VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Omtanke for tvilen

av Ottar Grepstad, ,

Hurra! Hurra? Det er det vi har ropt gjennom Førde i dag. Det mest brukte ordet 17. mai er `hurra'. I det ordet ligg mange tydingar. Skunde seg fram. Gå på. Juble. Triumfere. Kva er det vi roper hurra for? Vi roper hurra for det vi har oppnådd som nasjon og det vi er sikre på som menneske. Av og til skal det lite til. Ein uventa fridag kan få heile klasse 5b ved Slåtten skule til å juble. Ei avgjerd i fylkestinget kan få alle ordførarane i indre Sunnfjord til å gå av skaftet - iallfall i prinsippet. Eit vedtak i regjeringa kan få ei heil bygd til å bryte ut i jubel, eller i raseri.

Vi jublar for det vi utan tvil meiner er rett eller godt. Den som er i tvil, får sjeldan jubel. Å vere i tvil er ikkje noko å rope hurra for. Likevel, all visse tek til med tvil. Dei som reiste til Eidsvoll våren 1814, kan ikkje ha vore like sikre på alt dei skulle meine. Den som dømer i ei rettssak, må ofte vere i tvil. Det er også ein lege, ei mor eller ein kjærast. Ulykkeleg er den som aldri er i tvil.

Få ting i denne verda er lettare enn å vere sikker i si sak. Dagleg høyrer vi ropa frå dei som er heilag overtydde om at dei har rett. Dei har lagt argumenta bak seg og har heva seg over all tvil. Dei finst i søkk og kav, i verda den vide, i Noreg, i Førde - jamvel i Jølster skal der vere sorten.

Det skråsikre kan vere så uskuldig, men ber i seg ei årsak til det verste menneske kan gjere mot kvarandre. Når mange nok tenkjer likt, treng vi nokon som tenkjer annleis. Der den kritiske tenkinga tek slutt, held det absolutte fram. Både i Teheran og Washington feirar folkemassen overgrep og død. Det er når vi er som sikrast at vi treng den som tvilar.

Der det er makt, er det også i prinsippet misbruk av makt. Demokratiet er den einaste styreforma som set tvilen i system. Noka lytefri styreform er heller ikkje demokratiet, men til no har ingen klart å kome opp med noko betre. Både for ein statsminister og ein leiar i burettslaget kan demokrati vere noko heft. Kunne dei ikkje berre bestemme seg? Det er der tvilen kjem inn. Tvilen er der og kan skuvast til side, men den kan ikkje heile tida veljast vekk.

Sjeldan er faren større for å gjere feil enn når ein er brennsikker i si sak. Difor fortener dei politikarane respekt som opent seier dei tvilar. Den respekten får dei sjeldan. Veljarane vil ha folk som bestemmer seg like raskt som dei sjølve gjer. Dette er eitt av paradoksa i den demokratiske styreforma. Demokrati er ein kamp om fleirtalet, og for å vinne fleirtal, må nokon endre meining. Det er heilt greitt at veljarane gjer det, og det gjer dei. Ved kvart einaste val skiftar hundretusenvis av veljarar meining og røystar på eit anna parti enn sist. Politikarar, derimot, politikarar som er i tvil eller skiftar meining, føyser dei same veljarane unna som vinglepavar.  

Eitt anna paradoks ved styreforma vår er at demokrati utan opposisjon kan bli eit fleirtalstyranni. Å vere i opposisjon er ikkje berre legitimt. Det er politisk og intellektuelt nødvendig. Demokratiet har sine innebygde mekanismar for dette. Dei mekanismane rustar og smuldrar opp om dei ikkje blir konsekvent tekne vare på. Eit heilag overtydd mindretal med ein annan kulturell bakgrunn enn det vestlege demokratiet kan gjere uboteleg skade. Radikale muslimar og andre som kritiserer vestlege samfunn for at dei har gjort ytringsfridom til ein verdsleg religion, har noko rett. Når vi er så bokstavtru i forsvaret vårt for ytringsfridom, er det fordi vi fryktar at så lite skal til for å skiple prinsippa for ytringsfridom. Nettopp difor trengst også kritikken. Då ser vi klarare kva som er viktig å ta vare på og korleis vi bør te oss i rettsstatens grenseland, staden der tvilen herjar og den trygge vissa er som høge fjell langt borte. Berre den som tvilar, kan bli sikker i si sak.  

Demokratiet er skapt for at alle skal vere med og seie si meining og ta stilling. Demokratiet er som skapt for dei som vil stikke seg unna eller gå i takt med fleirtalet. Det er jo så mykje anna ein kan bruke tida si til enn til å ta stilling. Graset gror i hagen, båten treng ei kjølhaling, ungane skal køyrast til kulturskulen. Dagleg må likevel mange ta stilling. Det er då verdien av tvil kan målast.

Å vere usamde om dei små spørsmåla krev ingen ting. Det er når liv og demokrati står på spel at det blir vanskeleg. 54 år gamle Osama bin Laden stod i spissen for ei brutal og omsynslaus rørsle, Al-Qaida. Målet var å gjere flest mogleg innbyggjarar i vestlege land så utrygge at dei skipla grunnlaget for det vestlege demokratiet. Med sine massedrap har Al-Qaida diverre oppnådd mykje. Sjølv vesle Noreg i utkanten av verda er organisert på ein heilt annan måte enn for berre ti eller tjue år sidan.

Då amerikanske spesialstyrkar hadde skote Osama bin Laden, samla folkemassen seg utanfor Det kvite hus i Washington D.C. Dei feira døden og jubla over noko som kunne sjå ut som ein siger. I ein annan by i USA bur Orlando og Phyllis Rodriguez. Sonen deira, Gregory, blei berre 31 år gamal. Han arbeidde i 103. etasje i World Trade Center i New York. Gregory Rodriguez var ein av 2973 menneske som blei drepne 11. september 2001.

Skulle nokon ha grunn til å juble etter skota i Pakistan, måtte det vere Phyllis og Orlando. Dei gjorde ikkje det. Dei sa det som knapt nokon vestleg statsleiar, toppolitikar eller avisredaktør våga meine. Phyllis og Orlando Rodriguez sa det som det var: «Det var ei rein avretting».

Berre dei som var i huset i Abbottabad då bin Laden blei skoten, veit kva som var mogleg. Eg dømer ingen, men spørsmål må stillast, for det er spørsmåla demokratiet byggjer på. Var det ikkje mogleg å ta Osama bin Laden til fange, stille han for retten og døme han slik andre blir i ein demokratisk rettsstat? I løynd flaug dei langt inn i Pakistan. Ingen frå militærbasen like borti gata hindra dei. Hovudpersonen var uvæpna. Små born blei lagde i handjern. Soldatane var dei fremste i den amerikanske hæren og hadde openbert full kontroll. Likevel var det umogleg å ta han til fange og vise all verda kva demokrati er.

Dette hadde Orlando og Phyllis Rodriguez åtvara mot ti år tidlegare. Alt fire dagar etter massedrapet i 2001 skreiv dei i The New York Times at den umenneskelege ideologien som stod bak åtaket 11. september ikkje måtte møtast med tilsvarande umenneskeleg og rettslaus framferd. No må vi vise kva ein rettsstat er, sa dei.

Rettsstaten kan vere ei krevjande sak. Demokrati tek tid, rettsstat set grenser. Begge delar må til for at avgjerdene skal kjennast rette ikkje berre når dei blir tekne, men i all ettertid. Det kan godt hende at ei rettssak mot Osama bin Laden hadde blitt ein farse. Ved krigsforbrytardomstolen i Haag har fleire tiltalte gjort alt for å undergrave prinsippa for rettsstaten. Når vi er som sikrast, gjeld det å tenkje etter om vi gjer det som no er rett å gjere.

Det gjorde mange i Tyskland då Baader-Meinhof-banden og andre terrorgrupper i 1970-åra gjekk til væpna aksjonar mot dei skjøre demokratiske institusjonane som var bygde opp etter 1945. I hopetal gjekk tyskarane djupt inn i ein diskusjon om korleis rettsstaten best kunne forsvarast. Ein så grundig debatt om den demokratiske rettsstaten har knapt vore ført her til lands, og eg har mine tvil om kva som ville skje viss vi nordmenn verkeleg blei sette på ein prøve. Nettopp når prinsippa for rettsstaten blir utfordra, må dei prinsippa handhevast på sitt mest konsekvente. Det er difor rettsstaten er eit krevjande påfunn.

Det er når fleirtalet er som sikrast det gjeld å ha omtanke for tvilen. Der usemja herjar og prinsippa står på spel, treng demokratiet system som er robuste nok til å tole konflikt. Fred er ikkje det beste, skreiv Bjørnstjerne Bjørnson i eit dikt i 1869, men at ein vil noko. Den som skaper strid, legg eg til i 2011, må også makte å slutte fred. Då blir usemje eit gode.

Midt i den norske kvardagen finst ei slik røynsle. Som i mange andre land har det stått strid om språket i Noreg. Den striden har vore eit demokratisk gode. Striden om språket har gitt oss det eg vil kalle den norske røynsla. Språkstriden har vore med og lært nordmenn at kulturelle konfliktar kan løysast utan vald. Dét er den norske røynsla. Heis gjerne flagget, gå i tog og rop hurra for den røynsla. Verdien av den norske røynsla kan ikkje målast i euro, dollar eller yen. Prisen er høgare enn som så.

Dagleg blir vi mint om at kulturelle konfliktar ofte blir løyste med hærverk, vald, overgrep. Ein gong var det altså slik også i Noreg. Hausten 1913 gjekk osloungdom til åtak då Det Norske Teatret hadde sine første framsyningar i byen. Gjekk dei amok fordi teatret skjenda kyrkja, kongen eller fedrelandet? Nei, kongen var sjølv til stades på premieren. Sjikanerte teatret folk og kjønn, livssyn og legning? Nei, på plakaten stod Jeppe paa berget. Det var det som var problemet. På plakaten stod ikkje Jeppe paa bjerget. Ein bokstav var teken ut av bjerget. Bokstaven j var borte. Det var nok. Verken Jeppe eller Nille snakka lenger dansk. Dei snakka landsmål. Der gjekk grensa for tenåringane og tjueåringane i Oslo. Dette språket skulle ikkje finnast i deira by og det dei meinte var deira land.

Ei heil veke til ende var det gateslagsmål. «Vi har opna eit teater på landsmål i Oslo og kome frå det med livet», sa Hulda Garborg etterpå. Det stod vel ikkje om livet, men det stod om språket. I hundreåret som følgde, blei det brent mange bøker, særleg ordlister. Å brenne ordlister er å ville utrydde eit språk og fjerne ein tradisjon. Det er ikkje tvilaren som set fyr på bøker og verda. Det gjer berre den som er brennsikker på at han og ingen andre har rett.

Nynorskbrukarar har måtta tole mykje sjikane, skjult og open diskriminering. Trass i alle overgrep og udemokratiske handlingar har målfolk stort sett berre teke att med ord, ikkje med vald. Ein viktig grunn er at Noreg har gjort spørsmålet om språk til ei sak som blir avgjort lokalt. Like sidan 1892 har skulestyre, sokneråd og kommunestyre kalla inn til folkemøte og folkerøystingar og gjort sine vedtak. Gjennom mange tusen folkerøystingar har hundretusenvis av nordmenn teke del og sagt si meining. Difor heng språk og demokrati tettare saman i Noreg enn i dei fleste land på jorda.

Om to år kan vi feire den norske røynsla. Då er det hundre år sidan gateslaget om språket i Oslo og 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. Arbeidet er i gang med å gjere 2013 til eit nasjonalt språkår. Det skal bli ei raus feiring av språklege skilnader som gjer mange i dette landet stolte av at vi har meir enn eitt skriftspråk.

Han som sette i gang det heile, var ein tvilar. «Det er betre å tvile før ein trur enn å tvile etterpå», sa Ivar Aasen. Han var ikkje sikker på at det var rett å la dansk bli verande skriftspråket i Noreg. Den tvilen enda i ei overtyding om at noko måtte gjerast, og så gjorde han det. Då han kring 1850 viste fram kva slags skriftspråk nynorsk kunne bli, var domen hard frå dei som trudde dei hadde fleirtalet på si side. Å tenkje seg at det kunne skapast kunst på dette simple bondespråket, var reint svermeri, sa dei fremste danskspråklege intellektuelle i kongeriket. Alt anna ville vere i strid med noko dei kalla «Kulturudviklingens Love».

Di meir skråsikker ein er om framtida, di større er sjansen for at ein tek feil. Det som i 1850 blei avvist som kulturelt umogleg, er i dag blitt kulturelt sjølvsagt for svært mange. Skulle Firda kome ut på bokmål i morgon, ville det ikkje blitt gjort mykje fornuftig her omkring den dagen. Nynorsk var blitt fleirtalsspråket i skulen i Sogn og Fjordane alt før nynorskmotstandaren Bjørnstjerne Bjørnson døydde i 1910. I dette fylket blir også noko av verdskunsten skapt i vår tid.  

Ein av dei som har hytte lengst vest i Sogn, er Jon Fosse. Han er i dag ein av dei fremste dramatikarane i verda. Stykka hans er blitt sett opp på mange hundre teaterscener verda rundt; seinast førre veka var det ein ny premiere i London. Det er i Sogn Fosse helst diktar. Med det vide utsynet ytst i Sognefjorden kan han dikte ein høgare himmel over orda.

Det han skriv, skriv han på nynorsk. «Eg er veldig glad i språket mitt», seier Jon Fosse. «Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det». I går var han i Oslo og fekk nøklane til Grotten, statens æresbustad for kunstnarar. Dette huset i utkanten av Slottsparken er ein sentral og symboltung stad i det norske samfunnet.

Det var Henrik Wergeland som i 1840 fekk bygt Grotten. Sidan 1922 hadde dette vore statens æresbustad for kunstnarar. Jon Fosse er den fjerde som flyttar inn dit. Når regjeringa tildeler han denne bustaden, vil det seie at Fosse står i den fremste rekkja av kunstnarar i Noreg. Samstundes anerkjenner styresmaktene nynorsk som eit like sjølvsagt språk som bokmål i Noreg. Difor gler mange nynorskbrukarar seg over at Jon Fosse no flyttar inn i Grotten. Det vonar eg mange bokmålsbrukarar også gjer.

Ein gong skreiv Wergeland at Noreg må få sitt eige språk før 1800-talet er omme. Den utsegna fekk Aasen til å gjere det han gjorde. Dermed kunne Jon Fosse i går stå ved dei same vindauga som Wergeland ein gong gjorde. Fosse såg ut mot eit by og eit land der alt språkleg har endra seg. Byen har mykje meir språk og er hovudstad i eit land der det blir tenkt annleis om språk enn for 150 år sidan, der ingen skriv som den gongen og folk flest skriv ulike språk.

Slik er det blitt fordi mange nok tvilte på det som gjekk for å vere gjengs klokskap for 150 år sidan. Dei som avviste Ivar Aasens kongetanke, var heilt sikre, og dei tok heilt feil. Det burde få nokon kvar til å tenkje seg om av dei som med fleirtalsvedtak i handa frå eit landsmøte eller andre fordomsfulle organ motarbeider det verdifulle ved den språklege variasjonen i Noreg. Dei som no vil kvitte seg med opplæringa i både nynorsk og bokmål i skulen, kastar vrak på grunnlaget for den kunsten som blir skapt på nynorsk. Det gjer dei samstundes som den fremste brukaren av dette språket har teke æresbustad midt blant dei.

Den som er skråsikker, risikerer å forgripe seg på retten til å vere noko anna, tenkje noko anna, skrive noko anna enn det fleirtalet gjer. Vi er alle i skiftande fleirtal og mindretal, alt etter kva vi gjer, kva vi meiner og kvar vi er. Difor er det ein god demokratisk grunnregel å tvile i tide og ha respekt for at «fleirtal» aldri har vore og heller aldri kan bli eit anna ord for «sanning». Så rop gjerne meir hurra, også for dei som tenkjer seg om og har omtanke for tvilen.  

Til lykke med dagen, og lykke til med alle dagane som kjem! Hurra? Ja, hurra!

Kjelde: www.forde.kommune.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen