VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Nøytralitetskrenkinga

av Halvdan Koht, ,

Eg skal få leggje fram for Stortinget nokre dokument som vedkjem den harde nøytralitetskrenkinga Noreg i dag har vorti utsett for. Det som er gjort mot Noreg, er alt kjent for all verda, og eg trur at i alle nøytrale land må folka ha vorti oppskræmde av meldinga om slikt eit rettsbrot som her er gjort. Eg skal ikkje nytte sterke ord; eg trur gjerninga talar sterkt nok sjølv. Eg skal leggje fram dokumenta, og så vil Regjeringa no rådleggje med Stortinget om det som vi på vår side må gjera til forsvar for retten vår.

Det fyrste dokumentet er ein note som den britiske og den franske sendemannen i Oslo kom til meg med no siste fredags kvelden, den 5. april. Det var ein note som sendemennene frå dei same statane samstundes bar fram til den svenske utariksministeren i Stockholm, og dessutan gav den britiske og den franske utariksministeren same skriftstykket frå seg til dei norske sendemennene i London og Paris. Om innhaldet i denne noten har det stått litegrann i blada. Eg skal her citera det i noten som har samanheng med det som hende i dag, og eg tek det da her etter teksten i det skrivet som den britiske sendemannen gav til meg. Der står det:

«Eg har den æra å melde Dykk at etter den kongelege regjeringa i samråd med den franske regjeringa har granska omstenda med den måten krigen mellom Sovjet-Samveldet og Finnland slutta på, og det standpunktet som den norske regjeringa i det høvet tok, kjenner ho seg nøydd til å feste tanken åt den norske regjeringa på desse overleggingane.

Hendingane i dei siste tre månadene har synt at utan omsyn til kva det norske og det svenske folket ynskjer, så er den tyske regjeringa ikkje viljug til å la den norske og den svenske regjeringa ha den handlefridomen i utarikssaker som dei har rett til. Den kongelege regjeringa har full forståing for den vanskelege stillinga som såleis trugsmål og trykk frå tysk side har sett dei to regjeringane i; men om ho må tykkje leitt i dette tilstandet, så kan ho ikkje anna enn draga derav den sluttetanken som ikkje er til å koma ifrå, at under dei vilkåra som no råder er dei to regjeringane ikkje heilt frie organ (i den franske teksten står det: har dei to regjeringane ikkje fullt sjølvstende). Dessutan, om ein så ser bort ifrå sjølve den politikken som den norske og den svenske regjeringa kan bli tvinga til å fylgje, så kan ikkje lenger dei allierte regjeringane finne seg i det tilstandet som no råder, med at Tyskland får ifrå Noreg og Sverige viktige hjelperåder for krigsførsla si og nyt godt av føremoner i desse landa som er til skade og fare for dei allierte. Dei meiner difor at stunda no har komi til å seia endefram frå til den norske regjeringa om visse livskrav som dei allierte vil halde oppe og verja på alle måtar som dei sjølve held for naudsynte.»

Så reknar noten opp dei livskrava som dei to allierte regjeringane såleis vil halde fram. Eg tek her berre med dei som peiker fram til det tiltaket dei to regjeringane har sett i verk i dag. Dei er såleis forma:

«Dei allierte regjeringane ville ha å sette i verk høvelege tiltak til å verja interessene sine såframt den norske regjeringa ville nekte, avlyse eller kringskjera dei føremonene for handel og skipsfart som dei allierte regjeringane held for naudsynte for krigsførsla si og som det ikkje er urimeleg for ei nøytral regjering å gje samtykke til.

Dessutan, når dei allierte ser at dei fører krig for formål som er likså mykje til vinning for dei små statane som for dei sjølve, så kan dei ikkje finne seg i at framgangen for krigen kan bli motverka for dei av føremoner som Tyskland får frå Noreg eller frå Sverige. Dei seier difor frå om at dei held seg til hande retten til å ta slike tiltak som dei finn naudsynte til å hindra Tyskland ifrå å få ifrå desse landa hjelperåder eller føremoner som ville vera til gagn for Tyskland i krigsførsla eller til skade for dei allierte.»

Til slutt seier denne noten at om dei allierte kjem til å ta noko slag «serskilde tiltak» for krigsførsla si, så er det berre med tanke på å vinne siger for grunnsetningar som dei nordiske folka sjølve held på, og til forsvar for rettar eg liv for alle små statar.

Da eg fekk denne noten, sa eg ifrå både til den britiske og den franske sendemannen at det var ei grunnlaus krenking mot den norske regjeringa å seia at ho ikkje var ei fri og sjølvstendig regjering, og at eg tykte det var uverdig å skrive i den tonen til ho. Dessutan sa eg at det var heilt grunnlaust å slå på at den norske regjeringa på nokon måte ville gå ifrå dei avtalane ho nyleg hadde skrivi under på om handel og skipsfart. Men elles korkje kunne eller ville eg på ståande fot gje noko svar på noten. Ein må leggje merke til at det er ingen ting sagt i noten om kva slags tiltak det er tenkt på. Eg la noten fram for Regjeringa straks laurdag middag, og eg hadde ein samtale om saka i telefonen med den svenske utariksministeren. Vi var einige om at vi skulle gjera i stand svar som kunne fylgje dei same linene. Men før noko svar har kunna bli gjort ferdig, har det hendt ting som skaper ein heilt ny situasjon.

I dag tidleg kl. 5 telefonerte den britiske og den franske sendemannen til Utariksdepartementet at dei hadde ein ny note å bera fram, og tre kvarter etter var dei i departementet med han. Denne nye noten melde at regjeringane deira straks på timen ville sende ut ei kunngjering om at dei la ut miner på visse område utafor den norske havstranda. Og den kunngjeringa som med det same vart framboren, lydde såleis :

«I dei siste vekene har den tyske krigsførsla imot den fredlege skipsfarta for alle nasjonar vorti tilkvest og ført fram enda vyrdlausare enn før. Det er no meir enn hundre og femti nøytrale skip som tyskane har øydelagt, og mest tusen nøytrale menneske har sett livet til. I mest kvart einaste tilfelle har åtaka vori utført i open strid med godkjende krigsreglar, mange gonger på den mest barbariske måten og utan ringaste rettsgrunn for noko slag inngrep imot skipa. Tyskland har forkynt at det meiner ha rett til å øydeleggje alle nøytrale skip som er på veg til britisk hamn, irekna hamnene for kontrabandekontroll, og gong på gong har skip vorti øydelagde når dei var på veg mellom to nøytrale hamner og slett ikkje tenkte på å gå innom britisk hamn. Det er berrsynt at den tyske regjeringa har kasta seg inn i ein vyrdlaus øydeleggingsstrid i alle dei farvatna der dei har lagt ut miner utan kunngjering eller undervatsbåtane deira er i stand til å gå.

Mea dei største tapa i dei siste vekene har falli på den nøytrale skipsfarta, har britiske og allierte skip like eins lidi av denne øydeleggingspolitikken, som nyleg har teki i bruk bombekasting frå lufta mot britiske og nøytrale trålarar og fiskarbåtar og maskinskyting mot mannskapet. Fiskarbåtar har til no ålment vori rekna for uskyldige; men det har ikkje hindra Tyskland frå å gjera mest to hundre åtak mot fiskarbåtar med det formålet å søkke dei og myrde mannskapet. Jamvel fyrskip som har til gjerning å verja skipsfarta for alle nasjonar og som etter mellomfolkeleg sedvane blir medfarne som dei var utafor krigen, har i lag med mannskapa sine vorti vyrdlaust påtekne med bomber.

Det er eit faktum som stendig må bli understreka at desse tyske åtaka med vilje og vitende har gått ut på å øydeleggje nøytralt liv og gods, og det er meir enn berrsynt nok at tanken med dei er å skræme. Dei allierte på sin kant har aldri øydelagt eller skadd eit einaste nøytralt skip eller teki eit einaste nøytralt liv. Tvert imot, dei har ikkje berre berga livet for dei uskyldige offer for slik tysk valdsferd, men dei har likså vel berga tyske flymannskap og ubåtmannskap som var skyldige i slike udådar.

Det står da såleis at Tyskland krenker grovt dei nøytrale rettane for di det vil skade dei allierte landa; men samstundes krev det at nøytralitetsreglane strengt skal bli fylgde når det sjølv kan ha vinning av det. Folkeretten har alltid godkjent den retten som ein krigførande må ha, når fienden hans systematisk nyttar ulov, til å gjera det som svarar til den situasjonen slik ulovleg framferd har skapt. Jamvel om slikt ikkje er lovleg under vanlege vilkår, så blir det lovleg, og blir ålment godkjent for å vera lovleg, når den andre krigførande driv på med lovbrot. Dei allierte regjeringane meiner difor dei har rett til å ta slike rådgjerder som dei tykkjer er høvelege i slike vilkår.

Dei allierte regjeringane har lagt merke til at ein stor part av dei tapa som er påført nøytrale land, både av menneskeliv og av gods, har falli på den norske handelsflåten. Og likevel, mea den tyske regjeringa gong på gong søkker norske skip og myrder norske sjøfolk, krev ho framleis av den norske regjeringa at ho skal få nytte heilt ut dei norske farvatna for sin eigen handel, og den norske regjeringa har jamvel meint seg pliktig til å syrgje for væpna fylgje for tyske skip i desse farvatna, enda ho ikkje har kunna verja seg mot slik tysk valdsferd i det frie havet som skipa hennar har vori offer for.

Kva slag politikk så den norske regjeringa kan bli tvinga av tyske trugsmål og trykk til å fylgje, så kan ikkje dei allierte regjeringane lenger finne seg i det tilstandet som råder med at Tyskland får viktige hjelperåder til krigsførsla si og får hos Noreg føremoner som er til skade og fare for dei allierte. Dei har difor alt gjevi fråsegn til den norske regjeringa om at dei held seg til hande retten til å ta slike tiltak som dei meiner er naudsynte til å hindre Tyskland frå å få i Noreg hjelperåder eller føremoner som ville vera til vinning for Tyskland i krigføringa eller til skade for dei allierte. Om dei no blir nøydde til å ta slike tiltak for heppeleg framgang i krigen, da kjem folkemeininga i heile verda fort til å skjønne både at det var naudsynt for dei å gå fram slik og kva formål dei har for tiltaka. Formålet deira i denne krigen er å grunnfesta dei prinsippa som dei små statane i Europa sjølve skulle ynskje sigeren for og som er sjølve livsgrunnlaget deira. Det seier seg sjølv at dei allierte aldri vil fylgje det tyske føredømet i valdsferd og vyrdløyse, og alle tiltaka sine vil dei setja i verk i samsvar med humanitetslovene.

Den britiske og den franske regjeringa har difor gjort vedtak om at dei vil nekte fienden å gjera bruk lenger av farvatn som tydeleg er sers verdfulle for han, og dei har difor vedteki å stanse den frie gjennomfarta for skip som fører kontrabande gjennom norsk sjøområde. Hermed gjev dei da melding om at desse stykka av norsk sjøområde er gjort farlege for skipsfart med hjelp av miner, og skip som går inn på desse havstykka gjer det på eigen vågnad.»

Så fylgjer ei liste på dei stadene der minene er utlagde, med gradpunkt og liner. Eg skal ikkje her lesa opp alt dette. Det er nok å seia at det gjeld mine-utlegging på tre havstykke: utafor Staden, utafor Bud på Møre, og utafor Vestfjorden.

Til aller sist i kunngjeringa er det sagt at mine-utlegginga på desse områda skal ikkje hindre tilgjenge for norske skip til deira eigne hamner. Men til vern imot at norske eller andre skip uforvarande kjem inn på desse områda før dei har fått varsel om minene, så vil britiske orlogsskip halde vakt i 48 timar på kvar stad etter den fyrste mina vart utlagd.

Eg skal ikkje seia mange orda om tankeføringa i det aktstykke eg no har lesi opp. Det ligg klart i dagen at det er ingen logisk samanheng mellom klaga over den tyske krigsførsla mot nøytral skipsfart og tiltaket til å stanse vareførsel til Tyskland i nøytralt område. Både det eine og det andre er krenkingar imot eit nøytralt land, og det eine som det andre let seg berre forsvara med at ein har makta til det. Når vestmaktene seier at dei bryt folkeretten for di dei vil vinne siger for denne same folkeretten, så er det lett å sjå kva slags moral det er som her blir nytta. Vestmaktene fører krigen inn på norsk område for di dei meiner at dei dermed lettare skal vinne krigen. Det er den greie samanhengen med dette tiltaket.

Etter samråd med utarikskomitéen i Stortinget har Regjeringa straks i dag sendt ut ei kunngjering som med det same er svaret vårt til Stor-Britannia og Frankrike. Kunngjeringa lyder slik:

«Den britiske og den franske regjeringa har i dag tidleg lati leggje ut miner tre stader på norsk sjøområde med det formålet å sperre den frie skipsfersla innafor dei norske grensene, og britiske orlogsskip er utsende til vakthald på dette området.

Den norske regjeringa protesterer alvorleg og høgtideleg imot dette openberre brotet på folkeretten og slik krenking med vald mot norsk suverenitet og nøytralitet.

Noreg har i heile denne krigen fylgt alle reglar for nøytralitet med streng omhug, og det er i fullt samsvar med desse ålment godkjende reglane at det har haldi farvatna sine opne for all legitim fersel for skip ifrå krigførande land.

Når no den britiske og den franske regjeringa har gjort tiltak til å sperre fersla for tilførsel til Tyskland, da må den norske regjeringa minne om at den britiske regjeringa den 11. mars i år har skrivi under på ein avtale med Noreg som samtykker i at norske varer, deribland jamvel varer som blir rekna for krigskontrabande, blir selde og sende herifrå til Tyskland. Så mykje mindre grunn måtte den norske regjeringa ha til å vente at dei allierte regjeringane ville gripe inn med makt og freiste stanse desse tilførslene.

Den norske regjeringa kan ikkje på nokon måte godkjenne at eit krigførande land legg ut miner på norsk område. Ho må krevja at slike miner straks blir tekne bort og at vakthald med framande krigsskip sluttar. Den norske regjeringa må halde seg til hande å setja i verk alle høvelege tiltak som slik ei nøytralitetskrenking kan gje grunn til.»

Eg treng ikkje leggje eit einaste ord attåt denne kunngjeringa.

Kjelde: www.regjeringen.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen