VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Fienden er slått, men freden er ikkje vunnen

av Nils Lavik, ,
Debatt om trontalen og regjeringserklæringen (5)

Det nye Stortinget er alt kome i funksjon. Det hende tysdag, då vart det opna på den gode, gamle måten, og eg må seia at for meg var det noko av ei høgtidsstund. Kongen kom inn i salen, midt i det store fylgjet. Han gjekk opp til tronstolen og tok plass rett andsynes Stortinget. Statsministeren gjekk fram og leverte dokumentet med trontalen, og Kongen heldt talen. Då så meldinga om stoda i riket og var lesi opp, gjekk stortingspresidenten fram og tok imot dokumenta hjå Kongen. No var arbeidet lagt i det nye Stortinget sine hender. Så heldt då presidenten ein svartale, og i denne svartalen sa han mange gode og fine ord, ord som eg vil takka for så langt det er vilje til å skape realitet bak orda - og det reknar eg med. Presidenten sa:

«Disse 5 årene har vært de tyngste trengselsår i vår historie, og både landet og folket bærer dype merker etter krigen og nazistenes herjinger. Men det er også i den felles kampen skapt en felles følelse av sosialt ansvar og en felles vilje til samarbeid som under de tunge kampens år har forenet grupper og klasser til ett folk

Dette var orda. Eg takkar for orda som vart sagde, og eg trur at det var velmeinte og sanne ord. Og det er rett - dei tunge og vanskelege trengselsåra lærte oss nettopp denne eine store og nyttige kunsten: å stå såman. Og kan vi ta vare på den lærdomen, stå såman og setja den lærdomen ut i livet i eit godt samarbeid og på rette måten, så var ikkje læra og læretida for dyr enda om ho vart betalt med liding og blod. Men greier vi det ikkje, eller vil vi det ikkje, vil vi ikkje setja læra ut i livet, så vil det verta landet og folket og etterkomarane våre til skade og større ulukke enn vi reknar med i dag. Difor er eg også samd med presidenten då han seinare i talen til Kongen sa:

«Det er vårt håp at Stortinget må ha det klarsyn og den klokskap som er nødvendig for å gjennomføre gjenoppbyggingen og gjenreisingen av vårt land på en slik måte at det blir til gagn for våre etterkommere.»

Eg ynskjer at dei orda må gå i oppfylling i dette Stortinget og under Stortinget sitt arbeid. Og det er rett - eg vil streka under det som presidenten sa - at det er Stortinget, nettopp Stortinget, som skal gjera dette, og det er dette Stortinget som skal ta fatt på eit slikt samarbeid og utføra det. Dersom Stortinget har viljen til samarbeid, det vil seia viljen til eit samarbeid som må finnast innanfor alle partia, så greier vi det. Det krev offer - det krev offer også av regjeringspartiet; men vil vi dette offeret, og vert det gitt både i ord og verk, så skal det gå slik som Bjørnson syng så fagert i ein av songane sine: «Vi skal løfte vårt land, blot vi løfter i flokk». Samarbeidet, det saklege, det ærlege samarbeidet som er bygt på denne viljen til offer som eg nettopp har nemnt, ein vilje som må finnast innanfor alle parti; sjå det er den fyrste og den store faktoren som må vera til stades om vi skal kunna gjeva landet vårt velsigning og lukke gjennom arbeidet.

I trontalen vart det stort sett peika på tvo ting, fyrst på Noregs stoda utetter til Europa og til verda i det heile: Krigen er slutt, og sigeren er vunnen, vart det sagt, og nå står det berre att å få fredsavtalane i stand med Tyskland og Japan. Og med fredsavtalane fylgjer det også krigsskadebot, og styresmakti her i landet har alt sendt inn ei førebils oppgåve over det norske kravet mot Tyskland. Det er sikkert ein stor sum, og andre land kjem sikkert med enda større krav enn Noreg.

Men det er så visst ikkje fredsavtalen og pengeboti som er det store problem når det gjeld utanrikspolitikken. Tyskland og Japan dei er knust så totalt militært sett som ingi krigsmakt har vore det før i verdi. Dei allierte kan i så måte diktera fredsavtalane og fastsetja pengeboti kva dag dei vil. Men det er ikkje problemet. Er ikkje problemet eit heilt anna? Er ikkje det tyske folkelivet i dag noko av det mest vanmektige, det mest ynkelege av alt ynkeleg i europeisk folkeliv? Millionar av menneske er der på flyttefot og i drift, dei er utan heimvist, utan hus, utan arbeid, utan produksjon, dei er utan mat! Det heile tyske folkelivet er i dag eit naudrop om hjelp - eit folk som må bli berga frå hunger, frå sott, frå dauden; eit folk som er i forfall og undergangen nær. Usæl oss om vi ikkje høyrer på folkeleg vis, på kristen vis dette naudropet frå dei som held på å gå under. Det er ikkje greitt å taka krigsskadebot av eit folk som er i oppløysing og drift, og dauden nær. Er ikkje no den fyrste uppgåve å berga frå oppløysing og undergang, skipa og ordna eit nytt arbeidande og velstyrt folkeliv i Tyskland? Her er i grunnen ikkje spørsmål om å slå til og pressa den sitronen som alt er flatpressa, her er ikkje så mykje meir å få. Nei, no er det spørsmål om andre ting: her er det spørsmål om miskunn, og her er det spørsmål om hjartelag, og her er det spørsmål om kristen rettferd og kristen hjelp. For no skal freden vinnast, og då spørst det om fredsfyrstens tankar og fredsfyrstens prinsipp slepp til i dette rettsoppgjeret. Her finst ikkje andre tankar, og her finst ikkje andre prinsipp som kan skapa fred på jordi, og inntil menneska vil læra det, vil her alltid bli krig. «Løn vondt med godt,» sa fredsfyrsten. Er her resonans for slike tankar? No er timen komen til å høyra, og no er timen komen til å gjera! Fienden er slått, men freden er ikkje vunnen. Å vinna freden på rett vis, sjå det er den beste del av krigsskadeboti. Og freden vinn vi ikkje utan i samsvar med fredsfyrsten si ånd og fredsfyrsten sine ord. Går vi ikkje den vegen, så kjem krigen på nytt, så sikkert som eg står her. Og den krigen blir verre enn dei andre.

Det er gripande å lesa kva kvinner frå så mange krigsherja land seier og skriv, det kan røra hjarto våre. «Lat oss vera med på å berga det tyske folket frå hungersnaud,» seier dei. Engelske kvinner, og andre med dei, sa seg viljuge til å ta av sine småe matrasjonar for å berga det tyske folket. Sjå det er å løna vondt med godt! Det er inspirasjon i eit slikt syn og i ei slik livsinnstilling. Dette er å vinna freden. Mennene kan slåst, ser det ut for, og gjera svære ting såleis; kanskje kvinnene med det rette hjartelaget, innstilling og syn, kan vera med å skapa freden. Den fyrste hjelp til eit dødstrøytt folk, det er å reisa det på fote og skapa folkeliv på nytt lag, og gje det arbeid, og då kan det bli både evne og vilje til å leggja ein krigsskadebot.

Den siste luten av trontalen er vigd vårt eige land og vår indre politikk, og der er peika på mange ting. Eg vil koma inn på ein ting som nettopp har vori nemnd av den siste representanten som hadde ordet føre meg, det er rettsoppgjeret med landssvikarane. Her skal koma ei lov som gjev høve til å vedta fengselsstraffer ved førelegg. Er ikkje det noko av å installera eit nytt prinsipp i rettsstellet? Eg skal ikkje seia meir om det; det var berre eit spørsmål. Men kan vi ikkje visa hjartelag no mot dei «mindre politiske syndarane». Dei store måtte straffast, og dei måtte straffast hardt, det måtte stå alvor attom eit rettsoppgjer. Men når det gjeld dei mindre politiske syndarane frå nazitida, trur eg det er rett om hjartelaget slapp til. Er det ikkje noko av eit vågespel å halda fram med å straffa til vi er ferdige med omlag 60 000 menneske her i dette land? For dei er då menneske, og dei har då menneskeandlet og menneskeånd, og eg er viss om at mange, mange av dei kan vinnast attende til samfunnet og til livet og bli nyttige og gode menneske, dersom vi slepp hjartelaget til og tek det på den rette måten. Det er større å vinna dei tilbake for norsk folkeliv som gode menneske, enn å setja umenneskestempel på andletet deira og livet deira, og så risikera å gjera dei til avrak og botnfall i eit norsk folkeliv. Det kan bli tungt å bera på det botnfallet, og dra på det i mange år framover. Eg synest at vi er inne i ein folkesituasjon - nettopp no og nettopp her - då det gjeld i god nasjonal meining å vera «menneskefiskarar», og vinna desse menneske tilbake både som nye menneske og som gode borgarar. Miskunn, «Miskunn roser seg i domen», seier Herren. Dette ordet har her sin rett i denne situasjonen, synest eg, nettopp no når det gjeld dei 50-60 000 små syndarar. Og så mykje er eg då kjend ute i folkelivet at eg veit at det norske folket lengtar og hungrar etter at det norske rettsstellet og dei norske styresmakter skal visa hjartelag og skjønsemd. Vi fekk då freden og fridomen på ein merkeleg og fager måte - utan sverdslag og blod. Ingen tyskarar, ingen nazimann reiste seg til væpna motstand på noka vis. Det var Guds miskunn som gjorde det slik. Skulle ikkje vi ha råd til å vera miskunnsame, gode og hjelpande når det gjeld ein feilande bror som synda mot oss og mot landet i krigsåri?

Elles nemner trontalen så mykje som vi må arbeida med og retta på nå i arbeidstida vår: pengestellet og skattane våre, rettsstellet og lovverket, næringslivet og produksjonslivet med løner og levestandard, åndslivet, kulturlivet og skulestellet. Alt dette trengst. Men det er ein ting eg saknar i trontalen, og det er påminninga om den moralske atterreisinga. Det vart ikkje nemnt, men det er minst likså viktig som det materielle atterreisingsarbeidet. Ver viss om det: «sviktar det moralske, så står ikkje det materielle heller. Dette arbeid må kyrkja og det friviljuge kristenarbeidet gå inn for, eg tenkjer serleg på det friviljuge skulearbeidet. Dette arbeidet må få si påskjøning, og det arbeid må få sin stønad. Dette arbeidet har skapt eit friskt, sterkt livssyn og ein god sterk moral i folkelivet. Det gav oss umissande åndsverde som blei til eit berande grunnlag både under vår materielle og vår andelege kultur. Sviktar denne grunnen, ramlar heile byggverket for oss ein dag. Eg tek opp att: kristen tru, moral, ansvar og livssyn legg ein grunnvoll som held og ber eit folk midt i dei største trengselstidene. Krigstida har prova dette både ute i verda og her heime. Tyskland har prova det sterkt nok.

[ *]

Då eg slutta innlegget mitt i føremiddag, tala eg om den moralske atterreisinga i folkelivet. Det er ein ting som trengst. Kristen moral er ikkje ein ting som ein erver, men det er ein ting som må arbeidast inn i folkelivet generasjon etter generasjon, på nytt og på nytt. Eg nemnde at den moralske atterreisinga gav oss det sterkaste grunnlaget i folkelivet. Blir det grunnlaget burte, så kjem forfallet. Det tyske folket er eit talande prov i så måte. Den tyske styresmakti tok endatil kampen opp mot det kristelege livssynet og den moral som det skaper, og forfallet kom, og det kom på ein svær måte. Tiltru og nestekjærleik vart burte, sanning, rettferd og ærlegdom like eins, og så seig det tyske folket ned i svik, i terror, i hjarteløyse, i hat og i brutalitet. Dette er ting som vi kjenner vel til, og dette var Tysklands store ulukke.

Det norske folket greidde seg etter måten godt. Men her var kristent livssyn og moral, og det kristelege arbeid i landet har nettopp gjort sitt store verk til at det gjekk så godt mellom oss som det gjorde. Eg har i desse 5 åri vitja hundrevis av indremisjonslag og misjonslag, og det har det praktisk tala ikkje vori svikt imellom det folket når det galdt vår norske sak. Ikkje av di dei var meir framifrå enn andre, men av di dei hadde ein sterk livsgrunn å stå på. Sjå dette er ting som dei store statsmenn ute i vera er merksame på. Eg kan såleis nemna at premierminister Attlee tala på ein engelsk fagkongress i september månad, og då sa han mellom anna: «Organisasjon og ytre makt greider ikkje å løysa dei mange problem som ligg fyre. Fornufti strekk heller ikkje til. Me må umskapa sinnelaget skal freden verta noko anna enn eit urolegt millomrom millom krigane. Det prinsipp som skal berga verdi, er det kristne prinsipp: at alle menneske er brør mot kvarandre. Men det er ikkje nok å erkjenna prinsippet teoretisk, det må gjennomførast praktisk.» Slik tala premierministeren i Storbritannia. Og president Truman har lagt fram sitt syn: skal det gå vel med nasjonane og med verdspolitikken i dei komande tider, segjer han, så må dei taka dei 10 Guds bud til grunnlag under folkelivet.

Kongen slutta trontalen med eit godt ord. Han peika på ein verdfull ting då han sa: «Jeg ber Gud signe Stortingets gjerning». Eg strekar under det ynsket. Det er nok ein gammal formel, men det er noko mykje, mykje meir og: Det er ein realitet Kongen peikar på. Det er ein av dei andelege realitetar som visstnok ein finansminister ikkje kan føra opp i statsbudsjettet, men blir den realitet borte frå det økonomiske liv, så går det ille med statsbudsjettet vårt. Guds velsigning er ingen materiell ting som er overlaten til forvaltning i eit departement, heller ikkje til noko politisk parti, men kverv den realitet burt frå administrasjonen vår og frå politikken vår, så fell alt vårt liv ned på eit lægre nivå. For Guds velsigning er viljen og evna til ærlegdom og sanning i menneskeliv og i folkeliv. Og er det tilstades, so gjev folk rett opp, når dei skriv skattelistene sine, og då kjem skattane inn både i kommunekassa og i statskassa. Det er på same tid viljen og evna til skjønsemd, tilpassing og brorskap mellom klassane i arbeidshvet; og sei: er ikkje dette slike ting som vi treng nett no, um me skal byggja opp att næringslivet og arbeidslivet og produksjonslivet i landet? Skal vi i det heile få eit godt samfundsliv, så må vi få slike ting fram mellom oss. Og framom alt er det viljen og evna til eit sakleg samarbeid om dei store velferdsakane som vi i vårt politiske liv bør og må stå såman om, so framt me skal lyfta folkelivet og skapa folkelukke i landet.

Her er mykje å ta fatt på no. Den vyrde statsministeren nemnde soleis fleire ting i det framlegget som han bar fram frå Riksstyret. Eg tenkjer serleg då på arbeidet for å skapa sosial rettferd i folkelivet, ei rettferd som skal lyfta dei som er tilsidesette og undertrykte opp til ljosare og betre livskår. Skal me makta det, så må nestekjærleiken og offerviljen sleppa til. Då tek me sakene opp på ærleg måte og gjennomfører dei med godt samarbeid. Og den vyrde statsministeren rekna òg med at samarbeidet var ein stor og viktig ting når det galdt desse sakene. Eg la merke til det han sa i opningsorda at «partienes fellesprogram og det norske arbeiderpartis arbeidsprogram vil bli lagt til grunn for Regjeringens arbeid.» Han nemnde «partienes fellesprogram» fyrst. Eg trur det var rett. Det var ein appell til samarbeid. Dette programmet vart skapt nettopp ut av viljen til eit sakleg samarbeid. Då statsministeren hadde streka under dette, so nemnde han hovudoppgåvene i dette arbeid: Atterreisinga av næringslivet, arbeidslivet og levestandarden mellom folket vårt, - nettopp slike ting som skal vera med å skapa velvere og folkelukke. Og so seier han då vidare:

«Under løsningen av denne oppgaven vil Regjeringen bygge videre på det samhold som krigen skapte, og nytte ut alle positive krefter i vårt samfunn og all privat og offentlig virkelyst.»

Eg likar dei ordi, eg kan godt takka den vyrde statsminister for dei, ordi gjev rom for samarbeid. Og det er sikkert at statsministaren skjøner og veit at eit slikt samarbeid trengst om, med di han sluttar talen sin med ein sterk appell til Stortinget: «Regjeringen venter støtte fra Stortinget i dette arbeidet, og håper på den tilslutning og det samhold i folket som er forutsetningen for å oppnå et resultat til gagn for landet.»

Etter dette meiner eg det må verta råd til å finna fram til sakleg samarbeid om mange av desse sakene. Og kristeleg folkeparti vil gjerne gå med i eit slikt samarbeid. Men eg tek opp att det som eg har sagt før: her må det synest offervilje og skjønsemd, «forståelse», frå alle sider, offervilje nok til å finna beste vegen fram til det samarbeid som kan løysa spørsmåla og sakene. Det er ikkje slag i bordet me treng, men dette er viljen og evna til å kunna stå såman og lyfta i flokk og soleis løysa dei oppgavene som ligg føre, på beste måten. Då kan me gjera det til gagn for folk og land.

I dette samarbeidet er det ein serskild ting som eg ynskjer å streka under, ein ting som var nemnd i fråsegna frå statsministeren. Det er bondeyrket, og serleg gjeld det husdyrproduksjonen. Tusenvis og atter tusenvis av småbønder og småbrukarar gledde deg over orda åt statsministaren, då han sa:

«Regjeringen vil støtte jordbruket med sikte på å sikre en jamstilling med andre andre næringer og treffe tiltak som øker jordbrukets effektivitet og avkastningsevne.»

Vert dette gjennomført og helst snøggt og rett, so skal det enno gå å vera bonde her i dette landet. Australiafeberen skal minka munaleg. Eg trur at Riksstyret meiner og vil dette det her har lova, og eg er glad for det. Det er nok lettare å vera industrimann, fagarbeidar, stillingsmann og liknande med 8 timers arbeidsdag og mykje innhyses arbeid enn det er å vera bonde, ofte i hardt og ruskutt vér og med ein arbeidsdag som ofte er opptil 10 og 12 timar, ja, stundom meir, men ein bonde vil likevel vera bonde, berre han kan vera økonomisk jamstelt med folk i dei andre næringane i landet. Difor segjer eg: Gjer bondenæringa lønsam og flukti frå jordi vil slutta. Men eg ynskjer ogso å få leggja til: Ta dette lønsspørsmålet opp til vitskapleg gransking, tak denne jamstellinga opp til vitskapleg gransking. Kristeleg folkeparti går inn for eit granskingsinstitutt nettopp til dette arbeidet, og eg meiner at ei slik gransking må til! Det må bli lagt klårt fram kva pris bonden må få for mjølk og smør og kjøtt og andre bondeprodukt, om han skal kunna få ei timeløn, ei dagløn som andre arbeidarar i landet har. Og når dette blir lagt klårt fram, so trur eg og at her er so stor vilje til økonomisk brorskap i landet, at arbeidsfolk og byfolk vil unna den norske bonden ei økonomisk jamstelling og levelege arbeidskår! Eg trur alt godt både om arbeidsfolk og byfolk! Men det som vi no vantar, er vitskapleg klårleik om desse ting. Då vil også den norske bonden få råd til skuleliv og tid til åndeleg arbeid og kulturliv, han som dei andre klassar. Dette er sosial rettferd, og dette er med og legg velsigning inn i folkelivet vårt.

Og lat meg få nemna ein ting til: det trengst ti gonger meir, ja det trengst hundre gonger meir om å få gjort dette snøgt og rett, enn det trengst om å senda rundt på bondebygdene riksteater og kunstutstillingar som sume blad har slått frampå om. Eg mismæter ikkje god kunst, men dette som eg no har nemnt, er livsviktige ting. Kan Stortinget skipa økonomisk rettferd i bondeyrket, så vil både Riksstyret og Stortinget reisa eit lysande merke i Noregs bondesoga.

Elles var det mange positive ting i fråsegna frå statsministeren, som eg kunne ha lyst til å ta fram, men eg skal lata det fara. Det er berre eit par ting som eg enda vil nemna med nokre fåe ord, og helst til ettertanke. Eg tenkjer då på hotellnæringa og skjenkeretten. Det er eit spørsmål som skal inn for ei serskild nemnd, og her vil eg gjerne ha sagt: Ver varsam i denne sak, gå ikkje så langt at det går det kommunale sjølvstyre for nær! Det er ein fårleg ting. Det kommunale sjølvstyre er ein stor og viktig ting for folket utetter Noregs land. Her kan det bli spaning. Hotellstyret ser sjølvsagt mest på gjestane og økonomien. Kommunestyret ser mest på ungdomen og på moralen, på den moralske kraft og på arbeidsviljen i kommunen. Det ser mest på kommunens moralske velferd. Pengar er ikkje her det største. God moral, god arbeidsvilje, fine seder, folkeære er større! Rusdrykken har aldri lyft og vil aldri lyfta folkeæra vår! Rusdrykken er kjemisk fri for evna til å gjera det. Tvert imot har det vist seg tydeleg gong på gong at rusdrykken har hatt ei merkeleg evne og eit merkeleg lag til ofte å kopla ut dei reine og gode kreftene i menneskelivet, dei krefter som skaper oppdrift og framdrift, og i staden eggjar han lystene og taka dei vonde ting i bruk som ofte kastar menneska ned i den mørke og stygge kjellaretasjen i menneskelivet.

Vidare vil eg ha sagt at eg er heilt samd med den vyrde statsminister i at militærtenesta for ungdomen nå bør skipast slik og nyttast slik at ho «blir til nytte for den unge i det sivile liv». Eg er samd i det! Eg likar den tanken! Gjev difor rom for all god påverknad som dei kan få tak i, og som tilbyd seg på eksismoane mellom soldatane våre, og soldatane skal berga gode minne med etter det. Og dei norske heimane vil vera takksame og glade. Her var stor forsvarsvilje i landet vårt, men han har fått ei hard påkjenning denne sumaren og denne hausten frametter, ei hardare påkjenning enn eg hadde tenkt. Ein av grunnane til dette - lat det vera sagt klart og sterkt - er at det ser ut til at rusdrykken slepp for mykje til mellom herfolket og i hertenesta. Ver viss om at rusdrykken er ingen ven av det norske herstellet.

Til slutt nokre ord, berre ei påminning. Lat oss hugsa på at under valstriden, då vi heldt valtalane og dreiv valpropagandaen, då gav vi store og gode lovnader til folket: vi ville reisa næringslivet, vi ville lyfta arbeidslivet, vi ville skapa sosial rettferd, vi ville gjeva folket arbeidsrett og arbeidsplikt og såleis skapa arbeidsfred i landet, i det heile gjera vårt til å skapa gode kår! Resultatet, utfallet av valstriden og propagandaen er samla her i denne sal i dag. No er arbeidsdagen komen, no er tida inne til å innfria dei mange og gode lovnader vi gav folket vårt den gongen vi reiste rundt og tala partia si sak. Alle lova vi det beste vi visste i den situasjon som vi var komne inn i. No er arbeidsdagen komen, og mykje av dette skal betalast til det folket som valde oss og sette oss til dette arbeidet. Skal dette lukkast, så må vi læra i arbeidet vårt å visa kvarandre tiltru og godhug, vilje og skjønsemd og ei ærleg tilpassingsevne. Det er ikkje partia vi skal berga, - vi er ikkje sette til å gjera det - men det er det norske folkeliv vi skal berga, og det er vår folkelagnad vi skal lyfta opp både politisk, kulturelt og sosialt, åndeleg og materielt Og greier vi å gjera det arbeidet, så skal folket greia å berga partia!

Kjelde: Stortingstidende 1945-1946, s. 52-54 og 55-57.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen