VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Vestlandske frihetsråd

av Torolv Solheim, ,

Denne teksten er ifølge Solheim "gjengitt etter notat frå møtet og nedskrive i mi hovudutgreiing av 1955 til Historiekomiteen i Bergen. Litt forkorta."

Hausten 1943 vart det i Danmark skipa eit frihetsråd til å leie all motstand mot fienden. Rådet vart seinare godkjent av dei frie danske i London med Christmas Møller som leiar. Frihetsrådet var samansett av folk frå alle politiske parti - frå dei konservative til kommunistane. Rådet [har] den avgjerande makta for å samordne alt motstandsarbeid i Danmark under okkupasjonen.

Resultatet av eit slikt samlande frihetsråd i Danmark viste seg tydeleg i den stigande intensiteten i den aktive motstanden. Sabotasje, demonstrasjonar og propadanda - i den frie pressa i Danmark og dei danske sendingane frå London - har synt oss ein fast vilje til aktivitet som har virka stimulerande på alle undertrykte folk. Vi må vedgå at vi her ligg langt tilbake for den danske motstanden. Men ikkje bare Danmarks vener i dei okkuperte landa har fått respekt for den danske kampen. Også fienden har fått respekt for dette folket han ville kue og underlegge seg. Ei slik motstandsrørsle veit sjølv Gestapo at det ikkje går å undertrykke med terror. Den aukar bare motstanden. Terroren mot danskane har nemleg vore mindre enn hos oss, enda motstanden har vore langt sterkare.

På grunn av at den norske heimefronten ikkje har hatt ei sams leiing av motstanden, har heimefronten her i landet synt tydelege teikn til avslapping og oppstykking. Det at ein var usams om motstandslinene, har ført til indre rivningar, som har vore til stor skade for oss sjølve - og som tyskarane har tent på. Det kunstige skiljet mellom passiv og aktiv motstand har synt at det ikkje har eksistert noka fast leiing av fridomskampen med klart perspektiv. Til dette kjem at den propaganda som i det siste har vore ført i den norske sendinga frå London, slett ikkje har vore av mobiliserande karakter. Tvert imot. Den har ofte oppmuntra dei som ikkje ville gjere noko.

All røynsle på heimefronten viser at dei organisasjonane som har fast leiing organisasjonsmessig, har stått seg best i kampen.

Det burde sagt seg sjøl at da krigen vart så langvarig, skulle regjering og heimefront i samarbeid nådd fram til ei sams leiing for motstanden på heimefronten. Ikkje ei passiv administrerande styresmakt som skulle ligge i ro og vente til å overta styret når fienden var vel ute av landet. Men ei styresmakt som førte kampen for fridomen i alle former. Å gi parolar om motstand utan at det eksisterer organ som kan sette parolane og direktiva ut i praksis, er uansvarleg politikk.

Det synet at regjeringa i London skal nemne ut personane i eit slikt råd, viser ein antidemokratisk og ein upraktisk tankegang. Ingen har funne på at den illegale leiinga for lege-, lærar- eller kyrkjefronten skulle oppnemnast frå London. Naturleg er det likevel at leiinga blir godkjent av regjeringa.

Da regjeringa etter fire års fråvære kanskje vil kjenne kravet om eit frihetsråd som ein kritikk mot seg sjølv, er det sannsynleg at den vil hindre at det kjem, eller få inn folk som ikkje vil endre noko vesentleg på den motstandslina som til nå er følgd. Dette er ikkje heimefronten tent med.

La oss sjå på tilhøva slik dei verkeleg er, og ikkje lage romantiske talemåtar om samhald som ikkje eksisterer. Store ord om samhald slår ingen tyskar i hel. Det er handlinga og initiativet som tel. Dei faktiske tilhøva er at byråkratiet og dei feige - som begge er einige om at ingen ting skal gjerast før tyskarane er vel ute av landet - har gått inn i ein teiande allianse. Denne alliansen motarbeider all aktivitet og initiativ i det illegale arbeidet. Dette er ikkje demokrati, men eit apparat i stivna former - eit byråkrati. Det vil føre til politisk reaksjon som tar sikte på å sette ut av funksjon dei demokratiske rettane vi hadde før krigen, og motsette seg ei utviding av dei etter krigen.

Derfor er vi komne i den stilling at ein stor del av den gamle administrasjonen dreg seg unna aktivt illegalt arbeid, og vrir seg ved tanken på at folket igjen skal få retten til sjølv å velje sine styresmenn. Denne antidemokratiske innstillinga som rår, har også ei anna årsak - dei syndene desse gjorde i dei første åra av krigen.

Sommaren 1940 var det mange som misfór seg under forhandlingane med tyskarane. Dette har dei med rette fått hard kritikk for, og det har komme fram røyster om at Stortinget ikkje skal kallast inn att. Men det er ikkje bare Stortinget og dei som forhandla med tyskarane denne sommaren, som har misfare seg. Det same har folk i stats-, fylkes- og kommuneadministrasjonen. Da fylkesmennene og ordførarane bøygde seg for nazistane sine krav om førarprinsippet i fylkes- og kommuneleiinga, og sette den kommunale sjølstyreretten ut av funksjon, gjorde dei ei like nedverdigande handling som den stortingsmennene la for dagen. Alle må ta mot kritikk for den politikken dei har ført under krigen, både Regjeringa, Stortinget, Høgsteretten, fylkesmenn, ordførarar og kommunestyrefolka. Men det må ikkje skje på den måten at den eine gruppa dømmer den andre, utan rett til forsvar, eller at sams synder skal drive dei saman i ein allianse for å dekke over feil, ved å sette det frie ord og våre demokratiske rettar ut av funksjon. Det er historia som skal dømme om kven som har stått for det rette standpunktet.

Derfor må vi vere på vakt overfor alle som vil sette ut av kraft våre konstitusjonelle demokratiske rettar. Vi kan ikkje finne oss i at nazismens førarprinsipp skal gjelde anten i stat, fylke eller herad når tyskarane er ute av landet. Da er det folket i val som skal tale, og det skal ha denne retten med ein gong. Når tyskarane kunne la danskane gjennomføre sine val under krigen, må det vel gå for oss å få val med ein gong etter krigen, utan alle bortforklaringar om ordna tilhøve og liknande som blir nytta av reaksjonen for å halde folket nede.

Krigen er ført som kampen for demokratiet. Da må det vere klart at ei sams leiing under krigen her på heimefronten må føre kampen på eit klart demokratisk grunnlag - på folkestyrets grunn. Her bygger vi ikkje bare på dei allierte sine fråsegner frå Atlanterhavserklæringa, Moskva- og Teheran-konferansen, men på det norske folket si inngrodde tru på sjølstyreretten.

Det konservative organet Times skreiv nyleg i ein artikkel at det var tre hovudpunkt som var grunnlaget for den britiske politikken:

1. Understøtte dei som fører ein aktiv politikk mot undertrykkarane.

2. Garantere at folka i dei hærsette landa sjølve får avgjere sine eigne regjeringar.

3. Å arbeide for fredelege tilhøve mellom dei allierte landa etter krigen.

Det grunnlaget som er utarbeidd for Norges Frihetsråd, og som vi har godkjent, bygger nettopp på dette.

Kjelde: Torolv Solheim: I solnedgangstider. Oslo, 1976, s. 251-254.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen