VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Før huset brenn ned

av Einar Førde,
Arbeiderpartiets landsmøte
Landsmøtetale | Partipolitikk, Sosialisme, Solidaritet

I oktober i fjor sende prinsipprogramkomiteen ut utkastet til program. Om dette programutkastet har det vore sagt mykje godt. Men mange har også meint at det var for vanskeleg, for tungt å lese og for omfangsrikt. Einskilde har nok sett for seg prinsipprogramkomiteen som ein gjeng av livsfjerne akademikarar som har prøvd å gjere enkle ting vanskelege gjennom kronglete formuleringar. Mange har også meint at deler av programutkastet er keisame og vanskelege å kome gjennom.

Det finst ei historie om ein italiensk brotsmann som fekk velje straff. Anten måtte han bli galeislave eller så skulle han lese heile Guicciardini's historie.

Han valde historia. Men da han kom til kapitlet om krigane med Pisa, vart det for mykje for han. Han orka ikkje meir lesing, valde slavelivet og tok årene fatt i staden. Historia har gjort stort inntrykk på oss. Derfor ligg det nå føre til landsmøtet eit revidert utkast til prinsipprogram. Det er basert på reaksjonane frå medlemmene og laga. Det er vesentleg kortare og - trur vi - vesentleg enklare å lese enn de førre utkastet.

Men det er grenser for kor enkelt vi kan gjere dette. I sjølvforsvar kunne nok komiteen mumle mot klagene om at dette vart for vanskeleg: Kva i all verda ville dei sagt om det kommunistiske manifestet? Vi kan heller ikkje innfri ønske om å komprimere prinsippprogrammet ned til ei A4-side. Ein får ikkje riktig med seg alt som står i den store boka berre ved å lese Bergpreika. Vi har sett det som ei sjølvstendig utfordring ikkje å gjere problema og utfordringane enklare enn dei er. Det er eit urovekkande teikn i tida at mange under trykket av svært kompliserte samfunnsproblem leitar etter svært enkle løysingar. Det er for mange Friedman'ar ute og går. For mange politiske hormonpreparat og askeavkok er på tilbod om dagen. Den rørsla som skal gjere seg von om å påverke utviklinga i 80 og 90 åra, må fange kompleksiteten i vårt samfunn og vår tid. Vi ville lage eit program som ikkje undervurderer folks innsikt om kor samansett dette samfunnet er og korleis problema grip inn i kvarandre.

Dette programmet er ikkje ein invitasjon til å lette frå jorda og gi seg inn i langsiktige og livsfjerne teoriar og prinsipp. Draumane våre skal ha forankring i kvardagen og i vårt samfunns utfordringar. I eit japansk Haiku-dikt heiter det:

Huset mitt har brunne ned.

No kan eg alltid

sjå på månen.

Programmet er ein invitasjon til å sjå opp og fram før huset brenn ned. Vi har ønskt å leggje grunnlaget for ein prinsippdebatt som skulle vere rotfesta i den politiske røyndomen som vanlege partimedlemmer opplever som sin. Det er også den einaste prinsippdebatten vi har tradisjon for å føre. Vi har ønskt å sjå debatten om prinsippprogrammet i nær samanheng med utarbeidinga av arbeidsprogrammet. Eit viktig formål med prinsipprogrammet er å gi mål og meining til dei små skritta og dei pinefulle avvegingane vi må gjere kvar dag.

Vi lever i ei tid der folk er usikre om vegen fram. Pessimismen rår i det moderne industrisamfunn. Det synest lenge, lenge sidan at vi kunne karakterisere framtida som gyllen. Vi trur ikkje lenger at vitskap og teknologi kan avskaffe problema for oss. Den vitskapen og teknologien som for 20 år sidan lovde oss uendelege nye horisontar, syner oss nå først og fremst nye grenser for vår utvikling og vekst. Dei generasjonane som lever i dag, har ei sterk kjensle av å leve i ei overgangstid. Dette programmet prøver ikkje å gi inntrykk av at vi har funne svara på 80 og 90 åras utfordringar. Det beste vi kan gjere oss von om, er å lage eit program som gjer det lettare for oss å orientere oss i tilveret, og som varsamt stakar ut ein kurs. Derfor er det livsviktig for partiet og for medlemmene våre at denne debatten kan halde fram. Det programmet vi vedtar på dette landsmøtet, bør vi sjå på først og fremst som eit grunnlag for ein ny kontinuerleg debatt. Det vil vere ei hovudoppgave for partileiinga å syte for at denne debatten har liv også etter at landsmøtet er over.

Eit viktig utgangspunkt for denne debatten bør vere at det har kome nytt liv til dei kontinuerlege påstandane om at arbeidarrørsla og sosialdemokratiet har utspelt si rolle i det norske samfunnet. Den debatten bør vi sjå rett inn i kvitauga og sjølv stille spørsmål om det verkeleg er så at dei verdiane og dei prinsippa som arbeidarrørsla har tilført det norske samfunnet, nå først og fremst er vakre antikvitetar som høyrer fortida til. Kva livsrom vil det vere for verdiar som solidaritet og likskap i åra som kjem? Er framtida verkeleg så dyster at ho høyrer Milton Friedman til?

70-åra har først og fremst synt kor utrygge og sårbare dei er, dei rikaste og høgst utvikla samfunn verdshistoria kjenner. Den mest dramatiske kunnskapen om dette fekk vi med den såkalla oljekrisa. Noen få ørkensjeikar fekk amerikanarane til å stå i kilometerlange køar framfor bensinpumpene. Det vart som når ein hjartepasient fekk sitt første infarkt. Vi fekk eit varsel og ei påminning om at framtida ikkje nødvendigvis blir lik det som har vore. Vi fekk fleire slike varsel. I dag strir vi med inflasjonen vi ikkje greier å kontrollere, drastisk redusert vekst, mindre produktivitet, og det gamle spøkelset arbeidsløysa, meir påtrengjande synleg og agressivt. Stilt overfor desse problema vart våre samfunn paralyserte. Trua på at desse problema kan løysast er nokså skrøpeleg. Og den politikar som ikkje trur, har mist ein vesentleg føresetnad for å kunne handle.

Ein vesentleg del av vår sosialistiske arv er innsikta om at menneska sjølv skaper si historie. Trua på at problem kan løysast og utfordringar møtast har vore ein heilt vesentleg føresetnad for arbeidarrørslas verke. Vår tid og vårt samfunn treng i alle fall ny tilførsel av denne innsikta. Det er krefter i mennesket og ikkje utanfor det som skal styre utviklinga. Det er behov for den rasjonaliteten overfor problema som sosialismen først og fremst brakte med seg inn i den europeiske ideverda. Å gjenreise trua på framtida er ei stor og sjølvstendig oppgave. Menneska skaper sjølv si historie. Dersom vi søkk, er det fordi vi ikkje vil symje. Vi kan symje.

Om vi ser på kva det norske og nordiske sosialdemokratiet har bidratt med til den politiske utviklinga i Europa og verda, vil vi knapt våge kalle dette bidraget sosialisme. Vi ville vere varsame med det endå om det nok i våre samfunn er utvikla reformer som toler samanlikning med det ein finn i land som med større frimod kallar seg sosialistiske. Det vesentlegaste bidraget,etter mitt syn, kan vi kanskje kalle kollektiv forstand. Vi har utvikla samfunnssystem og sosiale tilhøve som har gjort det mogleg å handle fornuftig på vegner av oss alle. Vi har hatt ei jamn utvikling i dette hundreåret der vi i stigande utstrekning overførte oppgaver til fellesskapet. Problema skulle ikkje privatiserast, fordi dei fleste av dei var problem som kvart menneske delte med mange andre. Handlekraftige fellesskapsorgan vart utvikla og stadig styrka. Demokratiet vart meir levande ved at vi i stigande utstrekning kunne ta omsyn til fellesnytten. Det idemessige grunnlaget for denne utviklinga var nettopp arbeidarrørslas gamle våpen, solidariteten slik det var smidd av dei første generasjonane i denne rørsla. Nå seier dei at den skandinaviske modellen er i krise. Det er nettopp fordi solidariteten er svekka. Vi greier ikkje lenger i utprega grad mobilisere vår kollektive forstand. Det blir tyngre og tyngre å bere fram fellesskapsløysingar.

Privatiseringa og individualiseringa av problema har vind i segla. Dette er vår tids viktigaste ideologiske skisma. Det som nå skjer i dei skandinaviske demokratia, vil vere ytterst viktig for lagnaden til fellesskapsløysingane og solidaritetsprinsippet over alt i verda. Ja, vi kan kanskje til og med påstå at det som skjer i Noreg, er ekstra viktig. I denne samanhengen er vi ikkje berre 4 millionar menneske. Det som gjer oss spesielle, er at vi ikkje lenger er fattigguten eller Askeladden som starta med to tomme hender og som sjølv har skapt alt. I åra som kjem skal vi også spele rolla som den velståande arvingen som fekk nye store rikdomar. Mange vil sjå med interesse på korleis vi greier å forvalte dei rikdomane. Nettopp i dette samfunnet vil det vere interessante prøvesteinar på kor livsdugeleg solidaritetsprinsippet og den kollektive forstanden er.

Vi ser nå korleis mange regjeringar og mange land har starta med å frigjere seg frå den kollektive forstanden og den kollektive styringa. I USA og Storbritannia skal ein nå frigjere marknadskreftene, redusere dei sosiale ytingane og overføre skattetrykket ytterlegare fra dei som har mykje, til dei som har lite og ingenting. Styringskreftene skal nettopp ikkje vere fellesskapet, men marknaden. Tanken er at dei alvorlege problema anten det er inflasjonen eller arbeidsløysa, vil bli løyste "i det lange løp". Løpet ser ut til å kunne bli svært langt. La oss ta fram eit stolt sitat frå Harry Hopkins, rådgivar for president Roosevelt under New Deal: "Folk et ikkje i det lange løp. Dei et kvar dag." Samtidig ser vi at noen land greier seg betre. Eitt av dei er Japan. Det er pr. definisjon eit kapitalistisk land, og det er mangt der vi ikkje vil kopiere. Men studerer ein utviklinga i Japan dei seinaste åra, blir ein slått av ikkje den klassiske kapitalismen, men tvert om av samfunnets evne til å mobilisere kollektivforstand både nasjonalt og på bedriftsplanet. Her finst ei langsiktig rasjonell styring, t.d. med investeringar og planlegging. Samfunnet og bedriftene syner stor evne nettopp til å prioritere felles nytte.

Kan det tenkjast at dei skandinaviske samfunna held på å sakke etter når det gjeld evne til å sette solidariteten ut i praktisk politikk og styre utviklinga. For mykje i vårt samfunn gir ikkje inntrykk av evne til å prioritere felles nytte. Vi er på veg mot ei krise for dei kollektive avgjerdene. Fleire og fleire oppfører seg først og fremst som medlemmer av ein eller annan lobby.

Arbeidarrørslas store historiske innsats var å samle gruppesolidariteten til ein klassesolidaritet og seinare byggje opp ein samfunnssolidaritet. På skandinavisk utvikla vi tanken om "folkhemmet". Alle kan nå sjå at denne samfunnssolidariteten slår sprekker, og vi vender tilbake - ikkje til klassesolidariteten, men til gruppesolidariteten. Og gruppene har ein tendens til å bli mindre og mindre. Desse gruppene tenkjer nettopp ikkje på felles nytte. Dei krev tvert om alle det som kollektivt er umogleg. Den som vil, kan observere det nå i debatten om dei auka bensinprisane. Vi kan sjå også korleis det blir vanskelegare og vanskelegare å ta kollektive avgjerder, fordi ei eller fleire minoritetsgrupper alltid har ein sjanse til å stoppe slike avgjerder. Eg skal ikkje nemne den saka vi alle tenkjer på i denne samanhengen, men ei anna. Det kan hende at det ut frå Noregs samla interesser og energiforsyning ville vere fornuftig at vi bygde eit varmekraftverk i dei folkerike delene av landet. Det ville gi vår energipolitikk større fleksibilitet, og vi ville vere mindre avhengig av ei energiform. Det varmekraftverket kjem ikkje til å bli bygd fordi ingen vil ha det.

Geografien er ein vesentleg faktor for å forstå korleis samfunnssolidariteten slår sprekker. Lokale krav som isolert sett er heilt rettkomne, sympatiske og forståelege, puleriserer vår kollektive handlekraft fordi summen av dei lokale krave er eit reknestykke som i det heile ikkje går i hop. Den som vil, kan nå sjå at Harald Hårfagres livsverk på mange vis er i ferd med å slå sprekker. Vi som sit med ansvar for dei store og ressurskrevjande sektorane i vårt felles hushald, kan observere sterkt aukande balkanisering av det norske kartet. Systemet er nettopp ikkje prega av kollektiv forstand. Det minner om eit stort skøytestevne på eit fullsett Bislet der ein person reiser seg for å sjå betre. Straks er det fleire som ser dårlegare og som også reiser seg. Fleire og fleire reiser seg, og til slutt har alle det mykje dårlegare fordi dei må stå. Men den som på eiga hand set seg, er sjølvsagt den dummaste av alle, for han ser ingenting. Utfordringa er såleis: Korleis skal vi få alle til å setje seg att?

Solidariteten er i ferd med å miste fotfestet, i ei tid som krev ikkje mindre, men meir solidaritet og betre kollektiv forstand. Problemet er ikkje så mykje at vi ikkje veit kva vi burde gjere, som at systemet ikkje tillet oss å gjere det. Det gir nytt spelerom for tankegods som slett ikkje er nytt eller "på parti med fremtiden", men tvert om idear som generasjonane før oss i arbeidarrørsla møysommeleg har forkasta og arbeidt seg ut av. Det blir større rom for dei overfladiske og enkle forklaringane. Ein direktør i Industriforbundet meiner at hovudproblemet er at nordmenn er særleg late. Kamuflert som krav om at systemet skal ha større produktivitet, kan vi nå oppdage at draumen om større ulikhet i samfunnet får ein renessanse. Dei seier ikkje direkte at dei arbeider for større ulikhet. Dei seier at nå må vi i større grad premiere dei dyktige, vellukka, iderike og produktive. Samstundes foreslår dei belønningssystem som slett ikkje vil premiere dei dyktigaste og mest iderike, men dei mest fingerferdige med pengar og dei som kjenner minst kollektivt ansvar. Milton Friedman's fridom til å velje er ein fridom for dei få og dei sterke.

Vårt ansvar for denne situasjonen er av historiske dimensjonar. Det ligge først og fremst til oss å gjenreise trua på den kollektive forstand og evne til å handle i fellesskap. Dersom vi går inn i den framtida vi nå kan sjå med eit system som er ute av stand til å samle individuelle ønskje i rasjonelle fellesskapsløysingar, kan det kome til å gå riktig gale. Mobiliseringa på vegner av solidariteten og likheten er ikkje ei mobilisering vi først og fremst skal gå til for å sikre Arbeiderpartiets eller einskildpersonars makt i dette samfunnet. Den mobiliseringa skal vi gå til fordi svekking av desse prinsippa vil gjere framtida utrygg for dei fleste vanlege menneske i dette landet. Det er berre denne rørsla som kan ta hovudansvaret for ei slik mobilisering. Vi skal ikkje lure oss sjølv og gjere denne oppgava enklare enn ho er. Vindane blæs ikkje slik at desse arbeidarrørslas grunnleggjande verdiar har dei i ryggen. Men det er mi tru at vi grovt har undervurdert den appellen som solidaritet og likhet har også til yngre generasjonar. Det er attraktive idear som vi har marknadsført nokså dårleg. Oppgava er ekstra vanskeleg fordi vi ikkje må prøve å gi inntrykk av at dei kollektive løysingane er ein sum av pilpulære einskildønske. I stigande utstrekning vil dei mest fornuftige kollektive løysingane - i alle fall på kort sikt - vere upopulære avgjerder. Men kanskje det nå er eit politisk klima for å seie nettopp dette. Kanskje vil respekten for Arbeiderpartiet og for vår evne til å handtere problema auke dersom vi ikkje i så stor grad gir inntrykk av at ein kan få både i pose og sekk. Det er til dømes heilt på det reine at dersom vi i tida som kjem skal kunne gjere noe effektivt med inflasjonen, så må dei fleste av oss i alle fall på kort sikt vere villige til å redusere krava til reallønnsutvikling. Eg har ikkje sett noke reknestykke som kan gi oss det resultatet vi alle intenst som medlemmer av eit fellesskap ønskjer, utan at det har denne heilt konkrete upopulære sideverknaden for kvar einskild av oss som individ.

Til nå har veksten vore vår måte å løyse mange problem på. Når det vart meir til alle, var det også lettare å gi litt til alle. Systemet verka meir rettferdig da, sjølv om det kanskje ikkje alltid var slik at godene vart så rettferdig og likt fordelte. Eg blir meir og meir sikker på at vi framleis skal arbeide for økonomisk vekst. Mange problem kan bli heilt utolelege dersom vi ikkje makter å halde oppe ein vilje til å yte stadig meir. Likevel må vi alle innsjå at slik verda i dag ser ut, er det utenkjeleg å basere vår kollektive forstand på at alle skal få meir heile tida. Vi er inne i ein smertefull omstillingsprosess. Arbeiderpartiet har også ansvaret for at denne omstillingsprosessen kan skje utan at ansvaret kjem i hendene på dei politiske heksedoktorane som nå huserer i Storbritannia. Det beste vi kan seie om den norske arbeidarrørslas innsats, er kanskje at dette samfunnet er meir prega av likskap enn noe anna samfunn i verda. Det er mindre skilnad på folk i Noreg enn i noe anna samfunn. Likevel blir vi dagleg minte om at dette med å vere tilfreds, er eit relativt spørsmål. Vi er rikare enn vi nokon gong har vore både som samfunn og dei fleste av oss som individ. Likevel ser vi at det i gruppesolidaritetens farvatn utviklar seg fenomen som gjer at vi møter 80-åra med eit samfunn mange vil karakterisere som "sytesamfunnet". Problem som for 20 år sidan var marginale, vår i dag enorme dimensjonar. Og sytesamfunnet er den dårlegast tenkelege jordsmonn for solidaritet og kollektive løysingar.

Det blir viktigare og viktigare for oss å vere trygge. Slik tidene er og framtida kan kome til å arte seg, skal Arbeiderpartiet gi vanlege folks tryggleik den høgste prioritet. Men det kan vi som parti og Noreg som samfunn ikkje gjere ved å svekke vår evne til å handle i fellesskap. Det paradoksale er at så mange av dei som vil svekke den kollektive forstanden og fellesskapets evne til å handle, sjølv vender seg mot det same fellesskapet når dei vil ha vern mot sine eigne feil og dårlege vurderingar. Det blir nødvendig for oss å gjere oss opp ei meining om kva som er fellesskapets ansvar når det gjeld å gi tryggleik. Fellesskapet har nå ansvar for tryggleik ikkje berre i sosialpolitisk forstand, men også i næringspolitisk forstand. Dersom alle dei som i prinsippet er for fri konkurranse og som når dei held festtalar prisar den frie marknaden, hadde vore konsekvente, ville fellesskapet ha vore letta for store, tyngande oppgaver.

Det er ein del av den kollektive forstandens forfall at vi alle er inkonsekvente. Dersom kollektiv handling er nødvendig for å auke vår levestandard og vår tryggleik, er vi sterkt for det. Dersom det begrensar vår eigen handlefridom, aukar andres levestandard, eller kortsiktig reduserer vår eigen, er vi mot kollektiv handling. Dette er hovudårsaka til at vi ikkje er så handlekraftige som vi burde vere. Vi veit meir om samanhengane i vårt samfunn og om konsekvensane av det vi gjer, enn noen tidlegare generasjon har gjort før oss. Grunnlaget for kollektiv handling skulle vere betre enn tidlegare. Dersom dette var eit spørsmål om innsikt og kunnskapar, skulle det vere sterkt grunnlag for å sjå optimistisk på framtida.

Men det vesle vetet og kunnskapane rekk ikkje heilt fram. Her må også finnast rom for visjonar, tru og draum. Det viktigaste arbeidet som er gjort ved denne revisjonen av prinsipprogammet, er forsøket på å skrive ein grunnsynsdel som kan møte 80- og 90-åra. Vi ville gjerne prøve dei gamle, forslitte omgrepa mot ei ny tids utfordringar. Vi såg at fridom, likskap, solidaritet og retten til arbeid ikkje var sjølvsagte verdiar i den politiske røyndomen. Vi har sett dei på prøve. Og det er resultatet av denne prøva som blir lagt fram for landsmøtet.

Programhandsaminga så langt har synt stor oppslutning om desse verdiane og partiets tradisjonelle identitet. Våren 1980 gjennomførte vi eit rådslag om viktige sider av prinsipprogrammet. Mange arbeidde med dette rådslaget, og vi fekk inn ein del svar av uvanleg høg kvalitet. Mange har også reagert skriftleg på programutkastet frå oktober. I tillegg er det denne gongen halde uvanleg mange møte om prinsipprogrammet i alle fylke og i mange partilag. Denne omfattande høyringa har synt at svært få meiner at vi skal møte framtida gjennom eit oppgjerd med fortida. Vi skal vinne nye grupper og nye generasjonar gjennom å styrke våre røter, ikkje ved å hogge dei av. Denne gongen er det få som reiser spørsmål ved partiets namn. Det er heller ingen stemning for at vi skal kvitte oss med begrepet sosialisme. Dei fleste av våre medlemmer og vener knyter positive kjensler og meiningsfylt innhald til det omgrepet.

I reaksjonane frå laga kan vi likevel sjå kimen til ein diskusjon om sosialismen også på dette landsmøtet. Det er noen som ikkje likar at vi har tatt ut setninge: "Det norske Arbeiderpartis mål er et sosialistisk samfunn". I staden står at at "Det norske Arbeiderparti bygger sin politikk på den demokratiske sosialismens prinsipper." Vi har gjort det for sterkare å understreke at vår sosialisme ikkje er ein avslutta tilstand, men ein prosess. Vi vil alltid vere under vegs. Aldri er vi meir hjelpelause enn når noen ber oss beskrive korleis det sosialistiske samfunnet skal sjå ut. Det er heit naturleg. Interessa for det endelege målet har alltid vore nokså lita i norsk sosialisme. Ja, meir enn det: Den same mangelen på klare tankar om dette målet pregar også dei sosialistiske klassikarane. Vegen fram var alltid meir interessant enn endepunktet. I komiteen meiner vi derfor at vi har brakt prinsipprogrammet på dette punktet meir i samsvar med den politikken og praksisen vi har følgt dei siste 50 åra. Samsvar mellom liv og lære er eit godt prinsipp.

Arbeidarrørsla er ei fridomsrørsle. Det er viktig å understreke dette fordi det er på dette punktet at den konservative kritikken mot vårt parti har vore mest aggresiv. Vi skal ta den kritikken alvorleg. Men den kjennes sjølvsagt urettvis, særleg for dei generasjonane som klarast kunne sjå kor fridomsutvidande arbeidarrørslas verke har vore i vårt land. Det var dette partiet som gjorde det klart for det norske folket at fridomen er udeleleg og at fridom ikkje er ein rett til å utbytte eller skape ufridom for andre. Vi gir i dette programmet vår kompromisslause tilslutnad til våre demokratiske og borgarlege fridomar og til dei grunnleggande menneskerettane. Men samtidig vil vi klargjere kor spinkelt og utilstrekkeleg fridomsbegrepet blir dersom det berre skal tyde fråver av ytre tvang. I våre dagar og tider er det blitt meir påtrengjande enn før å understreke at fridomen har ein sosial dimensjon. Sidan sist vi skreiv prinsipprogram, er vi blitt meir merksame på dei grensene naturen set for vår utvikling og på dei sosiale grensene for fridomen. Bilen har vore eit framifrå reidskap for å utvikle vår fridom. Men blir det for mange bilar og alle som køyrer bil prøver å kome unna sosiale reguleringar, blir fridomen drastisk redusert for oss alle. Stadig fleire av våre mål kan vi berre nå gjennom samvirke. Fridomen krev altså sosial organisering eller igjen evne til kollektiv forstand og handling. Vi lever i eit fritt samfunn. Nå må vi fylke oss til strid mot dei falske profetane som marknadsfører sin ufridom under fridomens fane.

Eit anna av våre gamle slagord som har krav på fotsvar mot vulgær kritikk, er likskapen. Tanken om alle menneskes like verd er ein nødvendig føresetnad for vårt grunnsyn. Men i våre prinsipp og i vår praktiske politikk har vi også prøvd å verne mangfoldet. Vi vil ha eit samfunn med variasjon og høve for menneska til å dyrke sin eigenart. Også dette godet er udeleleg. Det skal omfate alle. Nedarvede privilegier og sosial ulikskap er eit hinder for variasjon og sjansane for alle menneske til å dyrke sin eigenart. Vi har også prøvd å vise at vårt arbeid for større likskap i makt og ressursar må ha vidare siktemål enn strevet for formell likskap. Det vil igjen føre til at vi møter ny motstand. Men kampen for likskap og rettferd er ikkje blitt mindre aktuell sidan vi skreiv prinsipprogram for berre 12 år sidan. Mange vil meine tvert imot.

Når vi nå skal ut i valkamp med slagordet "arbeid for alle" som det viktigste våpen i vårt politiske arsenal, tek vi ikkje berre med oss ein dagsaktuell, kortsiktig målsetting. Vi har med oss eit prinsipp. Norsk arbeidarrørsle har særleg stolte tradisjonar når det gjeld å gi arbeidet første rang i sitt politiske strev. Vi kan seie at det gir dobbelt tyding til namnet arbeidarrørsle. Arbeidet formar menneska og tilhøvet mellom dei. Organiseringa av arbeidet er avgjerande for å kunne forstå og forandre samfunnet. Arbeid gir levebrød. Men det er også ein nøkkel til den einskildes sjølvrespekt. Tap av arbeidet tyder tap av kontroll over eige liv. Det er

blitt uhyggeleg nødvendig å minne om det. I mange land som også er våre naboar og beste vener, tvingar spørsmålet seg fram som ein kniv mot strupen: Kva skjermed demokratiet, stabiliteten og folks sjølvrespekt, når millionar av arbeidsføre menneske ikkje finn meiningsfylt arbeid? Kva skjer med samfunnet og framtida når det blir særleg vanskeleg for dei unge generasjonane og dei svake? Det spørsmålet opptar ikkje Milton Friedman. Men for oss er dette det viktigaste vi har å gjere. Vi veit nå at den gamle målsettinga om arbeid for alle kan bli vårt mest radikale krav i åra som kjem. Det høyrer visseleg heime ikkje berre i arbeidsprogrammet. Det er eit prinsipp som vi på dette landsmøtet igjen skal slå fast at vi kompromisslaust vil forsvare. Vi har også Ønskt å aktualisere debatten om arbeidets innhald. Det er kanskje inga urettvis anklage mot oss at vi til tider har vore meir opptatt av vekst og kvantitet enn av arbeidets kvalitative innhald. Den teknologiske utviklinga har gjort den diskusjonen meir påtrengjande nødvendig.

Det har vore meininga at det skulle framgå av det eg til nå har sagt, at vi finn det særleg nødvendig og i pakt med tida å gå ut i eit offensivt forsvar for solidariteten. Først av alt skal det understrekast at solidariteten har ein internasjonal dimensjon. Her står vi på klassisk grunn. Arbeidarar i alle land, var adressa for sosialismens bodskap. Vi treng ikkje bruke mange ord på å argumentere for at solidaritetens internasjonale dimensjon er påtrengjande aktuell. Det er vanskeleg å tenke seg at den demokratiske sosialismen skal kunne halde på sin appell til dei mange og til dei komande generasjonane, utan at vi er konsekvente talsmenn for at solidariteten må omfate alle menneske. Solidariteten vil knyte nye lojalitetar mellom oss og nye grupper og nye generasjonar gjennom den moralske appellen som ligg i evna til å kjenne medkjensle, brorskap og søsterskap. Men like viktig er det for oss å vise at solidariteten også er basert på eigen interesse. Vi treng alle solidaritet fordi vi alle på eitt eller anna tidspunkt i livet er svake. Solidariteten er ikkje berre filantropi. Den vart smidd som våpen i arbeidarklassas kamp for eigne interesser. Samhold gir styrke og makt. Ein kvar er ikkje si eiga lykkes smed.

Like vesentleg er det vi i programmet har kalla at solidariteten er grunna på innsikt. Det er innsikta om at fellesskapets beste ikkje automatisk er summen av eigne eigne egoistiske handlingar. Det er ein lærdom som har fått ny aktualitet. Vi er tilbake til vilkåra for den kollektive forstanden i vårt samfunn. Og da er det tid for å understreke at dette problemet også har ei kvalitativ side. Fellesskapsløysingar og -handlingar er ikkje pr. definisjon gode. Dei kan vere byråkratiske, ufullkomne og undertrykkande. Ikkje alle kritikk frå høgre side er dum. Folk er ikkje dumme. Dei ser at på mange område er dei kollektive løysingane så utilstrekkelege at dei private er betre. Helst skal dei vere slik at individa bruker og aksepterer fellesskapsløysingane fordi dei ser at dei er i eiga interesse. La oss ta to daglegdagse eksempel som er gode fordi dei gjeld dei mest rasjonelle av oss alle, nemleg barn. Ein stad i det europeiske fellesskapet oppdaga dei at det vart eit problem at skolebarna fekk lus. Eit fellesskap bestemte så at alle barn som hadde lus, måtte vere borte frå skolen. Det var ei dårleg fellesskapsavgjerd fordi det førte til at lus vart handelsvare. Og omsetninga var rivande. Ei god fellesskapsavgjerd er den norske flaskepanten. Den gir oss automatisk ein hær av tusenvis av unge renovasjonsarbeidarar som driv aktivt miljøarbeid for oss alle, og som handlar i eiga interesse.

Så mykje om grunnsyndelen i programmet. Det er den som har hovudansvaret for at dette programmet er meir omfangsrikt enn alle likar. Vi meiner det er nødvendig og nyttig å legge stor vekt på grunnsynsdelen denne gongen. Dei utfordringane våre motstandarar stiller oss, er i stor monn ideologiske utfordringar. Skal vi knyte nye lojalitetar mellom oss og dei mange som nå er framande til oss fordi dei ikkje arvar dei automatisk lenger, må det i stor monn skje gjennom våre verdiar og det ansiktet som ideane gir oss.

Vi har lagt stor vekt på å lage eit udogmatisk program. Reformismen er berre eit godt prinsipp for omforming av samfunnet dersom reformene har mål og meining. Men reformisme er også ein veg til å vinne ny kunnskap om samfunnet. Enda mindre enn før har vi råd til å vere dogmatiske. Dette samfunnet blir meir og meir innfløkt. Mindre og mindre er vegen fram ei snorrett line mellom to punkt. Alle vi som arbeider med praktiske reformer i dei store og omfatande offentlege sektorane, ser at vi ofte får heilt andre verknader av våre tiltak enn vi hadde meint. Samanhengen mellom mål og handling er blitt meir komplisert. Vi treng meir fantasi og evne til nytenking for å finne dei nye reformene. Men vi treng også meir evne og mot til å forkaste det vi tidlegare har gjort, dersom det ikkje vart som det var tenkt. Vi har mykje prestisje å kvitte oss med av det vi har investert i det beståande. Arbeidarrørsla har alltid vore samfunnskritisk. Det er ein viktig tradisjon som vi skal ta vare på. For det er kritikken og kampen mot det skeive og skakke som gir oss handlekraft og samfunnet dynamikk. Det gode og positive er ikkje så omformande mellom anna fordi vi er nokså usamnde om kva som er godt og positivt. La oss slå eit slag for vår evne til å utøve samfunnskritikk. Men samfunnskritikken må også omfate evnen til å utøve sjølvkritikk.

Å skrive prinsipprogram er ein slags politisk orienteringsløp. Det kan vi ikkje gjere utan å nytte tid og omtanke på å finne ut kvar vi står. Del nr. 2 av prinsipprogrammet er det som på fint språk heiter ei samfunnsanalyse. Vi prøver å trekke dei lange linene i norsk samfunnsutvikling i fortid, nåtid og inn.i ei usikker framtid. I denne delen vil de også finne hovudgrunnane til at vi i dag drøfter eit nytt prinsipprogram for partiet. 70-åra brakte mykje nytt. Framtida er ikkje det ho var. Sidan sist vi skreiv program har natur- og ressursproblema blitt eit hovudtema i politikken. Vi har sett at veksten har kostnader. Samfunnet har fått nye store styringsproblem. Freds- og nedrustningsoppgavene er blitt enda meir brennande. Vi har gått inn i oljealderen. Sidan sist har vi lært oss omgrepet "ny økonomisk verdensordning". Ny teknologi set nye utfordringar.

Den siste hovuddelen av programmet er retningslinene for vår politikk. Dei nye utfordringane tilseier at vi skulle ha nye og viktige ting å seie om vår politikk på ulike område. De vil finne slike nye innkast i avsnitta om internasjonalt arbeid, forvaltning av miljø og ressursar, arbeidets organisering og oljepolitikken. Sidan sist vi skreiv program har likestillingsarbeidet mellom kvinne og mann fått heilt ny tyngde og gitt oss grunn til å sette opp nye djerve Mål. Det er kome inn eit nytt avsnitt om livssyn og tru som har interessert mange. Kulturpolitikken kjem til å få ny breidde og nye dimensjonar i 80-åra. Det er nå opp til landsmøtet å seie si meining om desse nye retningslinene. Og la meg understreke at like viktig som å gjere seg opp ei meining om det som står, er det å ha oppfatningar om det som ikkje står i programmet, men som kanskje burde ha gjort det.

Eg vil gjerne nemne eitt område der eg for min del meiner at vi ikkje har kome langt nok i denne programhandsaminga. Det gjeld området økonomisk demokrati og eigedomsrett. Innstillinga frå Skytøen-komiteen har fortenestfullt utløyst ein ny viktig debatt og gitt oss nye mål å arbeide mot. Samstundes er det klart at vi ikkje kan kome særleg langt vidare utan at vi nå får eit breitt engasjement frå den politiske og faglege arbeidarrørsla om desse spørsmåla. Dei har alltid vore heilt sentrale for Arbeiderpartiet. Vi får kanskje registrere at dette er den første programhandsaminga i partiets historie der vi ikkje har ein debatt om kva vi skal gjere med kredittinstitusjonane. Årsaka til det er den heilt rette: Vi har gjort noe med kredittinstitusjonane. Men vi har ikkje greidd å føre fram i tilstrekkeleg breidde ein debatt om det økonomiske demokratiet. På fleire punkt ligg vi etter våre naboland når det gjeld å diskutere kapitaltilgangen og -forvaltninga i vårt samfunn. I dette programmet slår vi fast ei viktig retningsline som m.a. er eit resultat av vårt arbeid med kredittinstitusjonane: Vi ønskjer større mangfald og fleire alternativ i produksjonslivet når det gjeld eigedom, organisering og styring. Vi har nå ei viktig oppgave i den komande landsmøteperioden i å gi dette prinsippet liv og blod. Nye merkesteinar skal reisast. Vi kjem ikkje til å kunne greie det utan eit sterkare engasjement frå grasrota i arbeidarrørsla også om slike spørsmål.

Prinsipprogrammet er ingen intellektuell leik med ord. Det skal først og fremst vere eit grunnlag for handling. Programmet er verdilaust dersom vi ikkje har makt til å gjennomføre det. Vårt viktigaste reidskap for det er partiet. Den sterke vekt programmet legg på evne til kollektiv handling har også adresse til partiet og partiorganisasjonen. Mange har dei siste åra sett med otte på at partiet skulle bli meir ein diskusjonsklubb og mindre eit handlingsfellesskap. Vi har grunn til å skjerpe vår evne til handling i alle ledd av partiet og på alle nivå i vårt styringssystem. Dette programmet har vore verd å lage dersom det kan yte eit lite bidrag til å betre vår evne til målretta, koordinert handling. Vi har ingen sjanse til å gjenreise dette samfunnets evne til kollektiv handling dersom vi ikkje også betrar partiets evne til å handle som eit samla fellesskap. Ein levande diskusjon vil auke vår handlekraft fordi diskusjonen gjer det lettare for oss alle å underordne våre eigne standpunkt og syne ein kollektiv vilje. Nå er tid for å understreke nettopp det.

Dette programmet har også vore verd å lage dersom det kan bidra til å gjenreise respekten for våre eigne verdiar. Dei er ikkje antikvitetar. Vi har prøvd å vise at 80- og 90-åras utfordringar gir grunn til å gå inn i forsvaret av desse verdiane med fornya styrke. Det er ikkje slik at verdiane og ideologiane er døde. Vi kan tvert om registrere ny interesse for dei meir langsiktige spørsmåla i det menneskelege tilveret, ikkje minst blant unge menneske. Det er eit problem for den norske demokratiske sosialismen at så mykje av denne interessa nå vender seg mot religion, meditasjon og mystikk, og så lite mot rasjonell politisk handling. Vi har prøvd å ta vare på den udiskutable arven i norsk arbeidarrørsle som vi kan kalle respekt for kunnskap og innsikt. Samstundes er dette programmet ei oppmoding til å tenke sjølv. Vi skal ikkje la oss dupere av dei mange både til høgre og venstre som nå tilbyr ferdigsydde formlar for løysing av framtidas kompliserte problem. Som det står i 1. Korintarbrev: Herren kjenner tankane åt dei vise og veit at dei er tomme. Det norske Arbeiderpartis prinsipprogram skal vere basert på vanlege menneskes evne til å orientere seg i tilveret. Vi ville lage eit program som kunne vere ei utfordring for dei særleg interesserte og for dei som kan rekrutterast til aktivt politisk arbeid gjennom idear. Men vårt program kan aldri bli eit program berre for ein elite.

Så ville det vere det mest tilfredsstillande resultatet av vårt arbeid om vi kunne seie at dette programmet kan bli eit bidrag til å styrke dette partiets sjølvrespekt. Dette partiet som har ytt sin vesentlegaste historiske innsats ved å gi vanlege menneske høve til å rette ryggen og kjenne sjølvrespekt, har i dei seinaste tidene hatt problem med sin eigen sjølvrespekt. Det vil sikkert vere delte oppfatningar om i kva grad programkomiteen har lykkast i å skrive eit program som har appell til mange. Men det har vore eindel av vårt arbeid å studere programutkasta frå dei andre partia her i landet. Den delen av arbeidet har i alle fall styrkt vår sjølvrespekt. Dei som dei siste månadene har skrive sosialdemokratiets nekrolog, har ikkje hatt evna til å gå inn i si tid. 80- og 90-åra vil vere stimulerande arbeidsmark for dei som vil verne og styrke solidaritetens plass i det norske samfunnet. Det er ei oppgave som kallar på ny innsats. Det er ingen andre som kan ta vare på den oppgava enn vi. La oss utnytte den nye optimismen og innsatsviljen som nå pregar partiet til å vise at vi fører ein strid, ikkje på vegner av personar og ut frå eit ønske om makt. Vi gjer det først og fremst fordi vårt grunnsyn og våre idear fortener ein sjanse til å bli retningsvisande også for dei komande generasjonane som skal leve i dette landet. I det perspektivet er valet i år berre ein episode. Men det er ein viktig episode. Og vi skal tvinge alle som har skrive nekrologar til å ete dei i seg att, ord for ord.

Prinsipprogrammet har 117 avsnitt. Det 118'de kunne vere kort, enkelt og ein naturleg følgje av alle dei andre: TIL KAMP, KAMERATER.

Kjelde: Protokoll over forhandlingene på DNA's 48. ordinære landsmøte 2.-5. april 1981.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen