VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Til vern!

av Lars Eskeland, ,
Fedrelandslagets åpningsmøte
Terrorisme, Fedrelandslaget

Høgvyrde landsmenn!

    Me nordmenn stod nyleg ei morgonstund og gledde oss i ei fager solrenning. Og heile landet lyfte seg upp for syni vår, so ungt og vent og friskt i den nye dagen, ein ny arbeidsdag, vona me.

    Endeleg stod me saman som når ein god syskinflokk møtest frå ymse kantar i heimen hjå mor og far til ei høgtid som dei hev lengta etter i lange tider, og aldri meir kann gløyma.

    Vener! det er mest utruleg: men det er berre 20 år sidan dette hende.

    Og kvifor er me no samla her? Til vern mot deim av landsmennene våre som vil øyda alt det me hev byggt upp i motgang og medgang i lange tider, i tusen år.

    Skal me freista å skyna noko so uskynleg, at eit slikt verjemål hev vorte naudsynt, so lyt me minnast at det hev fare ei fælsleg tid yver verdi, med krig og hat, med herjing og øydeleggjing på alle måtar. Me nordmenner stod utanfor det verste. Men me tok skade på sjeli likevel. Høgt uppe og lågt nede, i alle lag av samfundet, vart det eit jag etter pengar og alt som for pengar er falt, so hardt og so vyrdlaust, at det var som me gløymde både lov og heider.

    Krigstidi førde nok ikkje so mykje reinsking med seg som sume meinte skulde fylgja med ein krig, korkje for oss eller andre. Nei, det var heller so, at bermen og grugget kom upp i dagen, og avgrunnskreftene i menneske og folkesamfund fekk veksa villt.

    Det hev dessutan vist seg, at me nordmenn ikkje hev tolt å laga oss so snøgt um ifrå eit sterkt bondefolk til eit industrisamfund. Det ser ikkje ut til at me høver til industrifolk. I minste tek det tid fyrr me greider det.

    Vil me berga oss, so fær me sanneleg ikkje vera likesæle, men taka upp striden imot det som vil tyna oss.

    På eit møte i 1905 var det ein god mann som sa, at den store einskapen og godhugen mann og mann imillom som me då såg, måtte me aldri gløyma meir. Korkje han eller nokon annan kunde drøyma um at livet vårt i framtidi berre skulde verta ein idyll utan strid og vanskar. Men det som alle kunde vona, det var at me aldri meir måtte gløyma å stå saman um landsheimen vår i gode og vonde dagar, ikkje minst i dei vonde, og at det aldri meir måtte henda at framand vilje fekk råderett i landet.

    Og so står me her idag og veit at det er ein stor flokk av landsmennene våre som med brutal skamløysa forkynnar, at dei vil hjelpa det russiske riksstyre no til å øydeleggja dei lover og institusjonar som me hev byggt upp til vern for heile vårt liv og hjelp for all vår vokster, åndeleg og materielt.

    Hadde nokon sagt det for berre 12-15 år sidan, at eit slikt parti vilde stiga fram hjå oss, so vilde me tykt at det var galen manns tanke og tale. Og det er mange som enno ikkje kann tru at det er ålvor. Ein skal aldri bry seg um det, segjer dei. Det hev ikkje noko på seg; det er berre tome frasor og usætande trugsmål.

    Godt folk! me skal ikkje vera for redde. Men me bør heller ikkje vera redde for å sjå sanningi i augo. Og det er ikkje mannsleg å røma når ulven kjem i saueflokken.

    Det er ille um me gløymer at det er ei stor æra og ein heilag skyldnad for oss å byggja upp landet og å klæda fjellet, som Bjørnson segjer det so vent.

    «Sit fædreland skylder man alt hvad man kan utrette,» sa den store målgranskaren Rasmus Rask. «England ventar idag at kvar mann gjer sin skyldnad,» sa lord Nelson i ei stor stund.

    Og når slike ord vert dåd, er det ingen fåre for eit folk. Slik dåd hev me set mykje av her i landet i dei siste hundrad år. Og dette er hovedgrunnen til at me hev havt so stor og god ei tid. Det er ei uvisneleg æra for denne byen, at han hev gjeve fedralandet mange sovorne dådsmenn, W. Christie, Ole Bull, Henrik Krohn, Edvard Grieg, Claus og Armauer Hansen, Christian Michelsen og fleire.

    Di friskare og betre folket er, di høgre set det slike dådsmenn og slik dåd. Ikkje minst gjeld dette ungdomen.

    I ei streiketid no nyleg tala eg med ein av dei kommunistiske hovdingane våre. «De må då skyna at de lyt taka til vitet på dykkar sida óg,» sa eg; «utan kjem de til å øydeleggja landet.»

    «Ja det er netop det vi vil!»

    «Det kann De ikkje meina,» sa eg.

    «Jo det er netop det vi vil,» sa han.

    Me slutta samtalen med ein gong.

    Hev Noreg vore ei stykmor for borni sine?

    Eg trur ikkje nokon med retto kann segja det. Visst er det so, at ikkje alle kann ha det likt. Sume er rike og sume fatige. Soleis er det alle stader, og det hev vore so til alle tider. Men er det verre her enn elles, og verre no enn fyrr?

    Det er visst ikkje mange stader i verdi det er gjort so mykje til å gjera retten lik og kåri gode for alle som her hjå oss. Likevel er det mykje åfått med alle ting, som Ivar Aasen segjer. Og han veit berre ei råd som verkeleg duger:

 Ver nøgd med luten din,

 um han er no ring,

 og tenk deg at ditt er det beste!

    Men no byter dei det um og segjer:

      Ver unøgd med luten din,

      um han er aldri so god,

      og tenk deg at ditt er det verste!

    Det er ein mann det kann henda det er serleg helsesamt å minnast for oss i desse tider: Henrik Wergeland.

    Hev fatigfolk havt ein betre ven?

    Hev arbeidsfolk, eller husmenn, eller småbønder havt ein betre ven?

    Hev naudi havt ein betre talsmann hjå oss? Hev me i det heile havt ein betre folkeven?

    Tru det ikkje var betre å fylgja slik ein hovding død enn slike som Scheflo og Tranmæl og Olaussen levande?

    Henrik Wergeland var ikkje redd for å segja eit sterkt ord til dei som trælka småfolk og gjorde det tungt for dei. Men han sa og at alle måtte arbeida, og han bar fram so sterkt han kunde den sanningi, at kvar må gjera sitt, og at Gud berre hjelper den som vil hjelpa seg sjølv.

    Karl Marx, den store hovdingen for kommunistane, er so blind for alt høgre liv og alt evigt i mennesket som ein stein.

    Henrik Wergeland lyfter sine strålande augo mot himmelen og ser eit kjærleg faderåsyn der, og veit at me aldri skal døy.

    Noko av det som Wergeland sette aller høgst av alle våre vinningar og eignaluter, var åndsfridomen.

    Kva meiner dei kommunistiske førarar um ein slik ting?

    Med kynisk frimod segjer dei at åndsfridomen skal tynast.

    For eit par år sidan kom eg i samtale med ein kommunistførar og ein skuleinspektør i Oslo um nokre skulespursmål. Kommunisten totte me var svært lite frilynde som ikkje vilde semjast med han i synet på religionsupplæringi i skulen.

    «Frilynde!» sa eg. «Korleis er det med dykk kommunistar? Dersom de fekk makti her i Oslo, so sette de truleg skuleinspektøren her ut or embedet?»

    «Ja det var sant,» sa han, og svor på det.

    «De vil altso reint drepa åndsfridomen?» spurde eg.

    «Åndsfridom! Har vi nogensinde havt åndsfridom i verden?»

    «Ja eg trur me må ha ein grand av det slaget her i Noreg no,» sa eg «når ein slik mann som De kann vera professor,» svara eg.

    Han sa ikkje noko til det.

    Skal kulturen vår gå under? spurde den engelske sogegranskaren Maculay for eit par mannsaldrar sidan. Eg tenkjer at mange spør um det no.

    Me kann ottast det verste.

    Det me no ser bør i minsto tvinga oss til ettertanke.

    Sovande mann vinn ingen siger. Det er tid til å vakna.

    Men vaknar me retteleg og ser ut yver dette stutte kvervande livet vårt, so ser me, at det som skal stå og vara ved, må kvila på ein evig grunn. Mannahjarta er umåteleg i sitt livskrav. Ikkje um me vann heile verdi, fekk me verkeleg fred. Det kann me berre få når me veit oss born av ein evig far. Og berre denne vissa kann i lengdi halda uppe ein godhug og eit andsvar som trengst for alt samfundsliv, både mann og mann og folk og folk imillom.

    Ja denne vissa trengst for oss til å gjeva heile livet og alt vårt stræv ei høgre vigsla.

    Og no er det berre Kristus som kann syna oss Faderen og føra oss fram til ham. Det riket han hev grunnlagt i hjarto, er det einaste som kann berga alt som leva skal. Sløkk dette ut - og jordi er myrk og tom att. I hjarto vil hatet få yvertaket og alt godt samliv verta sundrive.

    No er det reint um å gjera for kommunistane å øydeleggja all religion, og serleg kristendomen.

    For nokre år sidan fekk me ei vitring um det då ungsocialistane laga til ei fælsleg skjemdarherming etter den kristne gudstensta i ein av austlandsbyane våre.

    Og både i Russland og her set no kommunistane i gang eit sterkt arbeid til å riva all kristendom ut av hjarto på born og ungdom. I staden for evangeliet um at ein må elska Gud og sin næste, so skal borni læra at det ingen Gud er til, og at ein skal hata alle som ikkje er proletarar.

    Dei skal laga småringar i kvar klasse til å agitera og spionera og gjera det heitt for lærarane. Alt som ikkje er etter den kommunistiske svartekatekisma skal dei melda til Folkets hus.

    Ei lærarinna fortalde nyleg at ho hadde ein framifrå klasse, men fekk so ein av desse små spionane til seg, og han skjemde ut alt for henne på ei liti stund. Borni vrengde um salmane og songane for henne, og i staden for at dei fyrr hadde sunge med frygd og gleda: Ja vi elsker dette landet, so tok dei til å syngja: Ja vi hater dette landet. So kunde dei ikkje syngja fedralandssongen meir.

    Er det ikkje sant at det vakraste syn me kann sjå på den største høgtidsdagen vår, det er desse store skarar av born som går med kvart sitt litle norske flagg og lyfter det upp og syng, so me skynar at hjarto deira bankar for dette merket. Det er det norske merket, og der står krossen rein og klår, til vitnemål um kva det er som retteleg skal lyfta folket: Kristus skal vera konge, den store livskveikjaren. No skal dette vera slutt. Men vert det slutt: Er folket so det same etterpå? Då vil folket vårt ha levt si tid til endes.

    Men dette kann me ikkje vilja. Heretter som fyrr må det vera noko av det største som tenkjast kann at me samlar oss til arbeid og verjemål for heimane våre og landet vårt. Og som tidi no er, må det vera ein skyldnad for oss å ropa ut: Vakna upp! Sjå ut, og ver på vakt! Tidi er vond.

    Og berre dei som vil vaka og arbeida kann vinna.

    Sovande mann vinn ingen siger.



Kjelde: Lars Eskeland: Til vern. Fyredrag ved Fedrelandslaget sit åpningsmøte i Bergen, Oslo 1929.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen