VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Norske Embættsmenner

av Arne Garborg, ,

[...]

I desse siste Tider er Høgskulen vaar komin upp i eit Uføre av eit serskilt Slag; han hev fengi Studentar som er norske. Norske, ikkje berre etter Heimstad, og ikkje berre av Ætt, men norske heilt ut, i Tenkjemaate, ja i Tungemaal.

 

I Tungemaal med. Og det er det verste. Halvnorske Studentar hev Høgskulen lengi lòti dragast med; men heilt norske, - det er ein ny casus. Og ein leid casus. Den norske Høgskulen greider alle andre Tungemaal; ingin kann daa vente at han dertil skulde greide norskt. Han stend reint ille uppraadd med desse norske Studentane.

 

Med same kann det høyrast rart ut, at den norske Høgskulen ikkje skulde klara norskt; Høgskular plar da elles kunne sine eigne Landsmaal. Men naar ein tenkjer seg um, so hugsar ein, at det er det danske Norig me lìver i; og daa skynar ein alt med ein Gong.

 

Den Fredrikske Høgskulen i Kristiansby er dansk, som ein kann skyna berre av Namne. I Dansketidi kom han i Gang; fraa Danmark fekk han sin Skipnad og sine Lærarar. Og Danmark hadde naatt so langt den Gongen, at det hadde vorti danskt. Sidan hev Fredrikshøgskulen haldi paa Tjodskapen og Maale sitt, som i seg sjølv rett skulde vera. Uttala hev fengi eit Grand Provins-Svìp, det er sant; men anna [side 4] var ikkje ventande. Og um Tungeslage ikkje lenger er reint, so er Hjarta so mykje reinare. Med Nebb og Klo held Høgskulen fast paa Heimemaale sitt, det Maale som Oldenborgarane sjølve - elles ikkje alltid vyrde so sers.

 

Det er nok so: det kom her i Norig eit Aar, som førde Tale 1814. Men det som daa gjekk for seg hev vorti mistydt, som me veit. Naar me ikkje reknar ein og annan Einstøding, som Wedel-Jarlsberg og slike, so var Tanken i 1814 hjaa alle norsk-danske den: aa berge Norig for Oldenborg-Ætti. Den norske Grunnlovi vart daa og skrìvi paa danskt; paa fint danskt. Og Ervingen til den danske Kongsstolen vart med Eldhug tekin til norsk Konge. Det kom sidan ein 4de November. Men den vart tvinga innpaa dei trugne norskdanske med fraandt Vald. Sjølve lika dei seg lite den dagen.

 

Men jamvel Svensk-Samfeste vart til Bate for det danske i Norig. Under dei lange og leide Svenske-Stridine vart Danskdomen beint fram «norsk»; ja sjølve det danske Maale kom med i denne Umdøypingi. Det vart so, at det Maale som i Norig stod imot Svenskemaale, det fekk ein sjølvsagt kalle det norske Maale; og so vart gjort. Alle var med paa det. Og dermed var danskt norsk; og Danskdomen sat fastare i sitt norske Sæte enn han noko-sinn hadde gjort. At Høgskulen gjekk med paa denne Umdøypingi segjer seg sjølv; dermed vart Umdøypingi jamvel Vitskap. Det norsk-danske Norig hev lìvt paa denne Lygni i snart hundrad Aar no, og lìvt rett godt.

 

Men um ein kann lìva godt paa ei Lygn, trygt lìver ein no ikkje. Um det danske Maale var aldri so fastslegi norskt, kom det etterkvart [side 5] dei som vilde «fornorske» det attpaa. Det viste seg, at det norske Folk med alt Danskeknot endaa ikkje tala reint danskt - «norsk» som det heitte no -; det var norske, i rett Meining norske, Ord aa høyra enno, alt inne i Byane. Desse norske Ordi skulde daa det «norske Sprog optage», meinte Maalstrævarane.

 

Men dette brydde ikkje Kulturfolke seg um. Det greidde seg med Danskemaale som det var; det fann all sin Norskdom fullgodt «udtrykt» i Danskemaale. Og Folke, - ja kva skulde no i Grunnen det med «Sprog». Til kvardags greider det seg med sitt «Urskogsmaal». Og elles, dei nokre faae danske - hm, «norske» - Ordi det turvte lærde det alltid. Hadde me kje «Folkeoplysning»?

 

Men laakt Samvit er seigt. Striden um norske Ord i det «norske Sprog» varde lengi. Ja enno klunkar eitt og anna Blad so smaatt um «Fornorskning», naar det gjeld um aa snakke Stortingsbøndar i Logn.

 

I Grunnen saag det daa godt ut for Danskemaale i Norig. Alle her heime kalla det norskt; og Danskane fann seg i dette, so i Kvardagslage. «Norskhedstiden» fraa Tretti-Aari fekk Ende; Wergeland døydde; alt syntes jamne seg.

 

Men so skulde det hende ein Dag, at det norske Norig vart attfunni.

 

Høgskulen var uskyldig i dette heilt og fullt. Det var ein litin stillfarande Bondegut fraa Sunnmøre som var Finnaren, ein som aldri hadde so mykje som sétt Høgskulen dessmeir. Men gjenom eit Vitskapsverk som ikkje lét seg skuve til Sides, ja som vart godkjent av sjølve P. A. Munch, lagde han Norigs Maal fram. Der stod daa det norske Danmark.

 

Men det samla seg att. Og Norskemaale vart fagna i Heimlande sitt som den rette Ervingen alltid vert fagna, naar ein framand hev eigna seg til Garden hans. Det vart sagt til denne Ervingen med baade beiske Ord og med sutefulle: kunde du ikkje likso godt vori det du var. Og naar me tenkjer oss um, so kann me ikkje undrast paa dette. No hadde daa alt set so hyggjelegt og fredelegt ut for dei norske Danskane.

 

Men ein fekk vel finne paa Raadir. Det danske Maale vart verande «det norske Sprog»; det rette norske laut faa seg eitkvart anna til Namn; det vart heitande «Landsmaale». Og etterkvart skyna dei norskdanske, at dette same Landsmaale laut faa seg eit lite Róm i ei Kraa, so vidt at ein kunde faa Fred for det; det hev i det heile vori mykje Strid med «dette Maale».

 

Og Maale hev greidt seg til dessa. Ja det er komi so til Magt, at um Framanddomen raader i Lande aldri so sterkt, so kann endaa slikt henda som dette utrulege, at Fredriks-Høgskulen fær norske Studentar.

 

Korleis det heretter skal gange er ikkje so beint aa spaa. At den norske Høgskulen, som maa kunne alle andre Maal, ikkje dertil kann lære norskt, veit me. Og dei norskdanske Riksmagtine - vil visst vera so rimelege som dei kann. Me fær bruka den norske Maaten: drygje og sjaa. Det lagar seg vel. Me hev ei sterk Tru paa Retten. Og me veit, at Trui kann flytja Berg. Nett i denne siste Tidi hev me fengi eitt Berg flutt; det andre kann ljote til Havs det med eingong. Sjølve Fredriks-Høgskulen kann kome til aa lære norskt; han hev alt ein norsk Lærestol; ingin veit noko.

 

Framanddomen er gamall og seig. Men Live hev Magti; Retten vinn; - me kjem ikkje ifraa det, me Nordmennane.

 

*

 

Men enno er det Stykke fram.

 

Skulevegen er i Røyndi halvstengd for oss. Dei norskdanske hev Skular heilt fram paa sitt eigi Maal; me hev ikkje det. Vegen vert daa tyngre for oss; me maa arbeide meir enn dei, um me vil vinne likso langt fram; den norske Borgarretten er so for oss norske. Me veit dette no. Norsk Ungdom veit i det heile so mykje, at kann han velja millom Skulevegen og Amerikavegen, - han vèl den siste helst. Naar det daa ikkje er nokon serskild Hug, som dreg hi Leidi.

 

Serleg Høgskulen lokkar ikkje so mykje no som han hev gjort; Tidine skifter. Den gamle akademiske Gudevegen hev vorti Liveveg; altfor mykje. Han hev jamvel skift seg i tvo. Og berre den eine av desse tvo Vegane gjeng um Olympen.Eller no berre um Rom. Draumane, Diktglansen hev slokna. Ein høyrer knapt nok Tale um det ideale Studenterliv lenger. Studenten au lyt tenkje paa «det praktiske». Vitskap i høgre Meining er elles noko som alltid er berre for dei faae; og i desse Tidir skal Hùgen for Vitskap hjaa Ungdomen vera i Minking helst; ein kann høyre sterke Klagemaal yvi dette.

 

Ikkje er Høgskulen den einaste «høge Skulen» heller lenger. Andre Skular er komne upp, som gjeng um Lag likso mykje, ja fører i visse Maatar lenger fram; ein dugande Mann som er «praktiskt» upplærd kann soleis no tena mykje meir enn ein Embættsmann. Ein veit det; og gjev Gaum etter det; Handelstidi døyver Lærdomstidi. Dette kann ein segja ymist um. Men Folk lyt taka Tidi som dei finn ho, velja sine Vegar etter dei Vilkaari som bydst. Ein hev kje meir enn ei Lìvetid aa gjera med, maa-tru. Me Bondesønir, som hev serskild tung Skuleveg, men ikkje nokon serskild lett «Ebættsveg», søkjer daa og helst inn paa andre Leidir.

 

Heilt bør me likevel ikkje lata oss skræme burt. Um det ikkje er so mykje aa «tena», so skulde det for norske Menner vera ikkje so lite aa gjera paa Embættsvegen.

 

I Live, i det aalmenne Framgangsarbeide, skulde Embættsmenner som var framgjengne or Folke kunne vera dette til mykja Gagn og Hjelp, av di dei skulde kjenne og skyna Folke. Det var dette eg vilde minne um i Kveld.

 

Det er so, at den norske Embættsmannen her vil hava ein Fyrimùn framfor den norskdanske; han hev ein djupare Kjennskap til aalmenn Mann. Eg tarv ikkje fortelja det me alle veit: at me hev havt, og enno hev, norskdanske Embættsmenner, som vinn seg gjenom alle Vandskar og gjer Gagns Arbeid, som me alltid vil vera deim takkskyldige for; me hev jamvel her Namn som er landskjende. Men der den framande lett tek i Miss, og daa lett vert misstydd, seinka, jamvel heiltupp hindra, skulde den norske vera trygg paa aa finne Veg, um han so bere var ein Mann med vanleg godt Vìt og Hjartelag. Norske Embættsmenner skulde i det heile kunne faa upp meir Tillit, og dermed meir Samhug og Samarbeid, millom Em-[side 9]bættsstande og Landsfolk. Og det vilde vera ein stor Ting. Ikkje minst no.

 

Det segjer seg sjølv, at den som fra fyssto høyrer Folk til, vert lettast og tryggast kjend med det; kann og best samtala med det; hev han so dertil vori ute og lært, skulde denne Heimekjennskapen hans kunne vera til stor Nytte. Det er med Folke som det er med oss alle; me maa kjenne den me skal tru; og lettast lærer me vaare eigne aa kjenne. Veit Folke, at Embættsmannen fraa fyssto er vaksin upp under Vilkaar av same Slage som dei det sjølv lìver under, og høyrer det, at han er som ein annan Bygdemann aa tala med, so kjem Kjennskapen av seg sjølv, nar han trengst. Og med Kjennskap kjem Tillit.

 

Der er Ting som den framande seint og stundom aldri kjem heilt inn i; det kjenner Folke paa seg, og stengjer seg meir eller mindre av. Utanpaa kann alt synast godt og vel; den framande skynar ikkje rettare enn han hev Folke med seg. Og so misstek han seg kannhende verst, der han meinte det best. Mange hev paa den Maaten mist heilt upp Trui; daa visst Arbeidshugen.

 

Det er ofte nok Folke som i slike Tilfelle fèr gali. Men det er gamall Urett som hemner seg; Folk hev vori ute for so mangt. Ill Røynd hev skapt Mistru, og Mistru er seint sløkt. Framandt Maal og Maate gjer sitt; er meir i Vegen enn den framande vanleg skynar. Det hev mykje paa seg for ein Embættsmann aa høyre Folke til, um han skal faa gjort Gagns Arbeid.

 

Folk treng Fyrigangsmenner som det trur, og som det kann tala med. Det treng Embættsmenner av sine eigne, liksom det i gamle Dagar hadde sine eigne Hovdingar. I fem hundrad Aar hev det livt under framande, fyrst slike som det slogst med, siden [sic] slike som det ikkje rett kjenner - Undantak fraarekna. Eg skal til Døme nemne ein Ting som den, at Bonden visst ikkje ofte  kann tala noko vidare jamvel med deim som serskilt skulde vera hans  Fyrigangsmenner: dei Lærarane i Jordbruk som Staten læt'n faa, - um ein elles kann døme etter det Bokmaale «Agronomane» vaare plar bruka. Det er eit Maal som er minst likso framandt som Juristmaale. At Bonden i det heile kjenner seg framand i Lag med Embættsmennene sine, det ligg under i all den Striden me hev havt millom desse tvo Folke-Lagi her il Lands.

 

Bonden «greider seg», veit me; det er ikkje det. Han hev eit godt Hovud; lærer dei Ordi og Talemaatane som han treng, og stend ikkje lett fast. Men han røder ikkje meir med desse Framandkarane enn han er nøydd til; og di fullare Lande vert av Embættsmenner og Byfolk, di mindre skal det til fyrr han vert leid seg og fèr ifraa alt ihop. Han vert ikkje stort meir framand i Dakota enn han her er, tenkjer han.

 

Det er Heimkjensla, Heimhugen, me maa faa upp att. Og Heimefolk til Embættsmenner vil vera noko av det som her mest skulde hjelpe. Eg minnest korleis det var med meg sjølv i mi Heimetid, naar det var ein Gong eg laut gange ei Ærend til ein Embættsmann, som Presten t. D. Eg trur aldri eg hev kjent meg so forpint som eg daa var, og det um Prestfolke var aldri so snilde mot meg. Verst var det sjølvsagt med [side 11] det at eg ikkje kunde tala so fint som dei; det pinte meg serskilt.

 

Reint annleis var det aa koma til Lensmannen - Stortingsmann Mossige -; han tala som me, han, so der kjende eg meg heime. Røynslur av det Slage hev me vist nokon kvar; og Røynsla vil her, tenkjer eg, vera ein god Læremeister.

 

Det er lettare aa rive enn aa byggje, og gjeng fortare aa rengje enn aa rette; men byggje og rette maa kunne gange det med, fær me tru. Norske Lærarar hev me fengi, som gjer mykje godt Arbeid; og fær desse dertil etterkvart Studnad i eit norskt Embættsstand, vil Lande snart verte heimslegare for det Folke, som der skulde vera heime.

 

Det gjeld um aa feste Folkerøtane att; trygt maa dei gro i Heimejordi. Skule og Lærdom maa ikkje vera framande Magtir som bryt inn og riv up; dei maa vera liksom Regn og Sol, som doggar og vermer og fær Vokstrane til aa skjote fram med Kraft av sine eigne Røtar. Lærdomsklassa i eit Folk skal vera som Lauv paa Trê; det sugar Luft og Ljos og fær dermed heile Voksteren til aa trivast.

 

Eit Embættsstand etter nyare Meining er ikkje eit Herrestand; det ma vera eit Organ, ein Reiskap for Folkevoksteren. Sjølve Orde Embættsmann er betre enn me vanleg hugsar paa; det tyder Tenar; og den som kann vera i rett Meining Tenar for Folke, - han er samstundes Folke-Hovding.

 

Det me Studentar skal vera, det er daa Menner av Folke som er ute og lærer, og som sidan fer heim att og er Folke til Hjelp med det me hev lært. Naar me fær eit Embættsstand som heilt ut skynar dette, vil Folke vera paa Framveg att.

 

For gjenom sitt Embættsstand, sine aandelege Førarar, vil det daa kunne fylgje med i alt som kjem upp av gagnlegt, men fylgje med paa den Maaten som høver for det, og høver med Vilkaari det lìver i. Og som Embættsmannen vil sjaa sin Skyldnad i aa faa det med paa vitugt nytt, so vil han ikkje mindre hjelpe til med aa halde uppe Samanhenge i Folkelive. Og her som elles vil han, so sant han kjenner Folke sitt rett, arbeide mindre med Ord enn med Fyridøme. Han vil vise Folke den rette Framgangsmaten, og vise at den Framgangsmaaten er rett.

 

Fær me t. D. Embættsmenner, som fører eit norskt Hus, lìver etter god norsk Folkeskikk, so vil desse Embættsmennene berre med det stengje for mykje av den dyre og halvfine Framanddomen som no paa alle Kantar strøymer inn og øyder og riv upp; betre enn heile Herar med Bladskrivarar og Talarar vil dei kunne stengje og tryggje. Og fekk me norske Embættsmenner med likso gode norske Konur, so kunde me dertil faa upp att det gamle Heime-Arbeide som Landhandlar-Kulturen hev øydt ned; alt no skynar Folk mange Stader at dei vilde staa seg paa dette. Lands-Handverke vilde i det heile livne upp att, so til Husbruk daa visst; Folk vilde sjaa, at det lét seg gjera aa faa Klæde som varde og heimslegt, hyggjelegt Husstell, for Prisar som ikkje jamt dreiv deim til Banken. Heime Arbeid og Heime Dugnad saman med vitug Sparsemd som i gamall Tid vilde koma upp att utruleg fort, naar Folke hadde vituge Fyridøme aa ganga etter. For det er av Fyridøme det lærar, meir enn av Bøkar, um Bøkane elles var dei beste. Og hev me ført Folke villt, so skal me ikkje preika for det, men sjølve finne Vegen att, og lære det aa gange Vegen. Folke vil sjaa fyrr det trur, daa visst naar det gjeld Ting som ikkje glor i Augo; og det kann ein ikkje segja noko større paa.

 

Det er i det heile «Maalstræv» som trengst, Norskdom gjenomført i det norske Liv, norsk Kultur med eitt Ord; den vert billeg, av di han høver med Vilkaari, og fin, av di han høver med heile vaart Liv og Lag, og soleis fær «Stil», Meining, Samanheng. Innførd Kultur er alltid Halvkultur. Det ser ein so ille tydelegt kvar Gong ein hev vore utanlands og kjem heim att - og daa ser alt dette heimførde og samanhengslause, som paa framand Grunn strævar med aa vera Kultur her hjaa oss.

 

Kultur tyder Dyrking. Kultur er noko som maa vekse. Av sin eigin Grunn maa Kulturen vekse; innførd Kultur er som kunstigt Haar; det er ei Naudberging for den som hev misst sitt eigi. Eit Folk innfører slikt som det treng til Utfylling av serskilde Krav; Kultur er Liv, Arbeid, Samanheng; Kultur let seg ikkje innføre.

 

Ein annan stor Ting vilde det vera, at norske Embættsmenner vel skulde klara seg tòlleg godt med dei ikkje store norske Embættslønine, so at dei ikkje truvte flytja fullt so tidt. For det og er noko som Folke vaart maa lære upp-att: aa greide seg med det det hev og det det eig; alt for lengi lærde det aa jamre yvi smaae Kaar og lìva pa Framtidi.

 

Her skulde me Bondestudentar vera som skapte til Fyrigangsmenner; me hev for det meste sjølve fengi lære aa greide oss med lite. Ei stor Gjerning vilde det vera dette med, - noko av det som mest kunde turvast i eit lite armt Folk, som etter ei Sjølvstyring paa ikkje fullt eit hundrad Aar hev naatt upp i ei Riksskuld paa 300 Millionar, - umframt all Herads- og Hypotekskuld.

 

Det vil i det heile vera nok for oss aa gjera: me tarv ikkje syte for det. I desse fyrste Tidine vil me og hava nok aa gjera med oss sjølve, med aa læra alt det som me treng, um me skal verte norske Fyrigangsmenner i rett Meining. Me kjenner vaare Vilkaar som dei enno er. Det Skulelive me med Stræv og Kostnad hev arbeidt oss igjenom, hev ført oss burt - ført mange av oss langt burt - fraa Heimen. Tidleg kom me og gjerne heimanfraa, so tidleg at me andaa ikkje rett hadde lært Livsens harde Aalvor for det Folke som der strævar. Og Skulane me gjekk i, var alle bygde etter framand Skikk. Enden paa Skulegonga var daa for dei fleste av oss den, at naar me skulde vera ferdige til vaart norske Arbeid, stod me der meir eller mindre avnorska. Hadde gløymt um Lag likso mykje som me hadde lært; serleg hadde me fengi Heimemaale vaart burtkvakla. Um det tek til so smaatt aa besne med dette no, so vil det enno vera mangt aa lære uppatt for dei fleste av oss, fyrr me i Sanning vinn heim att.

 

Men aa sjaa Vandskane er for frisk Ungdom det same som aa vinne yvi deim; og med den sterke Straumen av ny-vaknande Norskdom i Ryggen vil den norske Studenten greide seg for kvar Tid betre, som han daa og i Dag stend eit godt Stig lenger framme enn me gjorde i mi Tid.

 

Det gjeng fram-yvi, um det gjeng smaatt. Dørstokk-Mili hev me alt noko-so-nær gjort fraa oss; og den, veit me, var alle Dagar den lengste.

Kjelde: Norske Embættsmenner. Studentmaallaget sine Flogskrifter. Kristiania 1906. Elektronisk versjon: www.aasentunet.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen