Gode senterpartivener!
Eg har over tid måtte ta stilling til fylgjande spørsmål: Vil me i leiinga i Sp lukkast med å få fokus på våre politiske arbeidsoppgåver innad og våre politiske løysingar utad i tida fram mot landsmøtet i 2015. Og eg må innrømme at det ser meir enn krevjande ut.
Eg har gjennom åra i politikken opplevd mykje støtte og hjartevarme frå heile landet når det bles som hardast. Seinast denne veka då me fekk ein debatt om folkevalde har lov å drive politikk. Godt gjort. For dei som framleis er i tvil: svaret er JA. Samstundes er mange slitne av fokus på personstrid, indre uro og støy. Det er også partileiaren. Eg meiner eg no best tek mitt ansvar som partiets leiar med å gje fylgjande råd til vårt kjere Senterparti:
1. Det vert innkalla til ekstraordinert landsmøte i Senterpartiet i samsvar med vedtektene. Vedtak om dette kan fattast både av sentralstyret og landsstyret. I dette ligg at eg er innstilt på å gje stafettpinnen vidare til den som landsmøtet meiner er best eigna til å overta.
2. Mitt råd vidare er at landsmøtet må stå fritt til å velje den leiarskapen dei meiner er best gjennom val både av leiar og nestleiar. Dette rådet vil eg legga fram på eit sentralstyremøte som eg kjem til å kalla inn til tysdag 14. januar i Oslo.
Eg vil sjølvsagt etter beste evne leie partiet vidare fram til eit nytt leiarskap er på plass og er valt gjennom ein demokratisk prosess i partiet etter det valet som nå skal skje på landsmøte.
Eg held også sjølvsagt fram mitt arbeid som folkevald i Stortinget, og vil gjere mitt beste for å støtte opp om eit nytt leiarskap og bidra til ny framgang for partiet ved vala i 2015 og 2017.