VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Kvinnesaka i revers! Eller back to the seventies?

av Oddny Miljeteig, ,

Hjarteleg til lukka med dagjen! Hjarteleg til lukka til unge, til gamle, til alle i passeleg alder, til kvinner, jenter, kvinnfolk, damer, kjerringar -- alle synonym for ordet kvinne som berre tenkjast kan! For i dag er det vår dag! Det er kvinnedagen over alle dagar, det er altså sjølvaste 8. mars! Og til dei mennene som vil feira i lag med og stilla seg jamsides med oss: Takk for solidariteten -- i dag får de vera kvinnfolk gode som nokon!

8.mars. Eg vert reint andaktsfull når 8. mars nærmar seg. For 8. mars er ikkje noko inkjevetta, eller ein dag for særskilt interesserte, litt sekteriske raudstrømper. Å vera raudstrømpe er ikkje sekterisk i det heile. Raudstrømpe var nemninga den nye kvinnerørsla sette på seg sjølve heilt i starten, dvs. sist på 60-talet, aller fyrst faktisk i USA, trur eg. Og det var raude strømper og ikkje blå -- for Blue stockings var forgangen historie. No var det kvinnefrigjering det galdt -- og det er min santen ikkje forgangent.

I dag feirar vi våre sigrar. Jammen gjer vi så! Difor er 8. mars ein festdag. Og så samlar vi krefter til alle stridane som framleis står att. Vi markerer våre kampsaker; på kafear, torg og streder, i aviser og i etermedia.

Det var i 1910 at den internasjonale sosialistiske kvinnekongressen i København vedtok å innstifta den internasjonale kvinnedagen som eigen kampdag for kvinners rettar, og for freden. Kongressen talde 130 kvinner frå 16 land, blant dei Anna Gjøstein frå Noreg. Det var Clara Zetkin som reiste forslaget, og difor er 8. mars uløyseleg knytt til hennar namn. Clara Zetkin, ei kvinnesakskvinne det står respekt og heilt ekte kvinnehistorie av. Det er uvisst kva land som først tok op feiringa av kvinnedagen. Tyskland, Austerrike, Danmark og Sveits var tidleg ute, fylgde av Frankrike i 1912 og Russland i 1913. I 1914 fall 8. mars på ein søndag, og dette var fyrste gongen datoen vart fast kopla saman med kvinnedagen. I det norske tidsskriftet «Kvinden» reknar ein med at demonstrasjonane det året hadde samla 80.000 deltkararar. I ein del historieskriving har Arbeidarkvinnedagen 8.mars 1917 vorte tilskriven å ultøysa februarrevolusjonen i Russland. Det båra laus med demonstrasjonar og opptog. Arbeidarkvinnene gjekk ut på gata og krov «brød og fred». Dette vart, i følgje Aleksandra Kollontaj, ein av faktorane som utløyste februarrevolusjonen og med det tsarveldets fall. Aleksandra Kollontaj var forresten verdas fyrste kvinnelege diplomat og ambassadør.

Den fascistiske frammarsjen i Europa på 30-talet og til slutt krigen 1939-45 skuva kvinnedagen i bakgrunnen, men det vart halde samkomer i fengsel og i leirar. 8. mars 1945, før heile Europa enno var fritt, vart det halde ein kvinnekonferanse i Albert Hall i London, då 2000 kvinner frå 20 nasjonar og ulike politiske retningar var med. Desse kvinnene lova kvarandre at når krigen var slutt, skulle dei halda saman og arbeida for at krig aldri meir skulle verta mogleg. Kanskje går det ei alldeles ubroten line frå denne kvinnekonferansen og til dagens Internasjonale kvinneliga for fred og frihet -- og heilt for visst og sant til 8.mars-feiringa her på Meierikafeen i Vik i Sogn. For det er det store ved den internasjonale kvinnedagen: Vi samlast over heile verda, i alle verdsdelar, frå hus og hytte -- og vi knyter band mellom alle kvinner som står opp for sine, altså kvinners rettar.

Det var den nye, den moderne kvinnerørsla som her i Noreg sytte for at 8. mars fekk sitt gjennomslag. Frå 1972 har dagen årvisst vore markert. I 1975 proklamerte jamvel FN 8. mars som internasjonal kvinnedag -- og det påfølgjande tiåret som kvinne-tiår. Gamle kvinnekrav som rett til løna arbeid, sjølvbestemt abort og likeløn vart her på berget reiste med fornya styrke, det vart arrangert pornobål -- men ingen behåar, eller nynorske ordlister, vart brende. Behåbrenninga er ei myte, kanskje diverre, for det høyrest litt eksotisk ut, militant og skikkeleg mannhaftig feministisk. Men det har altså ikkje funnest eit einaste behåbål. Derimot reiste den nye kvinnerørsla kampen for barnehageplassar, den kampen som vår fyrste kvinnelege finansminister Kristin Halvorsen førte til eit skikkeleg gjennombrot ved å styra kor Noregs statsfinansar skulle gå. SVs historie fram til no er også historia om kampen for full barnehageutbygging. Vi krov «daghjemsplasser for alle», seinare modererte vi det til «-plasser for alle barn», pleier Kristin å seia... Og der SV på 70-talet og ut på 80-talet svivørdsleg vart omtala som «Barnehagepartiet», kappast alle parti 30 år seinare om å vera barnehageparti. Skjellsordet var vorte honnørord.

Då SV i bystyret i Bergen om lag 2005 sa nei til å byggja barnehage på ei bosfylling med giftig avfall, fekk vi kjeft for ikkje å vera offensive nok som barnehageparti. Moralen: Det gjeld om å vera føre si tid, elles kjem den aldri! Sitat Berit Ås, Noregs aller fyrste kvinnelege partileiar. Kristin Halvorsen er elles den einaste politikararen i heile verda som har sett sitt politiske liv inn på full barnehagedekning -- og vi må seia ho greidde brasane. Sjølv om nye-regjeringa no, den med nye idear og bedre løsninger, straks reverserte talet på nye barnehageplassar som skal byggjast -- med 7000 plassar. Ja, og så utvida dei kontantstøtta, og har sendt forslag om kommunal abortlov ut på høyring, slik at unge jenter til 8.mars i år har måla oppatt gamle parolar frå 70-talet mot reservasjonsrett.

Som de ser, har eg vore med og markert mange kvinnedagar. Ja, i grunnen har eg vel vore med heilt frå 1972, når sant skal seiast, då altså 8. mars vart markert for fyrste gong i etterkrigstida i Noreg. Eg har måla parolar, trykt og delt ut flygeblad, mobilisert til feiring og tog -- og skrive og halde talar og appellar. Eg plar ofte verta oppringd av eitkvartslags media i dagane før: «Oddny Miljeteig, er ikkje 8. mars utgått på dato? Har ikkje likestillinga kome langt nok?» Ja, jamvel: Har ikkje likestillinga i grunnen gått for langt, dvs. at Noreg er vorte reine feministstaten medan mannen er forvist med hua i handa til nedst ved bordet? Og er det ikkje i Noreg i grunnen einast våre muslimske medsystrer som vert utsette for kvinnediskriminering å snakka om medan vi i den innfødde kvinnemajoritet har sprengt oss gjennom glastaket og regjerer på Oljeberget i velfødd misnøye?

Eg må seia det: i år har det vore uvanleg lite tyt og mas om utgått på dato og for mykje likestilling. Uvanleg lite tyt har det vore, ja, eg kan i grunnen ikkje hugsa noko i det heile. Og det skulle då berre mangla -- for no står saker i kø som viser at kvinnekampen, ja, eg nyttar det uttrykket med vilje! -- at kvinnekampen aldri kan vinnast ein gong for alle -- og dessutan: at medvindsfeministane forsvinn straks motgangen kjem.

Katten ut av sekken: Abortlova. Sjølvbestemt abort. Aldri meir kloke koner! Aldri meir strikkepinnar! Skamma. Fornedringa. Tabua. Umyndiggjeringa. Det skulle då vera fortid, skulle det ikkje? Vi hadde vunne oppgjeret om abortlova. 70-talsfeministane hadde vunne oppgjeret om abortlova. For generasjonar til å koma. Sjølvbestemt abort dei fyrste 12 vekene. Sjølvbestemt avdi det til sjuande og sist er kvinna og kvinner sjølv som eig både eigen kropp og moderskapet. «Vi elsker moderskapet, vi vil dets vel, men i fuld frivillighet og under vort eget ansvar.» Slik uttrykte ho det, Katti Anker Møller i Kvindestemmeretsforeningens Klub i Kristiania, 18. januar 1915. I 1913 hadde ho stilt krav om sjølvbestemt abort for fyrste gong. 1913, same året som allmenn røysterett for kvinner omsider vart innført av eit samrøystes Storting.

Den fyrste abortlova kom i 1959, men inneheldt ingenting om abort av sosiale grunnar. Legal abort kunne tillatast når kvinnas liv stod i fåre og i tilfelle der kvinna kunne få alvorlege fysiske eller psykiske lidingar viss ho fullførte svangerskapet. Men alle kvinner som ville ta abort, måtte leggja saka fram for ei nemnd. I abortnemndene sat to legar med makt til å avgjera kva kvinner som skulle få abort, og kva kvinner som måtte fullføra graviditeten. Systemet verka fornedrande på mange kvinner, og abortkampen vart ei hovudsak for den nye kvinnerørsla fyrst på 70-talet. For kvinnerørsla var spørsmålet kven som skulle ta avgjerda: legen eller kvinna. 30. mai 1978 vart lova om sjølvbestemt abort vedteken i Stortinget, med ei røysts overvekt. Ei einaste røyst var fleirtalet på, 65 år etter at den allmenne røysteretten for kvinner vart innførd.

Abortlova har framstått som politisk allemannseige. Eg må seia at eg i fleire tiår ikkje tenkte over kva parti som hadde røysta for lova i Stortinget, for alle, minus KrF, verka til å slutta like heilhjarta opp om lova. Men det var altså ikkje alle mot KrF den 30. mai 1978. Det var ikkje det. Det var Arbeidarpartiet og SV som røysta for abortlova, og dei hadde nett nok røyster til å fri kvinner i Noreg frå umyndiggjering og fornedring med fleirtalet sitt. Ikkje ein stortingsrepresentant frå noko anna parti dissenterte og røysta med. Ikkje frå Venstre, ikkje frå Senterpartiet, ikkje frå Høgre. 30. oktober 1974 hadde Folkeaksjonen mot selvbestemt abort levert sitt opprop mot sjølvbestemt abort -- med 610.000 røyster. Anne Enger Lahnstein var forresten sekretariatsleiar for denne aksjonen i 1978-79. Og fyrst på landsmøtet sitt i 2013 røysta Høgre for abortlova. Ingen av dei partia som no utgjer fleirtalet i Stortinget har vore med og kjempa fram abortlova, det har ikkje vore deira lov.

Og nett i dette trur eg det ligg at det var så lett for Høgre og FRP å setja lova under forhandling med KrF for å skaffa seg støtte i Stortinget og kanskje på sikt eit med-regjeringsparti. Men sjølv ikkje KrF har nokosinne kome på ideen om kommunal abortlov. Det er Bent Høie, helseminister og Høgrenestleiar sitt påfunn. Det er hans ide at norske kommunestyre skal kunna avgjera om allmennlegane i ein kommune skal ha reservasjonsrett mot å tilvisa til abort. Frå min synsstad er dette ein mykje meir likesæl omgang med abortlova enn spørsmålet om sjølve reservasjonsretten. Det har vi alltid visst har vore der, om enn ikkje for allmennlegane. Det hjelper forresten ikkje på saka at både Bent Høie og Erna Solberg har fortalt kvinne-Noreg at kommunal abortlov og reservasjonskompromiss med KrF er for kvinnene sitt eige beste. Kvinne-Noreg kjenner umyndiggjeringa på gangen i abortspørsmålet. Difor har Bent Høie og Erna Solberg sådd vind og hausta storm. Og det er vel fortent. Ein tuklar ikkje med hardt tilkjempa kvinnesaker -- og den viktigaste retten av alle som er kjempa fram etter stemmeretten. No krev Likestillingsombod Sunniva Ørstavik at reservasjonsforslaget vert trekt -- fordi ho meiner det trugar kvinners lovgjevne og udelte rett til sjølvbestemt abort.

Kvinne-Noreg tek ikkje lett på abort. Aborttala i Noreg har vore stabile, 15.000 årleg. Dei aller fleste abortar vert gjorde tidleg i svangerskapet, mellom seks og åtte veker. Talet på abortar blant tenåringsjenter har minka i takt med tilgang på prevensjon og var i 2012 det lågaste sidan abortlova vart innført. Vi veit at talet på abortar ikkje går ned om eit land snevrar inn tilgangen til abort, men mødredødeligheta går opp. Det er kvinners liv og helse som står på spel. Og kvinners fridom og sjølvråderett.

Noreg er eitt av verdas aller mest likestilte land. Å bli fødd jentebarn i Noreg er i globalt perspektiv å ha vunne i lotto. Men det betyr ikkje at vi er likestilte!

Nyleg vart resultatet av den første store valds- og valdtektundersøkinga i Noreg lagd fram. Undersøkinga er gjennomført av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) på oppdrag frå Justisdepartementet. Undersøkinga fann m.a.:

- 9,4 % av kvinner i Noreg har opplevd å bli valdtekne, mot 1,1 prosent av mennene. 9,4 % av kvinner. Det betyr det same som 200.000 kvinner. 200.000. Det er fleire enn det bur innbyggjarar i Stavanger eller Trondheim -- og berre 70.000 færre enn dei som totalt bur i Bergen. Det er eit kolossalt tal!

- Halvparten (49 %) av kvinnene som rapporterte valdtekt, hadde opplevd valdtekt før fylte 18 år.

- Det er ingenting som tyder på at valdtekt mot unge kvinner har gått ned over tid. Like mange yngre som eldre kvinner rapporterte valdtekt før fylte 18 år.

- Seksuelle overgrep mot kvinner og menn blir stort sett utførte av menn. 

- Dei aller fleste valdtektsoffer kjende overgriparen.

- Dei største gruppene av valdtektsmenn var vener, kjende, nabo, kollega og kjærast/partnar eller tidlegare kjærast/partnar.

Overfallsvaldtektene utgjer altså eit fåtal blant valdtekter, men er definitivt dei som får mest merksemd. Naturleg nok. Skam, skuldkjensle og tabu gjer framleis at altfor få valdtekter vert melde, og berre ein brøkdel vert pådømde til slutt. Og dette er i likestillingas paradis, i landet jenter og kvinner berre kan drøyma om å bli fødde og leva i.

Det er berre å slå fast, slik kvinnerørsla har sagt det gong etter gong: Vald i nære relasjonar er menns overgrep mot kvinner. Eg har fått spørsmål om kva dette har med likestilling å gjera -- i 2014! Det er ikkje til å tru. Sjølv likestillingsminister Solveig Horne må då forstå at dette er kvinneundertrykking, rett og slett! Og ikkje mannshat. Undersøkinga viser ikkje eingong eineståande resultat.

Torsdag la EUs byrå for gunnleggjande rettar (forkorta FRA) fram ei undersøking om vald mot kvinner. 33 % av kvinnene i EU-landa har vorte utsette for fysiske eller seksuelle overgrep etter fylte 15 år. 55 % oppgir å ha bli utsette for ei eller anna form for seksuell trakassering. 43 prosent har opplevd ei eller anna form for psykisk mishandling av anten noverande eller tidlegare partnar, som offentleg audmjuking, forbod mot å forlata huset eller å bli innestengd, tvinga til å sjå på porno og trugsmål om vald. Det er enorme tal. Det tilsvarar ca. 62 millionar kvinner. 62 millionar. Det er meir enn 12 gonger Noregs folketal. Undersøkinga er basert på intervju med 42.000 kvinner og skal vera den største undersøkinga som er gjord i sitt slag.

Kvinnediskriminering, vald og overgrep mot kvinner høyrer altså ikkje til i fjerntliggjande land, på andre kontinent, eller i andre kulturar. For å seia det slik: I norsk og europeisk manns-u-kultur høyrer vald og overgrep mot kvinner med, både historisk og i dag. Det går ikkje an å skulda på muslimane, same kor gjerne ein vil det!

Kvinnars rettar er også menneskerettar. Og halve himmelen er vår. Difor får Noreg for skams skuld syta for å la kvinner på flukt frå kjønnsbasert forfølging, frå tvangsekteskap og æresdrap få opphald i riket som flyktningar og asylsøkjarar, slik det var meininga då vi faktisk fekk endra utlendingelovgjevinga i 2008. Tvangsekteskap høyrer ikkje heime nokon stad, heller ikkje i Noreg. Kvinner skal ha fridom over eige liv og til å velja ektemake. I mai i fjor døydde ei av mine beste medsøstrer, Shilan Shorsh, barnefødd i Kurdistan, ei av Bergens fremste kvinneforkjemparar og Bergens modigaste kvinne. Etter andre verdskrig har ingen i Bergen kjempa så intenst og vedvarande for fridom som Shilan gjorde. Det kosta henne dyrt. Ho vart utsett for trugsmål og sjikane hinsides det ein kan førestella seg. Til sist kosta kampen for kvinners fridom henne sjølve livet. Shilan Shorsh vart berre 39 år. Men ho kjempa eit heilt livsverk for kvinners rettar, i stort og i smått. Shilan si oppfordring til oss alle var at vi måtte sjå våre medsøstrer, uavhengig av etnisitet, kultur, land -- og at vi måtte stå saman over alle slags grenser for å sikra tryggleik og fridom for kvinner. 

Fridom er eit stort ord. Kanskje det største vi har. Knytt saman med kjærleik, kan vi seia det? Og gjerne tru og von også? «Så vert dei verande, desse tri, tru, von og kjærleik -- og størst blant dei er kjærleiken.» Sa Paulus. Ikkje nett historias største feminist, då, men likevel.

Det er i grunnen fridom all kvinnesak handlar om. Sexkjøpslova handlar også om fridom. At det i Noreg ikkje er lov å kjøpa sex handlar om at kvinners kropp ikkje skal vera vare og at ein ikkje skal kunna kjøpa seg tilgang til eit anna menneskes kropp. Sexkjøpslova inneheld også forbod mot å kjøpa sex i andre land. Ja, de hugsar vel også noverande statssekretær Bård Hoksrud som vart «felt» av sexkjøpslova på gutetur til Riga. Høgre og FrP (og Venstre) har gått til val på å reservera sexkjøpslova. Det vil vera eit klårsignal til internasjonale menneskehandlarar som har fått fleire i Høgre til å tenkja seg om. Og mange andre. Men det er utruleg kva argument den internasjonale prostitusjonslobbyen greier å selja til land som har lagt Opplysningstida bak seg for århundre sidan. Forresten, det er kanskje nett det dei har? For til og med Amnesty, som har heist fana så høgt mot vald mot kvinner dei seinare åra, snåvar i eigne bein når det kjem til prostitusjon -- og driv visst og vurderer om dei skal vurdera å utvikla ein «egen policy for sexarbeid.» Dei, meir enn mange andre, må då sjå den internasjonale handelen til prostitusjon med kvinner og born? Faktisk har EU-parlamentet no tilrådd sine medlemsland å innføra sexkjøpslov etter nordisk modell -- fordi forbod mot kjøp av sex er den beste måten å bekjempa handel med kvinner. Kva mon seier EU-entusiastane og Europastatsråd Vidar Helgesen til det? 

Prostitusjon handlar ikkje om ressursrike, urbane kvinner som vel prostitusjon som yrke. Prostitusjon handlar om utnytting, fornedring og undertrykking av fattige og sårbare kvinner frå fattige land og kontinent. Prostitusjon handlar om menneskehandel, handel med kvinner og born. Prostitusjon handlar om vald opp og vald i mente. Prostitusjon handlar om barndom, ungdom og kvinneliv som vert øydelagde på mest brutale vis. Menneskehandel er den nest største eller tredje største illegale industrien i verda, og i fylgje Interpol (2005) den som veks hurtigast. Sexindustrien utgjer den største undergruppa innanfor menneskehandelen. Sexindustrien rekrutterer truleg ein million nye kvinner og born i året. I Europa seier estimata at mellom 300.000 og 500.000 kvinner og born vert sluste inn på prostitusjonsmarknaden årleg. 300.000 er altså fleire enn innbyggjarane i Bergen by. Det er ikkje småtteri. Det er ingen grunn til at Noreg skal oppheva sexkjøpslova som eit handslag til internasjonal handel med kvinner og born!

Kapitalen kjenner ingen grenser. Menneskehandelen kjenner ingen grenser. Men det må heller ikkje kvinnesolidariteten gjera. Og difor er kvinnedagen internasjonal, og handlar om kvinners frigjering på alle livsens omkverve. Eg er eigentleg ei fagforeiningskjerring. Difor vil eg sveipa innom mine fremste historiske heltar og formødre i denne talen for dagen. Det handlar om fyrstikkarbeiderskene i Kristiania og den fyrste streiken av arbeiderklassens kvinner vi veit om i Noreg. Det var i 1889. Kampen for kvinners rettar hadde så langt handla mest om borgarskapets kvinner og deira røysterettskamp. Arbeidarkvinnene hadde nok med å overleva. Så også, og ikkje minst, fyrstikkarbeiderskene. Bakgrunnen for streiken var låg løn, helseskadelege arbeidsforhold som medførte forsfornekrose (dødeleg fosforforgifting) i kjeven -- og økononiske straffetiltak overfor dei tilsette. Utløysande årsak var lønskutt på 20 %.

For å strama inn på disiplinen og auka kontrollen hadde mange fabrikkeigarar innført arbeidsreglement og strenge straffebestemmelsar. Fyrstikkarbeiderskene ved Bryn og Grønvolds fyrstikkfabrikker fekk heile vekeløna redusert med 10 % dersom dei kom for seint på jobb måndag morgon. På verkstadene i byen vart det vanleg å stengja portane presis klokka 7. Dei som kom for seint, sleppte ikkje inn -- og miste med det ei halv dagsløn.

Krava til fyrstikkarbeidarstreiken var fast arbeidstid frå 7--21 (altså 14 timars arbeidsdag!), kvinnene krov garantert løn (7 øre per gross for ramme og 6 ½ øre for skuffpakning, har eg lese meg til) -- og dei krov mulktsystemet avskaffa.

Fyrstikkarbeidarstreiken var føre si tid. Den tok moderne verkemiddel som fagleg organisering og streikeleiing i bruk, og den fekk brei støtte, til dømes frå Bjørnstjerne Bjørnson og mange andre kunstnarar. Jamvel ein aksjonær i ein av fabrikkane sende streikebidrag. Likevel måtte kvinnene til slutt kapitulera og venda attende til arbeidet utan særleg større resultat enn lovnad om betre løn frå årsskiftet. Men ein gneiste var tend, og åtte timars arbeidsdag vart lovfest i 1919. I 1931 reiste forresten LO fyrste gongen krav om seks timars arbeidsdag -- det er 17 år til det er 100 år sidan.

Når kvinnehistoria vert skriven, fortener fyrstikkarbeiderskene eit eige kapittel, skrive med gullskrift, spør du meg.

I dag handlar det om likeløn, for oss kvinnene. Likeløn. Ukjønna løn. Likestilt løn. Rettvis løn. Det handlar om å kunna forsyrgja seg og sine av eiga løn -- og for den del: eigen pensjon. Største bøygen er deltida. Deltid gjev ikkje ei løn å leva av. Deltid er ufridom på mange vis, også når det gjeld økonomi. Deltids løn gjev kvinneløn -- og korleis er det det vert sagt: Kvinneløna er som mensen, kjem ein gong i månaden og varer ei veke! Deltid er kvinnenes arbeidstid i lønsarbeidet. Mitt postulat er at vi får aldri likeløn før vi har brøyta oss inn i arbeidslivet like mykje som mennene -- og på hi sida sjølvsagt: Då må mannfolka heim, som Gerd Liv Valla sa det i eitt av sine fyrste intervju om likestilling som LO-leiar. Nye-regjeringa reverserer pappa-permisjonen -- det vert definitivt ikkje meir likeløn av den slags.

Kvinnefråtrekket, eller skal vi seia mannstillegget, ser ut til å ha bite seg fast på om lag 15 prosent, i kvinnenes disfavør, sjølvsagt. Dersom vi reknar desse 15 %, som kvinner gjennomsnittleg tener mindre enn menn, om til arbeidsdagar, så tek kvinners løna arbeidsår slutt den 7. november. Resten av året arbeider kvinner i Noreg -- gjennomsnittleg -- gratis, medan det «sterke kjønn» tener sine resterande 15 %. Så eigentleg burde vi vel, i ein heidundrande generalstreik, rett og slett ha halde oss heime frå og med 8. november og ut året, sidan kvinneløna altså tek slutt ved midnatt 7. november? Det hadde min santen vorte både kvinnefri og juleførebuingar av det! Og min santen både cupcakes, lefse og bloggar, om det var det om å gjera! Om enn det ikkje er dei fremste kampsakene. Bortsett frå lefsa, då. I alle fall med brunost. Eg visste ikkje at eg hadde brunost som kampsak, ikkje før nokre betreviterske austlendingar la ned forbod i SFO og på skulemat. Då vart brunost kampsak for meg. Endå om eg ikkje likar geitost eingong. Det handlar noko om å vera både på tvers og på trass -- og litt barnsleg også. Det er ikkje så farleg med det siste når ein nærmar seg 60.

8. mars er ein dag for fridomsvisjonar og fridomskrav. Hugsar de slagordet for 8-timars dagen? «8 timers Arbeide, 8 timers Frihed, 8 timers Hvile» var kravet. Smak på det: «8 timers Arbeide, 8 timers Frihed, 8 timers Hvile.» Frihed, altså, ikkje fritid, sjølv om det eigentleg er eit stort ord også, men som har vorte forflata til fritid -- som liksom skal fyllast med trening og hobbyar og ovale helger om det skal vera noko. Nei, Frihed, fridom! Det var kravet. Og 8 timars dag vart det lovfest frå 1919. Siste arbeidstidsforkorting kom i 1987, 7,5-timars dagen. På denne sida av årtusenet har vi «fått» den 5. ferieveka. Nei, fagrørsla har forhandla fram den 5. ferieveka. Men er det då slik at arbeidstida er komen til sitt endelege og evige nivå? Er 7,5-timarsdagen den ultimate arbeidstida? Forresten, no kan det kanskje sjå ut som om vi må halda 13-timarsdagen frå livet, om nyeregjeringa og NHO og dei får det som dei vil. Og så KS, då, som i rein lukkerus over blåblå-regjering -- for ein rus må dei ha vore i -- har gått til eit hemningslaust åtak på vit og forstand og lærarane si arbeidstid. Eg vil at lærarane skal vera på skulen når borna er der, og at dei skal ha tid til førebuing og etterarbeid. Når borna er der. Eg vil også at elevane skal få ein heilskapeleg skuledag, og eg har vore med og kjempa for barnehageplassar til alle ... born. Men lengda på arbeidsdagen er ikkje likegyldig! De anar vel gjerne kva eg skal seia: 6 timars arbeidsdag må bli vårt neste store kvinnekrav!

Sekstimars dagen er framfor alt ei reform for ein dag å leva i og med, for fridom og helse og sælebot i kvardagen. Norske familiar skyt fleire timar inn i arbeidslivet enn nokon andre på heile kloden, godtsom. Vi legg slik sett ned, samla, fleire timar i løna arbeid enn for 40 år sidan, og vi dankar ut japanarar og andre med høg arbeidsmoral så det står etter. Men i forbrukarsamfunnet trampar vi gjennom livet og etterlet oss øydeleggjande økologiske fotavtrykk som vi for klotens og våre etterkomarars framtid ikkje kan la alle gjera oss etter. Det må då vera grenser for kor mange segwayar, lakrispiper, snøskuterar og sprit og vin vi skal kunna kjøpa på alle dagar og helst til alle døgerets tider? Dersom det er fridom, er det ein pervertert fridom. Då vil eg halda fram sekstimarsdagen som ekte fridom. Og ein framskuv for likestilling mellom kvinner og menn. Ikkje tvil i mi sjel!

Sekstimarsdagen er, skriv forfattaren Linn Stalsberg, «det mest frigjerande eg kan tenkja meg i dag.» Det er store ord. Men så er då også sekstimarsdagen ein visjon, ein visjon som har møtt så stor motstand i dei snart hundre åra kravet har eksistert, at han har verka meir som ein utopi og noko overjordisk enn eit krav av denne verda. Men fornuftig er han jo, sekstimarsdagen? Og det er når det fornuftige vert framstilt som hinsides, det er då vi damene, jentene og kjerringane må henta fram århundres nedervd kvinneklokskap og spørja kvifor den fridommen som sekstimarsdagen vil gje

 

   
Kjelde: Oddny Miljeteigs private arkiv
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen