Her og i dag for 100 år sidan satte det norske folket seglet tinder den grunnlovi, som var ferdig dagen fyrr, med å velja sin eigen konge og dermed kunngjera for all verdi, at no stod Norigs gamle rike atter fullskipa og tok romet sitt att millom dei sjølvstendige, frie og sjølvstyrde rike.
Her og i dag.
Det var Norigs store Magna Charta Libertatis, som vart kunngjort av det suverene folk.
I dag for 100 år sidan.
Dette er den største og fagraste minnestundi me hev upplivi.
Me ser dei for oss i dag her i salen. Her stod Georg Sverdrup, der sat Christie og nedover benkjene sat dei 110 andre folksens sendemenner. Dei spør: Den arv me gav dykk - korleis hev dei vakta han, korleis hev de brukt han? Og Gud skje lov! Me kan hugheilt møte fram til rekneskap. Liksom kong Christian Frederik og sidan Christie og hans storting fekk berga grunnlovi gjennom dei store vanskar og fårur i 1814, soleis hev folk og ting sidan varna og verna henne mot åtak, mot vrangtyding og mot misbruk, og me hev teke burt dei tilleggi og dei brigde ho fekk med unionen. So grunnlovi av 17. mai er gjeldande i dag, er enno det store fridomsbrevet for kongeriket Norig. Grunnlovi var som eit ungt og friskt tre med rik grokraft, som Eidsvollstinget planta i Norigs jord. Og treet hev vakse. Det fulle folkestyret hev kome fram i parlamentarismen og i den ålmenne røysterett for menn og kvinnur. So treet stend no med djupare og vidare røter, med sterkare stomm, med høgare og breidare krune og med rikare blom og frukt. Grunnlovi hev vakse seg saman med folket og folket med henne. Og saman hev dei vakse båe etter tidarhøvi.
President Sverdrup sa her: "Gjenreist er altså innen Norges enemerker Norges gamle kongestol". Me veit, at denne kongestolen um hausten vart flytt ut or landet og sjeldan ei kort stund var her heime, og me veit, at sumtid sette der seg ein "unionskonge" i stolen og styrde riket "utan råd av norsk mann". No er kongestolen flytt heimat til kongebyen ved Foldenfjorden, og i denne stund sit Norigs konge med sitt råd av norske menn her i salen. Dei heile Eidsvollsverk, grunnlovi og Norigs fulle sjølvstende, er livande so, "at når federne sjå att på jordi, dei kan kjenna sitt folk og sitt land".
Men dagen er ikkje berre ein minnedag og ein rekneskapsdag. Han talar sterkt og alvorsamt um våre uppgåvur og vårt andsvar, han kallar oss til å vakte og varne Eidsvollsverket i dei komande tider og på same tid rydje og dyrkje, bøte og byggje til større makt og vyrdnad, til rikare folkelukke og hugnad i alle heimar i by og bygd, so dei som møter her um 100 år kan vitne um endå større vokster og framgang i alle leider. Me takkar federne for grunnlovi og me takkar dei for den tru og lit dei hadde til folket og til framtidi. Dei trøysta allførst til forsynet og til den rettferdige sak. Deira tru er ikkje sviki. Gud hev halde si hand over Norig i 100 år. Gjev anden frå Eidsvollstinget alltid må vera livande i det norske folket! Me samlar oss i den gamle bøni:
Gud signe fedrelandet!