VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Eit ord for dagen

av Jens Hundseid,

All framvokster byggjer på organisasjon. I plantar og dyr er det celle-organisasjonen som driv livsverksemda.

     Alle større arbeid må organiserast. Vantar organisasjonen, eller er han ufullstendig, er den berande krafta broten, styrken er burte.

     Lov og rett og orden byggjer på organisasjon. Organisasjonen er hovud-hyrnesteinen både for natura og kulturen.

     I alt primitivt er det liten organisasjon. I dei lægste plantane og dyra er cellene ufullstendig organiserte; men dess høgre vi kjem upp i rekkja, dess meir fullkomne blir celle-organisasjonane.

     Tek vi for oss menneske-samfunda, er det på same måten. Det fyrste upptaket til ordna samfund er den fyrste spore til organisasjon, og dess høgre utvikla samfundet er, dess meir fullstendig er organisasjonen gjenomførd.

     So langt menneskeleg kunnskap rekk, ser vi organisasjon - i det små som utetter endeløysa i det store. Frå det indre i atoma til dyptene av verdsromet er det organisasjon.

     Kvar for seg vil den einskilde kverva i mengda, hans kraft og arbeid blir utviska og motverka av andre og sterkare krefter. Som led i ein organisasjon blir jamvel den veikaste eit plus, ein positiv faktor av byggjande verde for seg sjølv, for organisasjonen sin og for landet.

     I eit moderne land er det ei sterk spesialisering på alle umråde, økonomisk og kulturelt. Den eine næringsvegen avføder den andre. Den eine kunnskaps- og kunst-greina avføder nye vitskaps- og kunst-greiner.

     Det arbeid som vart gjort på bondegardane, er no for ein stor part vorte spesialisert og overført til garveverk, slaktehus, meieri, ysteverk, mylner og til andre industriar og handverk av mange slag - d.v.s. nye næringsvegar, som er vaksne upp ved sida av bondeyrket, som før femnde um alt dette.

     Etter kvart som denne spesialiseringa og organisasjonen av spesialitetane går fram, blir organisasjonen for den einskilde næringsvegen stadig meir naudsynt.

     Løysingsordet for tida no er spesialisering og organisasjon. Ein kan ha rett til å tvila på um dette berre er av det gode, men det kjem ikkje saka ved i denne samanhengen. Det vi må vita og retta oss etter, er at den klasse som i vår tid ikkje organiserer seg, er dømd til underkuving og tilbakegang.

     Det er naturleg at bonden har tungt for å skyna verdet av organisasjonen. For bonden har sterkare enn andre samfundsklasser si rot i fortida.

     Derfor er bonden meir enn dei andre bunden av tradisjonar og nedervde tilhøve. Og æra vere bonden for det!

     Bonden er ikkje ein mann av i dag. Men i nokon mun er dette ei ulukke for bonden. So mange av dei andre samfundsklasser, som bonden no må tevla med, er nye; dei er av i dag. Dei har inga nemnande historie eller tradisjon. Dei ser berre notida og kravet av i dag. Men nett derfor ser dei ogso dette so mykje sterkare enn bonden, som har so mykje å sjå seg tilbake etter.

     Desse har ingen gamal vane som står hindrande i vegen for organisasjonen deira. Derfor har dei so lett for å gå saman og ta kampen upp for krava sine.

     Bonden bur ogso meir spreidt og einskildvis enn dei fleste andre samfundsklasser, og bondenæringa er meir fast knytt til naturtilhøva enn dei andre næringsvegane.

     I eit land so vidtfemnande som vårt, med tallause umskifte av naturtilhøva å driva jordbruk under, må bondeinteressene naudsynt bli mykje uppstykka og spreidde. Ved eit overflate-utsyn og med litt baglarbisp-ånd, kan ein jamvel få bonde-interessene til å vera motstridande. Dette står ofte ogso og stengjer for organisasjonsarbeidet millom bøndene - til uboteleg skade for bonden og i lengda ogso til skade for landet.

     Bonden bur ofte avsides. Han arbeider og slit meire trutt enn nokon annan; men i kavet på den einsame garden eller grenda vantar han so ofte utsynet, og dermed samkjensla, evna til å sjå seg sjølv og arbeidet på garden som ein led i ei kjede.

     Det er derfor inga klasse som er so klent organisert som bøndene, det er heller inga klasse som er so vanskeleg å organisera, og det er inga klasse som ned gjenom tidene har lide so mykje for skuld denne skortande evna til organisasjon.

     Det er ein stor fåre som trugar bonden fordi han ligg so langt etter i dette stykke; og fåren trugar ikkje berre bonden, men heile landet, fordi bonden er grunnvollen i samfundet og fordi jordbruket er sjølve svinghjulet i alt næringslivet vårt.

     Det er jorda som er grunnlaget for næringslivet. So lenge menneska ikkje maktar ved hjelp av dei kjende natur-krefter å laga organisk stoff av mineral, luft og vatn, so lenge vil vi vera bundne av dei plantar som evnar å laga dei organiske stoff som dyr og menneske treng.

     Ein naudsynt planteproduksjon på eiga jord med gjødsel frå eigne dyr, frå eiga luft og frå fjell og mineral, er grunnvollen for eit nasjonalt næringsliv, for nasjonal kultur og for nasjonal sjølvråderett.

     Utan denne grunnvollen er det uråd å byggja upp eit harmonisk og stabilt næringsliv, og utan denne grunnvollen er ein harmonisk samfunds-framvokster utenkjeleg.

     Planteproduksjonen skaffar brødkornet og er grunnlaget for husdyrbruket og dei industriar som er tufta på dette; og ein sterk planteproduksjon er naudsynt for ein harmonisk framvokster i samfundet, d.v.s. for å binda so mange folk til jorda og bygdene, at byane og deira næringsvegar får sine fremste marknader innanlands og ikkje utanlands. Dersom næringsvegane i byane veks seg snøggare fram enn jordbruket og på kostnaden til dette, vil industri og umsetning koma til å arbeida mest med utanlandske råemne og leva av utanlandsk mat, og blir med dette i stadig større mun bunde av utanlandske marknader, både når det gjeld innførsle og når det gjeld utførsle. Dette fører til kompensasjons-politikk, dei kallar, som alltid er fårleg for eit lite land.

     Eit næringsliv som soleis er bygt på dei ytre liner, toler ikkje stor uro i desse; og den politiske fridomen blir med eit slikt næringsliv eit tomt skal, lite verdt. Vi såg nok døme på det under verdskrigen. Når soga um denne krigen, når det gjeld vårt land, eingong blir skriven, vil ho bli eit myrkt blad ogso i den politiske soga vår; aldri er vi vortne so audmykte og so umsynslaust medfarne.

     Det vil heller aldri bli annleis so lenge næringslivet i bygdene våre ligg so langt til atters, at alt næringslivet vårt so å segja vantar grunnmur. Det skal ikkje stort uver til i det samfolkelege farvatnet før eit slikt næringsliv tek til å skaka - eller sel sin nasjonale sjølvstyrerett for ein rett linser.

     Eit sterk jordbruk er naudsynt for at ein nasjon skal halda seg frisk og for ein sunn framvokster. Næringslivet må veksa med sine røter i landsens jord og med sterk trafikk og vekselverknad på dei indre liner, millom landsens bygder og dei naturlege vokster-vonene i jordbruket på den eine sida og landsens byar og industri på den andre. I lengda kan ikkje ein nasjon ustraffa flytta grunnlaget for sitt tilvære utanfor sitt eige umråde. Verdssoga fortel oss korleis nasjonane har blømt og gått fram so lenge dei hadde eit sterkt jordbruk og bygde på si eiga jord. Men soga fortel ogso um korleis dei same nasjonane gjekk sin undergang i møte frå den dag dei let jordbruket sitt gå til nedfalls og tok til å leva av utanlandsk jord.

     Det er som åker-dyrkande folk at dei store kulturfolka i soga har vakse upp. Det var som slike at dei voks seg fram og blømde, gjekk fram i folketal, i velstand, i vitskap, i kunst, på alle område.

     Men då dei vende seg frå si eiga jord og strøymde saman i byar, på alle umråde bundne av utlandet, byrja straks ei syrgjeleg nedfallstid på alle kantar.

     Nye folk som enno bygde på jorda, skapte etter kvart nye verdsrike over ruinane av dei gamle som fall i grus.

     I dei siste 80 åra har det jord-dyrkande folketalet i landet vårt gått tilbake med ein halv prosent kvart år. Samstundes har planteproduksjonen vår gått relativt sterkt tilbake.

     Vi fører no inn 5 gonger so mykje planteprodukt som i 1850-åra. Brødkornet kjem meir og meir frå framand jord, og fôret til husdyra våre skriv seg i stadig større mun frå dei oversjøiske landa. Bygder blir avfolka, her finst grender der over halvparten av dei sjølvstendige yrka er lagde ned i dei siste 50-60 åra. Bygdene blir utsuga, ofte for den mest tiltøke og evnerike ungdomen sin. Dei beste, dei som skulde vorte førarar i bygdene i kampen for tilværet, er no ofte reist, og finst att som førande menn på den andre sida.

     Den største utførsla frå bygdene har vorte ungdomen. I fjor gjekk atter Amerika-båtane fullstappa med bondeungdom frå Sørlandet og Rogaland. Medan jorda vår ligg halvveges brakk og vi fører inn det meste av dei varer som jorda kan gjeva, er det uråd for ungdomen vår å finna livsvon i bygdene.

     Det kan i sanning trengast at bonden byggjer seg ein sterk organisasjon.

     Etter kvart som det går til atters med bygdene og folk klumpar seg saman i byar og sentrum som på alle umråde er bundne av utlandet, blir klassestridane og dei sosiale vanskane stadig større. Næringslivet i slike sentrum, og serleg dei store utførsle-industriane, har ei eiga evne til å skapa storparten av menneska um til beinveges løns-arbeidarar (lønsslavar, proletarar, som dei kallar seg). Den ulike fordelinga av livsens gode som dette fører med seg, skaper kvasse motsetningar på alle umråde, økonomisk, sosialt, kulturelt. Det blir vandare etter kvart å løysa problema på parlamentarisk veg. Samfundet lever som på ein vulkan. Friksjonen millom partia kan når som helst slå gneistar som fatar eld.

     Vegen til løysing av mange av dei vanskelege sosiale problema som er uppe i tida, går gjenom dette å skapa vilkår for mange nye sjølvstendige yrke. Dei sjølvstendige yrke er som ballast for samfundet. For kvart menneske som får eit sjølvstendig yrke, får samfundet ein proletar minder som reknar seg for «lønsslave». I dei små sjølvstendige yrke trivst interessa og arbeidsgleda. I dette ligg den rette fordeling millom arbeid og kapital. Her kan ikkje arbeidsfordelinga mekanisera arbeidet og tyna arbeidsgleda.

     Men ein framvokster mot fleire sjølvstendige yrke kan vi berre få ved å byggja næringslivet meir innetter og byggja det nedanfrå og upp på råemne og rå-energi frå landsens eigne fjell, skogar, jordbruk, myrar og fossar, stutt sagt på landsens indre framgangs-voner.

     I ein slik framvokster vil jordbruket og planteproduksjonen ta ein breid plass. Ingen annan næringsveg har den evne som jordbruket har til å skapa sjølvstendige yrke. Her har jordbruket eit veldig sosialt verde. Ved å jamstella arbeida på jorda med anna arbeid og ved ei rasjonell løysing av jordspursmålet, kan vi tvi-auka den dyrka vidda vår og tri-, fire-auka planteproduksjonen. Samstundes vil det med dette bli skapt titusen-tal nye sjølvstendige yrke.

     Ved ein framvokster i denne leid vil det dessutan kring i bygdene snøgt bli skapt større trong etter handverk og små-industri - atter nye sjølvstendige yrke. Til saman vil dette skapa liv, rørsle og produksjon i bygdene, og dermed fremja byggjinga av vegar, jarnbaner, telegraf, telefon, utbyggjing og spreiding av fossekraft o.s.v., fordi det blir so mange produksjons-einingar til å bera utgiftene.

     Den framvokster vi no ser i næringslivet vårt, dreg etter kvart so mykje kraft til landsens perifere luter, at det blir stadig vanskelegare å byggja vegar, bilruter m.m. innetter i landet, sidan det i bygdene er for liten produksjon og verksemd å bera utgiftene med alle desse liner som det moderne næringslivet krev. Derfor går ogso alt fleire av dei (telegraf, post, kraftverk, jarnbaner) med underskot.

     Det er uheppe å «overbyggja» næringslivet so sterkt som vi har gjort, her er vorte for lite bruk og for lite berekraft for linene innanlands - dei indre liner.

     Ved ei sterkare uppbyggjing av næringslivet nedanfrå, får vi våre «koloniar» innanlands, og får dermed den rette vekselverknad millom bygd og by, millom jordbruk og industri. Ved ein slik framvokster får vi mange fleire sjølvstendige yrke, meir ballast i samfundet, minder friksjon millom klassene og sunnare arbeidsvilkår og levekår for menneska.

     Ein sterk og mål-medviten bonde-samskipnad er naudsynt, ikkje berre for bonden, men for heile folket; for i lengda er det best for alle at samfundet veks seg fram harmonisk. Går ikkje bøndene mannjamt og med offerhug med i organisasjonen sin og slær ring kring blada sine, vil heile samfunds-framvoksteren siga so sterkt på skeive, at det blir ein fåre for landet.

     Norges Bondelag blir ofte rekna for ein strids-fylking rnot dei andre klassene i samfundet, og Bondelaget blir medfare deretter. Såg folk meir romsleg og framsynt på saka, vart det annleis. I lengda vil eit sterkt bondestand bli til signing for alle klasser i folket.

     Det er berre gjenom ein sterk organisasjon at vi med styrke kan fremja dei faglege og politiske interessene våre.

     Landet vårt er enno på mange måtar ei villmark. Vi lever i eit rikt, men uferdig land. Store uppgåver ligg og ventar på oss. Den dyrka jorda ligg ofte vass-sjuk, full med ugras og utpint, og gjev berre lite av det ho skulde yta. Vi har millionar av mål skikka for dyrking, til overflate-kultur, til eng og beite. I skogen breider seg ofte myr og ukrut over skogbotnen, og skogen sjuknar. På fjellet rotnar seterhusa ned, og seterkikkene ligg til nedfalls.

     Det er berre gjenom ein sterk samskipnad at vi kan reisa oss sjølve og landet. Ja, nett reisa landet, det vakre, herlege, rike, men uferdige landet vårt.

     Vi lever i eit sers rikt og allsidig utstyrt land, vi har kali og fosforsyre i fjella våre og i avfallet frå fisket vårt, vi har kraft til å binda kvævet i lufta, og saman med avfallet frå husdyrhaldet blir dette nok til ein sterk planteproduksjon. Vi har jord nok til å skaffa landet den mat det treng, vi har malm og kis, vi har fossar, torv og skog, vi har dei beste vilkår for eit nasjonalt næringsliv med grunnmuren tufta på landsens eiga jord.

     Det er ingen ting i vegen for at vi med den rette tru, vilje og evne innan 30-40 år kan tømra landsens næringsliv upp i harmonisk vokster paa dei indre liner; og fyrst med eit slikt næringsliv til grunnlag har vi det rette vilkår for ein nasjonal kulturell framvokster.

     Derfor bonde i fjellet, i dalen og på flatbygda, ved kysten, frammed fjorden og i fjordbygda - inn i bonde-organisasjonen, til vern for deg sjølv, din kultur, for standet ditt og for landet.

Kjelde: J. Hundseid: Eit ord for dagen. Tale ved bygdemøte. Kristiania 1924
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen