VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Austlandsk reising - norsk samling

av Sven Moren, ,
Tale på årsfesten i Noregs Mållag

I den store folkelyden som er samla her idag ser eg kjenningar fraa alle landsluter, fraa Austland og Vestland og Nordland og Sørland og Trøndelag. Mange har havt utlange vegar aa fara før dei naadde hit til denne stemna. Det syner, at maalrørsla har makt til aa samla - at de har teke kostnaden og møda med aa fara hit. Velkomne skal de vera!

Aaja. Det er stort dette lande. Her er langt millom gardane, og enda lenger millom bygdene. Og fjell og fjord stengjer fylke fraa fylke. Og saa vart det gjerne til det, at bygdebaten gjekk føre landsbaten, og fylkestankane skygde for dei store landstankar.

Likevel har det synt seg i dei siste aara, at ungdomen meir og meir har lært at det gjeld aa staa saman. Og national samling har som regel altid vaare vaar einaste nasjonale berging. Vi lærde det i 1814. Vi laut lære det omatt i 1905. Vi har røynt det i all den strid som ligg imillom desse to aarstala. Vi lyt lære det no og - i dei spursmaala som endaa ligg uløyste.

Eg er glad fordi eg paa denne store stemna kan faa høve til aa bera fram det spursmaale som til no har vore og er den sterkaste reisingsmakt i den frilynde ungdomsrørsla: maalspursmaale.

Det er eit stridsspursmaal. Javel, det er saa. Men i vaart nasjonale framgangsstræv har vi aldri vunne ein tomme utan strid. Og det er verkeleg somt no som tyder paa at det skal lukkast aa lyfte dette spursmaale og ut or partistrid og bygdesyn og inn i det historiske langsyn og vidsyn som berga oss saa ofte før.

Vestlande er snart ferdig. Trøndelagen og Sørlande kjem vonleg snart etter. Dalane har og vore med lenge no og gitt sitt tilfang, ikikje minst i literaturen. No kjem flatbygdene med eit maalkrav. Dei kjem i den ellevte timen; men dei kjem vonleg saavidt tidsnok for det.

No er det saa at det norske maale lenge har havt eit fast skriftmaal, ein normal, som har vunne hevd i skulen, i administration og i literaturen. Austlendingen har likevel ikkje funne seg heilt tilrettes der. Han har faatt for lite rom til sine sermerkte bygdemaal. Og det har ikkje vore teke nok omsyn til fleirtals-talemaale i lande. Difor kjem dette krave no: Austlandsk reising! Ja, det er godt. Det peikar i rett leid. Det spaar at alle no etter kvart kjem inn paa den vegen som altid fører til norsk samling.

Austlandsk reising - det skal vera norsk reising paa Austlande. Det skal ikkje vera ei reising i mot Vestlande, men ved sida aat Vestlande. Ære vera vestlendingen for det eldige arbeid, den store kjærleiken og den store offerhugen som han har synt just i dette! Og det er skam og skade, at det enno fins folk paa ymse sider aat fjelle som prøver aa reise unaturlege grenseskil millom oss og dei paa den andre sida. Vestlandsungdomen - soleis som eg kjenner han fraa møte og samver gjenom mange aar - han vil ikkje misty ei ærleg og sterk austlandsk reising. Han vil vera den fyrste til sa sjaa at det just er dette som maa til. Det er ikkje nok at havet baarar i tungemaale, eller at jøkulen blaanar i det. Nei. Heile lande maa spegla seg der, Glaama maa blenkje i det. Skogbygdene maa suse i det. Breibygdene maa vogge sin rikdom av gyllne aks igjenom det. Til og med byen skal vera med og fylle det med sin larm og sitt sterke arbeidstempo. Daa først femnar det heile lande og samlar det.

No som før er det sjølvsagt mange som ikkje tør setja foten inn paa den vegen som fører fram til full norskdom. Dei ser at det ber dit. Og dei ropar i harme og avmakt: Spraaget i fare! Aaja, dei kan ha rett i det. Det «spraag» som fekk fotfeste her i lande i vaar laakaste vannmaktstid - det er i faare! Det er i oppløysing. Det taaler ikkje den norske børen som driv innover det. Det er som ei gamal skute med rivne segl. Ein vakker dag orkar ho ikkje farten over Skagerak lenger, men legg seg til ro ned i Peppervika.

Dei prøver aa fiffe det opatt med nye namn, altid med nye namn, det eine grommare enn det andre. No er det «spraaget». - Spraaget - kvar konfirmant i lande skal no veta kva det er og kvar det er kome ifraa. Soga har lært oss det. All autoritet i nordisk maalgransking har sagt det. «- Det er en avgrening av det gamle danske maal og bør rettelig hede norsk-dansk, altsaa dansken saaledes som den tales og skrives i Norge*)» Dei har prøvt aa bøta paa det med fornorsking. Men det er etter maaten lite dei har vunne paa den vegen. Skal vi halde paa i 50 aar til før vi naar liksaa langt, saa vil det som skal vera grunlage, det berande norske talemaale, døy eller ta skade, før «spraaget» har vorte norsk. Ein kan ta norske ord ibruk. Og skifte inn harde konsonantar, det er lite hjelp i det. For det er ikkje bokstavane som skapar tungemaale. Det er dei lover som maale fylgjer, og dei grenser som desse lovene sett imot andre maal. Eit maal er ikkje ei maskine som ein kan tukle med som ein vil. Eit maal er ein levande organisme. Det er som eit tre som fylgjer sine eigne voksterlover. Ein kan nok pote inn kvister av andre tre; men ein kan ikkje pote saa lenge at treet skifter natur og vert heilt opp nytt. - Det var vel dette Bjørnson saag og, daa han ut ifraa sitt syn sa, at «fornorskingen» er den store feiltagelse».

Det syner seg elles no som før, at naar det ber til stykke saa vil ikkje storparten av riksmaalsfolka veta av fornorsking. I fredstider og saaleis «mellem slagene» talar dei vakkert om sin «kjærlighet til dialektene»; men elles gjer dei altid sitt beste til aa tyna dialektane. Nei. Dei som verkeleg for aalvor vil eit fullnorsk maal, del samlar seg um nynorsken. Han har alle føremuner paa si side. Han er beinveges ætta fraa gamalnorsken. Han har røtene sine langt attende i soga - den gamle literaturen, i Edda, i Kongesogone, i segner og visor og eventyr. Og han har sine greiner og blad inni alle levande talemaal i lande.

- Rosemaaling! ropar Knut Hamsun. - Bukkehorne! Aaja, faakunna segjer mangt naar ho skal gjera seg til for mugen. Var det ikkje saa at vi nyst song «Du gamle mor?» Er det bukkehorne som skrell i denne songen?»

«Det er graatt,» sa Bjørnson. Det norske maale er graatt! Kva tykkjer de godtfolk, um eit ord som «gaarden». Det er eit ord ifraa «spraaget». For meg er det eit graatt ord. «Gaarden» - han ligg langt ned paa slettelande - paa tung jord - med laage og tunge hus. Men garden - han ligg oppi lia, oppi sollia over elva eller sjøen mot brune steinrøyser og blodraude raunebær og born i solveggen og geiter paa laavebrua. Han er norsk! Garden - sola blenkjer i rutune og fuglane syng i skogen. «Spraaget» - aanei det har ingen gard. Det lyt nøgje seg med ein gaard. Det har inga geit og inga laavebru. Det lyt nøgje seg med «en gjet paa en bro». Det norske maale har mange strengjer. Det er eit herlegt maal for poesi. Hadde Knut Hamsun sjølv havt eit slikt bukkehorn so hadde han sloppe aa spela saa grunnfalsk paa det ustemte og utpinte husorgelet i «Aftenposten». Vaaren gir seg elles ikkje stunder til aa laane instrument. Vaaren spelar paa alt millom himmel og jord - paa bukkehorn, paa siljufløyte, paa næverlur, paa fele - og i kvar syngjande fuglebringe i skogen.

Og den store kunstnaren set seg ikkje ned og flirer aat siljefløyta og bukkehorne, han gaar inn i vaaren og fangar inn i sin vare og varme hug alt som spelar og syng der. Og han prøver sjølv aa finna form i det stillferdige løyndomsfulle orde som løyser seg paa folketunga, morgonfriskt som doggdropen i graset. Og det finst ikkje ord saa veldig som det folke sjølv har skapt i inderleg og intenst samliv med vaar og vokster. Det burde ein kunstnar som Knut Hamsun sjølv forstaa.

Alle kulturmaal i verda har vorte til paa denne maaten, har vakse opp or folkedjupe og vorte vyrdsla og stelt av skaldar og kunstmenner. - Og di rikare grunnlag - di større framgangsvon for alt det som eit skriftmaal skal tene.

Kven eig rikare grunnlag aa bygge paa i saa maate en vi? Det norske maale er eit av dei rikaste og reinaste og fagraste av alle germanske maal. Spør dei som har granska det! Spør vitskapsmennene! Og spør dei som skjønner seg paa musik! - Spør dei samstundes korleis det har seg med «spraaget» i saa maate. Du vil faa eit svar som i sanning gir mykje aa tenkje paa.

Dei talar om kulturen. Eit norsk skriftmaal bygd opp paa talemaale i bygd og by vil stenge oss ute fraa kulturen.

Kva er kultur? - Kultur er ikkje laan. Kultur treng heller ikkje vera sameige med andre folk. Kultur - det er vel helst dyrking av det som ein sjølv èl. Og aldri har det hendt at eit lite folk ikkje kom med, ikkje fekk gi sitt eller ta imot sitt av det aalmenne kulturlive fordi det heldt fast ved sitt eige talemaal. Det var i dei store nasjonale reisingstider i vaart land som i andre land at folke magta aa gi mest til det aalmenne kulturlive.

- Steinalderfolk, ropar Knut Hamsun, naar han ser oss maalstrævarar - gjenom mikroskope. Med begge augo ser hans oss aldri.

Det var ein gong ein maalstrævar som heitte Aasmund Olavsson Vinje. Aaja, han var graa og skrinn. Klæda hans var ikkje skorne etter siste moten. Men har det nokonsinne i Noreg levt ein mann som i si vare diktarsjel spegla alle tidsens tankar og stemningar saaleis som han? Aldri. Stod han ikkje just som talsmann for Europakulturen i den fyrste brytingstid millom romantikken og realismen? Og kven har vore vaar største læremeister og tuktemeister til kultur i den siste mannsalderen? Er det ikkje maalstrævaren Arne Garborg?

- Steinalderfolk! Kven er det som arbeider for kultur utover bygdene? Kven er det som les mest, og fylgjer si samtid i samhug og spaning, og sjølve er med, og tek dei tyngste tak der folk arbeider seg fram til betre livskaar og fagrare livsformer? Svare kan de gi, alle de som sjølve møter som talsmenner for kulturarbeide i bygd og by rundt heile Noreg.

I lange tider har det vore nytta som ei orsaking for oss austlandsfolk, at det norske skriftmaale var eit vestlandsmaal. Det høvde ikkje oss. Vi stod anten imot det. Eller vi stod likesæle. Det har vore eit umaateleg tap for oss sjølve, men og for norsk nasjonal reising i det heile. No spøkjer det for, at det beint fram kan bli eit uboteleg tap.

Sjølvsagt maatte det norske skriftmaale i dei første aara faa farge av vestnorske bygdemaal. Fordi dei som sette opp rettskrivingsreglane, og dyrka det i bøker og blad sjølve var vestlendingar. Men med tida har det laga seg betre um til vaart og for vaare. Eg skulde vel ha ein liten rett til aa tala um det, eg med, som no har nytta dette maale i tale og skrift i over 20 aar. For meg har «maale» i alle desse aara vore ei naturleg og grei skriftform for mitt eige bygdemaal. Det var somt eg vilde ha anleis. Det var somt eg skreiv anleis - soleis vil det gjerne vera i alle skriftmaal. Og det vart litt etterkvart til det, at dei austlandske og trønderske serkrav fekk større og større fylgje. Desse krav har styremaktene no godkjent. Etter det siste rettskrivingsbrigde er alle dører opne for austlandsk talemaal. No kan vi ikkje lenger skulde paa «vestlandsmaale». Eg elskar nok morsmaale mitt og vil gjerne vera med og halde liv i dialektane men skriftmaale no - nei, takk, det er eit «vestlandsmaal». Nei, det gaar ikkje! Og det er skam at maalkjensla enno er saa veik og uklaar, at slike talemaatar enno kan gaa lause over bygdene her og gjera ugagn. Det gaar heller ikkje an lenger at vi let vaare austnorske bygdemaal veksa vilit og gro fulle av ugras. Dei maa inn under kultur. Vi maa stelle godt og vakkert om den dyre arven som morsmaale er og skal vera - for oss som for andre!

No møter eg rett som det er folk her paa Austlande som segjer at vaart bygdemaal, det er saa utskjemt, det er saa ille medfare og vanrøkt, det er dømt til aa gaa under, hokke som ... Som om ein ung mann vilde segje til meg: Odelsgarden min - hm, ja det kan nok vera, at han ligg lagleg til og høver godt for ætta, men han er nu saa vanbrukt, og det er saa lite staseleg med hus og slikt, eg leiger meg inn i drengjestuga paa den framande storgarden, det er no liksom gjævare, lell det, og saa fell det meir drikkeskillingar. - Nei, saa talar aldri den byrge og ættkjære odelsgutten om sin eigen farsgard. Han tegjer helst. Han tek greve og spaden og bøygjer seg i arbedsbluse over sin eigen odelsgrunn og rydjer seg rom der og bur der trygt og finn sin hugnad og si ære just i det. Og sjølv om han staar og sveittar paa eit smaabruk, og ryggen verker og hendene er saare av slit - han er likvel ein adelsmann, ein prins, ein konge av Guds naade - fordi han er fri og kan stelle med sitt, som han vil og fordi han vert rekna med i det samspel av frie krefter som skaper eit samfund. Er det ikkje den kjensla som reiser og ber og byggjer morsmaala i alle frie folk i verda? Og saa skulde vi i fraa desse gamle bondebygdene med det eldgamle norske talemaale sitja med hendene i fange og late den norske vaaren suse forbi oss. Det kan ikkje vera meining i at bygdemaala vaare skal ligge udyrka. Men skal vi vera med i det store bygverke som heiter Noregs framtidsmaal saa maa vi koma snart. Det er faare for at bygdemaala vert utslitne. Og det hastar med aa fullføre Ivar Aasens samlingstanke.

Dei segjer det er ikkje tider til aa drive maalstræv no. Er det ikkje tider no? Kva er det dei slaast for ikring os? Kva er det for usynlege stormakter som driv all denne ungdom inn i rædsle og liding utan ende. Er det ikkje retten for kvart folk, stort eller lite, til aa leve sitt eige liv og veksa sin eigen vokster. Og naar draumen om ei ny og betre tid rettno tek til aa blenkje over gravene - vert det ikkje den nasjonale livsretten til alle folk dei fyrst og fremst vil krevja rom for?

Ver visse paa det!

Eg har ofte ei underleg og saar kjensle om vaaren. Eg sit aaleine oppi skogbygda og ventar. Eg høyrer gny og sus av vaar i heimebygdene. Og eg spør: kjære kjem han ikkje snart til mi bygd, og? Stig han ikkje rettno over vaare fjell og strør ljos og varme over det botnfrosne vinterland. Men dag etter dag møter eg det same syn; den stivfrosne skogen, dei nedsvulne elvane - vinteren som raar naadelaust over alt som stundar etter utløysing.

Eg lyt tilstaa at eg har den same kjensla no naar eg høyrer døne av den veldige vaarofsen som skakar heile verda. Og so glad som eg sjølvsagt er fordi vi slapp aa verta revne med - er eg likevel rædd at vi ikkje skal faa vaare vokstervoner med naar det stilnar, og sola atter tek til aa skine.

Samling - det taler vi om saa ofte. Og vi veit alle at det er det som trengst og som einast kan berga oss i dei store aalvorstunder. Ein ting kan vi vera visse paa: det vil aldri meir lukkast aa samle norsk ungdom um noko som er i minste maate unorsk. Og aldri, aldri skal det hende at norsk ungdom etter denne dagen samlar seg um eit unorsk program i maalspursmaale. Skal det i det heile vera tale om samling, saa maa vi - no naar soga og framgangen har lagt alt tilrettes for oss - samle oss om det som er norsk.

Det er det sterkaste krav til norsk ungdom no og altid.

*) Professor Falk og Torp i "Dansk-Norskens lydhistorie".

Kjelde: Sven Moren: Austlandsk reising ; Norsk samling. I serie: Foredrag åt ungdomslag nr. 20. Oslo 1924.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen