VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Veksten har grenser

av Kjellbjørg Lunde, ,
SVs landsmøte

Kjellbjørg Lunde

Svs Landsmøte i Skien, 1. April 1989.

Kilde: Manuskript, Arbeiderbevegelsens Arkiv.

Veksten har grenser.

KAMERATAR!

Tidleg i 70-åra prøvde Berit Ås fleire gonger, heilt til fånyttes, å ta opp spørsmål om tiltak for å forebyggje svekking av ozonlaget, i Stortinget og overfor Regjeringa. Det var verken første eller siste gong kunnskapsrike, bevisste og ansvarlege kvinner blir føysa til sides. «Hysteriske kvinnfolk» har vore omkvedet. Når kvinnfolka i tillegg har vore sosialistar har det ikkje vore lettare å nå fram. Men Sosialistisk Venstreparti har heldigvis teke både kvinnene og miljøspørsmåla på alvor.

Berit Ås la i 1977 fram ein god del reknestykke frå oljeverksemda som viste kor stor sjanse det var for at ei ulukke skulle skje.

Ho fekk svar av Bjartmar Gjerde: «Jeg har vanskeleg for å kunne godta en slik beregning som den representanten Ås her viser til - uansett hennes forskrekkelse. Den minner meg for mye om historien om den kvinnen som hadde hørt at hvert femte barn som fødes, er en kineser. Hun hadde fire barn fra før, ventet det femte og gikk ut fra at resultatet måtte bli en kineser.»

Fjorten dagar seinare smalt det på Bravo-platformen på Ekofisk. Forsida på Dagbladet lød: En kineser er født!

Seinare har det vore mange alvorlege ulukker på norsk sokkel. Ulukker som ikkje skulle kunne skje!

I februar 1987 tok eg opp utsiktene til at havoverflata vil stige dramatisk som fylgje av klimaendringane og etterlyste m.a. beredskapsplanar for dette.

Miljøvernministeren stadfesta at dette kan komme til å bli eit av dei mest alvorlege miljøvernproblema vi vil stå overfor i tida framover. Ho gjorde greie for årsakene til klimaendringa - og kva som måtte gjerast i global samanheng: M.a. reduksjon i bruk av fossilt brensel, altså bensin og olje, overgang til andre energiformer, og meir effektivt bruk av energien.

Denne leksa har vi høyrt mange gonger seinare frå miljøvernministeren sin munn. Men problemet er at miljøvernministeren tilhøyrer ei regjering der finans-, olje- og energi- og samferdselsminister; eg kan gjerne rekne opp dei fleste - og ikkje minst statsministeren sjølv - ikkje tek det sektorovergripande miljøvernet på alvor, ikkje syter for at det blir teke miljøomsyn innan energipolitikk, samferdselspolitikk, landbrukspolitikk, fiskeripolitikk, kort sagt på alle sektorane i samfunnet, til tross for alt snakk. Sektorovergripande miljøvern - som skal være sjølve nøkkelen til snuoperasjonen, blir ikkje sett i verk. Rønbeck seier at det viktigaste ordet for å sikre ei miljømessig framtid er no. No må vi starte omlegginga! Og Gro har gitt verda 10 år på å legge om for å overleve. Men kvifor blir det då ikkje gjort det som gjerast må!? Sosialistisk Venstreparti har lagt fram konkrete forslag i mange år - utarbeidd alternativ som også Gro-kommisjonene har fortalt er nødvendig. No ventar vi at AP-regjeringa med Gro som statsminster gjennomfører sine eigne tilrådingar.

«Foreløpig vet vi for lite til å sette i gang noen konkret planlegging av slike tiltak som representant Lunde peker på»; svare Rønbeck hin februardag. «Men spørsmålet vil likevel være under årvåken observasjon frå myndighetenes side i tida framover.» Det stemmer nok! Departement og direktorat har fullt opp med fagfolk som gir gode tilrådingar. Det er politisk handling som manglar! Og Sosialistisk Venstreparti og miljøvernorganisasjonane og alle miljøinteresserte fylgjer årvåkent med i Regjeringa sin miljøvernpolitikk.

Dei pressefolka som på det tidspunktet - for berre to år sidan, - hadde merka seg spørsmålet, tok det som ein vits. Spurte meg når eg ville ta fram sjøstøvlane!

No i 1989 er det ingen som ler eller våger å oversjå dei katastrofale konsekvensane for miljøet, naturen og ressursane vår form for menneskeleg aktivitet fører med seg.

Trua på at økonomisk vekst og teknologiske nyvinningar skulle løyse de fleste menneskelege behov og problem, har prega heile etterkrigstida. Dei som hugsar, eller har skaffa seg kunnskap om det gamle, fattige og urettferdige klassesamfunnet, veit at også den velferdsstaten arbeidarrøsla sto fremst i kampen for, er blitt ein realitet nettop fordi trua og vona om eit betre samfun har blitt til røyndøm. Vi skal ikkje kritisere dei som bygde opp velferdssamfunnet - fordi dei ikkje tidleg nok såg dei negative miljøkonsekvensane av den økonomiske veksten og dei tekonologiske nyvinningane.

Høgrekreftene i vårt samfunn og i verdenssamfunnet har vore på offensiven heile det siste tiåret, og prega utforminga av politikken, enten partia har kalla seg sosialdemokratiske eller borgarlege. Denne politikken har forverra miljøproblema.

Natt til påskeaften skjedde det som ikkje skulle kunne skje - igjen! Valdezkatastrofen var eit faktum. Oljeverksemd i nordområda og omsyn til naturen er som eld og vatn. SV har åtvara mot olje og gassutvinning i nord i alle år. Det er hasardiøs beslutning av Regjeringa å opne for oljeleiting i Nord. Barentshavet er i ressursmessig ubalanse, det fins ingen oljevernberedskap om ulukka er ute. Alaskaspora burde skremme sjølv dei mest miljø-bevisstlause energifanatikarane. I Alaska vil det ta månader før det verste sølet er fjerna. Det vil ta årtier før økologien igjen kjem i balanse.

«Men Noreg tenar på øko-katastrofen» forkynte Bergens Tidende som hovudoppslag om Alaska-katastrofa første kvardagen etter påske. Dollar og oljeprisar fauk i veret når katastrofa var eit faktum og utskipinga frå Valdez-terminalen stansa opp.

Så gal og kortsynt er altså kapitalen - og vurderingane i høgrekreftene si verd - at øko-katastrofa pressar prisane opp. Korleis kan nokon tru at høgresida i kompaniskap med kapitalkreftene kan ivareta miljøomsyna. Men kven skal betale på lengre sikt? Det blir ikkje oljeselskapa og storkapitalen, men dei generasjonane som kjem etter oss. Dei som har fått livsgrunnlaget sitt forringa og øydelagt av kortsiktig profittbegjær og rovdrift på jordas ressursar. Mine og dine barn og barnebarn - våre etterkomarar vil måtte lide for vår generasjon si manglande evne og vilje til å styre og ta forvaltningsansvar for ressursar og miljø. Men vi i Sosialistisk Venstreparti vil ta dette ansvaret; vi vil ha styring og ansvarleg, langsiktig forvaltning av ressursane. Vi tek Brundtland-kommisjonens tilrådingar på alvor!

No har det gått to av dei åra 10 Brundtland har gitt oss for å snu utviklinga. Når vil ho sjølv starte snuoperasjonen? Sosialistisk Venstreparti har teke opp utfordringa m.a. i det programutkast landsmøtet skal vedta:

Korleis motarbeider vi dei truande klimaforandringane, er den første hovudutfordringa vi stiller opp i programmet for neste 4-årsperiode. Svaret vi gir ville gi snarlege resultat:  

Reduksjon i forbruket av fossilt brensel; ta i bruk høge avgifter på slikt brensel;

opprette energiøkonomiseringsfond i alle fylke. Bygge ut kollektivtrafikken - og gjere den billigare. Lag bilfrie område i sentrum av byar og tettstader. Ta i bruk kjøreavgifter, bompengar og andre restriksjonar for å avgrense biltrafikken.

Alle snakker om at dette må til. Sosialitisk Venstreparti legg fram dei konkrete forslaga.

Vi stoler på at folk meiner alvor når dei i alle meiningsmålingar forlangar at politikarane går føre med konkrete tiltak. Vi trur at folk forstår det meiningslause i at vi - eit folk på 4 mill. menneske - skulle skaffe oss 3 mill. bilar - som vil bli resultatet om veksten i bilismen i 90-åra ville bli som i 80-åra. Tenk om over ein milliard kinesarar skulle finne på å legge seg til eit bilforbruk på vårt nivå? Kor lenge og kor mange ville då kunne overleve?

Før påske var det eit to dagars miljø- og næringslivs- seminar på Handelshøgskulen i Bergen for studentar og næringslivsfolk.

I fylgje Bergens Tidene fekk optimismen som hadde prega konferansen ein alvorleg knekk da Susanna Agnelli - italiensk viseutenriksminister - kom opp på podiet - og snakke rett frå levra. Den 67 år gamle Agnelli er ikkje nokon kvensomhelst - lang politisk karriere som parlamentsmedlem borte i Italia og i Europaparlamentet, har arbeidd i Latin-Amerika. Ho eig ein femtedel av Fiat-konsernet og er ei av Italias rikaste kvinner. Ho kjenner såleis kapitalistane sin tankegang - og har lite til over for trua på at industrien vil gå foran i arbeidet med å minske miljø-øydeleggelingane. Kaci Kullman Five burde kanskje få eit miniseminar med henne!

Ho slår fast - at vi alltid må betale ein pris for å få noko vi ynskjer. At det kan oppnåast større profitt ved å satse på miljøet, har ho lite tru på. Industrien vil gjere det som den blir pålagt, men ikkje noko meir, sa ho m.a. i Bergen.

Agnelli - som også var med i Brundtland-kommisjonene, - slå fast at drivhuseffekten og øydelegginga av ozonlaget er det største miljøproblemet verda står overfor. Men verda har ikkje innsett alvoret. Å inngå avtalar om å redusere utslepp av t.d. karbondioksid og svovel er ikkje radikalt nok, ifylgje henne.

Har ei mor eit sjukt barn, og legen fortel at det er juice barnet ikkje tåler, vil ei mor aldri svare at ho vil gå med på å redusere juicedrikkinga innan 1995. Ho vil sjølvsagt stoppe momentant. Det må vi også gjere med mange av dei stoffa vi slepp ut!

Som sosialistar er vi viljuge til å ta i bruk dei verkemidla som må til overfor produsentane og forbrukarane av dei farlege stoffa. Vi veit at alternativ kan utviklast - når vi treng produkta. Ellers må vi forby unødvendige og skadelege produkt.

Den vise Agnelli, som eg igjen vil referere til, seier vidare: Det nyttar ikkje å fortelle folk i Latin-Amerika eller i andre land at dei må forureine mindre, så ozonlaget ikkje blir øydelagt. Dei kan ikkje dele Vesten si bekymring.

Miljøet er eit luksusproblem når ein ikkje har nok mat og klær, eller når det er krig i eit land, når ein er tvinga til å leve frå dag til dag. Miljøet er det vi, i dei rike landa, som har øydelagt, då får vi også betale den prisen det kostar å rette opp øydeleggingane.

Det blir den aller største utfordringa for oss alle.

Programmet viser samanhengen mellom den skeive fordelinga av goder og byrder ein framleis har i vårt land, og den gigantiske globale skeivfordelinga ein kapitalistisk profittbasert økonomi fører til - og som vårt land er ein del av.

Vi kan ikkje fråskrive oss ansvaret for det som Dagbladet på fjordårets siste dag kalla «Den stille død.» Den som ikkje får dei store oppslaga i media, som ei flykatastrofe som PAN-AM- flyget før jul, som dødstalet etter jordskjelvkatastrofa i Armenia. Den som knapt får spalteplass når UNICEF publiserar sin årsrapport - eller når utslaga av tørke, borgarkrig eller raseringa av regnskogane i Amazonas får eit ekstra grelt utslag. Den stille død: 40 000 barn dør dagleg av svolt.

Det er ei heilt klår samanheng mellom svoltkatastrofa i u-landa og dei pengane regjeringane skuldar til i-land. Pengar som skulle vore brukte til matproduksjon, til helsestell, til skolegang, til utvikling av eigen økonomi - går til renter til dei rike landa - til bankar og kredittinstitusjonar.

Aldri før har den rike, industrialiserte delen av verda utnytte u-landa som i 1980-åra. I løpet av 5 år har ein sum tilsvarande 4,5 gonger Marshallhjelpa blitt trekt ut av den fattige verda. Aldri har det vore snakka så mykje om solidaritet og nestekjærleik, om rettferdig fordeling osb. Aldri før har fattige land gitt så mykje til i-landa.

Sosialistisk Venstreparti tek også denne utfordringa og vil vere drivkrafta i snuoperasjone for ei rettferdig global fordeling som no hastar meir enn nokon gong.

Sosialistisk Venstreparti sin kvinnepolitiske konferanse som var samla for nokre veker sidan, meiner det er naudsynt å innføre eit jubelår for å slette u-landa si gjeld til i-landa.  

Jubelåret er eit begrep i teologisk og juridisk språkbruk og stammar frå Det gamle testamentet, der det var ein regel om at all gjeld blir strøke kvart 50. år.

Det trengs sanneleg eit jubelår for u-landa - men også for oss sjølve. Vi er alle i same båt!

På 3 dagar brukar militærvesent like mykje til oprustning og førebuing til krig som heile FN-systemet brukar til alle sine aktivitetar til helse, undervisning, miljøvern på eit heilt år. I verda fins det 10 gonger så mange soldatar som legar.

I vårt land har Johan Jørgen Holst 13 gonger meit til forsvar enn Sissel Rønbeck har på sitt budsjett til miljø. Berre auken i årets forsvarsbudsjett tilsvarer nesten heile miljøbudsjettet. SV meiner Noreg treng eit betre forsvar mot fiendar. Miljøøydelegginga er den største trusselen mot vår eksistens. Det er på høg tid at vi endrar vårt fiendebilete. Difor har SV lagt fram eit miljøforsvarsbudsjett for i år - og som er fulgt opp i forslaget til program. Vi går inn for ei opprustning av miljøforsvaret på alle felt. Difor legg vi fram ein forpliktande plan for eit slikt reelt forsvar - og overfører m.a. pengar frå forsvarsbudsjett til miljøforsvarsbudsjettet.

SV vil ha opprustning der dei andre vil ha nedrustning. Vi vil ha vekst i offentlege budsjett til helse, til eldreomsorg, til barnehageutbygging, til å betre arbeidsvilkår for dei som arbeider i dårleg betalte og slitsame omsorgsjobbar. Vi vil gi kvinnene som utfører desse jobbane betre vilkår, både dei som er tilsette og dei som utfører omsorgsarbeid i privat regi.

Mesteparten av dette blir utført heime, i hovudsak av kvinner. Dei fleste får ikkje løn; når dei slit seg ut er det vanskeleg for kvinner å få uføretrygd, og til slutt endar dei som minstepensjonistar. SV meinar dette er urettferdig og har ein politikk for utjamning og rettferdig fordeling også på dette området.

Den skeive fordelinga har skapt ein ny fattigdomsklasse i Noreg.

På slutten av 80-tallet lever 200.000 menneske i Noreg i fattigdom. Menneske som må klare seg utan dei goder som er sjølvsagte for dei fleste av oss. Etterkvart veit vi meir om kven desse er:

Skremmande stor sosial naud er det særleg blant deler av storbybefolkninga. Myten om at sosialhjelpseksplosjonen skuldats «luksuproblem» er grundig tilbakevist.

Redd Barna har nyleg offentleggjort ein rapport som fortel at også i vårt land er det forholdsvis mange barn som har så dårlege oppvekstvilkår og lir så direkte overlast at Redd Barna overveg å sette i gang hjelpetiltak i Noreg! SV meiner vi heller må utforme samfunnet slik at vi i fellesskap tek ansvaret for at ikkje einskilde grupper fell utanfor. Vi prioriterar fellesskapsløysingar - framfor høgare privat forbruk for det store fleirtalet. Vår utjamningspolitikk forbetrar privatøkonomien for dei som treng det. Dei trygda einslege forsørgarar, låginntektsgruppene, i hovedsak kvinner. Men lågare rente, lågare barnehagesatsar, billegare kollektivtrafikk betyr meir for privatøkonomien for desse enn resultatet av lønsoppgjeret. Det tek SVs politikk konsekvensane av.

SV har i sitt program for neste periode prioritert arbeidstidsreformer. SV ynskjer at meir av veksten skal takast ut som redusert arbeidstid, og at mindre vekt skal leggast på høgare materielt forbruk.

[* manglende tekst *] er viktig fordi de vil føre til betre livsstandard.

Meir tid til familie og nabolag vil lette presset på både menneske og miljøressursar. Meir tid til aktivitetar utanfor arbeidslivet er ein del av SVs arbeid for eit menneskeleg og miljøvenleg samfunn. Slik sett er interessane til dei som arbeider for kvinnefrigjering og eit barnevenleg samfunn, og dei som vil ha eit grønare samfunn, dei same. Dette er vår visjon, vår draum om ein betre kvardag.

Dagens arbeidsliv passar dårleg særleg for to grupper: Småbarnsforeldre og ein del eldre arbeidstakarar.

SV går inn for eit års løna svangerskapspermisjon. SV meiner det er viktig at faren tek minst tre månader av permisjonen, både fordi det er viktig for tilhøvet far/barn, og for å hindre at yngre kvinner blir diskriminert på arbeidsmarknaden.

SV går inn for målretta pensjonsreformer. Eldre arbeidstakarar som har behov for det skal få rett til å gå av med pensjon før oppnådd aldersgrense. Dette skal de få gjere utan å måtte gjennomgå ei fornedrandre vandring får arbeidskontor til legekontor og sosialkontor. Men SV vil ikkje sette ned pensjonsalderen for alle. Det meiner vi er både ei dyr og dårleg reform.

I dag blir alt for mange eldre pressa ut av arbeidslivet. SV vil arbeide for innføring av deltidspensjon, slik at eldre arbeidstakarar skal få ei gradvis nedtrapping frå heiltids yrkesliv.

SV vil arbeide for å finne fram til ordningar for inntektspolitiske samspel som ikkje lammar tariffoppgjer og lokale forhandlingar. Men SV har erkjent at det tradisjonelle system med såkalla frie forhandlingar ikkje har ført til den utjamninga i inntektene som er vårt politiske mål. Difor er også vi opne for å finne alternativ til gjeldande system som må resultere i overføringar til fordel for dei som er lågast løna. Lønsgarantien må garantere løna for kvar enkelt - vere på individuelt nivå, ikkje bere for gjennomsnittet i ein bransje eller bedrift. Ein del bedrifter har ikkje lønsevne til å fylgje opp på ein skikkeleg måte. Det må utviklast eit system for overføringsordningar som kan dekke deler av låglønstillegget i konkurranseutsette bedrifter med liten løsnevne. Her kan både rike bedrifter med overskot yte sitt - og det offentlege, der dette er naudsynt.

For å sikre arbeidsplassane og sikre forsvarleg lønsutvikling både når det gjeld å heve dei lågtløna og hindre uforsvarleg lønnsvekst hos dei høgast løna, aksepterer SV under visse høve offentleg medvirkning i lønsoppgjera. LO har også erkjent at det må leggjast ein ny mal for sentrale inntekstoppgjer der overskotsdeling og fondavsetting blir sentrale deler. Dette vil bli diskutert på LO-kongressen til hausten.

I den samanheng må debatten om lønslova og gruppa sitt standpunkt til fjorårets og årets lønslov sjåast. Det var og er ulike meiningar i SV om forslaget til lønslov. Nokre la mest vekt på at lovforslaget i år avgrensa tillegga for dei uorganiserte og hindra at nokre høglønte lønstakargrupper kunne ta ut meir enn lågløna. Andre la mest vekt på dei prinsipielle sidene ved lønslov, og på at eigarinntektene ikkje skulle få auke meir enn lønsveksten. Det er i balanse mellom innstrammingar på lønstakarsida og styringa av kapitalen og spekulasjonsøkonomien at gruppa vurderte forskjellig. Det var full semje om store deler av kritikken mot lova, ikkje minst at den ikkje greip nok inn i dei arbeidsfrie inntektene. Stortingsgruppa sto saman om forslaget på dette punktet. Diskusjonen om lova blei engasjert, sjølvsagt konfliktfylt, men mi vurdering er at vi som var sterkast involvert har takla dette på ein kameratsleg måte. Det er sikkert mange også her i landsmøtet som vil fremme synspunkt på stortingsgruppa og partileiinga si handsaming av saka. Slik diskusjonen i gruppa og hovudstyret var, blei det ingen anna praktisk løysing på saka enn den vi no fekk i Stortinget.

Når det no har vist seg at den økonomiske veksten har sine grenser, kostnadene ved forureininga blei for store og ei drastisk omlegging av produksjon og forbruk må til om livsgrunnlaget skal reddast, appellerar Sosialistisk Venstreparti til dei same drivkreftene som utforma velferdsamfunnet: Solidariteten med utgangspunkt i eigeninteressen og fellesskapet må igjen mobiliserast. Vi i Sosialistisk Venstreparti har tru på at folk vil ta ansvar for at komande generasjonar skal ha ei leveleg verd. Vi trur at folk flest veit at det vil koste og at dei vil betale prisen - dersom byrdene og godene blir rettferdig fordelte - og dersom politikarane stiller opp med ein politikk som viser veg ut av uføret! Vår politikk gjer nettopp det!

Kjelde: Manuskript, Arbeiderbevegelsens arkiv
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen