VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Distrikts-Norge og EF

av Johs B. Thue, ,
Europabevegelsens konferanse om "Norge, EF, Europa og distriktene".
Innlegg | EU, Europa, Norge, EF, Distrikt

Vi er på veg inn i en ny EF-debatt i landet vårt. Nokre av oss har sett at denne debatten ville koma, og freista å orientera oss i eit nytt lende. I ein slik orienteringsprosess vil mange omsyn telja, og ein må vega mange ulike faktorar mot kvarandre. Omsynet til framtida til Distrikts-Norge høyrer til i denne avveginga. For mange av oss - som i det daglege politiske kvardagsarbeidet møter problema i utkantbygdene - vil kan henda framtida til dei grøne grendene langs fjordane, på fjellgardane og ut med utskjera telja mest av alt - akkurat som i 1972. Og nettopp etterprøvinga av standpunktet frå 1972 er eit vesentleg element for meg. Og utgangspunktet for denne etterprøvinga er framtida til bygdene våre. Desse bygdene bur vi i, og vi er glade i dei. Og ingen må koma å skuldast oss for at vi vil leggja desse bygdene øyde. I alt politisk arbeid til no har drivkrafta for mange av oss vore å forsvara heile det settet av verdiar som distrikta har eigd og framleis eig.

Ein treng ikkje omfattande innsyn i kompliserte samfunnsmekanismer eller demografisk vitskap for å kunna hevda trygt at stoda for storparten av dei norske bygdene er problematisk i dag. Mange lokalsamfunn står i røynda på kanten av eit stup. Særleg gjeld det på Vestlandet og i Nord-Norge. Vi som kjempa for dei grøne verdiane, for levande bygdesamfunn og for landbruket og fisket i 1972 - og sa nei då - fordi vi var skeptiske til om vi ville oppnå varige særordningar for fiske og jordbruk, har opplevd 1980-åra som eit møte med 15 års gamle spøkjelse eller vonde vette. Men no har desse spøkjelsa ikledd seg kjøt og blod. Mest alt av det som vi ottast ville skje med bygdene innandfor eit europeisk fellesskap, har vi møtt - utan EF-medlemskap - ved skiftande, nasjonale regjeringar, der mest alt som finst av distriktsvennleg parti i landet har fått prøvd seg. Og dei mest distriktsvennlege i tankar og ord har vore verst. Gjerningane uteblei. For kva ser vi rundt oss? Folk flytter frå bygdene i strie straumar; heile folketilveksten samlar seg i Oslo/Akershus, Stavanger- og Bergens-området. Kysten - også på Vestlandet - er i krise. Jordbruket skrantar. Berre frå 1979 til 1986 gjekk talet på brukseiningar i jordbruket i Sogn og Fjordane attende med 16 %. Dette skjer - og har heile tida skjedd - innanfor rammene av ein såkalla nasjonal politikk. «Bondevennligheten har ingen hukommelse» har historikaren Hans Fredrik Dahl sagt. Det ligg ei djup sanning i den formuleringa særleg dersom hukommelsen rekk attende til 1972.

Eg finn det vidare nødvendig å understreka at sidan 1972 har vi opplevd den mest omfattande internasjonaliseringa av norsk økonomi i heile den spennande og mangfoldige soga vår. Den internasjonale monopolkapitalen, som vi også ottast og skalv for i 1972, tek vi no i mot med opne armar, og ser på den som ei stor velsigning. Vetlefjordutbygginga i Sogn og Fjordane og Etna/Dokka-utbygginga i Oppland er valutafinansiert. Ikkje ein gong dei mest kapitalfiendtlege kreftene i fylkestinga i dei to fylka tok til motmæle mot det. Tvert om er stoda slik at eg som fylkesleiar i det største politiske partiet opplever at det er ein enorm etterspurnad frå næringslivet i fylket etter lån i utlandet. Norges Bank og Finansdepartementet kan stadfesta dette. Nødvendige omstillingstiltak på bygdene våre er rett og slett avhengige av valutalisensar. Utanlandsk kapital er beint fram mykje rimelegare enn den norske, som i tillegg vart øydd bort på ein utyrleg og vill kredittfest. Den nasjonale kapitalen hadde ikkje så blåe auge som vi trudde i 1972, og den kjenner ingen landegrense - uansett. Møtet med gamle standpunkt er ikkje berre pinleg. Du kan få kaldsveiten fram av mindre.

Den mest folkekjære diktaren i mitt gode og kjære heimefylke - sunnfjordingen Jakob Sande - formulerte seg ein gong slik i hyllingsdiktet «Til den norske landarbeidaren»:

«Inn under fana frende, 
by og land kom i takt, 
få er vi trælebrende - 
samla ei sigersmakt.»

Eg kjenner det no slik at forholdet mellom byane og bygdene våre dagleg vert sett på harde prøvar. Det er en liten vilje innanfor det sentrale styringssystemet - og då inkluderer eg også sterke organisasjonar som LO, NAF og landbrukssamvirke - til å føra ein politikk som skaper pågangsmot, vilje til satsing og framtidstru på dei norske bygdene. Overføringane til distrikta vert i hovudsak sett på som rota til alt vondt i dette samfunnet. I EF derimot ser distriktspolitikken ut til å liggja så noenlunde fast. Dei svære overføringane der liknar meir og meir på varige særordningar - for bøndene langs med det blåsige Middelhavet, som vi stundom vitjar og finn god kvile ved. Men det er langt frå dei kvite strendene langs med Middelhavets kystar til Jakob Sande og Kobberskjeret i Dalsfjorden i Fjaler kommune i Sunnfjord prosti - ein av dei hardast truga kommunane i landet. Mitt poeng med dette er å hevda fylgjande: Den norske distriktspolitikken i 1980-åra er ikkje mykje å skryta av lenger i internasjonal samanheng. Dei ulike verkemidla i distriktspolitisk samanheng er spreidd på ulike departement, på råd og utval og fonds av ymsande storleik. Ingenting heng i hop og vert sett i samanheng.

Mitt utgangspunkt - også i mi eiga omprøving av standpunktet mitt frå 1972 - er at eg har ei uendeleg sterk tru på dei norske bygdene. Denne sterke trua knyter seg til næringslivet på bygdene, til bygdene som bustad for unge og gamle, til det sosiale nettverket som har makta å halda på, til kulturen vår, til kulturlandskapet, til «dei grøne lungane» som bygdene våre er også i europeisk samanhang - og ikkje minst til ressursgrunnlaget vårt. Vi forvaltar i dag verdiar som stendig vil bli meir etterspurde - både i nasjonal og internasjonal samanhang. Eigentleg står dei norske bygdene i eit slikt utsyn omflødde i eit solhav.

Oppsummert så langt: utviklinga i det norske samfunnet har synt at mest alt av det vi trudde på av verdiar i 1972, har blitt skusla effektivt bort av vår eigen nasjonale politikk. Vi trudde på ei sterk nasjonal venstreside, vi ottast den internasjonale monopolkapitalen, vi trudde at nei-standpunktet vårt ville styrkja ungdommens radikale haldningar. Vi trudde at nei-standpunktet vårt ville skapa blømande bygder, og at flittige hender skulle få arbeid i fiskeværa våre. Dersom vi altså etterprøver standpunkta våre frå 1972, kan vi i sanning nytta diktarens ord om at vi held ein skikkeleg dommedag over oss sjøl og våre kjære åndsfrendar. Og dommedagen gjeld distriktspolitikken fyrst og fremst. Kort og godt, og det er mitt viktigaste bodskap til dykk alle: 1972 er ikkje 1988. I tillegg kjem - også som ei oppsummering - at vi som bur på bygdene, held på å bli overkøyrde av ein billig argumentasjon frå ein sentrums- og byorientert, nasjonal politikk. Bygdene - ikkje minst på Vestlandet - yter sin del til den nasjonale økonomien i form av eksportretta produksjon som gir oss grunnlag til å fordela verdiane til dei mange. Vi må ha sjøltillit nok til å halda fram at verdiskapinga i samfunnet vårt er ein del av vår styrke. I ein framtidig politikk må vi vidare ha sjøltillit nok til å gå laus på å reindyrka dei gode særdraga våre. Etter mitt skjønn kan vi ha minst like gode mulegheiter til å gjera det innanfor ein større europeisk kulturkrins som innanfor ein nasjonal. For nøyaktig hundre år sidan verka ein av dei største tenkjarane som landet vårt har fostra.Han heitte Arne Garborg. Om han er det skrive fleire doktoravhandlingar. Ei slik avhandling har undertittelen «Jærbu og europear». Det kan også vera eit utgangspunkt for vår nye orientering ut over. Det kulturelle utvekslingsprogrammet mellom ulike regionar i Europa i dag står for meg som spennande og utfordrande. Idérikdom er den største av alle mangelvarer på dei norske bygdene no. Vi treng impulsar. For meir enn hundre år sidan tala ein husmannsgut or Vinje grend i Telemark kor viktig det jamt er å bryna seg sjøl mot «Verdsens Det Store Vit».

Vi observerer likevel at gradvis - og takk og pris - så orienterer delar av næringslivet seg - bortsett frå jordbruket - meir og meir mot ein større marknad. Vi har heile samfunn som er avhengig av å kjempa på ein internasjonal marknad. Aluminiumsbygdene våre er slike samfunn - utskjelte som dei er og har vore, men dei gir oss i dag valutainntekter i ein storleiksorden på linje med oljeverksemda. Den nye vekstnæringa - havbruket - der vårt fylke har mellom dei beste føresetnadene i heile verda - kjempar dagleg på den utanlandske marknaden - og vin dagleg. Likevel er det slik at tollmurar fører til at også denne næringa er i ferd med å få eit eksportbilde, der vidareforedling innanlands mest ikkje tel noko. Det er typisk for stoda det som ein fiskeeksportør frå Måløy nyss gjorde merksam på: innanfor fiskeria i Norge skaper ein arbeidsplass på fiskefeltet/havbruket ein arbeidsplass på land. I EF skaper derimot ein arbeidsplass på feltet fem arbeidsplassar å land. Dette fortel oss kva vi har å vinna ved å orientera oss mot ein større marknad. Målet vårt må jo vera å kasta frå oss hamen som råstoffleverandørar og satsa maksimalt på å vidareforedla dei enorme lokale og regionale ressursane som vi rår over og forvaltar. Berre då vil vi kunna skapa dei arbeidsplassane som vi må få fram i 1990-åra dersom bygdene våre skal overleva. For styrken vår i dag ligg akkurat på dei områda av næringslivet, der vi har makta å nytta ut ressursane fornuftig. Og Sogn og Fjordane er så uendeleg rikt på ressursar. Vi treng ikkje ottast ei ny tid og ein større marknad. Men føresetnadene våre for å lukkast er nettopp at vi får høve til å nytta ressursane våre fornuftig, og at vi ikkje jamt må gå først og bera krossen i alle vernesamanhengar. I tillegg må vi letta litt på det sløret som heiter marknadsskjerming, og vi må ikkje regulera vekstnæringar i utkantane bort i parodien. Eg finn det rett å understreka at det siste synspunktet som er no hevdar, er heilt i tråd med den nye retninga for økonomisk politikk som landsmøtet i Det Norske Arbeidarparti drog opp i mars i 1987. Innanfor den sosialdemokratiske ordbruken nemner vi gjerne dette for «den tredje vegen». Det står att å setja den ut i livet i fullt mon. Mange av oss gler oss intenst og hjerteleg til den dagen.

Etter mitt skjønn er viljen til nytenkjing - og å akseptera det nye - kan henda det viktigaste av alle kulturfenomen. Dette er ein observasjon eg har gjort som aktiv lokalhistorikar. Dersom vi i all tid skal halda fram med å mura barrikadar rundt fastfrosne strukturar t.d. i landbrukspolitikken og i industripolitikken, så endar vi tilslutt opp med eit A-lag og eit B-lag i næringsmessig samanheng. A-laget er opne for nye impulsar, omstiller seg i takt med tida og legg vekt på produktutvikling. A-laget skaper verdiar. B-laget derimot held på det gamle, og har organisasjonar som stort sett ser på det som si oppgåve å forsvara dei gamle strukturane. Ropet derifrå i eit massivt krav om subsidiar og støtteordningar. B-laget tærer på verdiane som A-laget har skapt. Alle veit kven dette råkar. Stort sett er dette ein situasjon som vi alt ser konturane av i dagens Norge. Eg ynskjer næringsmessige A-lag på dei norske bygdene. Med større tru på eigne krefter, med vilje til omstilling og med vilje til å akseptera at vi må produsera det som løner seg for oss, vil vi finna såkalla segment i marknaden. Her saknar eg også større fantasi. Somme næringsmiljø i Finland seier at galskapen - den dristige satsinga - kan vera den mest skapande av alle krefter. Eitt er i alle visst og sikkert: Vi kan ikkje stella oss slik stort lenger at delar av næringslivet i det norske samfunnet tærer på fellesskapet i staden for å skapa for fellesskapet.

Når nokre av oss har signalisert at vi ser på Europa annleis i dag enn i 1972, har det med ei helt bevisst haldning å gjera. Vi vil ikkje gå inn i noko nytt med bind for augo, og dersom vi skal gå inn i det nye i 1990-åra, så må vi ta til å førebu oss no. Dei samfunnsmessige investeringane må siktast inn mot infrastrukturtiltak som rustar oss opp i staden for å arma oss ut. For oss i Bygde-Norge betyr dette at kommunikasjonane må betrast radikalt. Eksportnæringane på kysten kan ikkje leva med dei kommunikasjonsforholda som rår i dag. Fleire bygder treng veg. Reiselivet treng flyplassar. Poenget mitt er at vi må førebu oss til ei ny tid etter ein gjennomtenkt handlingsplan. Og det hastar difor med å ta standpunkt til det nye.

Kjelde: Europabevegelsen i Norge: "Norge, EF, Europa og distriktene". Oslo 1989, s. 11-15.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen