VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

For ein human asylpolitikk!

av Oddny Miljeteig, ,

Kjære alle saman -- vi må vinna!

Vi er her i dag av di norsk asylpolitikk ikkje toler møtet med mennesket. Likevel: Tenk at vi skulle få dela ei glede nett i dag, gleda over at nett no fungerer i alle fall den norske rettsstaten for Nathan og foreldra hans. I natt og nettene framover kan dei sova trygt, og Nathan kan halda fram med å veksa som bergensk kjuagut frå Ytre Arna -- i dagane som kjem. Så veit vi ikkje meir. Men eg trur faktisk at saka til Nathan og foreldra no er komen inn i eit anna og seriøst spor. Det skal vi gle oss over.

Men -- framleis handlar saka om 450 born og deira familiar. Og framleis handlar saka om Noregs eineståande returavtale med Etiopia, eineståande av di ingen andre demokratiske land ser ut til å vilja ta i landet med eldtang. Noreg opnar no for tvangsretur av etiopiarar for fyrste gong på over 20 år. Amnesty ropar varsku. Siegfried Pausewang frå Christian Michelsens Institutt meiner det er skandaløst å senda Nathan og familien attende til Etiopia på grunn av pappa Nathan sin bakgrunn. Spesialist på Etiopia og antropologiprofessor Kjetil Tronvoll har påpeika den negative demokratiske utviklinga i Etiopia dei siste åra. Kjetil Tronvoll meiner dei som har fått avslag, må få sakene sine vurderte på nytt. NOAS varslar at menneskerettssituasjonen i Etiopia har vorte klart verre det siste året. Etiopia er det landet flest journalistar flyktar frå. I Noreg er ein del av dei etiopiske borna blant dei som har budd lengst utan opphald.

Bergen er ikkje kva som helst by når det kjem til asylpolitikk: I 2000 aksla vi kampen for at kvinner på flukt frå kjønnsbasert forfølging skulle bli anerkjende som flyktningar. Og i 2003 reiste born og unge på Vestlandsheimen asylmottak fana for borns eksistens og rettigheter i asylpolitikken. Verdas einaste kjende organisasjon av og for asylborn, SOHO, var dei som dreiv fram Stortingets fyrste amnesti for asylborn og deira familiar i Stortinget i juni 2004.

Kampen held fram. Eg helsar frå to personar som gjerne ville ha vore med i dag. Fyrst, min eigen partileiar, Audun Lysbakken, som ber meg helsa til vesle-bergensar Nathan og foreldra at han støttar og kjempar for at Nathan og alle i hans situasjon skal få bli i Noreg. Han kjem til å seia det same på Dagsrevyen i kveld. Så skal eg helsa frå Harald Schjelderup, gruppeleiaren for AP i Bergen som mange av dykk såg på både Dagsrevy og TV2 i går kveld -- han er så definitivt med på laget, vårt lag, han også.

Vi som kjempar for Nathan og familien hans er ikkje blåøygde og blauthjarta fantastar. I alle fall ikkje når det kjem til asylpolitikk. Tvert om: i vår kamp for Nathan og familien hans -- og dei som er i same og liknande situasjon, gjev vi Noreg ein flik av humanisme og saklighet i ein elles steinhard asylpolitikk der innvandringspolitiske omsyn mest alltid vinn over humanitet -- og barnekonvensjonen. Eg vert ikkje sjeldan spurt om koss eg kjenner det ved at SV er ein del av regjeringa som fører ein slik asylpolitikk. Eit naturleg spørsmål -- i og for seg. Og eg har endeleg sagt mitt om det. Men du all verda for ei avsporing -- det er no vel skit det same koss eg kjenner meg eller me i SV kjenner oss, det viktige er at me slåst -- og at me alle slåst, for ein human asylpolitikk som FNs høgkommissær og humanitære organisasjonar kan kjennast ved. Det handlar om born, det handlar om vaksne.

Vi må berre erkjenna, frå Torgallmenningen i kveld: statsministeren, Arbeidarpartiet sentralt eller stortingsfleirtalet greier ikkje av seg sjølve å gje Noreg ein anstendig og human asylpolitikk, det vere seg for born eller vaksne. Den må kjempast fram frå bygd og by, slik vi gjer det herifrå Torgallmenningen i kveld for vesle Nathan og foreldra hans -- og vi skal vinna!

Kjelde: Oddny Miljeteigs privatarkiv
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen