre deler av verda med å slå til mot Sovjet i Europa, bruka atomvåpna her, leggja verdsdelen her øyde dersom USAs globale interesser i andre deler av verda skulle tilseia det. Ei rekke utsegner frå amerikanske politikarar - saman med Pentagondokument illustrerer dette. Og det er så langt frå berre teori.

    Da USA forsøkte frigjera gislane i Teheran med helikopterinnsats i 1980, vart 156 F111 jagarbombefly på basar i Storbritannia sette i høgaste beredskap - med to atomladningar i kvart fly. Beredskapen skulle avskrekka Sovjet frå å hjelpa Khomeiny dersom han bad Sovjet om hjelp. Flya var programmerte for åtak mot det nordlege Russland - venteleg med innflyging over norsk område, og kanskje med støttepunkt i norske COB-flyplassar.

    Atomvåpna i Europa vart altså nytta for å avskrekka Sovjet i den persiske ørken i ein konflikt som galdt personalet i USAs ambassade i Teheran. Og om avskrekkinga ikkje lykkast ... Om det sovjetiske svaret vart rakettar mot amerikanske flybasar i Noreg?

    Dette legg barske realitetar til for eksempel fråsegna frå USAs forsvarsminister Brown i 1979. Han vart spurd om det ikkje var eit problem for USA at dei hadde lang veg og få styrkar på staden dersom det kom til ein konfrontasjon mellom USA og Sovjet ved Gulfen. Nei, det er ikkje avgjerande. Vi kan slå igjen i Europa, sa Brown. Ifylgje International Herald Tribune sa han òg - «så langt nord som Noreg». Eller det kjende Pentagondokumentet frå i fjor sommar med USAs planar for ein langsiktig og sigerrik atomkrig: Konfrontasjonar utanfor Europa kan møtast med motstøytar ved NATOs flankar. Nordflanken er Noreg og sørflanken er Tyrkia.

    Europa er altså i ein viss forstand okkupert - delt i to interessesoner av to supermakter som står oppmarsjerte mot kvarandre langs ei grense som går gjennom verdsdelen. Og supermaktene ser det som sin strategiske rett å gjera verdsdelen til slagmark i ei oppgjerd mellom dei om stridsemne langt utanfor verdsdelen.

    Det er òg på det reine at når amerikanske leiarar med president Reagan i brodden talar om «avgrensa atomkrig», er det gjerne Europa dei talar om. Reagan har såleis tala om «utveksling» av taktiske atomladningar i Europa - utan at dei interkontinentale rakettane kom inn i biletet. Krigen kan altså tenkjast bli avgrensa til Europa - medan USA forblir uskadd. Ingen skal klaga Reagan for å vilja spara sitt eige land. Kven vil ikkje det? Men ein avgrensa atomkrig - om noko slikt skulle kunna tenkjast - vil altså i alle høve bli ein total atomkrig for oss, for Europa. Røtene til denne situasjonen finn vi i den andre verdskrigen som slutta med ein mellombels fredsordning med Jalta-avtala som symbol: Tysklands deling i to okkupasjonssoner. Europas deling i to interessesfærer. Den grenseline som vart trekt ved krigens slutt har blitt ståande - fastlæst og garantert av supermaktsoldatar, militærpakter og økonomiske samarbeidsorganisasjonar. Opprør mot ordninga har blitt møtt med militær makt - serleg i aust, men med visse parallellar i vest, som kuppet i Hellas i si tid.

    La oss venda tilbake til Gyørgy Konrad - korleis denne ordninga ser ut for ein sosialistisk demokrat i Aust-Europa: «Ånda frå Jalta og Potsdam smilte og var vennleg i Helsinki, men i Budapest 4. november 1956, i Praha 21. august 1968 og i Warszawa 13. desember 1981 tala ho rett fram og smilte ikkje.»

    Han peikar på korleis delinga har bestemt samfunnsforma i aust - og i noko mindre grad i vest, og korleis suvereniteten er avgrensa begge stader, og korleis dette heng nøye saman: «Om nærveret av amerikanske troppar i Vest-Europa er normalt, så er det sovjetiske nærveret i Aust-Europa også normalt, og enda meir det som fylgjer med, nemleg den samfunnsmessige og politiske struktur som dette nærveret garanterer.»

    «Om den eine stormakt får ha tropper på andre lands område, så har også den andre rett til det.» Som ein konsekvens av dette peikar han på at Berlinmuren blir noko «normalt» - medan «Solidaritet» i Polen blir noko unormalt, noko «uhaldbart» i dette systems logikk.

    «Normaliseringa» i Tsjekkoslovakia og Polen blir altså logisk tilpasning til ei ordning - Jalta-ordninga - som begge supermaktene held oppe - altså: Normalisering til ein «normaltilstand» der den andre sida er dei amerikanske styrkane og atomvåpna i vest. Undertrykkinga i aust og det amerikanske nærveret i vest blir med andre ord to sider av same sak - deler av ei «sikkerhetsordning» i Europa - om det er tillate å misbruka ordet «sikkerhet» så grovt.

    Dei siste åra har vi sett korleis det for alvor har knaka i denne ordninga: Systemet i Aust-Europa får stadig sterkare preg av ein militarisert undertrykkingssystem under Sovjet med aukande nasjonal opposisjon. Tilhøva i vest blir stadig sterkare prega av interessemotsetningar mellom USA og Vest-Europa - på emne som gassleidning, sanksjonar, handelspolitikk. Det blir stadig klårare demonstrert at Vest-Europa har andre interesser enn USA - serleg overfor Aust-Europa. Auka handel austover blir serleg viktig for Vest-Europa i ei krisetid då det står om arbeidsplassar - medan USA ikkje har tilsvarande interesser fordi austhandelen er så liten. USA på si side er interessert i å skjerpa tilhøva mellom aust og vest for å knyta Vest-Europa sterkare til seg både økonomisk og militært.

    Samtidig tevlar Europa og USA om marknader i den tredje verda med USA på vikande front - også økonomisk. For amerikanske arbeidsplassar blir så eksporten til Vest-Europa viktigare - og aller viktigast blir våpeneksporten fordi statar er sikre kjøparar som ikkje går fallitt. Spelet mellom statane blir prega av desse konfliktane.

    På det folkelege planet ser vi opprøret mot Jalta-ordninga i to former: I aust: Solidaritet i Polen - som gjeld kamp for elementære faglege og politiske rettar, fyrst og fremst for arbeidarklassen.

    Eit vestleg motstykke - eit vestleg opprør - er fredsrørsla som nettopp rettar seg mot USAs nye framstøyt for å styrkja grepet sitt om Vest-Europa, dei nye rakettane. Begge deler rettar seg mot sider ved Jalta-ordninga - Europas deling i to supermakters jerngrep. Slik blir det også forstått i USA langt på veg. Den tidlegare amerikanske diplomaten John Ausland skreiv såleis i Aftenposten etter ei gjesting i Washington - at utplasseringa var ein test på Vest-Europas lojalitet mot USA, og at di sterkare fredsrørsla mot rakettane vart, di hardare ville det amerikanske presset bli for å driva utplasseringa gjennom etter tidsplanen.

    Ei drivande kraft i den vesteuropeiske fredsrørsla - eg trur vi kan seia den drivande kraft når det gjeld idéskaping - er den britiskbaserte internasjonale organisasjonen European Nuclear Disarmarnent (END) med den verdskjende historikaren E.P. Thompson i brodden.

    Perspektivet - oppgåva - er eit atomfritt Europa. Det er den oppgåva som samlar heile fredsrørsla.

    Men END spør: Kan dette i realiteten gjennomførast utan at det også skjer andre endringar i Europa? Kan ein tenkja seg eit Europa utan atomvåpen - men elles med nett dei same politiske og militære forhold som i dag?

    Personleg trur eg dette er nokså urealistisk. Det er temmeleg utenkeleg at USA ville bli ståande med sine styrkar i Vest-Europa dersom Vest-Tyskland gav beskjed om at dei skulle trekka heim alle atomvåpen og instruera styrkane om at dei ikkje skal få bruka atomvåpen i krig. Og det er iallfall heilt utenkeleg at USA berre skulle seia javel dersom dei allierte i Europa sa: Vi vil ikkje forsvarast med atomvåpen - same kva som skjer fordi atomvåpen ikkje er forsvar. Grunnprinsippet i NATO er at USA garanterer Europa militær hjelp i ein konflikt med Sovjet. Denne garantien er ein atomgaranti. Den dagen Vest-Europa ikkje vil forsvarast lenger med atomvåpen, eksisterer ikkje garantien lenger.

    Dermed meiner END - sagt i den kjende END-appellen - at kampen mot atomvåpna i Europa må bli ein kamp som retter seg mot delinga av Europa. Dette må sjølvsagt på kort sikt bli ein kamp mot nye opprustningstiltak som dei nye rakettane, og eit arbeid med konkrete delløysingar som t.d. Palmekommisjonens framlegg om ei atomfri sone i Sentral-Europa, i Norden og på Balkan. Det må bli ei mektig mobilisering bak krav som kan tvinga fram avtaler mellom aust og vest.

    For at dette skal bli ein prosess mot fred og eit atomfritt Europa, blir det kanskje enda viktigare at det veks fram ei brei folkerørsle på tvers av grensa i Europa for å oppheva Jalta-ordninga - oppheva delinga. Det heiter i END-appellen: «Vi må begynne å handle som om et forenet, nøytralt og fredelig Europa allerede eksisterer. Vi må lære å være lojale, ikke mot «øst» eller «vest», men mot hverandre, og vi må se bort fra de forbudene og begrensningene som stammer fra de enkelte nasjonalstatene.»

    END forestiller seg fredsrørsla som ei mektig internasjonal kraft, med ulike serpreg og oppgåver i ulike land, men med visse felles mål, ei rørsle som er uavhengig både av NATO og Warszawapakta og tenkjer ut over dei rammene, og som ikkje let seg utnytta verken av den eine eller den andre sida.

    Skal ei slik rørsle kunna veksa fram, føreset ho dialog og samkvem på begge sider av «jernteppet». Ho føreset at det veks fram ei fredsrørsle i aust som også kritiserer oppvæpninga på begge sider - ikkje som dei statsdirigerte «fredskomiteane» som kritiserer opprustninga i vest, og gjev rammer som søkjer å kanalisera den folkelege fredsvilje til støtte for Sovjets utanrikspolitikk.

    Slike rørsler og grupper har vakse fram - serleg i DDR innanfor den evangeliske kyrkja, og i Ungarn blant kyrkjefolk og i universitetskrinsar. Batovrins fredsgruppe høver òg i dette biletet. END ser det som viktig at fredsrørsla i vest støtter slike grupper slik at dei kan få større spelerom, og slik at det kan koma eit direkte folkeleg press på styremaktene også i aust - eit press som ikkje er kontrollert ovanfrå.

    Når så slike grupper møter undertrykking og forsøk på å hindra slikt arbeid og dialog over grensene, får kampen for fred eit heilt nødvendig innslag av kamp for menneskerettar - sjølv om dette ikkje er ei og same sak, sjølvsagt.

    Eg trur ENDs analyse i hovudsak er rett. Samanhengen mellom rustningar, aust-vest-konflikt og samfunnstilhøve er intime - og fredsrørsla kan ikkje oversjå dei. Men dette tilhøvet er komplisert. Eg trur det er openberrt at statane i aust - t.d. Polen - aldri vil kunna velja sin eigen veg så lenge USA er i Vest-Europa med sine styrkar og atomvåpen. Sovjet vil sjå på Polen som ein heilt nødvendig alliert og som kjernen i sitt forsvarssystem. Utan eit påliteleg Polen vil Sovjets strategiske system bryta saman. På andre sida vil ikkje Sovjets jerngrep om grannelanda losna automatisk om USA trekker sine styrkar ut av Vest-Europa. Ei stormakt gjev sjeldan frivillig frå seg posisjonar. Men grunnlaget for maktsystemet i aust - det som rettferdiggjer det, og gjer det logisk og rasjonelt - vil vera borte. Det vil bli mykje vanskelegare for Sovjet å hindra at statane i større mon blir sjølvstendige, at forholda blir friare. Men skal det skje, er sjølvsagt eit press på styremaktene frå folket, og på Sovjet naudsynt. Det kan ikkje vi laga i vest - men det finst alt, og vi kan støtta det.

    På andre sida - dersom det ikkje skjer ei gradvis frigjering i aust, dersom undertrykkinga held fram, og det blir fleire Praha -68 og Polen -81, trur eg det er svært lite sannsynleg at fredsrørsla i vest kan vinna fram - at Vest-Europa kan bli atomfritt. Sovjet og deira system vil fortona seg som ein uhyggeleg trussel - og overgrepa vil gje atomtilhengarane i vest så sterke argument at atomvåpna vil bli ståande - sjølv om dei skulle bli færre.

    Difor trur eg vi skal innsjå at eit atomfritt Europa vil vera avhengig av endringar i aust - og at fredsrørsla må kjempa både i aust og vest. Fredsrørsla i vest kan nok vinna enkelte viktige sigrar utan endringar i aust, men vi må truleg innsjå at fredsrørsla i vest ikkje kan vinna fram utan ei sterk og uavhengig fredsrørsle i aust. Vi må vidare sanna at Europa ikkje kan bli atomfritt - og at Aust-Europa ikkje kan bli friare - utan at USA dreg seg ut av Europa med sine atomvåpen.

    Desse problerna vart stilte serleg skarpt av professor Thompson, leiaren for END, i ein artikkel i The Guardian no i februar. Han åtvara fredsrørsla om at ho kunne gå i ei felle, bli ein reiskap for Sovjets utanrikspolitikk, og mista si uavhengige stilling overfor blokkene. Det var tilhøvet til dei uavhengige fredsgruppene i aust han serleg hadde i tankane. Presset på dei aukar både i DDR, i Ungarn og serleg i Sovjet. Samtidig skreiv formannen i Sovjets fredskomité, herr Tsjukov, eit brev til fredsaktivistar i vest der han åtvara mot Den andre kongressen for eit atomfritt Europa i Berlin i mai, som blir den viktigaste samlinga for uavhengige fredsrørsler i år. Han var arg over at kongressen skulle drøfta blokkdelinga i Europa og Tysklandsproblemet. Truleg var den viktigaste grunnen at dei uavhengige fredsgruppene var inviterte som deltakarar - medan dei offisielle fredskomiteane i aust var inviterte som observatørar. Thompson peika på faren som låg i at Andropov på eine sida kjem med viktige framlegg om avgrensa rustningar - samtidig som undertrykkinga i aust aukar, og presset aukar på dei i aust som også kritiserer oppvæpninga i aust og prøver skapa ein opinion imot den.

    Sovjets taktikk har blitt enda klarare dei siste vekene der haldninga til Berlinkongressen offisielt har vore at dei har stilt som vilkår for å delta - at kongressen berre diskuterer utplasseringa av nye amerikanske rakettar i vest. Dei prøver altså få fredsrørsla til å konsentrera seg heilt om den vestlege opprustninga. Arrangørane av kongressen kjem ikkje til å bøya seg og det er teikn til at det blir fredskomiteane i aust som vil bøya seg og likevel delta då belastninga med å gå i konfrontasjon med fredsrørsla i vest blir for tung.

    Men denne polemikk og tautrekking viser at det er heilt avgjerande om fredsrørsla skal vera truverdig, og om ho skal overtyda om at ho har eit realistisk perspektiv - at ho er klår i sin kritikk av opprustninga i aust, og at ho er klår i sin støtte til uavhengig fredsarbeid i aust fordi det er heilt nødvendig at det blir ein sterk indre motstand mot opprustning i aust om fredsrørsla skal nå fram.

    Det er ei total misforståing dersom nokon ut frå dette skulle få sympati med Reagans linkage-samankopling: At vi i vest skal gjera atomnedrustning avhengig av politiske konsesjonar i aust når det gjeld menneskerettar. Atomtrusselen gjeld heile menneskeslekta, og vi kan ikkje handla med menneskeslekta si framtid på den måten. Men vi må innsjå at politiske og militære forhold heng saman - at atomvåpna ikkje er noko som eksisterer i eit tomrom, men er ledd i ein internasjonal situasjon og ein samfunnsmessig situasjon der ein ikkje kan skjera bort eit ledd utan at det skjer noko anna, og at vi må tenkja i prosess.

    Helmut Schmidt sa ein gong at den som ville bryta opp Jalta-ordninga ville få krig som resultat. Mitterand sa om lag samtidig at så lenge den ordninga står ved lag, er ikkje freden trygg i Europa.

    Problemet er at dei har rett begge.

    Jalta-ordninga kan ikkje sprengjast utan at det kjem den siste smell - trur eg. Men vi kan ikkje tryggja oss mot den siste smellen - utan ein prosess som gradvis fører Jalta-ordninga over på skraphaugen.

    Kva konsekvensar har så dette for fredsrørsla?

    Somme har oppfatta det slik at eg og andre vil reisa kravet Noreg ut av NATO. Dette er ei misforståing. Eg er nok mot NATO i Noreg, men det er ikkje noko aktuelt spørsmål for fredsrørsla no. Eg har endatil skrive at eg ikkje er sikker på at ei utmelding i einkvar situasjon ville gagna freden i Europa. Tvert imot kunne det verka destabiliserande. Men det fredsrørsla må diskutera etter kvart - det er ein strategi for å overvinna den deling og det alliansesystem som held Europa i atomstrategiens jerngrep.

    Eg trur heller ikkje det ville vera klokt å føreslå at Nei til atomvåpen i dag skulle endra program og parolar. Men eg trur at dersom Nei til atomvåpen framover skal bli den viktige og levande organisasjon for fredsrørsla, er det naudsynt å diskutera alle sider og aspekt ved atomtrusselen - også dei eg har nemnt her. Om ho ikkje skal isolera seg frå fredsrørsla i Europa, blir ho nøydd til det.

    Det er ei gamal politisk erfaring at ein ikkje kan kritisera eit forhold lenge - i vårt tilfelle atomstrategien - før spørsmålet om alternative ordningar og vegar til endring melder seg. Kan ein ikkje svara på det, går debatten vidare - utan den som ikkje vil svara.

    Eit perspektiv i dag kunne vera eit Europa der blokkdelinga var dempa ved at USA trekte seg ut gradvis i vest, og Sovjet i aust - slik at Vest-Europa fekk eit tilhøve til USA som likna det Sverige har i dag, medan Aust-Europa utvikla eit forhold til Sovjet som Finland har i dag: At samarbeidet held fram på begge sider, og at Sovjet kan lita på ein utanrikspolitisk lojalitet frå sine allierte, at dei ikkje hoppar over i fiendens leir.

    Prosessen dit er sjølvsagt vanskeleg, og reiser mange spørsmål som krev mykje tenking og diskusjon. Diskusjonen er viktig - og bør gjelda dei fyrste steg: Kva kan vi gjera i dag for å letta ein slik prosess? Kva er dei konkrete tiltaka vi kan setja på saklista?

    La meg til slutt nemna nokre:

    1. Slaget om rakettane står i fyrste rekke - fordi dei vil styrkja USAs grep om Vest-Europa, driva fram sovjetiske mottiltak, og sementera Jalta-ordninga. Lykkast kampen, er prosessen i gang. Men taper vi, må vi unngå resignasjon - ved at vi har vidare oppgåver å arbeida med.

    2. Det blir viktig å byggja ut all slags samtale med folk og grupper og organisasjonar i aust - samtale med «offisielle» fredskomitear - sjølvsagt og med uoffisielle for å fremja fredsrørsla tvers over skiljet. Dei må ha vår fulle støtte i kampen mot SS20 og militariseringa av sine samfunn - som dei må føra liksom vi fører kamp mot slike trekk ved våre samfunn.

    3. I vårt land må vi arbeida for gradvis å løyse banda til USA - mot førehandslagring, mot COB-avtaler, Loran-C, mot alt som bind vårt land til USAs militærmaskin.

    4. Alternativet må bli ei gradvis sterkare nordisk orientering - der arbeid for ei atomfri sone i Norden med fellesnordiske organ for sona - blir eit utgangspunkt for tryggingspolitisk samarbeid i Norden, og arbeid for å gjera Europa atomfritt gradvis. Det inneber støtte til ei atomfri sone i Mellom-Europa, og arbeidet for ei slik sone på Balkan.

    5. Arbeid med alternative forsvarsmodellar - forsvar utan atomvåpen, utan offensive konvensjonelle våpen, utan framande basar blir naudsynt om fredsrørsla i lengda skal vera truverdig. Eit alternativt norsk forsvar kan tenkjast utan å bryta med NATO, men føreset truleg at Noreg trer ut av NATOs kommandosystem slik Frankrike og Hellas har gjort.

    6. Handel og økonomisk samarbeid austover blir viktig - skapa flest mogleg band mellom aust og vest, flest mogleg hol i jernteppet. For Noreg er det naturleg å tenkja på fiskerisamarbeid i nord og oljesamarbeid.

    7. Eit nærare politisk, økonomisk og kulturelt samarbeid mellom Noreg og eit mindre land i aust kunne vera eit viktig ledd i ein slik strategi. Det er naturleg å peika på Ungarn - som eit politisk og økonomisk spennande land, og eit land med uavhengige fredsgrupper med eit visst spelerom som eit slikt samarbeid kunne utvida.

    8. Vi må delta i den breie debatten i europeisk fredsrørsle om dette. Det viktigaste forum for denne debatten blir Den andre europeiske konferansen for eit atomfritt Europa i Berlin 12.-14. mai i år - som END har inspirert og som dei fleste fredsrørslene i Europa støttar. Der vil desse spørsmåla bli diskutert av tre tusen fredsaktivistar frå heile Europa - venteleg også av både «offisielle» og «uoffisielle» fra Aust-Europa om alt går bra. Det blir laga ein brei norsk delegasjon til kongressen. Ein mobiliseringskomité er i arbeid med medlemer frå ei rekke politiske ungdomsorganisasjonar, fredsgrupper, politiske retningar osv. Delegasjonen er open for alle interesserte som kan slutta seg til ENDs mål om eit atomfritt Europa, og brosjyra som blir delt ut viser at det også blir økonomisk overkomleg å delta.



Kjelde:
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen