VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Alt hev si stund

av Liv Signe Navarsete, ,
Tale til Senterpartiets landsmøte
Avskjedstale | Senterpartiet

Gode landsmøte, 
Det er ei tid for alt. 
Preikaren seier det mellom anna slik; 
Alt hev si stund, og ei tid er sett av for kvart tiltak under himmelen. 
Ei tid for å fødast, ei tid for å døy. 
Ei tid for å plante, ei tid for å riva opp det som er planta. 
Ei tid for å riva ned, ei tid for å byggja opp.   
Ei tid for å riva sund, ei tid for å sauma i hop. 
Ei tid for å teie, ei tid for å tala. 
Ei tid for å elska, ei tid for å hate. 
Ei tid for ufred, ei tid for fred. 
 
Det har vore krevjande tider innad i Senterpartiet i det siste.  Etter at møtet i dag er avslutta må partiet  arbeide seg saman -- det må  bli tid for å byggje opp. Eg vonar at eit samla parti vil gje den nye leiinga støtte.  Heile partiet må backe opp om den demokratisk valde leiaren.  Elles blir me alle svekka. 
 
Som politikarar kan me ikkje berre vere opptekne av det kvar og ein av oss driv på med, men heve blikket og sjå at me er med på noko større -- saman.   
Historia om to menn som stod i et steinbrot og hogg stein, kan gje eit bilete av kva eg meiner: 
Ein besøkande gjekk bort og spurde den eine kva han gjorde på.  «Eg høgg stein», svara mannen.  Så gjekk karen bort til den andre og stilte same spørsmålet:  «Kva gjer du på»?  Mannen utførde nøyaktig same oppgåva, men svaret hans var fylgjande:  «Eg byggjer katedral». 
 
Kva gjer me i SP, høgg me stein eller bygger me katedral? 
 
Frå no av må det vere politikken som står i fokus.   
Senterpartiet har mange dyktige, engasjerte og  kunnskapsrike medlemer og tillitsvalde i heile landet. De gjer ein kjempejobb, for partiet, for politikken og for teamet. Men nokre få kan rive ned det mange brukar tid og krefter på å bygge opp. 
 
Trass utfordringane me har stått i, har me likevel jobba jamt og trutt for det me trur på. Me har fått gjennomslag.  Difor har me og mektige motstandarar. Partiet må stå samla mot slike. 
 
Stadige åtak frå ulikt hald svekka meg som leiar. Då blir og partiet, og vår moglegheit til å setje politikk kraftfullt på dagsorden, svekka.  Det var ikkje ei enkelthendig som var bakgrunnen for at eg tok mi avgjerd 11. januar.  Det var summen av alt.  Difor valde eg å stille min plass til disposisjon.  Å klamre seg fast til makta er ikkje min stil.  Kjærleiken til partiet er for stor til det. 
Me skal både sjå framover mot nye mål, og feire det me har fått til. Senterpartiet har fått meir gjennomslag enn kanskje nokon gong dei åtte åra i raudgrøn regjering. Eg vil nytte høvet til å takke alle dei som har vore med å dra lasset saman -- regjeringskollegar, stortingskollegar, tilsette, tillitsvalde og alle i fylka og lokallaga. Me har betydd ein stor forskjell for mange innbyggarar i heile landet.   
Me har utruleg mykje å feire! 
Landsmøte! 
Det overraskar nok ingen at landbruket er noko av det som ligg mitt hjarte nærast. Senterpartiet har bidrege sterkt til at landbruket er landets nest største fastlandsnæring. Norsk mat har eit kvalitetsstempel me skal vere stolte av! 
Uansett om bonden leverar korn til Felleskjøpet, lammekjøtt til Nortura eller produserer prisløna ostar, er norsk matproduksjon basert på familielandbruket. Det skal me ta vare på.  Andre har gjort dyrekjøpte erfaringar som me kan lære av. I Danmark har familielandbruket forvitra. Landbruket er forgjelda, og eigd av bankar og pensjonsfond.  Bøndene er husmenn på eigne bruk. 
Den nye regjeringa snakkar så varmt om heiltidsbonden. Men det dei vil ha, er store produsentar nokre få stader i landet. Eg er djupt usamd. Senterpartiet vil ikkje setje store og små bruk opp mot kvarandre. Me vil ikkje setje ulike produksjonar opp mot kvarandre, heller ikkje geografiske område.  Berre slik kan me nå måla om auka matproduksjon, god dyrehelse, og god matkvalitet. 
Kampen om ostetollen var kanskje ein av dei tøffaste me hadde i regjering. Men Trygve og eg ga oss ikkje! Me kjempa saman dag og natt!!  Då me omsider hadde fått gjennomslag, tok Jens Stoltenberg, Schjøtt Pedersen, Trygve og eg kvarandre i handa, og ga kvarandre ein klem. Det var alvorleg stemning. Trygve og eg var slitne då me gjekk ut. Men så snart døra slo att, tok gleda overhand. Me jubla på gangen.  Me visste at me hadde lagt grunnlag for ein ny giv i landbruket og i næringsmiddelindustrien. 
Me veit kor viktig saka er for dei som har gitt oss mandatet vårt. Og me skal ta vare på resultata våre!  Den blåblå regjeringa skal få dugeleg motstand. 
Det eg sjølv er aller mest stolt av, er løftet me har gjort for samferdsle og for å byggje landet. Dei første åra i regjering brukte me mykje krefter på å få AP til å forstå kor viktig samferdsle er. Frå å være eit «ikkje-tema», som berre Senterpartiet var oppteken av, vart det ei av dei viktigaste sakene. Og for nokre resultat me fekk til! Me gjennomførte ei nivåheving i investeringar og vedlikehald som vert ståande. 
Bygge- og vedlikehaldsaktiviteten i Noreg har aldri vore større. Kvardagen har blitt både lettare, meir effektiv og ikkje minst tryggare for mange i heile landet.  No ser eg at dei andre partia kivast om å være like gode på samferdsle som oss. Den blåblå regjeringa må strekke seg både høgt og langt for å følgje opp det arbeidet me har sett i gang. Me skal gi dei meir å strekke seg etter. 
Kjære landsmøte, me veit godt kva det betyr for folk når kommuneøkonomien blir betre -- eller verre. Me veit kva verdiar som eigentleg ligg bak milliardtala som Åslaug først kjempa gjennom, og me andre følgde opp. Saman med Magnhild Meltveit Kleppa og Marit Arnstad gjorde Åslaug ein kjempejobb på Soria Moria i 2005. Som Jens Stoltenberg sa: Ordførarane burde starte dagen med å sjå seg i spegelen og takke Åslaug Haga. Eg synes me skal gje desse tre flotte kvinnene ein applaus!! 
Eg meiner Senterpartiet har oppnådd gode politiske resultat gjennom det raud-grøne-samarbeidet i åra 2005 - 2013. Desse resultata viser også vei for framtida. 
 
John Austrheim frå mitt heimfylke stod gjennom nokre stormar i partiet på 60- og 70-talet. Han var samferdsleminister i den første sentrumsregjeringa som Lars Korvald leia. John Austrheim var mild i forma. Som partileiar heldt han tale til Sp sitt landsmøte i 1973. Det var første landsmøtet etter Borten-regjeringa sitt fall. Han vart overraska av stor applaus då han sa at partiet Høgre aldri hadde vore med å setje på plass viktige merkesteinar for Senterpartiet i norsk politikk. 
 
Vel 40-år seinare vil eg slå fast det same. Me har i dag eit blå-blått framstegsparti, eit blått Høgre og eit halvblått Venstre. Eg synes ikkje at verken det politiske gjennomslaget eller oppslutninga til V og KrF i åra 2001 - 2013, tilseier at me skal velje same veg. Me er eit stort land, men eit lite folk. Tre blå parti er meir enn nok. Sp skal vere eit kjempande alternativ for dei veljarane som verken er blå eller raude: 
 
* Dei som ser folkestyret som ein eigenverdi, som set si lit til folk sitt sunne vett og forstand. Dei som ser på openheit og retten til fri ytring som ei side av same sak. Dei som ser at internett-revolusjonen demokratiserer samfunnsdebatten. Dei som føler avmakt overfor eit system der ekspertvelde, direktoratuforstand, og statleg embetsmakt står i vegen for den sunne fornuft og løysingar som verkar i praksis. 
 
* Dei som ser at nasjonal sjølvforsyning av mat er like viktig som eit sterkt forsvar. Både miljøengasjerte ungdommar og gamle oldemødre veit det Trygve Hegnar og andre høgre-ideologar ikkje forstår: Det vert ikkje færre barn som svelt om Noreg let vere å brødfø eigne innbyggarar. 
 
* Dei som ser at det er viktig å sikre sosial, økonomisk og kulturell utjaming for alle i landet vårt. Dei som ser at «heile flokken skal med» som Per Fuggeli seier. Dei som ser at kampen for å ta heile Noreg i bruk er både eit verdiskapings- og solidaritetsprosjekt. 
 
Me veit kva dei blåblå ikkje skal få rasere. Eg har hatt uendeleg mange møte med menneske som har vist meg nettopp det, og som har gjort sterkt inntrykk på meg. 
For det er historiane om enkeltmenneska som ligg bak turre tal om kommuneøkonomi. Det er demente som får dag-tilbod, og kan leve lenger heime, i sitt eige liv. Det er foreldre som er trygge på at ungane får ei god utdanning. Det er kommunar som har råd til symjebasseng, og om drukningsulukker som ikkje skjer. Det er historiar om idrettshallar for gamle og unge, om møteplassar, og omå høyre til i eit lokalmiljø. 
Det er mykje som står på spel no.   
Regjeringa varslar systematiske kutt i dei distriktspolitiske verkemidlane. Dei kuttar i regionale utviklingsmidlar, i fiskeri, og i jordbruk og skogbruk. All erfaring syner og at blå politikk gir raude tal for kommunane. Og næringslivet er heller ikkje spart. 
Eg var så heldig å få lov til å førestå den offisielle opninga av nye Lofotprodukt AS, saman med Kristin Halvorsen. Firmaet har eksistert sidan 1994, og såg at gode og nye produkt ikkje var nok. Gjennom Innovasjon Noreg fekk dei støtte til ny logo og design. Og sidan skaut salet fart. Dei er eit godt døme på at det går an å foredle råvarer i Noreg, og å tene pengar på det om ein evnar å fornye seg. For Lofotprodukt var sals-auken formidabel. 
Senterpartiet veit at midlar frå Innovasjon Noreg kan vere heilt avgjerande for konkurransekraft i ei tøff marknad. Me veit kor viktig differensiert arbeidsgjevaravgift er for næringsutvikling i distrikta. Me vil støtte gründerar, og gi eksisterande industri støtte til å fornye seg og vekse.  Men for regjeringa, er det visst viktigare at dei som allereie tener gode pengar får skattelette. Eg seier det ein gong til: me skal slåss for resultata våre! 
Og me skal slåss for folk sin rett til å bli høyrt i avgjersler som angår dei. Kommunalministeren vil tvinge fram ei sanering av kommune-Noreg. Erfaringane frå den storstila danske kommunesamanslåinga er dystre. 
Om danskane ikkje såg tydeleg kva det betydde for dei før, er biletet klarare no. Nedskjeringane er mange. Ein sparar på lærarar og sjukepleiarar - medan byråkratane blir fleire. Skular og bibliotek fusjonerer. Ei massiv skulenedlegging fører til landsbydød. Både kommuneleiing og borgarar opplever dårlegare kvalitet på tenestene dei får. 
Det er ikkje vanskeleg å spare om ein firer på kvaliteten. 
Det er ikkje tvil om kva parti som kjem til å slåss hardast for folk sin rett til å bestemme sjølve. Slik sett gjer regjeringspartia det lett for oss. Dei er heilt opne på at dei ikkje er framande for å bruke tvang.  Løysinga står tindrande tydeleg for dei. Men kva problem vil dei løyse? Kva oppgåver skal dei nye stor-kommunane ha? Kva stordriftsulemper kan me vente oss? Kva vil ei storstila og tvungen samanslåing gjere med tenestetilbod, lokaldemokrati, korpsånd, fellesskap og fleksibilitet? 
Folk flest vil ha tryggleik i kvardagen, og god kvalitet på tenestene dei får. Nærleik er ein viktig del av dette.  Under storbrannen i Lærdal var det avgjerande at dei lokale brannmannskapa kjende folk i lokalmiljøet som fekk redda folk ut or husa.  Ein fekk mobilisert friviljuge med gjødselsvogner fullasta med vatn - det gjorde omfanget av brannen mykje mindre. Meir enn 400 menneske var innom sjukehuset i Lærdal til sjekk eller behandling for røykskadar. Lokalsjukehuset var enno ein gong svært viktig. 
- Robust, gjentek regjeringa til dei vert endå blåare. Slik ordet vert bruk vert det eit synonym til «stort», «effektiv» eller «sentralisert», sjølv om dei ikkje vil vedgå det.   Lensmannskontor, kommunar, politidistrikt og brannvesen skal reduserast  til langt færre einingar. 
Me veit at «stort» like gjerne kan tyde tungt og lite fleksibelt. Ordet «robust» er i ferd med å miste sitt eigentlege innhald. Som Kjetil Rolness oppsummerte det i Dagbladet for ei tid tilbake: -- Når noen bruker ordet «robust» på en motiverende, oppbyggelig eller ha-stemt måte, kan du bare være sikker på en ting: Noen er i trøbbel». 
Eg er uroa over trua på at skjebna er fastlåst for kommune-Noreg. Det er vår oppgåve å vise at skjebnetrua ikkje har livets rett. Me vil -- og skal -- bestemme sjølve. Me aksepterer ikkje at sjølvstendeåret 2014 vert nytta til å tvangssamanslå kommunar over hovudet til folk. 
Me aksepterer heller ikkje at 20-årsjubileet for Noregs nei til EU vert nytta til å gjere knefall for Brüssel. 
I dag er min siste dag som partileiar. Det er rart. Eg er fylt av mange kjensler.  Vemod, ja!  Men mest er eg fylt av takksemd. Takksemd for den fantastiske reisa eg har fått vore med på i Senterpartiet. Frå eg kom inn i skulestyret i Sogndal kommune i 1991, og fram til i dag, har eg stort sett hatt leiarverv. Det har vore eit privilegium. Eg har mange rike og gode minne og gode vener frå alle desse åra. Og me har kjempa mange kampar i lag, lokalt, i fylket og i rikspolitikken. Me har vunne mange fleire sigrar enn motstandarane våre likar å tenkje på. 
 
Eg sa på Kongsberg 11. januar at eg har kjempa dag og natt for Sp sin politikk. Det har vore mitt oppdrag som tillitsvald, og eg trur mange i både Ap og Sv kan stadfeste at det er sant. Eg har alltid vore tydeleg på kva som er Sp sin politikk, og eg har vore ærleg på at det å samarbeide også krev kamp for å få gjennomslag. Så har eg dei siste månadene på gode dagar fått tid til å tenkje gjennom dette. Eg forstår at det fins folk både i og utanfor Sp som synes eg har vore FOR ærleg og FOR tydeleg. Eg har ikkje vore flink nok i det politiske spelet. Men eg vil heller vere ein ekte sogning som kallar ein spade for ein spade, enn å misse meg sjølv i eit establishment der ein berre jattar med og seier dei «rette» tinga. 
 
Så er det slik at eg i tillegg til engasjement også har temperament. Det er tidvis slitsamt både for meg sjølv og også for folk rundt meg. Eg har over tid opplevd å gå i motbakke som ikkje tok slutt. Eg er ikkje feilfri og vedgår ope og ærleg at eg har eit forbetringspotensiale nettopp her. 
 
Eg trekte 11. januar den konklusjon at eg ikkje kunne ta ansvar for å leie partiet vidare. I dag gjev eg stafettpinnen vidare til den person som partiet meiner er best eigna til å leie partiet. Men eg tek ikkje farvel med politikken. Eg sa også på Kongsberg 11. januar at eg sjølvsagt skulle halde fram som stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane. I dette låg det at eg etter landsmøtet og i løpet av våren også ville gje vidare stafettpinnen i den viktige jobben i partileiinga som parlamentarisk leiar til ein ny person. Sett i lys av min helsesituasjon som er usikker og vil vere det i tida framover, sender eg i dag brev til Senterpartiet si stortingsgruppe og ber om at det så fort som råd vert lagt til rette for å velje ny parlamentarisk leiar. 
 
Eg gler meg både til å verte frisk og til med full tyngde gå inn i arbeidet som folkevald frå Sogn og Fjordane.   Ikkje minst vil eit distriktsfylke som mitt merke konsekvensane av høgrepolitikken.  Det gir oss i Senterpartiet både høve og moglegheit til å løfte fram våre alternativ. Sogn og Fjordane sine stortingsrepresentantar frå regjerings- og støtteparti kjem til å merke det. Eg har mykje ugjort, både for fylket, for partiet, og i utanrikskomiteen.  Eg har vore kort tid på Stortinget. Eg vil i åra som kjem vere med å gje innhald til slagordet om å tenkje globalt og å handle lokalt. Vi må trygge miljø, livsgrunnlag og matproduksjon. Vi må sikre folkestyret, og fremme rettferdig fordeling. I dette viktige arbeidet er Senterpartiet del av ei veksande internasjonal rørsle. 
 
Saman med miljørørsla, fagrørsla, bygderørsla og deler av akademia vann me EU-kampen i 1994.  Som lag gjorde me ein fantastisk jobb. Det skal me byggje vidare på. Det er mange store utfordringar framfor oss.  Heldigvis kjem det mykje bra folk frå Hedmark som kan gje oss råd om kva som skal til for å løyse dei. Og no tenker eg ikkje berre på deg Trygve. 
I diktet 1936 skriv Haldis Moren Vesaas hudlaust og vakkert om det å ta inn over seg det vonde og trugande som radio og aviser fortel om. Diktet sluttar slik: 
 
- Blada lagt til side, radioen stengd. 
Stunda er kjøvande still. 
- Barnet vårt skrattar med eitt - og då 
blir det endå meir vondt å vere til. 
 
Det som truga i 1936, er annleis enn det som trugar no. Men også i dag hastar det med å sjå trugsmåla. Klimakrise, energikrise og matkrise ligg som ein midgardsorm kring kloden. Det er ubalanse. Det er allereie farleg. 
I ryggmargen til Senterpartiet ligg nærleiken til jorda, og respekten for krinsløpet. Historia vår er dyreslakt og dyrevelferd. Det er rein mat, naturressursar, bugnande kornåkrar og svolt. Det er fisk og skipsforlis. Difor torer me sjå realitetane. Me veit at å late att auga  er endå farlegare. Og me finn løysingar. Me må det.  Klimapanelet sin siste rapport gir oss ikkje noko val. 
Det er alvorlege ting som me har ansvar for. Eit barn utan mat i magen, skrattar ikkje. 
Kloden har stadig fleire milliardar år att å leve. Men kor mange har menneskja? Me høyrer dagleg om flaum og skred, turke og havnivåstiging. Det er mest som ein kan tru at jorda vil riste oss av seg.  Eg kan forstå ho. 
Mange av oss og våre veljarar lever tett på naturen. Det vil me gjere i mange generasjonar framover. Då kan ein ikkje være likegyldig til kva som no er i ferd med å skje. Det er viktigare enn nokon gong at me tek grep for å kutte klimagassutsleppa, og at me produserer vår eigen mat. Me må tenkje globalt, og handle lokalt. 
Tilgang til mat og vatn er dei store globale utfordringane framover. Me kan ikkje bu oss på å kunne kjøpe mat frå andre til evig tid. Velstandsauken i India, Kina og Afrika gjer at meir går til deira  eige forbruk, og mindre til sal. Landbruksareal som i dag er produktive, kan grunna klimaendringar bli ubrukelege om få år. Me må bu oss på omstilling. Me kan ikkje tru at oljen  skal finnast eller vere verdefull til evig tid. Me må ta ansvar for å skaffe mat til eigen befolkning. Då kan me ikkje legge matjord under asfalt eller under digre kjøpesenter. 
Verdas kornprisar steig med formidable 5,2 % i mars, melder FNs matvare- og landbruksorganisasjon. Det skjedde på grunn av været i USA og Brasil, og geopolitiske spenningar i Svartehavsregionen. Det som skjer utanfor landets grensar  påverkar oss. Me er knytt saman, også heilt bokstaveleg.  Det går ein navlestreng mellom Norge og Ukraina. Europaveg 105 startar i Kirkenes,  går over grensa mot Russland, og heilt ned til Ukraina. Med tanken på dette bandet, rykker opplevingane til folk der mykje nærare. 
Grunnsynet til Senterpartiet er utjamning, mellom folk, og mellom land. I ei verd som blir stadig mindre, ser me tydelegare og tydelegare samanhengen mellom utanrikspolitikken og vår nasjonale politikk. Mat, klimautfordringane, energitilgang og økonomi bind oss saman. 
Gode landsmøte, Haldis Moren Vesaas skriv og om dei lukkelege hendene. Dei som dagen lang går frå gjerning til gjerning, som lever i vatn, og tek i tre og jarn. Som gjer opp varme, og rører ved alt som skal vekse. Som stryk eit dyr over pelsen, og eit barn over kinnet. Om lukka ved å få alt rundt seg til å skine. 
Verdiane slike lukkelege hender skaper, kan ikkje målast i noko statsbudsjett eller i såkalla stordriftsfordelar. Men det er få ting som gjer ein sterkare i både kropp og sjel. 
På lange kvardagar, når travle hender har fått papirkutt frå dei endelause dokumenthaugane, kan det være vanskeleg å sjå siktemålet vårt i like poetiske vendingar som Vesaas.  Men orda hennar fortel kor me kjem frå. Kven me er. Kva me slåss for. Frå det heilt nære, til dei store spørsmåla som er viktig for heile verda. 
Eg er viss på at Trygve og den nye leiinga vil leie Senterpartiet vel. Me har mang ei gjerning ugjort. Som nord-trøndaren Olav Duun sa: Ikkje noko er kvassare enn odden av ein ny tanke!  Me skal kvesse både tankar og verktøy. For me skal inn att i regjering! Ei av dei viktigaste oppgåvene som den nye leiinga må ta tak i, er å lage strategien for å få det til. Då må me evne både å ta vare på kapitalen frå samarbeidet i den raudgrøne regjeringa og byggje samarbeid i sentrum.   Eg gler meg til å gi mitt bidrag til det. 
Eg vil runde av med eit dikt av Kari Bakke, som kom frå nabogarden min heime i Lærdal.  Spiss øyro, for dette kjem på sognemål! 
Diktet heiter Gleda. 
 
Men so ein dag -- ein mørkdæmd dag -- 
hænde dæ se at Vaorherre kåm gangande 
å spørde kå dæ sto te. 
 
Jau takk, sa e, mæ me æ dæ bærre bra, 
mæn dæ æ so mykkje gale ute i væren 
at dæ mæst bli so ei sønd med glea. 
 
Dao smilte Vaorhærre so dæ klaorna 
øve adle bærg: 
So pass stærk lytn væra 
 atn tåre løfta glea så eit jøs hær i væren. 
Dæ va te dæ ho va teinkt, san. 
 
Trygve, du er ikkje redd for å løfte fram korkje nyslipte verktøy, store politiske mål, eller sjølvaste gleda. Du kjem til å bli ein glimrande leiar for Senterpartiet. Eg ser fram til å være ein del av teamet rundt deg på Stortinget. 
Saman skal me byggje katedralen! 
Takk for meg.

Kjelde: www.senterpartiet.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen