VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Folkestyrepartiet

av Liv Signe Navarsete, ,
Partilederforedrag på Litteraturhuset
Foredrag | Partipolitikk, Valg, Senterpartiet, Politikk, Ideologi

Takk for invitasjonen til å kome. For ein luksus for ein partileiar, å få framføra ein heilskapleg bodskap utan avbrot og motsegn!

Torbjørn Jagland sa for nokre år tilbake sa at "Ideologiene er døde".

Det er for sterkt sagt. Men i vår tid er det ikkje særleg rom for «-ismane», totalpakkane som har svar på ALT i nokre setningar.

Senterpartiet legg tydeleg vekt på ein del prinsipp i vår ideologiske tilnærming. Desse vil eg snakka om i dag.   

Forteljinga om Senterpartiet er historia om kampen for folkestyre, for jambyrdige kår, individuelt ansvar og langsiktig forvaltning av naturressursane.

Eg er glad for at me er utfordra på å sette vårt eige parti sin ideologi i ein historisk kontekst.

For å forstå eit parti sitt verdigrunnlag må ein forstå den politiske rørsla si historie. Ein må sjå partihistoria i samband med samfunnsutviklinga. Ein må forstå kva som ligg bak interessekampar.

Senterpartiet vart skipa for 93 år sidan. Men eg vil byrja lenger tilbake.

Senterpartiet er vakse ut av den demokratiske bonderørsla. Og nett arbeidet for folkestyre er ei av dei klåraste pilarane i vår ideologi.

La oss starta i 1833. Noreg hadde fått si grunnlov, mange frie vaksne menn hadde fått stemmerett, men me levde enno i ein embetsmannsstat. Etter ei kraftfull mobilisering og delvis ulovleg agitasjon (Kongen tillat ikkje kva som helst av aktivitet, må vite!) fekk bøndene for første gong fleirtal på Stortinget.

Kva var det første dei tok seg til?

Jo; dei trumfa gjennom ei reform av det norske demokratiet. Dei ville flytte makta vekk frå stat og embetsmenn og ned til folket. Dei skreiv Formannskapslovane, lovar så radikale at kongen nekta å underteikna og dreiv uthalingstaktikk.

I 1837 tapte han til slutt, og Noreg fikk etter bøndene sitt arbeid eit nytt, lokalt folkestyre. I ettertid skreiv historikarane at det "fantes på denne tid neppe noen europeisk stat, hvor det kommunale selvstyre var så vel organisert og gjennemført i så vid utstrekning som det ble i Norge ved lovene av 1837".

Kvifor starte historia mange tiår før partiet vart stifta?

Jo - fordi dette er molda Senterpartiet har vokse i. Den demokratiske bonderørsla er vårt opphav. Og arbeidet for folkestyre går igjen heilt fram til vår tid.

Lat meg gje ein del døme på nett det.

Senterpartiet var det første partiet som opna landsmøte sine for pressa og andre interesserte.

Det var Senterpartiet som i Borten-regjeringa innførde pressestøtta. For folkestyrepartiet er det også i dag openbert at landet treng ei mangfaldig flora av meiningsberande aviser med ulikt verdigrunnlag. Lokalavisene har ein spesiell plass. Dei er viktige arenaer for lokal meiningsbryting. Men dei bygger også sterke, lokale fellesskap. Dei er vår tids møteplass, gjev identitet og tilhøyre.

Den same regjeringa innførde Offentleglova. Prinsippet om at borgarar og media har krav på innsyn i politiske prosessar og i grunnlaget for politiske vedtak er ein kjerne i eit opplyst demokrati.

Ei kritisk haldning til byråkrati og offentleg detaljstyring ligg rotfesta i sjela på Senterpartiet. Det handlar på den eine sida om at staten og det offentlege ikkje skal vera større og meir ressurskrevjande enn naudsynt. Bondehøvdingen Søren Jaabæk sine stendige nei til auking av offentlege budsjett på 1800-tallet har og i dag gjenklang i partiet vårt. Men det handlar også om demokrati og folkestyre. Reguleringar og medfølgjande byråkrati står i motsats til vårt verdimessige utgangspunktet der samfunnet består av frie og ansvarlege individ.

Min favoritt valplakat gjennom tidene, er faktisk denne:

 
"Mot kontorstyre og skjemavelde!"

Dette engasjementet fortsett i dag. Til dømes har eg sjølv nyleg fått Stortinget med på at me skal undersøka korleis utviklinga av direktorata har påverka kommunal handlefridom og lokal politikk.

Me har prøvd å vekka debatt om ulike grunnlovsspørsmål, mellom anna forslag om å grunnlovsfeste den norske krona, og jamstelling mellom språkformene våre.

Argument med rot i vårt syn på folkestyre var som dei fleste veit framtredande då me leia an i debattane mot at me på nytt skulle underkasta oss ein union i 1972 og 1994.

At norsk politikk skal utformast og vedtas i Noreg er også i dag kjernen i engasjementet for å seie opp EØS-avtala. Det same når me jamleg må forsvara grunnlovens paragraf 93 (som omhandlar kor stort fleirtal som må til for å avgje suverenitet) mot forslag frå unionstilhengarane, som ønskjer å senke terskelen for å underlegga oss unionen.

Når me snakkar om Sp og folkestyre må me sist raskt innom den kuriøse hendinga i 1959 då Bondepartiet skifta namn. Landsmøtet i partiet vedtok først at me skulle heite "Norsk folkestyreparti (Demokratene)". Det namnet hadde me ikkje lenge. Nokre meiner valtekniske spørsmål kravde ei forenkling. Andre meiner det først og fremst handla om at delegatane då dei kom til seg sjølve etter landsmøtefesten fann ut at namnet vart for tungvindt. Uansett valde dei til slutt Senterpartiet.

Ein kan spøka med hendinga, men ho står for meg som eit godt døme på at vektlegginga av folkestyre heile tida har vore ein kjerne for dei som engasjerer seg i partiet.  

Kva så med historia til organisasjonen Senterpartiet?

Me vart som sagt skipa i 1920.

Bygdene hadde på den tida store utfordringar. Bygdefolk som var medlemer av Venstre forsøkte å vinna fleirtal for ein ny bygde- og landbrukspolitikk i partiet. Dei tapte.  (Venstre var også den gongen dratt mellom bygd og by, ein tradisjon dei tek godt i vare også i dag...)

Det var Norsk Landmandsforbund, seinare Bondelaget, som konkluderte med at det var fånyttes å arbeida innafor dei etablerte partia og som fagorganisasjon. Skulle dei vinna fram for sine interesser måtte dei skipa eit politisk parti.

Bondepartiet vart ein umiddelbar suksess. I sitt første val, i 1921, fekk partiet heile 13,1 % av stemmene. Det er få eksempel på andre parti som etablerer seg som ein maktfaktor så raskt etter at dei er danna.

Allereie i 1922 braut partiet dei organisatoriske banda til bondebevegelsen, og vart eit sjølvstendig parti.

Dei viktigaste sakene dei første åra handla om på ulike vis å betre vilkåra for landbruket. Samtidig stilte Bondepartiet seg i opposisjon til den økonomiske liberalismen som rådde i både Venstre og Høyre. Partiet kom med krav om tollvern og statsstøtte til jordbruket, i tillegg til tollerstatning for fiskerinæringa.

Partiet utvikla ein økonomisk politikk sterkt inspirert av tankane til John Maynard Keynes. Me gikk i ein tydeleg sosialliberal retning; med tru på at staten måtte vera ein regulerande aktør i marknaden; spesielt i krisetider. Bondepartiet sin økonomiske politikk vart nå begrunna i ein teori om blandingsøkonomi.

Det var difor ikkje så unaturleg at partiet allereie i 1935 fann saman med Arbeiderpartiet i det som vart kjend som "Kriseforliket". Samarbeidet handla nok lite om eins verdigrunnlag, men gjennom Arbeiderpartiet vann Bondepartiet fleirtal for ei viss regulering av marknaden og dessutan gjennomslag for viktige tiltak for bygdenæringane.

Kriseforliket var det første synlege teiknet på at me plasserte oss i sentrum - med opning for å samarbeida både til høgre og venstre. Det er ein posisjon me aldri har forlate, og gjennom historia har me da også delteke i ei rekkje ulike regjeringskonstellasjonar.  

Langsiktig forvaltning er den andre pilaren i vårt verdisyn, og på syttitalet vart det særleg synleg.

Bonden har alltid levd etter ordet at ein skal overlata gården vidare i betre stand enn ein sjølv overtok.

For oss gjeld dette grunnsynet for all forvaltning av natur.

Senterpartiet har alltid vore det jordnære miljøpartiet.

Me gjekk føre i norsk politikk. På 70-talet kritiserte me bruken av brutto nasjonalprodukt for å måle framgangen i landet. Kunne ein kalle tæring på knappe ressursar for produktivitet? Me kalla på ein ressursøkonomi, som skulle erstatte marknadsøkonomien slik me kjende han. 

Senterpartiet skreiv noregshistorie da vi var det første partiet til å foreslå eit ressurs- og miljødepartement.

Og den første ressurs- og miljøministeren hadde kome frå Senterpartiet, om ikkje Venstre i Borten-regjeringa hadde satt foten ned for heile ideen. Nokre år seinare fekk Noreg eit miljødepartement. Men det vart noko anna enn kongstanken til Senterpartiet. Me ynskte eit eige departement for alle dei nasjonale ressursane; med eit overordna syn på miljøvern gjennom langsiktig forvaltning. I staden fekk landet det departementet vi kjenner i dag, og eit heilt anna natursyn der vern alltid går føre vert lagd til grunn.

Senterpartiet skil seg frå andre miljøparti i at me ser positivt på å bruke naturen.

Ja, me meiner det er naudsynt å sette naturen i arbeid for å redda klimaet.

Me veit at om me skal auke produksjonen av fornybar energi, så medfører det naturinngrep. Det betyr synlege vindmølleparkar. Det betyr nye oppdemte småelvar og rør. Det betyr nye skogsbilvegar. Det betyr nye, vakre kraftliner.

Me syner og at me meiner alvor. Olje- og energidepartementet har i seinare tid sett historisk rekord i tal på konsesjonar som er gitt for utbygging av rein kraft.

Langsiktigheit ligg og til grunn for vårt kompromisslause forsvar for matjord.

I Noreg er kun 3 % av vårt landareal dyrkbar jord. Ingen EU-land har lågare del dyrka mark enn Noreg.

Me snakkar verkelig lange liner i spørsmål om matjord. Det tek 2000 år for naturen å etablere 10 centimeter fruktbar matjord.

Foredling av jord tek tid. Det tek mange generasjonar  før jord som nydyrkast i dag får same kvalitet og produserar like mykje mat som dagens dyrka areal.

Folketalet veks, og me treng å produsera meir, ikkje mindre mat.

I Noreg har me særs god plass. For Senterpartiet gjer det ikkje meining at me byggjer ned matjord når utmarka kan brukast i staden for.

Langsiktig forvaltning handlar ikkje berre om omsut for naturen. Det handlar også om kven som skal hausta av han, og korleis verdiane frå han skal fordelast.

Senterpartiet har alltid hegna om den nasjonale eigarskapen til naturressursane. Nasjonal styring av oljeutvinninga i Nordsjøen og heimkjøp av Hydro kan nemnast som konkrete døme, men høgast heng forsvaret for heimfallsretten. Det norske folket skal eiga fossekrafta.

Historia om nasjonalt eigarskap viser sterkare enn mange spørsmål kor viktig det er kven som styrer. Eg ser stolt over at me òg i den siste runden klarte å verna om heimfallsinstituttet.

Forvaltning handlar også om fordeling.

 
 

Arbeidet for jambyrdige kår er ein tredje pilar i ideologien vår.

I byrjinga av 1900-talet såg landet vårt ei utvikling der bygdene sakka akterut og hamna i skuggen av veksten i byane. Dét var ei viktig drivkraft for dei som stifta Bondepartiet.

Geografisk utjamning, like mulegheiter i alle delar av landet, er ein kjerneverdi for oss.

Det var difor naturleg at Senterpartiet på mange måtar fann opp den norske distriktspolitikken på 60- og 70-talet.

Me sørgja for etablering av Universitetet i Tromsø og av distriktshøgskolane. Kunnskap skal styra landet, og kunnskapen skal spreiast. Og i dag viser ny forsking kor viktige høgskolane er for distrikta.

Det var Senterungdommen som kom opp med den da utenkelege tanken på å sette av ein milliard kronar til eit fond for utvikling i distrikts-Noreg. Alle dei andre partia flira av oss, men nokre år seinare hadde me sikra eit fleirtal og fekk oppretta Distriktenes Utbyggingsfond. Det vart seinare til Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond (SND) og er i dag kjend som Innovasjon Noreg.

Me synleggjorde landbruket si tyding for busetnad, verdiskaping og produksjon i distrikta.

Eit samfunn med små skilnader handlar ikkje berre om geografisk fordeling og like mulegheiter i heile landet. Det handlar og om små skilnader mellom sosiale grupper. Det er difor naturleg at det var Senterpartiet som styrde landet da folketrygda vart oppretta seint på sekstitalet.

Den same haldninga ser me i partiets skattepolitikk; skattesystemet skal bidra til jamnare fordeling av inntekt og formue etter skatt. Kort sagt; skatt etter evne.

Utjamning er og ei drivkraft i partiet sin internasjonale politikk - der målet er ei utjamning også mellom rike og fattige land i verda. Me har vore blant partia som har gått fremst for ein aktiv utviklingspolitikk, for gjeldsslette for fattige land og for auka bistand.  

--------- 

Me er midt i ein valkamp. Eg har opplevd noko slåande. Mange som kjem bort til meg på stands eller på gata, seier at EU-saka for dei er sjølve symbolet for alt Senterpartiet står for.

Og dei har gode poeng. Vår motstand mot at Noreg skal bli det av unionen er grunna i ideologien vår. Argumenta speilar verdiane våre. Vi kan seia at EU-saka sameiner vår ideologi og våre verdiar i ei sak.

Kampen for folkestyre. Kven skal bestemma? Kor skal avgjerdene tas? Nasjonalt sjølvstyre. 
EU-medlemskap vil underminera det norske folkestyret.

Kampen for langsiktig forvaltning av naturen. Utanfor EU kan me sjølv gå foran og ta globalt leiarskap i arbeidet mot klimaendringane.

Kampen for jambyrdige kår, for eit samfunn med små skilnader. Marknadstenkinga som ligg til grunn for heile ideen om EU er grunnleggande ikkje-solidarisk.  

Noreg etter ti år med Senterpartifleirtal

Me er utfordra spesiell på å seie noko om korleis Noreg vil sjå ut om vårt parti fekk styra åleine i ti år?

Ja - Kva vil Noreg få med eit så sterkt Senterparti?

Eit sterkt Senterparti gjev Noreg ein politikk for det myndige menneske. Me veit at frie menneske som får tillit tek ansvar. Difor er me det partiet som balansera best mellom individet sitt ansvar for eige liv, og fellesskapet si løfting i flokk.

Eit sterkt Senterparti gjev Noreg meir lokal makt. Me vil at samfunnet skal byggjast nedanfrå. Eit levande folkestyre krev nærleik. Det krev likeverd og korte avstandar mellom folk og dei som fattar vedtak.

Eit sterkt Senterparti gjer at heile Noreg blir teke i bruk. Makt, kapital, eigedom og busetnad skal spreiast i heile landet. Levande lokalsamfunn frå fjord til fjell er kjenneteiknet på det Noreg me elskar!

Eit sterkt Senterparti gjev Noreg ein politikk for norsk sjølvråderett. Me er ein reiskap for dei som ynskjer internasjonalt samarbeid mellom suverene demokratiske nasjonalstatar.

Eit sterkt Senterparti gjev Noreg ei fornuftig ressursforvaltning. Me ser positivt på å bruke naturen og å hauste av han. Me ser ikkje menneske som ein tilskodar men som ein aktiv del av naturen.

Eit sterkt Senterparti gjev Noreg ein politikk for utjamning - mellom sosiale grupper, mellom regionar og mellom fattige og rike land i verda.

Og eit sterkt Senterparti ønskjer eit samfunn der me legg tyngre vekt på andre verdiar enn dei materielle.

Ein av dei som best og enklast har oppsummert verdisynet til Senterpartiet, er tidlegare partileiar Nils Trædal. Han var ein av grunnleggarane av partiet, og var med og skreiv vårt første program.

 
 

Trædal sa det slik frå Stortinget sin talarstol:  

"Kva er det vi vil? Det er ikkje bankbøker og mammon. 
Ein må ha pengar for å leva, men pengar er ikkje målet. 

Målet er likeverdige kår, kulturelt, sosialt og åndeleg..... 
Eit folk i armod sig ned kulturelt, sosialt og åndeleg. 

Men heller ikkje dette er det siste. Målet er eit høgverdig og frigjort 
menneskjeliv, eit liv på eit høgt plan.

Vi er ikkje berre av støv, vi er meir enn støv."  

Takk for merksemda!

Kjelde: www.senterpartiet.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen