VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Staden vi står på, verda som er vår heim

av Edvard Hoem, ,
Åpning av arbeiderfestivalen i Hommelvik

Den sosialistiske draumen kan ikkje vera ein nostalgi, det må vera ein draum om den forandring og den framtida som er mogleg

Arbeidarorganisasjonane og arbeidarpartia, arbeidarrørsla, nasjonalt og internasjonalt, var den viktigaste politiske krafta i det 20. århundret. Ingen annan politisk ideologi forandra livet på kloten i same grad som dei sosialistiske ideane. Det gjeld for vesle Norge, og i den store verda! I dag er det nesten ingen som er stolt over det, få som snakkar om det, men det var slik det var.

I det 20. århundret vart den industrielle revolusjonen gjennomført i Europa og på det nordamerikanske kontinentet. Kolonialismen vart avskaffa i Asia og Afrika. Frigjeringsrørsler tok opp dei sosialistiske ideane, heiste opprørsfana, skapte håp om eit betre liv for millionar og atter millionar av menneske. Dette er ei historisk kjensgjerning som ingen nye politiske motar kan gjera noko med.

I dag verker det som alt dette ikkje har hendt. Ja, det er nesten utidig å snakke om det. Den sosialistiske verdsrørsla er blitt identisk med utvekstane, med diktatoriske regime, forfølging av annleistenkande, tungrodde statsbyråkrati og ineffektive økonomiske system.

I dei siste tjue-tretti åra har marknadsliberalismen og liberalismen som filosofi sigra på alle frontar. Dei sosialistiske statane er nesten utraderte frå jordoverflata. Det er ei dramatisk og varig verdshistorisk forandring.

Vi veit det, vi erkjenner det. Sosialismens former i det 20. hundreåret kan vi ikkje vende tilbake til. Ideen om at eitt parti kan vera ein generalstab for den sosialistiske kampen, er stein død. Tanken på at ein bestemt ideologi skal bli dominerande i samfunnet er også død. Det ein kan håpe på, er at det kan oppstå politiske alliansar mellom ulike ideologiar og livssyn som ein gong kan gjera slutt på den utplyndringa av arbeidskrafta og naturresursane som er kapitalismens uhyggelege bakside. I dag er sosialisme ikkje noko faneord.

Faneordet er marknad, og den rådande teologien er marknadens teologi. Det er ikkje berre skjedd ein revolusjon i dei økonomiske strukturane, men i sjølve språket. Dersom det dukka opp ein observatør frå ein framand planet, ville han nok få inntrykk av at dei sosialistiske ideane ikkje berre var på retur, men i vanry. I dei moderne og industrialiserte landa i den tredje verda ville han sjå at sjølv ordet arbeidar knapt nok er eit heidersnamn for dei som er det. Og det kjem ikkje av at arbeidarklassen er avskaffa, sjølv om den i vårt samfunn er atomisert og redusert. På verdsbasis har det aldri vore så mange industriarbeidarar som det er no. Det kjem heller ikkje av at arbeidarrørsla har løyst si historiske oppgåve. Problema som den sosialistiske og solidariske ideologien skulle møte, er både nasjonalt og internasjonalt meir aktuelle enn før.

Globaliseringa av verdsøkonomien trugar dei rettferdskrav og solidariske ordningar som arbeidarrørsla i mange land har brukt hundre år på å bygge opp. For første gong i vår historie hyrer norske arbeidsgivarar utanlandske arbeidarar som går på radikalt andre arbeidsvilkår enn dei vilkår som norske arbeidarar har tilkjempa seg. Den liberalistiske offensiven er i ferd med å bli totalitær: Den prøver på å utslette den solidariske ideen og avskaffe felleskapsløysingane til fordel for private avtalar på alle samfunnsområde. Den totalitære liberalismen vil ikkje berre la marknaden rå der marknaden har vist sin styrke, nemleg i konkurransen om å framstille stadig billigare og betre varer. Den totalitære liberalismen vil ikkje at det skal finnast noko som ligg utanfor det som er marknad.

Alle åndelege ytringar, alle sosiale tenester, alle menneskelege behov, skal dekkast av varer som kan kjøpast og seljast. Menneska skal ikkje lenger identifisere seg i kraft av det dei utrettar. Dei skal ikkje vera produsentar, men kundar, skattebetalarar, konsumentar. Alt er underlagt lova for kjøp og sal. Den som ikkje kan kjøpe, har ikkje tilgang til fellesgoda. I si ekstreme form godkjenner ikkje den totalitære liberalismen at vi er samfunnsmedlemmer og medborgarar. Vi er frittsvevande individ, kundar og konsumentar! Sjølv kroppen er blitt ein maskin som sjukehusa kan konkurrere om å reparere til best mogeleg pris! For ikkje å snakke om at sjela er blitt ein kunde som kan velja og kjøpe frå eit utal av tilbod, som alle har ein pris i kroner og øre. Skolen blir lagt ut på anbud. Ideologi, livssyn og privatøkonomisk styrke avgjer kven du skal tilbringe skoletida saman med. Eg har sagt det før, og seier det igjen. Av alle reformer som arbeidarrørsla fekk i stand i vårt land, var den viktigaste at utdanningssystemet vart demokratisert, slik at ungdom frå alle samfunnslag kunne få kunnskap og utdanning. Denne og andre velferdsordningar kravde kollektiv disiplin, ein sterk offentleg sektor og vidtgåande statleg styring.

Det er ikkje sikkert vi skal tilbake dit. Sosialismen er ikkje ei bestemt og tidlaus organisasjonsform. Det er solidaritetstanken som må reisast opp igjen, ikkje formene.

Dei rasjonelle fellesskapløysingane må få den plassen på samfunnets dagsorden som dei fortener. Vi må få til ein allianse mellom sosialistar og folk med anna livssyn, som vil tøyle den totalitære liberalismen. Da nyttar det ikkje å gjera framlegg om eit samfunn som ikkje har plass for individets rett til fri utfalding. Arbeidarrørsla må bli i stand til å vise at også individet best kan realisere seg sjølv innanfor fellesskapets rammer.

Det kan i første omgang synast vanskeleg å handheve eit solidarisk ideal i eit steinrikt samfunn som det norske, der petroleumsøkonomien har snudd alle tradisjonelle reknestykke på ende. Innanfor ein horisont av ein eller to generasjonar er det nesten likegyldig kva vi nordmenn finn på og korleis vi innrettar oss. Det vil gå bra uansett, på det økonomiske området, for så mange pengar har vi på bok. Det fundamentale spørsmålet er om det kan gå bra med oss, dersom vi baserer vår livsutfalding på prinsipp som er i strid både med interessene til menneska i andre delar av verda og til dei generasjonane som kjem etter oss. Den historiske erfaringa er i så måte eintydig. Sivilisasjonar og kulturar som ikkje evnar å sjå lenger enn til sine mest nærsynte og egoistiske behov, kan i lengda ikkje overleva. På det individuelle området synest lærdommen å vera den same. Eit menneskeliv som berre innrettar seg for å tilfredsstille eigne behov, kan ikkje bli eit verdig liv. Det mennesket som taper medmennesket av syne, kan ikkje sjå seg sjølv. Eit lykkeleg liv og eit godt liv, for ikkje å seia eit verdig og sant liv, er eit liv som ein lever innanfor ein stor menneskeleg samanheng.

Vår lodd i denne verda er ikkje ein individuell lagnad, det er ein felles lagnad. Den tradisjonen av songar og forteljingar som menneska forvaltar, minner om at alle menneske i alle tidsaldrar har noko til felles. Vi er forgjengelege, men like fundamtentalt er det at vi nyt dei same gledene, frydar oss over god mat og godt drikke, frisk luft, musikk, fuglesong og vakre ting, og at vi er vesen som i visse situasjonar er i stand til å ofre våre eigne nærsynte interesser til beste for andre.

Fridom for den enkelte er eit fundamentalt vilkår for ein sosialisme som kan bestå. Det er ikkje noko framtidsperspektiv å bøye mennesket inn under fellesskapets åk! Fellesskapet må vera eit frigjerande fellesskap, eit fornuftig fellesskap, fordi dei løysingane som fellesskapet baserer seg på, gir oss ein større fridom. Vi kan ikkje akseptere at vi skal vera ufrie for å tene eit høgare mål.

Den sosialistiske visjonen må utfalde seg på på ruinane av dei gamle sosialistiske statane, med alt som var av byråkrati, forfølging av annleis tenkande, einsretting og uniformering. Den nye sosialistiske visjonen vil ikkje sy all verda om etter same lest. Den nye sosialistiske visjonen er ein visjon om eit globalt kulturelt mangfald som er like samansett som det økologiske mangfaldet.

Men dette mangfaldet kan ikkje leva i isolerte lommer. Musikken har for lengst sprengt alle landegrenser. Ungdommen over størstedelen av kloten har same kroppspråk og same draumar. Den kommersielle internasjonale kulturen trenger seg inn i alle avkrokar i verda. Den alternative kulturen som ein drøymde om på seksti og syttitalet, er heilt marginalisert.

Det er ikkje lenger noko mål, og neppe mogeleg å skapa ein uavhengig radikal kultur, eller ein arbeidarkultur. Den viktige oppgåva er å stanse den totalitære liberalismens einsretting. Det må vera plass til det som ikkje kan få ein pris: Stilla på biblioteket, den spinkle røysta i eit dikt! Vi må ha råd til den musikken som er så avansert at få høyrer den, og dei tankane som er så ekstraordinære at få vil betale for dei! Det må vera rom for den religiøse lengsla i kyrkjerommet, for den spaserturen som ikkje fører nokon stad, og den kunsten som ikkje kastar noko av seg. Det må vera rom for den nyfikne haldning som ikkje har noko bestemt mål, anna enn at ein vil vita meir! Det må vera plass for leiken og det unyttige, for det som aldri kan koma på børs.

Lenge før den sosialistiske rørsla vart til, eksisterte nestekjærleikstanken, den altruistiske tanken. Nestekjærleik er ikkje det same som solidaritet. Det nye med sosialismen var solidaritetstanken. Solidaritetstanken er ikkje at alt mitt er ditt! Den sosialistiske og solidariske tanken sa: Gjer di plikt, og krev din rett, og framfor alt: I dag meg, i morgon deg. Når eg yter til fellesskapet, er det fordi eg sjølv ein dag får bruk for hjelp.

Det største menneskelege privilegium er at vi er slik laga at vi kan ha omtanke for framtida. Det er slik vi best kan sjå kven vi er. Vi ser vår plass i den store samanhengen. Samtidig har vi ikkje noko anna liv enn det som er her og no.

Ein av dei fundamentale konfliktane i den sosialistiske rørsla spring ut av denne motsetninga. Striden mellom kraftsosialistane og dei økologisk orienterte, mellom industrientusiastane og den grønne falanksen på venstresida, kan vi neppe sjå slutten på med det første. Den religiøse absolutismen som ein av og til ser i denne striden, er handlingslammande og påfører den sosialistiske rørsla stor skade. Ingen kan vinne alt og realisere alt! Den einaste vegen går gjennom kompromiss og alliansar som kan få tilslutning av fleirtalet. Vår sivilisasjon er skapt av industrielle initiativ og teknologiske løysingar. Det kan vi ikkje reversere. Idealistar som vil avvikle vår sivilisasjon og livsform og vende tilbake til ein førindustriell levemåte, har ikkje innsett at dei er med på å skyve det store fleirtalet av menneska i armane på reaksjonære ideologiar. Ingen endringar kan skje dersom dei radikale kreftene ikkje er i stand til å vera på parti med common sense. Ingen fellesskapsløysingar kan bli realisert, dersom ein ikkje kan skapa alliansar. Det er ikkje lenger slik i verda at eitt livssyn, ein ideologi, ein tenkemåte kan vinne fram aleine. Det er ikkje noko mål å skapa ein sosialistisk kultur! Det er dialogen mellom sosialistar og dei som ikkje er sosialistar, alliansen mellom alle menneske av god vilje, same kva livssyn dei bekjenner seg til, som kan gi håp for det globale samfunnet som er i emning.

Å starte der ein er, i den tida ein lever i, i den verda som vi eingong er i, for å skapa gode alliansar, det er politikk som kan føre fram. Fantastane og drøymarane er viktige til alle tider, men dei som vil oppnå noko, er dei som stikk fingeren i jorda og kan bygge bruer til sine samtidige.

Norge har hatt slike politikarar. Her, i Hommelvik, voks ein av dei største politiske byggmeistrane i norsk historie opp, Johan Nygaardsvold. I denne samanheng vil eg halde han fram som det gode eksempel.

Trettiåra var uendeleg annleis enn det samfunnet som utfaldar seg rundt oss no. Ingen ting er å kjenne igjen. Samfunnsøkonomien låg nede, mismotet breidde seg, verdssituasjonen var dyster. Men i denne tida var det enkelte, som Nygaardsvold og hans medarbeidarar, som starta med dei små skritt som litt etter litt skulle fordrive håpløysa og minske køane av arbeidslause. Dei starta på den lange marsjen som gjennom to generasjonar skulle forandre det norske samfunnet frå grunnen av.

Det er noko å lære her, for oss som lever i ei anna tid. På ruinane av den sosialistiske verdsrørsla skal vi slå ring om fellesskapsløysingane, ikkje fordi dei er sosialistiske, men fordi dei er fornuftige. Nøkkelorda for ein solidarisk politikk er dialog og allianse med annleis tenkande. For det er mange der ute som ser det vi ser: 
Enkeltmenneskets rett til fridom og eit verdig liv kan berre byggast på ein fundamental solidaritet mellom menneske og natur, og mellom menneske og menneske.

Med dette erklærer eg arbeidarfestivalen i Hommelvik for opna.

Kjelde: Klassekampen, 29. april 2005
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen