VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Er det behov for omfattande kommunesamannslutningar?

av Liv Signe Navarsete, ,
Konferanse for Lokalsamfunnsforeningen for lokaldemokrati og desentralisering
Innlegg | Kommunepolitikk, Distrikt, Kommunesammenslåing, Desentralisering

Godtfolk!

Takk for invitasjonen!

Me politikarar blir ofte skulda for å snakke oss unna spørsmål. Ikkje klare å si klårt ja eller nei til problemstillingane me får lagt føre oss. Eg har ingen vanskar med spørsmålet de stiller meg her: Til spørsmålet om det er behov for omfattande kommunesamanslåingar i Noreg, er svaret mitt eit klårt og tydeleg nei.

Eg reknar ikkje med at det kom som nokon overrasking på dykk!

Debattar om kommunestruktur er ofte lett gjenkjennelege. Ordskiftet får fram velkjende konfliktlinjer.

Mange reformentusiastar argumenterar for at me har for mange og for små kommunar. Me har 429 kommunar i Noreg, snart 428. Nokre er store og mange er små. Men me har faktisk korkje spesielt små kommunar om me ser på geografi, eller spesielt mange kommunar når me samanliknar med andre land.

Nokon meiner at det er ei god utvikling å sanere den kommunestrukturen me har i dag. Det snakkast om 100 kommunar.

Nokon peikar mot Danmark og deira strukturreform. Danmark gjekk frå 271 til 98 kommunar gjennom ein sentralstyrt reform. Erfaringane i Danmark er varierte, og vi kan ikkje leggje desse til grunn for dei norske tilhøva. Nokre undersøkingar frå Danmark syner at fire av 10 lokalpolitikarar er misnøgde med reforma. Politikarane meiner at avstand mellom borgarane og politikarane er blitt for stor - og at byråkratiet har fått meir makt. Andre undersøkingar syner at innbyggjarane heller ikkje er nøgde med reforma.

Det er nett dette eg er redd for: Ved store samanslåingar, er eg redd at folk ikkje kjenner at dei blir høyrde, får gjennomslag. Då forsvinn engasjementet. Grenser er slik sett ikkje viktige, men kvar enkelt må ha tru på si bygd, sin kommune. Tru på utvikling nett der.

Den førre regjeringa forsøkte å få kommunar til å slå seg saman ved å gje dei bru- og vegpengar. Eg ynskjer at me skal byggje bruer og vegar uavhengig av kor kommunegrensene går. Og det kan jo skje at brua etter kvart fører til at innbyggjarane og politikarane ynskjer å slå saman kommunane. Det er eg ikkje imot. Eg meinar at det er god samfunnsbygging å ta ting i ei slik rekkjefølgje. Slike initiativ må ein ta lokalt!

Ta til dømes Mosvik og Inderøy i Nord-Trøndelag. Skarsundbrua blei opna i desember 1991, og batt saman kommunane. Brua blei delfinansiert med bompengar. I mai 2007 var brua ferdig nedbetalt. Då meinte politikarane i kommunen at det var på tide å vurdere samanslåing.

Det er bra med debatt om utfordringar i kommunane. Det er viktig at me set kommunal organisering og tenester under debatt. Då er det naturleg at me snakkar om kommunestruktur, storleik og kva for velferdsutfordringar kommunane står overfor. Men mange debattantar overser i sin iver etter reformer at kommunane, også dei små, allereie gjer ein god jobb og leverar mykje god lokal velferd.

Ei slik effektivisering økonomane snakkar om, vil utan tvil bety sentralisering. Folk bur der dei bur. Skal ein spare pengar på å slå saman kommunar, må ein flytte folka, og det vil bety ei sentralisering.

Djupast sett handlar dette om å ta vare på og utvikle Noreg. Historisk har dette vore viktig ut frå militærstrategiske grunnar, men og ut frå omsynet til sjølvforsyning og kulturlandskapet. Styrken i det norske samfunnet ligg i at me brukar heile landet. Slik får me det beste ut av ressursane i naturen, i kulturen og i menneska.

For å få det til, treng me sterke kommunar. Kommunar som sikrar ei god organisering av kvardagslivet til innbyggjarane, også der det er spreidd busetnad. Men me treng også kommunar som er i stand til å drive lokal utvikling, sikre lokal identitet og vere den lokale motoren.

Eg tek meir enn gjerne debatten om korleis me skal sikre velfungerande kommunar i åra som kjem. Men la ordskiftet vere basert på fakta, ikkje mytar og manglande innsikt i norsk geografi og samfunnsstyring.

Om små kommunar manglar fagfolk, vert det hevda det er fordi dei er for små. Når store bykommunar manglar dei same fagfolka, er det ingen som nemner storleik - då er det for få fagfolk!

Me kan dra inn ein parallell til helsevesenet. Ei mengd lokalsjukehus er nedlagde fordi fagfolk og byråkratar meiner dei er ein risiko for pasientane. Ingen hevdar at hendingar på store sjukehus har skjedd fordi sjukehuset er for stort eller for lite.

Ein av desse mytane er at småkommunane ikkje kan takle nye utfordringar og reformar. Slike innvendingar har vore fremja i over hundre år. Samstundes har kommunane gong på gong vist at dei kan utvikle seg i takt med nye velferdsoppgåver. Me ser det nettopp i samband med samhandlingsreforma. Det var ingen statleg oppfinning. Det var små - og større - kommunar med lang veg til sjukehus som starta med eigne lokalmedisinske senter. Dette syntes ein frå statleg hald var ein så god ide at det blei statleg politikk! Det er ein vinn - vinn - situasjon for både kommunane og staten.

Kommunar av ulik storleik har funne saman og utvikla gode løysingar som sikrar nærleik, kvalitet og effektiv ressursbruk.

Ein annan myte er at interkommunalt samarbeid trugar folkevald styring. Slikt samarbeid står for ein liten del av driftsutgiftene og det handlar om drift og forretning, til dømes IKT og revisjon. Dette gjeld i både store og små kommunar. Det gjev ikkje noko demokratisk underskot å samarbeide om slikt. Dei oppgåvene som går er viktige for folk flest, kjerneoppgåvene helse, omsorg, skule og barnehage, blir drivne av den enkelte kommune. Unntaket er barnevern, og på det området meiner eg samarbeid ofte er ei god løysing for alle partar. Det er politisk styring over velferdstenestene. Lat oss vere edruelege når me diskuterer dette!

Nok ei myte er at færre kommunar vil bety betre og billigare tenester. Kommunegrenser kostar ikkje pengar. Det er det busetnadsmønsteret som gjer. Innbyggjarane skal ha sine tenestar, uavhengig av kommunegrensene. Det er heller ikkje administrasjonskostnadene i dei minste kommunane som tynger driftsbudsjetta.

Om innbyggjarane i kommunar med spreidd busetnad skulle bli flytta til nokre få oppsamlingsstader for velferdstenester, ville me fått ei kraftig sentralisering. Me ville nok fått ein økonomisk gevinst ut av dette. Men landet ville blitt noko heilt anna enn det Noreg me kjenner i dag.

Nokre, som til dømes Civita, peikar på at sentralisering kan vere eit gode for å oppnå økonomisk rasjonalitet. Dei skal ha honnør for at dei ikkje legg skjul på at det er deira mål. Men kva med dei andre verdiane som ligg i å ha ein kommunestruktur som no?

Kva skal til for at me framleis skal ha lokalsamfunn som legg til rette for deltaking og nyskaping? Som er attraktive for gamle og nye innbyggjarar? Som er romslege og opne for innbyggarane og deira behov? Og som evnar å rekruttere og halde på gode medarbeidarar og leiarar?

Innbyggjarane opplever ikkje kommunestrukturen som eit problem. Dei mest nøgde er innbyggjarane i dei minste kommunane. Dei er nøgde med omsorgstenestene, og med skule og barnehage. Analyser av KOSTRA-tal syner til dømes at små kommunar ikkje har lågare del fagpersonell enn storbyane. Eg vil og nemne lokaldemokratiundersøkinga frå KS og KRD som syner at demokratiutfordringane er større i store kommunar.

Eg kjenner heller ikkje til at det er noko unisont krav i næringslivet i distriktsnoreg å få større kommunar. Og eg kjenner til undersøkingar som syner at næringslivet i små kommunar ser det som ein fordel at det er kortare veg inn til kommuneadministrasjonen, og at ein får direkte kontakt med viktige beslutningstakarar i politikken raskt.

Fleire, som NHO, peikar også på ulike utfordringar, mellom anna demografi og kompetanse, som norske kommunar møter i sin kvardag. Men dette er utfordringar som både store og små kommunar står overfor.

Eg er altså ikkje fanatisk motstandar av kommunesamanslåingar. Men eg ynskjer å løfte fram at dei mindre kommunane har ein verdi i seg sjølv. Dei er raske til å snu seg rundt - såkalla omstillingsdyktige - då dei er nær innbyggjarane. Og for dei store velferdsoppgåvene sin del, løyser dei desse godt. Dei er viktige samfunnsutviklarar. Ein NIBR-undersøking har tidlegare vist at små kommunar har lettare for å tilpasse tenestetilbodet sitt ved behov. Dei små får gjort mye medan dei store framleis driv og snur seg rundt.

Og dessutan eg ynskjer ikkje å sitte på mitt kontor i Oslo og forsøke å påstå at eg veit best korleis kommunane bør organisere seg i vårt langstrakte land. Det trur eg lokale innbyggjarar og politikarar veit best sjølve.

Ei sentralstyrt samanslåing, også under dekkje av såkalla økonomiske gulrøter, vil ikkje fremje velferd, omstilling og lokaldemokrati. Det er å kaste vrak på dei verdiane som kjenneteiknar Noreg. Verdiar me treng for leggje til rette for livskraftige lokalsamfunn og ein velfungerande nasjon.

Det finst dømer på at tvang kan vere eit dårleg utgangspunkt for god samfunnsutvikling og identitetsbygging. Som Fredrikstad der det blei danna lokale lister som hadde sitt utspring i prosessane rundt tvangssamanslåingane. Nei til storkommune har under ulike namn vore representert i Fredrikstad bystyre.

Ja, det finst utfordringar i Kommune-Noreg - trass i at Noreg er eit "lykkeland" i internasjonal samanheng.

Men kommunane er blant dei største og viktigaste tannhjula i velferdsmaskina. Dei er ein garanti for at innbyggjarane over heile landet får gode og likeverdige tenester. Og det meste i kommunane er faktisk veldig godt.

Folk er folk. Me treng alle kjensla av å høyre til, av å vere del av noko. Kanskje bør også dei største kommunane fokusere meir på det lokale, på bydelsnivå, framover. For å byggje identitet og det engasjementet den spirer til. 

Me treng lokalsamfunn som står saman og som samarbeider.

Takk for meg!

Kjelde: www.regjeringen.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen