VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Tidsskifte

av Lars Eskeland, ,

Tidene skifter. Gamalt sig og nytt stig i det endelause, men i uslitande samanheng, som fræ og brodd, og blom og frukt, eller som bylgja av bylgja, og bylgjebrot av bylgjekamb. Soleis er livet ei æveleg rulling inn mot det ukjende, med siging og stiging og vokster.

    Dette gjeld aandslivet like so fullt som alt anna. Mannahugen hyser ei usløkkjande lengting etter eit liv som er større og betre enn det me har for augo: Det maa me jaga etter, so me kann finna det. Og ættene spenner store utsyner framfyre seg paa vegen sin, tankar og voner um det dei stemner imot. Kvar tid har sine utsyner, og so som dei speglar seg av i livet, soleis er tidi.

    Det kann koma tider daa desse utsynene gaar under og vert burte. Daa vert folket villt, segjer vismannen. Og det er sant. Me har havt sovorne tider me og. Men synene har livna atter, og folket har funne livsvegjene og hevja seg upp or natti. Ein sovoren morgon for livet hadde me ved siste hundradaarsskifte, baade religiøst, ved Hans Nilssen Hauge, og politisk-folkeleg, ved Eidsvollsverket og Henrik Wergeland.

    Mange har ottast at natti er komi atter, so synene skal slokna og livet verta til inkjes hjaa oss. Me har kann henda kjent litt til den otten nokon kvar. Det har lege i lufti ein forunderleg ank, som me ikkje kunde tyda. Kva er det? Det er dei gamle utsyner som er brukte og ferdige, dei stettar ikkje livstrongi lenger. Det er nye som lagar seg i hugen, lagar seg til aa stiga yver ætti, aandsens flagg og merke yver hjarto paa vegen fram. Me liver i eit tidskifte.

    Etter alle dei solblide draumar fraa romantikken tok det til aa draga upp til uvêr. Dei altfor lette talemaatar um idealet vart vegne og funne for lette. Det var syner dei heiste upp meir til aa sjaa paa enn til aa liva etter. "Livet er poesi," hugga folk seg med. "Deilig er jorden, prægtig er Guds himmel."

    Men denne poesien var nok ikkje alltid etter romantiske uppskrifter. Det kom mangt med. Det tunge aalvor melde seg, livet sjølv i naken jammer og forfælande styggedom. Jordi var ikkje fullt so herleg som dei heldt henne for. Naud og vesalldom skreik til himmels. Men himmelen tottest vera kald.

    Og ein harmfull spott frøste og glødde um dei gamle utsyner som seig. Menneski stirde mot himmelen og song paradis-tonar i staden for aa sjaa ned og rundt um seg og gjera jordi til eit paradis, vart det sagt. Me skulde flytta heim til jordi, som Bjørnson sa ("Over Ævne"). Her skulde me slaa oss til ro og søkja vaar lyst og finna livet. Det andre var "over ævne". Og kunde me ikkje sjølv naa i all herlegdomen, so skulde det vera oss ei sann livsens trøyst og lisa naar me skulde vandra herifraa, at me hadde vore som smaa hjul til aa rulla ætti eit lite stykke fram mot det lovde lukkelandet av denne verdi. Dette var vaar rette uppgaava, dette var aa vera menneskje.

    Og me tok til aa flytta heim til jordi. Jødane hadde eit anna namn paa det: Dei kalla det aa venda tilbake til kjøtgrytune sine i Egyptarland. Det var ei tid at det galdt reint um kven som kunde vera dei fyrste til aa festa seg her med alle sine voner og alt sitt liv.

    Gud var so gamall og me var so vaksne - og jordiske, at me kunde trygt setja han av. Det vart forkynt paa torgi av dei store, og folk svara amen.

    Me var i ferd med aa riva himmelen ned, og saag so inn i det endelause myrker, utan sol og stjernur, og ein isande kulde strøymde innyver oss.

    Det som me fyrr trudde var ein kjærleg Gud, det saag me no var jarnkalde og blinde lover som raadde for alt; det som me fyrr trudde var striden for det gode imot alt vondt, det var berre striden for tilværet; det som me trudde var hunger etter rikare og rikare liv, ein hunger so stor at berre Gud kunde stetta han, det var drift og raa egoisme. Men ein fekk stella seg etter det. Ein fekk stilla driftene: Det var livet. Og dette heiste dei upp som syner til aa sigla etter: Bohêmen synte seg. No var dei flutte ned, langt ned. Men korleis saag paradiset ut?

    Livstrongi hadde snutt det lodne ut, prinsen var heksa til bjørn. Frelsast maatte han, frelsast maatte menneskjet i oss!

    Og utsyn etter utsyn slokna i lufti. Og dei store som hadde sett synene upp? Faafengde stordom! Dei vart so smaa. Det skein ikkje av dei i myrkret. Dei kom burt.

    Kva hadde me att? Kor skulde me gjera av oss? Berre tomleik alle stader, tomleik paa tomleik.

    Kor me var svikne! Kor me hadde vore store og sterke, og kor me vart smaa! Det me hadde trutt paa og sett styrken vaar i, gjekk upp i røyk.

    Me laut kjenna oss so inderleg trøytte og leide og uppgjevne, ferdige med alt: gamle. Og anten laut ein daa døy eller ein maatte verta nyfødde. Men kva kunde nyføda oss! Me var vengjebrotne; me hadde vore vonfulle, men mist alt som av von kunde ha namn. Me hadde vore glade; me sat berre med sorgi att, med sorgi.

    Og det var mest som det ikkje skulde verta stein paa stein att for oss. Me fekk paa same tid eit politisk og nasjonalt forfall, som greip meir og meir um seg. Og gudane vaare ramla der og; me saag inni fusk og fanteskap, inn i ein stakarsdom som var meir enn stor. Dei som skulde vera best, frygda seg med aa sputta og sparka paa einannan, medan fedralandet dreiv imot undergangen. Laust lettsinn i ord og aatferd, og parti-stakarsdom; sjeldan fekk ein sjaa ein glimt av det store mod og den høge kjærleik som lèt det smaa vera smaatt og det store stort, som ofrar alt for det som her er det største: at fedralandet skal liva.

    Og eit politisk forfall kunde aldri gjort verre skade. Politikken har teke so reint uvanleg mykje av hugmaal og kjærleik for seg aaleine. Det har stundom sét ut som det ikkje var nokon annan ting under himmelen gjeve til aa liva for, frygda seg ved og stella med, enn politiske program. Og naar det daa gaar so ynkeleg paa skeive som det ei stund gjekk, so har ein ikkje noko til trygdar. Vindstøytane kastar huset um.

    Me har høyrt politiske hovdingar naar dei skal ut i valstriden. Det er ikkje lite herlegdomar det skal verta, lydest det. Det er mest som ein kunde tru at, denne laake verdi maatte verta vølt og stelt til paaske, dersom ein kunde vera heppen faa mannen til tings. Me har rett vore so hepne gong etter gong; men gamle verdi vaar gaar sin same skeive gang.

    I Danmark har dei og havt eit stort politisk forfall. Men dei har meir til trygdar der: Dei har eit mykje finare og sterkare gudelegt liv, og det nasjonale har ikkje vore so nede heller. Og svenskane er eit langt meir heilvakse og samvakse folk enn me. Fedralandskjærleiken ligg meir i hjartetægene og i blodet hjaa dei.

    Korleis maatte ikkje me verta hjarteklemde!

    Dei diktarane som har kjent best korleis livspulsen i tidi slær og som sjølv har sope etter alt som dei trudde det var helsevatn i, dei kjenner sorgi som tyngjer. Og dei lyt lata nøda og sorg dirra i tonane sine. Fyrst og fremst tenkjer eg paa den tunglynde skalden vaar fraa Jæren. Me har vel kjent det dirra i oss etter ordi hans nokon kvar.

    Det har vore ropt etter han og andre at dei maatte ikkje vera galne: Dei maatte ikkje graata, dei maatte læ. Læ skulde dei, ein frisk, glad laatt. Det er ufriskt aa syrgja, det er ikkje godt for magen. Paa prent har eg lese det, og høyrt det mange gonger, at me endeleg burde vera glade; det er ei plikt me har paa oss. Men kvifor me skal vera glade, kvifor me skal hoppa, det har dei ikkje visst aa segja.

    Sorg fær ein ikkje burt liksom ein skifter skjorta. Det lyt ha sin gang. Det nyttar lite aa skapa seg.

    Me kann vel ikkje vera glade anten det søkk eller flyt?

    Skal me vera glade naar dei venaste vonene vaare døyr? Mykje har døytt for oss i dei siste tider. Skal me vera glade di meir me er nøydde til aa sleppa tru og tillit? Er fuglen glad naar han vert ribba? Me vart som ribba fuglar. Me fauk so morgonglade ut. Me kom ynkeleg tilreidde atter.

    Er me glade daa, so er me likeglade, og der er dauden.

    Men liksom fuglen vil me vera naar han leitar uppatter reiret sitt og ligg og ventar paa soli. Me vil flytta inn til grorbotnen i hugen vaar, der resten av tru og von og gode tankar maa liva, dersom det er til liv aa sjaa. Det kann henda at soli smett inn til oss, det kann henda me fær fjørklædnad paa.

    Og daa vil gleda koma sjølvbodi, daa har me noko aa gleda oss for.

    For di denne leida og liding og møda kom yver oss, har dei kalla tidi vaar ei nedgangstid. Og det er ho paa ein maate. Det gamle er umme. Men det er teikn som tyder paa at alt skal verta nytt. Me syrgjer. Men sorgi øyder ikkje livet. Ho løyser og skirslar. Det er hugsotti som tærer. Ja det er so, at skal livet retteleg faa tak i oss, so lyt det blodga oss fyrst; me lyt missa og tapa stort, skal me læra aa vinna stort. Me lyt lida oss inn i det nye. Den nye gledesongen maa vera runnen upp or sorgi; det er den rette saftige moldjord for denne renningen.

 Du paa ruinene maa staa

 av livet ditt, -

 fyrst rektigt daa du rett kann sjaa

 i kring deg vidt.

    Det ser ut som det skire forfall, etter di det nye endaa ikkje har skote fram, og mange vildrar seg burt i all den raadløysa som fylgjer sovorne nyskapingstider.

    Mykje vil rotna, mykje vil gaa under; men mykje vil ogso skjota upp i ny yngd og friskleik. Det gjeld difor at me skynar tidi vaar, so ho ikkje kjem til aa bruka oss liksom vaaren brukar lauv og gras fraa ifjor.

    Me vil liva; livet er seigt. Me lengtar etter det som kann berga oss. Alt me har lide samlar seg til eit inderlegt ynskje um ei nyføding. Og me kann ikkje stilla og stetta den aandelege hunger og torste utan med livsrøtene i ei kjelda som spring ut i ei høgre verd; me kann ikkje tru at full lukka er aa finna her i verdi, og at maalet vaart berre er aa liva dette livet og so døy; me krev noko som inkje auga har sét og inkje øyra høyrt; me kann ikkje mettast anna av sjølve endeløysa, etter di me ber endeløysa i oss; ingen annan enn den endelaust fullkomne kann fylla os. Umskiftet er difor i sin inste grunn religiøst.

    Me leitar kann henda lenge og ingen ting finn. Me tykkjest sjaa store ljos gong etter gong; men naar me kjem innaat dei, so er det lyktemenner. Me gaar gjerne til spiritismen og bøygjer oss, etter di me maa ha ljos yver samanhengen med eit anna liv, og dette skal vera det rette ljos. Og mange av dei som ikkje har havt ord sterke nok til aa spotta yver dei dyraste voner i mannahjarta um eit liv etter dette, dei sit og kanklar med eit bord eller fingrar med ein psychograf og vinkar paa "aandene", som sjølvsagt skundar seg i flokk og fylgje til aa rettleida oss - og narrar oss, lær aat oss. Eller me gaar til okkultismen eller andre indiske ismer. Men til slutt skynar me vel at me er komne i ei gali gata. Det er ikkje livet dette; det er so tomt og - stygt. Barnefreden, den fulle vene lukka, det store bryst og det milde hjarta, kor er det? Me fann det ikkje.

    Og me sveipte oss inn i vaare eigne løyndaste og djupaste hugdrag. Me laut vera i fred, me vilde vera aaleine; me vilde liggja eit døger med felden yver hovudet liksom den namngjetne islendingen, daa han skulde tenkja yver religionsskiftet og døma um det.

    Og me var aaleine med vaare eigne inste tankar. Men daa natti var umme, skyna me at me hadde vore aaleine med Gud. Og med ein gong visste me at han alltid hadde vore vaar inste tanke og høgste von, tvertigjenom fornegting og spott endaatil.

    Og minnet trivlar etter eit gamalt ord som med ein gong har vorte so forunderleg nytt: Kom til meg, de som er trøytte og mødde! Hjaa meg skal de faa kvila. Eg er vegen, sanningi og livet. Me staar framfor livsens herre. Og hjarta frygdar seg. Det er ingen lyktemann, det er ljoset. Det er ikkje steinar me vert bodne, men brød.

    Og den vegen vender dei djupaste lengslur i tidi. Me hungrar etter meir gudsliv, og etter rikare mannaliv, me lengtar etter meir hjartelag. Og dette vil me faa og naa, for di me har vore i naud for det. Og me skal soleis finna at tidi no ikkje var ei nedgangstid, men ei fødselstid. Me fær sjaa at det trongst denne stilla etter stormen, ei luftkvild etter torevêret. Det trongst ei blundande frævingstid etter denne letting og hypjing av livsrøtene.

    Er det ikkje som det gror? Er det ikkje som livet rører seg? Er det ikkje som det er eit toneskifte i lufti?

    Jau, um nokon har øyra til aa høyra graset gro, so høyrer han det no. Det er som ein fin vaardag etter regn. Det gaar ein helsesam straum gjenom blodet, ei sæl pipring. Me er i ferd med aa friskna.

      "Og lerka stig fraa gløymde grav

      med sigers ljod,

      og vinden stryker inn av hav

      so frisk og god.

 Og um me kjenner graat og gru

 og saknad saar,

 so maa me lerkesongen tru

 som lovar vaar."

    Det er noko aa vera glad for det: aa kjenna livet vakna, og kjenna friskningi.

    Me maa vera med i den nye livsvaaren. Me maa koma til han kvar med sitt arbeid, kvar med den kjærleik me kjenner, som me vil vigsla i Kristi namn. Me vil bera saman det beste me eig, me vil saa det ut. Og velsigningi vil koma. Det skal gro ei fager framtid ut ifraa oss.



Kjelde: Lars Eskeland: På Heimveg. Nokre talar. Bergen, 1916
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen