VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Songen om kvardagen

av Ottar Grepstad,
Hareidsstemna

Oppe på loftet, i den tette, nedstøva kulden der oppe, ligg ein plakat. Motivet er tre uniformerte armar, utan offisersstriper, som held fram eit gevær. Geværet står på bakken og peikar rett opp. Ein barfota krølltopp av eit barn i gul t-skjorte strekkjer venstre handa opp og stikk ein raud nellik ned i geværmunningen.

Plakaten er eit minne frå den dagen eg såg demokratiet for første gong. Det var ikkje som førstegongsveljar i Noreg eller som deltakar på eit allmøte på skulen. Første gongen eg såg demokratiet, var i Portugal, for 33 år sidan. Det synet liknar faktisk på det å stå her og sjå denne folkeforsamlinga kring denne myndige bysten av Johan H. Grimstad.

I juni 1975 var Lisboa ein by av plakatar. Slagord og plakatar var klistra over alt på husvegger, vindauga, skilt, forskalingar, vegsperringar. Ikkje ein gong det 52 meter høge monumentet over portugisiske oppdagingsreisande hadde gått fri. Henrik sjøfararen, Vasco da Gama, Ferdinand Magellan, alle desse som gjorde sitt til at folk i Vesten forstod at verda var vidare enn som så, var nedklistra i plakatar for Partido Socialista, Partido Popular Democrático og Partido Comunista Português. Den raude sigden og hammaren, på blendande kvit marmor.

Like sidan 1920-åra hadde Portugal vore eit diktatur. Ikkje i noko anna vesteuropeisk land sat eit autoritært regime ved makta så lenge som i Portugal. I nær femti år rådde det moderne eineveldet, til ein vårdag i 1974, året då Johan H. Grimstad fylte 50.

Klarsignalet til opprørarane kom 25. april 1974 kl. 00.15. Eg trur Johan Grimstad ville hatt sans for det signalet, for signalet var ein song, og songen bar bodet om ein ny kvardag. Ein radiostasjon spelte "Grândola, Vila Morena", framført av José Afonso, ein radikal tradisjonssongar som portugisisk radio då ikkje hadde lov til å spele plater av. I morgontimane og utover dagen tok opprørsstyrkane over dei strategiske maktpunkta i landet. Gong på gong oppmoda dei kapteinane som leidde kuppet om at folk måtte halde seg heime. Likevel søkte tusenvis av portugisarar ut i gatene og blanda seg med dei militære opprørarane. Ein av samlingsstadene i Lisboa blei Largo do Carmo, den store blomemarknaden som no bugna av nellikar, midt i blømingstida som det var. Ved dette blometorget låg også hovudpolitistasjonen i byen. Der hadde den styrta statsministeren søkt husly.

Folk var over alt, alle stader var dei, oppe i trea, på balkongane, i vindauga, nede på plassen. Regjeringslojale styrkar med stridsvogner rykte inn. Der stod dei, fylka til strid, den gamle og så den nye tid. Kuppet balanserte på knivseggen av ein bajonett. Då skjedde det. Ein mann la ein raud nellik på eit gevær. Fleire gjorde det same. Etter kvart stakk også fleire soldatar blomar i geværløpa sine. Slik blei den raude nelliken i geværet symbolet for det som er blitt heitande nellikrevolusjonen. Ut på ettermiddagen gav statsministeren og hans folk opp, sa frå seg makta og sette seg på eit fly til Brasil.

Nokon gav ein nellik for demokratiet og laga ein revolusjon der ingen gav livet sitt.

Offiserar som utfører statskupp, er sjeldan til å stole på. Difor var mange skeptiske då kapteinane i Lisboa garanterte tanke-, tale- og handlingsfridom. Desse offiserane løyste faktisk inn garantien. På årsdagen for nellikrevolusjonen kunne difor portugisarane velje ei grunnlovsgivande forsamling av 250 menneske som skulle gi Portugal ei ny grunnlov. Lisboa 1975 var Eidsvoll 1814.

Plakatane frå valkampen i april hang der enno då eg kom til Lisboa i juni. Likevel var det meir enn alle desse plakatane som gjorde Lisboa til ein uvanleg by denne sommaren. Det spesielle var at folk stod og snakka saman. For nordmenn som slår av ein prat utanfor butikkane her på Hareid, borte på kyrkjebakken, om bord på ferja over til Sulesund, er den slags rein kvardag. I Lisboa hadde det i mange tiår vore forbode å snakke saman på gatene. "Ute i det fri" var eit ukjent uttrykk for dei, for ute var dei ikkje frie. Der tre eller fire samla var, kom straks politiet og sytte for ai dei gjekk kvar til sitt. I 1975 kunne portugisarane igjen snakke fritt. Det gjorde dei, natt og dag, særleg laurdags- og søndagskveldane, på kvart eit gatehjørne bula det av ord og meiningar. Dei sette kvarandre stemne, lærte av kvarandre, stilte spørsmål, tok stilling. Tre av ti portugisarar kunne verken lese eller skrive, men snakke kunne dei, tenkje gjorde dei, og no fekk dei endeleg lov til å tenkje sitt.

Det eg såg desse junidagane i Lisboa for 33 år sidan, var kva det gjer med folk å kjenne seg frie. Det store ordet "demokrati" fekk sitt ansikt.

Det var ikkje tilfeldig at folk stimla saman i gatene i Lisboa for å diskutere framtid og politikk. Demokratiets ansikt er å snakke saman og å snakke på vegner av andre. Det som skjedde i Lisboa, har altså også skjedd her til lands, berre på ein annan måte.

Frå 1860-åra skipa dei nye folkehøgskulane i stand store utemøte for å få folk i tale. No blei det ein meir open politisk diskusjon, og frå same tid tok den prosessen til som har gjort Noreg til eit samfunn av organisasjonar. Begge delar innebar at høvelege stader i natur- eller kulturlandskapet blei nytta til stemne, politiske møte m.m. Slike folkemøte og store stemne utandørs var altså ein nødvendig føresetnad for demokratiseringa av det norske samfunnet. Dei var også arenaer for litteratur og for den sunnmørske oppfinninga, den fleirstemde songen.

Med ein ubroten stemnetradisjon frå 1880-åra og fram til dag er truleg Ivar Aasen-tunet den staden der denne stemnetradisjonen har vore halden lengst i hevd. Fram til den tyske okkupasjonen var stemna sosiale hendingar som mange ville få med seg. Etter 1945 mista stemna den politiske rolla, og folk møttest i fleire og meir ulike samanhengar. Hareidsstemna kan godt oppfattast som ein triveleg møtestad, ein folkefest og berre det, og det er heilt greitt å gjere det. Lisboa 1975 minner likevel om at det å møtast fleire i lag er eit uttrykk for at ein bryr seg om kvarandre, om meir enn seg og sitt. Difor er den ambisiøse Hareidsstemna viktig ikkje berre for kulturlivet, men for folkelivet, for det livet kvar av oss lever.

Det er det vi seier til kvarandre ved slike møte som ofte får mest å seie. Han eller ho der oppe på talarstolen får no berre drive på, men vi lyttar meir til naboen, kollegaen, ektefellen, venen enn til dei som har noko med det. Det er slik det skal vere i eit demokrati. Der har vi alle ei stemme, som stod vi i kor.

Når vi set kvarandre stemne, er det for å ta vare på noko av den fellesskapen eit samfunn ikkje kan klare seg utan. Den fellesskapen krev ikkje berre at mange snakkar saman. Den krev også at nokon vil snakke på vegner av andre.

Difor er ikkje politikk berre eit gode. Politikk er heilt nødvendig. Den som foraktar politikk og politikarane, bruker gjerne store ord. Den som ikkje vil ha mjølk, kan drikke kaffi. Den som ikkje vil ha brus, kan drikke vatn. Men den som ikkje vil ha politikk, har ikkje noko alternativ. Nokon representere veljarane, gjere dei vanskelege vala, ta avgjerdene. Blir makt då misbrukt, skal fellesskapen seie frå. Noko heilt anna kan det vere når feil blir gjort i det sivile liv. Då kan ein godt sjå etter samanhengen mellom liv og lære, men hugs å vurdere om det som er gjort, har fått negative følgjer for andre. I staden er det eitt spørsmål som går att i den moralistiske mediekvardagen: Kva er samanhengen mellom liv og lære? Dermed held jakta på det perfekte mennesket fram. I 2008 fekk vi avklara at det mennesket ikkje bur i Ås kommune og heller ikkje er å finne i Stortinget.

Den takka mange politikarar får for å stille opp for fellesskapen, er retningslaus kritikk. No må politikarane ta seg saman, heiter det. Det er like innsiktsfullt og presist som å seie at no må hareiddølane, herøyværingane, voldingane ta seg saman. Det kan godt hende at ein og annan volding bør det, eg kjenner sorten, men slike negative generaliseringar er store ord det som regel er mogleg å greie seg utan.

Politikarar må vere viljuge til å meine noko. I verste fall må dei jamvel stikke seg fram. Rundt forbi er der nok av dei som har laga seg eit ellevte bodord: Du skal ikkje stikke deg fram. Det er eit fælt bodord.

Kvifor skal du ikkje det? Viss ikkje du skal stikke deg fram, kven skal då gjere det? Nokon stikke seg fram. Nokon bry seg. Nokon ta stilling og snakke på vegner av andre eller på vegner av ei sak, ein ideologi eller ei tru. Det kan gjerast i det skjulte, bak tjukke murar. Eller det kan gjerast i opent lende, der verbale snikskyttarar ligg i buskene, klare til å gi folkesnakket meir næring.

Viss nokon står fram som den som alltid veit best eller som berre nyttar sjansen til å oppnå eigne fordelar, kan eg forstå at einkvan vil ta dei litt nedåt. Men det finst få grunnar til å slengje med leppa om dei som faktisk er viljuge til å seie offentleg kva dei meiner. Det kan aldri bli for mange som bryr seg eller som er viljuge til å delta i store og små ordskifte. Men det er alltid for mange som sit heime på valdagen eller sit ved kjøkkenbordet og feller den kategoriske dommen om korleis ting burde gjerast. Det kostar lite å vere stor kar på sidelinja. Den som skal leggje torvene på plass etter fotballkampen, får i det minste litt skit under neglene.

Viss ingen brydde seg, hadde det aldri vore noko Hareidsstemna. Viss ingen hadde stukke seg fram og teke det initiativet som blei til denne oktoberfestivalen, hadde Hareid vore ein mindre viktig stad. Viss også Johan H. Grimstad hadde følgt det ellevte bodordet, hadde norske kunstnarar hatt ein arena mindre, tusenvis av tilhøyrarar hadde kvart år mista nokre rike dagar, og nokre eldsjeler hadde slokna.

Nokon må stikke seg fram for at andre skal kunne la vere. Den som misliker at nokon er synleg, kritiserer i røynda seg sjølv. Vi kan ikkje alle vere tilskodarar til det som skjer. Nokon må delta også. Fleire må vere med og snakke på vegner av andre, det vil seie på vegner av oss. Grimstad gjorde det med kunst som ligg oktavar over det vi andre kan skape. Hareidsstemna gjer det ved å gi oss sjansen til å lytte, sjå, snakke saman, møte noko vi elles hadde gått glipp av. Det er slikt det blir liv av.

Å delta er eit lite ord. Å vinne er eit stort ord. Forfattaren Frode Grytten har peikt på at det som blir etterspurt i dag, er heltar og vinnarar, tragediar og katastrofar. Men kva med alt det som er imellom desse to ytterpunkta? spør Grytten? Det er jo der dei fleste av oss er? Det skal vel ikkje vere slik at vi må bli ei overskrift for at vi skal vinne fram eller få til noko?

Difor er kvardagen den viktigaste arenaen for både folkestyret og kunsten. Kvar dag er ein ny sjanse til å skape meir rettferd, utvikle meir fellesskap og bry seg meir om det som skjer utanfor vår eigen kvardag. Det var det dei gjorde, dei mange portugisarane som gav ein nellik for demokratiet. Det var også det Johan H. Grimstad gjorde, med melodilinjer og songar som enno varer.

Den som vil utrette noko stort, kan gjerne ta til i det små.

Eg gratulerer med dagen - Hareidsstemna 2008 er opna, og som de ser, han Johan er alt komen.

Kjelde: www.aasentunet.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen