VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Vi har ingen å missa

av Oddny Miljeteig, ,
Appell for Rusomsorgsaksjonen
Appell | Rus, Rusomsorg

Rusavhengighet kjenner ikkje kontortid!

Det nyttar ikkje med kommunal kontortid mellom 9 og 14 på MO-senter når døgeret har 24 timar. Mennesket lever i alle dei 24 timane -- og ein rusavhengig er ein rusavhengig heile døgeret.

Rusavhengighet i Bergen avgrensar seg ikkje til aksen Nesttun-Wergeland-Damsgård.

Men her ligg dei to nye MO-sentera med kontortid -- og så Strax-huset som vart flytta vekk frå bykjernen slik at det ikkje finst eitt einaste breispektra lågterskeltilbod i Bergen sentrum. Eit lågterskeltilbod som ein må ta buss til, eller gå over Puddefjordsbroen til i drivande våte haustvindar, det er ikkje eit lågterskeltilbod. Strax-huset må attende til sentrum, eller få ein filial i sentrum!

Byrådet kan ikkje kjefta på Kirkens Bymisjon for at dei er der som dei som treng dei er. I så fall må byrådet sjølv få oppretta eit MO-senter/lågterskeltilbod med brukarrom i sentrum! Det må ha opningstid som stettar dei rusavhengige sine behov. Plassering? Dersom ingen andre stader er moglege eller tenlege, tek eg oppatt forslaget mitt om ein eller to etasjar i Rådhuset. Det er knall seriøst meint og korkje populistisk eller noko publikumsfrieri.

Kjære godhetsbandittar!

-- som min medspaltist i Bergensavisen kallar Kirkens Bymisjon. Eg håpar det er retteleg mange godhetsbandittar her. Eller humanistar og medmenneske, som det eigentleg heiter.

Kjære Nygårdsparken-romantikarar!

som visstnok byråd Macody Lund meiner at vi er, vi som påpeikar risikoane ved å stengja Nygårdsparken utan at lågerskel- og omsorgstilbod er på plass. Romantikarar, vi? Eg tenkjer heller vi seier det rette: Realistar!

Å vera i live

For meg er alle menneskeliv heilage; eg vel å seia det så sterkt. Alle er verde like mykje. Og: så lenge det er liv, er det von. SV trur på skadereduserande tiltak, vi trur på omsorg, og eitt er vi visse på: Skal menneske kunna få hjelp til eit tryggare liv, kanskje til og med i rusfridom, ja så må ein føresetnad vera til stades: Den rusavhengige må vera i live! Det er realisme, det!

Marknad -- fornedring -- tryggleik

Nygårdsparken har vore ein marknad, også for borgarar frå byens beste strok. Nygårdsparken har vore ein fornedrelsens stad, ikkje minst for kvinner. At kvinneperspektivet ikkje har fått større plass i kommunens og politiets arbeid i parken og miljøa, det er eigentleg ei gåte. Eller ikkje?

Nygårdsparkens lagnadstunge paradoks er dette: Midt i all menneskeleg liding og fornedring har parken vore ein rimeleg trygg stad å setja sprøyter, også overdosar. Det har berga mange liv. Mange. Det er eg viss på.

Dess meir dei mest rusavhengige vert jaga rundt, dess meir aukar fåren for at menneske set overdosar i einerom. Det vil ta liv.

Rusavhengige skal ikkje jagast --

ikkje bortvisast med juridiske enkeltvedtak. Det har aldri vore del av nokon ruspolitisk handlingsplan som har vore røysta over i bystyret!

Helse Bergen tek ansvar der byrådet sviktar

Byrådets/bystyrefleirtalets handlingsplan er ein minstestandard-handlingsplan. Helse Bergen byggjer ut -- og søkjer staten om livbergande, skadereduserande tilbod -- som har gjeve byrådet moralske anfektelsar. Men statsråd Høie sa nei før søknaden vart send -- det var hjelpa regjeringa Solberg hadde å gje til Bergens tyngste rusavhengige!

Staten må medverka!

Byrådet let sine eigne i regjering sleppa lett når det gjeld å utfordra staten på å ta økonomisk medansvar for å byggja ei oppgradert, forsvarleg, human rusomsorg i Bergen. Det held ikkje med ad hoc-søknader! SV har gong etter gong utfordra byrådet til å søkja langsiktige midlar til langsiktige, handlingsretta, tidfesta planar og tiltak. Det har byrådet ikkje vilja, ikkje eingong då dei framleis kunne skulda på den raud-grøne regjeringa for alt gale i verda.

Omsorg, bustad, tryggleik, solidaritet -- og kjærleik!

- Ja, faktisk: Kjærleik. Kjærleik til menneske, til medmenneske. Mindre kan det ikkje vera! Byråden bløffar no om 400 nye kommunale bustader til rusavhengige. Hadde det berre vore så vel! Men dei 400 har eg høyrt brukte til mange og mange føremål -- diverre.

Vi må mobilisera for ei human rusomsorg i byen vår.

Vi må få politiet på betre kurs -- og vi må utfordra byrådet morgon, middag og kveld. Takk for at eg får vera med på denne markeringa her i kveld. Saman skal vi aldri gje oss i kampen for menneskets liv og verdighet -- og den kampen har inga kontortid!

Kjelde: Oddny Miljeteigs private arkiv
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen