VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Skapa menneskeverd

av Knut Arild Hareide, ,
Sluttappell i partilederdebatten

Terroraksjonane 22. juli rysta oss alle. Vår gode statsminister sa det slik: Kartet blei sprengt, kompasset vart skote i filler - men det norske folket fant fram.

Vi har gjennom oppveksten vår fått med oss verdiar som gjorde at vi, da det var som mørkast, ikkje valgte hat og hevn, men hjertelag og varme.

Vi i KrF meiner det er viktig at framtidige generasjonar får disse verdiane med seg vidare. Vi vil, som skulens nye formålsparagraf seier, at opplæringa skal byggja på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, for åndsfridom, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet.

Mitt politiske forbilde, Jon Lilletun, sa det ein gong slik: Jobb nummer ein i skulen handlar eigentlig om å leggja til rette for å skapa menneskeverd. Det er og KrFs jobb nummer ein i byar og kommunar over heile landet: Nettopp skapa menneskeverd.

Godt valg!

Kjelde: www.nrk.no/nett-tv
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen