VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

KrF-effekten

av Knut Arild Hareide,
KrFs landsmøte
Landsmøtetale | Partipolitikk, KrF

Takk for tilliten!

Eg trur ikkje på ein Hareide-effekt, sa eg førre helg. Men eg trur på ein KrF-effekt.

KrF har ei stor historie:

- Folketrygda, satsing på psykiatri, trusopplæringsreforma , verdigheitsgaranti for eldre, NAV, kontantstøtte, bistand, kampen mot forureinande gasskraftverk, musikk- og kulturskulane, friskulane og stat/kyrkjeforliket.

I desse sakene har KrF hatt leiartrøya, og mange av dei ville aldri sett dagens lys utan KrF.

Det kjem òg saker som vi må ta:

- Miljø/klima 
- Fattigdom 
- Menneskeverd (sortering, aktiv dødshjelp) 
- Garantist for kristne verdisaker 
- Surrogati - retten til barn 
- Familien i sentrum

Kjære venner

Vi må vere klare til innsats. KrF kjem ikkje til å bli arbeidsledig i det politiske Noreg med så mange saker på dagsorden.

Kvifor blei eg aktiv i politikken?  - Kvifor trur eg på KrF?

Eg trur på KrF fordi KrF vil ha eit samfunn med plass til alle. Og dei som fell utanfor.

Det du gjorde mot ein av desse minste - det gjorde du mot meg.

Vi er alle blant dei minste, anten ein eller fleire gonger i livet.

Vi må velje side for dei som slit. Det finst ingen nøytralitet i møte med naud, einsemd og liding. Nøytral kan ein ikkje vera - for då har ein allereie vendt ryggen til dei som er ramma.

KrF har eit fundamentalt anna ideologisk utgangspunkt enn både høgre- og venstresida. Konflikten mellom desse handlar om forholdet mellom individ og samfunn.

Både høgre- og venstresida hoppar lett over det som burde vere kjernen i ein politisk ideologi: Menneskesynet.

- Kva er eit menneske?  
- Kva er det verdt?  
- Når startar livet?

Det gir lita meining å diskutere staten sin rett til inngrep overfor individet før ein har avklart kva eit menneske faktisk er. Derfor er òg menneskesynet utgangspunktet for KrF sin ideologi.

Det kristendemokratiske menneskesynet gjev alle menneske uendeleg verd. Eitkvart menneske er eit mål i seg sjølv og kan ikkje brukast som middel for andre.

I tillegg til menneskesynet er nestekjærleiken og forvaltaransvaret grunnpilarar i den kristendemokratiske ideologien.

Nestekjærleiken er i slekt med venstresida sin solidaritet. Mens vi vektlegg den som ein moralsk verdi både for einskildmenneske og samfunn, fokuserer venstresida mest på støtte frå staten og solidaritet innan samfunnsklassar.

Menneske dannar naturlege felleskap i familie, frivillige organisasjonar og lokalsamfunn. Derfor må desse fellesskapa anerkjennast, og bli gitt rom og fridom.

Desse fellesskapa har vore ein kjernesak for sentrumspartia. KrF er eit sentrumsparti - og vi er stolte i sentrum!

Sentrumspartia har vore nøkkelparti for samarbeid og løysingar rundt dei store sakene i Stortinget - og ein sentral aktør i alle regjeringar i nyare tid.

Sentrum vel ein middelveg på den økonomiske høgre-venstre-aksen. Dette er ingen lunken mellomposisjon, eller vegring mot å velje side. Vi vil ikkje ha meir statleg overstyring, men heller ikkje meir blind tru på marknadstenking, privatisering og skattelette. Sentrum står for "den gylne middelvegen".

Sentrum satsar på fellesskapsløysingane - meir enn Frp og Høgre. Ein godt utbygd velferdsstat skal vere ein berebjelke i samfunnsfellesskapet.

Men staten skal ikkje utarma andre fellesskap. Derfor vil sentrumspartia - meir enn Ap og SV- la andre byggjande fellesskap få rom og ansvar. Ikkje minst gjeld det familien, frivillig sektor og alle dei små og mellomstore verksemdene.

Vi må spela på lag! Det er då dei gode resultata kjem. Sjå på bygging av barnehagar. Utan private aktørar - ikkje full barnehagedekking.

Eg trur at Noreg treng ei tydeleg stemme for sentrumsverdiar som familie, frivillig sektor, lokalt næringsliv og levande lokalsamfunn over heile landet.

---------------------------------------------

Den eg må senda den største takken for at eg står her, er Marit Elisebet Totland. Då eg for 20 år sidan engasjerte meg i lokalpolitikken på Bømlo for KrF, var ho ei drivkraft. Og som statssekretær i Utdanningsdepartementet var det hennar idé å henta meg til rikspolitikken for 14 år sidan.

Marit Elisebet er ein av dei klokaste politikarane eg har møtt, med tydeleg ideologisk kraft og med klokskap. Ho har vore lærar, ordførar på Bømlo, deretter statssekretær, adm. dir. ved Valen sjukehus, adm.sjef i Helse Fonna, nestleiar i Normisjon, forfattar av fleire bøker. I dag er ho i sin beste alder, men etter mange aktive år i arbeidslivet er Marit no ufør. Ho må liggja mange timar kvar dag strak ut på grunn av ryggen, men har som mål å koma ut i arbeid att i den grad det er mogleg.  

Ho kjempar for å få arbeidsuføre til å stå oppreist i samfunnet. Ho har laga ein eigen blogg der ho blant anna skriv:

Denne bloggen er blitt til fordi det finst menneske som treng å høyra at dei kan lyfta hovudet og møta blikket frå andre. Den beste medisinen for å halda oppe eit sunt sjølvbilete når ein ikkje kan prestera noko, er å festa blikket på denne sanninga:  Menneskeverdet blir ikkje målt i kroner, meter, alder, prestasjon eller desibel. Mennesket har verdi fordi det er eit menneske.

Til hausten stiller Marit Elisebet opp som ordførarkandidat  for KrF  i Kvinnherad kommune.

--------------------------

I Dagsavisen 28. september leste vi om Stine og Anders. Dei er begge funksjonshemma. Den eine lever eit liv avhengig av familien si hjelp utover dei faste tilboda i kommunen, den andre lever eit liv som folk flest, med 30 timar personleg assistanse som han styrer sjølv, såkalla BPA.

Vi kan nå velje å bli historiske. Vi kan rettigheitsfesta, brukarstyrt personleg assistanse -  eller ikkje.

Vi kan gje menneske med nedsett funksjonsevne høve til å leva uavhengige og sjølvstendige liv - eller ikkje.

Vi kan hjelpa funksjonshemma ut i arbeidslivet - eller ikkje.

Så enkelt, og så vanskeleg.

Vi har høve til å gje funksjonshemma eit likestillingsløft - eg vonar stortingsfleirtalet gjer nettopp det når ny helse- og omsorgslov skal behandlast før sommaren.

For å skapa eit samfunn med plass til alle, må vi aktivt inkludera alle menneske.

Storebroren som rappar til lillesøstera si, har meir enn fem millionar visningar på You Tube, med sangen "Just the Way You Are".

Livet med eit funksjonshemma barn skal ikkje glorifiserast. Det er likevel viktig å få fram desse sidene av livet.

Hanne Sophie Greve roper varsko: "Et samfunn som begir seg inn på å utelukke enkelte grupper, kan ende opp med ikke å ha plass til noen. "

Midt i debatten om tidleg ultralyd står store ting på spel. Dette er kampen om rett til liv, kampen om eit samfunn med plass til alle.

http://www.youtube.com/watch?v=9b7y9UYt_fM     

Her kan vi ikkje la teknologien styra - etikken må i førarsetet!

Samstundes vil vi gjera det enklare å vera foreldre til funksjonshemma barn. Samfunnet må stilla opp for familiar med funksjonshemma barn, ikkje tilby oss å sortera barna vekk.

Eit samfunn med plass til alle - også dei som ikkje har to inntekter, hus, bil, hytte og hund.

Familien som ikkje finn ein stad å bu. Far er student, mor er sjuk, saman har dei to barn. Dei har ikkje pengar til depositum. Leigeprisane i Drammen er altfor høge.

Guten som kjem på skulen i gummistøvlar i 15 minusgrader. Inni støvlane er han barbeint.

Jenta som nektar å skifte på badet sitt, fordi ho synest det er ekkelt at det kryp dyr ut av veggen.

Desse historiene tilhøyrer nokre av dei 1519 barna i Drammen som lever i familiar med sosialhjelp. Det er ein auke på 50 prosent dei siste fem åra.

Det har blitt 50 000 fleire fattige barn dei siste åra.

4000 personar i kø for rusbehandling, mens regjeringa legg ned behandlingsplassar hos Frelsesarmeen og andre frivillige organisasjonar.

Over 277 000 personar står i helsekø, ein auke på 14 000 personar på eitt år.

Regjeringa vil diskutera definisjonen av fattigdom. KrF vil handla.

KrF har fremma fleire forslag som ville gjort situasjonen annleis:  

- Auka eingongsstønad til unge mødrer med lita arbeidstilknyting,  
- Inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage 
- og auka sosialhjelpssatsar - eit tiltak SV meiner er det viktigaste i kampen mot fattigdom

Alle desse forslaga har blitt nedstemte av dei raudgrøne.

Mellom 800 000 og 900 000 nordmenn i yrkesaktiv alder står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet ifølgje NAV.

Derfor har KrF foreslått fleire tiltak for å få fleire ut i arbeidslivet og leggja til rette for at folk skal kunne jobba lenger. Vi vil halvera arbeidsgivaravgifta for nye lærlingar og auka talet på arbeidsmarknadsplassar.

Alle mødrer og fedrar ønskjer å gi barna sine eit godt liv. Men dei har press frå mange kantar.

Nokre slit med å få endane til å møtast, nokre slit i samlivet, nokre slit mellom ansvar og krav på jobben og på heimefronten, og nokre får aldri tid til meir enn å koma gjennom dagen.

Halvparten av den norske befolkninga opplever samlivsbrot. Vi må stilla opp for kvarandre når samlivet raknar. Det gjeld oss alle - og det offentlege må stilla opp. Samlivsbrot er for mange noko av det vanskelegaste ein opplever i løpet av livet. Då må samfunnet stilla opp. For alle som treng det.   

Barn kan gi deg dårlegare råd, samlivsproblem, mindre søvn, mindre sex og meir husarbeid......  Og det eg seier no er utelukkande basert på forsking.....

KrF ønskjer eit samfunn som set omsynet til barna først. Familien er jobb nr. 1!

KrF meiner eit moderne arbeidsliv må vera fleksibelt. Både menn og kvinner etterspør ordningar som gjer det mogleg å kombinera arbeid utanfor heimen med omsorg for barn.

Her kjem 10-årspermen inn. Vi foreslår ei utviding av foreldrepermisjonen til 16 månader som må nyttast innan barnet fyller 10 år.

Vi tar ikkje bare tak i tida fram til barnet fyller eitt år, men ser og på åra som kjem etter det.

Tusenvis av foreldre over heile landet får i desse dagar brev i posten med beskjed om at dei ikkje får barnehageplass til hausten. Det er paradokset med lovfesta rett til barnehageplass: det gjeld ikkje for alle!

Det er to kategoriar barn: dei som er fødde før 1. september, og dei som er fødde etter.

I dag må du altså anten passa på å føda om sommaren, før august er over du må lage ei kreativ løysing med heimekontor, eller ha råd til å overleve på ei kontantstøtte som er altfor låg, i inntil 364 dager...

I mange kommunar står foreldre som har "tima fødselen dårleg" i kø i inntil eitt år før dei får plass. Skal rett til barnehageplass vere reell, må vi utvide retten til å gjelde barn anten dei er fødde 31. august eller 2. september. Elles skaper vi mykje utryggleik og gjer det vanskeleg for foreldre å få kvardagen til å gå opp.

KrF foreslår at alle foreldre skal få rett til barnehageplass viss barnet har fylt eitt år, berre dei søkjer plass 4 månader i førevegen. Då slepp norske foreldre å drive aktiv familieplanlegging for å time barnet til juli eller august.

Befolkningsveksten i og rundt dei store byane vil bli sterk fram mot 2020.

Vi må reise Smartare - Sikrare - Smidigare.

Det betyr kollektivsatsing i byane - betre vegar i distrikta. Det gjev reinare luft og gjer det lettare å komma fram.

Har eg gløymt vegane? I New York Tribune I 1887 sto det føljande:

«I forhold til folketall og ressurser har Norge gjort mer når det gjelder veiutbygging enn noe annet land i verden. Ikke bare de store hovedveiene, men også sideveiene vitner om forbausende dyktighet, fagkunnskap og iherdighet.»

(Bayard Taylor, New York Tribune i 1887)

Betre vegar er heilt naudsynt. Miljøvenleg transport betyr ikkje at vi skal la vera å byggja vegar. Tvert imot. Men vi skal sørgja for at det som kjører oppå vegen, har lågast mogeleg utslepp.

Eg trur Norge og verda treng ein visjon å strekkja seg etter. Vi må bestemma oss for korleis vi vil at samfunnet skal sjå ut i framtida, og staka ut kursen for å koma dit.

Eg veit kvar eg vil. Min visjon for 2050 er "fornybarsamfunnet"!

I 2050 har fornybare energikjelder som sol, vind og vatn erstatta kol, olje og gass. Atomkraft er ikkje vegen å gå, det har vi smerteleg fått erfara.

I 2050 bruker vi energien langt meir effektivt enn i dag. I 2050 resirkulerer vi alt avfall, og bruker ressursane i avfallet som råstoff til nye produkt.

I 2050 bur vi i hus som produserer meir energi enn dei bruker. Vi kjører bilar som går på straum. Vi kjører tog i 300 km/t i staden for fly mellom byar i Noreg eller på storbyferie til kontinentet.

Eg trur ikkje på "månelandingar" i klimapolitikken. KrF ønskjer meir bakkekontakt i klimapolitikken. Ei norsk klimalov vil sikra at regjeringa må følgja opp løfta sine i klimapolitikken.

KrF meiner tida er moden for å innføra ei klimalov i Norge etter modell frå Storbritannia. Den britiske klimalova blei vedteken i 2008, med lovfesting av klimamåla for 2020 og 2050, og med bindande utsleppsgrenser for kvar 5-års periode.

Ei norsk klimalov vil sikra gjennomføring på tvers av sektorar, og gjere skiftande regjeringar juridisk ansvarlege for klimamåla.

Sosialantropologen John Barnes kom i 1951 til heimbygda mi, Rubbestadneset. Han døydde i fjor, men blei svært kjent for arbeidet på Bømlo - fordi det var her han kom fram til ordet - nettverk. John Barnes kom for å læra å kjenne Bømlo-samfunnet. Han ville sjå kva det var som kjenneteikna det vesle samfunnet, korleis folk levde, og kva som batt dei saman.

Han valde eit lite samfunn - på vestlandskysten. Det som han syntes kjenneteikna samfunnet, var dei tette banda, det sosiale livet og omtanken for kvarandre. Og ein augustdag i 1952 - då han såg nokre karar dra opp fiskegarnet utanfor Melingsvågen på Bømlo, fekk han ordet nettverk føre seg - det sosiale nettverket. Fiskegarnet gav han assosiasjonar til korleis banda er i samfunnet.

Han tenkte at kvart einskilt menneske er som ein knute i garnet - men knuten kan ikkje vere åleine. Knuten og mennesket treng band - det sosiale bandet mellom vener, familie, gjennom organisasjonsliv - og dette bind oss saman. Gjennom fiskegarnet på Bømlo blei ordet nettverk - og sosiale nettverk oppfunne. Og meir enn nokon gong treng vi dei sosiale banda mellom oss! Det er nettopp dei som gir livet varme.

I den norske velferdsdebatten om lågare skatt eller meir stat er det eitt perspektiv som manglar: verdien av frivillig og ideell sektor. Frivillig arbeid og deltaking i formelle og uformelle sosiale nettverk er ein nøkkel til livskvalitet for den einskilde, og til eit velfungerande samfunn.

Ideell sektor la grunnlaget for Noreg sin velstand og velferd. Gjennom kyrkja si konfirmasjonsundervisning lærte folket å lesa - kanskje den viktigaste einskildfaktoren for økonomisk og sosial utvikling.

Det første sjukehuset i Norge blei oppretta av kyrkja i Trondheim og Oslo for rundt 700 år sidan, og arbeidarrørsla gjorde sitt til opprettinga av velferdsstaten og dei gode arbeidstakarrettane.  

Vi har mykje å lære innan frivillig sektor ved å sjå til USA - eit verkeleg multikulturelt samfunn som legg vekt på det som bidrar til å heva samfunnet sin sosiale kapital: sterke familiar, sterke lokalsamfunn, frivillig arbeid og religionen sin plass i samfunnet.

KrF vil etablera ei ordning med reservebesteforeldre for utsette barn som ikkje får omsorg frå eigne besteforeldre.

KrF vil òg etablera ei ordning for Seniorvener - godt vaksne som ønskjer å hjelpe andre vaksne ved å hjelpe til med enkle oppgåver i heimen, skaffa transport, og vera ein ven og støtte.

Den britiske Frivillighetsavtalen opnar for at frivillige og ideelle organisasjonar kan be om hjelp frå tilsette i offentleg og privat verksemd som har underteikna avtalen.

Selskapa BT og KPMG har forplikta seg til å delta, og har lova at deira tilsette vil hjelpa til med 37 000 og 41 000 dagar med frivillig arbeid. Offentleg tilsette har til nå lova å setja av til saman 30 000 dagar med frivillig arbeid.

KrF vil ha ein liknande avtale for frivillig arbeid i Norge, der offentlege og private tilsette blir oppmuntra til å gje litt av tida si til frivillig arbeid.

Utfordringa mi går derfor til både staten, alle kommunane i landet og private verksemder: la dei tilsette hjelpa til med frivillig arbeid! Anten dei er tilsette i Statoil eller Hamar kommune,  Miljøverndepartementet eller Mesta - ja til og med Adecco!

Lokalmiljøet er utgangspunktet for trivsel i kvardagen. Vi treng ein robust distriktspolitikk som sikrar oppretthalding av lokale skolar og sjukehus som føresetnad for levedyktige bygder og lokalsamfunn over heile landet. KrF har derfor foreslått frys i nedlegginga av lokalsjukehus og er generelt positiv til oppretting av friskular der grendeskular blir nedlagde.

Statsministeren sa i talen til Aps landsmøte at det er ikkje så farleg med lange avstandar, det viktigaste er at vi kjem til det sjukehuset som har best kompetanse. For brannskadar, kreft og andre alvorlege tilstandar er det riktig.

Men det finst eit viktig unntak. Når du skal føda - har eg blitt fortalt - er avstand ein stor trugsel. Skilnaden på å reise 1 eller 2 timar i ambulanse kan vere skilnaden på å føda på eit sjukehus eller føda i ei busslomme.

Vi ønskjer eit samfunn der folk har dei tenestene dei treng i rimeleg avstand slik at dei kan føla seg trygge.

Vi vil ha eit samfunn med plass til alle - over heile landet.

Vi kan ikkje som samfunn gradera menneskeverdet etter funksjonsevne - då blir vi eit fattig samfunn.

Vi kan heller ikkje gradera folk sitt menneskeverd etter arbeidsevne - då blir vi eit hjartelaust samfunn.

Vi må vere eit samfunn med plass til alle - både i ord og handling. 

Det gjeld særleg for dei yngste og dei eldste - det er dei som er mest sårbare.

Vi må stå opp for eldre menneske som møter uverdig behandling. Vi kan ikkje leve med at eldre blir møtt med haldningar som at "det er ikkje min feil at du ikkje tåler maten, da får du venta til neste måltid". Ei verdig eldreomsorg er like viktig som ei verdig barneomsorg. 

Verdiane våre bør få prega samfunnet framover - fordi vi tar menneskeverdet på alvor. Då treng vi støtte frå fleire enn dei kristne.

Eller som Valgerd sa: Du treng ikkje vera kristen for å stemma KrF.

Bare det siste året har fleire nye saker kome på bordet. Spørsmåla om dødshjelp, dødsstraff og nye opningar for eit sorteringssamfunn er døme på det.

Vi er på full fart inn i ei teknologisk framtid, der ein ikkje berre kan sjå kva slags sjukdom eit foster er berar av, men og kva slags sjukdomar det kan få i framtida. Vil det bli lov å abortera på dette grunnlaget i framtida? Kven skal stansa denne utviklinga om ikkje vi som politikarar gjer det? Skal vi leita etter feil, etter det perfekte, eller skal vi ha eit inkluderande samfunn med plass til alle? Kven har livets rett?  

KrF meiner at etikken må styre teknologien. Politikarar må ta den vanskelege debatten og trekkja konklusjonane. Vi kan ikkje overlata til forskarar å definera og styra utviklinga.  

Denne debatten handlar om retten til å leva, om at alle menneske har same menneskeverd.  

KrF er eit heilt vanlig parti med eit veldig spesielt prosjekt. Det er derfor vi trengst.  

Vi er ikkje der for den eine eller den andre grupperinga. Vi er ikkje der for å erstatte alle dei gode kyrkjelydsfellesskapa rundt om i landet.  

Vi er der for dei politiske sakene: For verdig eldreomsorg, for barna sin rett til trygg oppvekst, for vern om ufødt liv, for sterke familiar, for ekteskapet, for berekraftig utvikling og for hjelp til fattige og forfølgde. Kommunane treng politikarar med større draumar enn billigare bensin!  

Vi vil ha eit samfunn med plass til alle der far til Viktor med Downs slepp å forklara kvifor han valde å behalda guten sin.  

Eit samfunn med plass til alle der eldre kan få leva livet - livet ut  

Eit samfunn med plass til alle der alle kan ha gode rammer om sine samliv - anten dei er homofile eller heterofile.  

Eit samfunn med plass til alle der barn slepp å venta i kø på ein ny heim.  

Eit samfunn med plass til alle der rusmisbrukarar får tru på at det er mogleg å bli rusfri.  

Eit samfunn med plass til alle der tru har ein naturleg plass.  

Eit samfunn med plass til alle -også dei som ikkje er fødde i Noreg  

"Et samfunn som begir seg inn på å utelukke enkelte grupper, kan ende opp med ikke å ha plass til noen." 

I sentrum står eit menneske - samfunnet vårt skal ha plass til dei alle.

Derfor set vi menneskeverd i sentrum for all KrF sin politikk.

Kjelde: www.krf.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen