VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Fred og forsvar

av Nikolaus Gjelsvik,
Årsmøte i Norigs Ungdomslag
Foredrag, Årsmøtetale | Forsvarspolitikk, Sikkerhetspolitikk
Fyreord, "Rett, fridom, fred". Paa aarsmøtet i Norigs ungdomslag den 3dje juli 1905 heldt eg dette fyredraget, som eg no gjev ut millom folkeskrifterne. Sumt, som serleg høvde berre den gongen, hev eg teke ut, og sumt anna, som høver no, hev eg sett inn; elles er fyredraget i det store og heile som daa eg heldt det. Sumaren 1905 kjende alle, kva trygd det var fyr freden, at me hadde herbutt oss so vidt godt, som me hadde gjort, serleg dei siste aari. Og alle var glade fyr dette, baade høgremenn, vinstremenn og socialistar. Dette bør ein hugsa paa og framleides staa samde um aa halda forsvaret i stand. Naar fienden er ute, er folk offerhuga; daa synest ingen, at det finst det offer, som er for stort fyr fedralandet. Men skal offerhugen i slike tider gjera sin rette nytte, maa folket bu seg fyreaat. Det maa ein ikkje gløyma. Dessutan maa ein hugsa: Sjølvvyrdnad er fyr eit folk endaa meir naudsynleg enn fyr ein einskildmann. Men sjølvvyrdnaden kann eit folk ikkje halda uppe, dersom det gjev seg til aa lita paa andre i staden fyr aa, lita paa seg sjølv og nytta sine eigne krafter. Det som eit folk ofrar paa aa halda forsvaret i stand, er soleis ikkje burtkasta, jamvel um det aldri skulde verta bruk fyr forsvaret i ein ufred.

Det er likso godt aa segja det fyrst som sist: Soleis som verdi endaa er laga, høyrer fred og forsvar ihop. Det folk, som vil fred, maa bu seg mot ufred. Dette er ei gamall sanning, ei gamall røynsle, som alt romaranne hadde gjort.

I kring 1890 høyrde eg ein stor folketalar, som gjorde narr av den setning, at den som vilde fred, skulde bu seg mot ufred. "Den som vil fred, maa bu seg paa fred! Og paa freden budde ein seg best, naar ein la ned alt forsvarsstellet." So sa han; og folket klappa. Men dei gløymde den sanning, som ordtøkjet inneheld, naar det segjer: "Ingen hev fred lenger enn den vonde grannen vil." Og den vonde grannen vil nettupp ikkje fred, naar det er mykje aa vinna og lite aa vaaga med ein ufred. Og mykje aa vinna og lite aa vaaga med ein ufred er det, naar det ligg eit verjelaust land jamsides.

"Mange likar den lette leik eit rolegt land aa herja," segjer Arne Garborg i Haugtussa. Eit "rolegt land" er her etter samanhengen eit verjelaust land.

Ja, dei likar ikkje berre den lette leik, nei det hender stundom jamvel, at dei liksom ikkje kann forsvara fyr samvitet sitt aa lata det vera. Sumaren og hausten 1905 kom dette so tydeleg fram i ymse svenske bladstykkje. Dei som trudde, at Sverik magta aa leggja Norig under seg, kom straks inn paa det samvitsspursmaalet: Korleis kunde dei forsvara fyr borni sine, at dei no ikkje nytta det gode høvet til aa leggja Norig under seg! Kva vilde borni segja um slik stakkarsferd!

Naar eit land legg seg verjelaust, er det inkje under, at kvar granne tenkjer: "Eit slikt land vert snart ei aate fyr andre, eit underbruk under andre. Her gjeld det soleis aa vera ute um seg i tide, so ikkje den andre grannen tek denne godbiten." Og so kann det henda, at dei tvo grannarne ryk ihop og slæst um eit slikt land. So gjekk det med Korea.

So er verdi - endaa dessverre. Og den som lever i denne verdi, kann ikkje stella seg plent so, som um han alt var i himmelen. Det er den harde livslov.

Stundom høyrer ein den tale: "Ja, men fyr eit lite land som Norig er det raadlaust aa forsvara seg mot dei store magter; og daa kann ein likso godt lata vera aa ha noko forsvar." I den verste freds-saueskapstidi vaar, fyr 12-15 aar sidan, var det ein mann, som skreiv: Aa freista paa aa forsvara seg mot Russland var som aa vilja demma upp Vorma med ei kork!

Dette er noko av det mest andsvarslause snakk, som hev vore sagt her i landet, og det vil ikkje segja lite.

Norig er eit folkefatigt land, det er sant, men det er lett aa verja. Og tek folket rett til aa kjenna sitt andsvar mot seg sjølv og mot dei ætter, som etter skal koma, so er det ikkje tvil um, at me kann verja oss mot kven som helst. Mot kven som helst kann me verja oss, naar me kann gjera so sterkt motstand, at det ikkje vil løna seg fyr nokon aa taka paa oss.

At det ikkje vil løna seg aa taka paa oss, det er tingen; for det er ingi magt, som er so sterk, so rik og so megtig, at ho vil taka til med eit underkuingsarbeid, som det ikkje er von um løner seg. I truntala, som den svenske kongen heldt, daa umfram-riksdagen vart opna den 21de juni 1905, var det og dette han sa: Det vilde ikkje løna seg aa byrja krig med Norig.

Dette var innhaldet i tala, naar me set ho um i ordlag, som er like til. Hadde me vore so forsvarslause i 1905, som me var i 1895, vilde det ha kome ein annan laat i bjølla. Daa hadde det lønt seg aa taka til med ufred, og det vilde ikkje ha vore lengje aa bia, fyrr svensken var komen yver landskilet.

Dette at ingi magt er so stor, so rik og megtig, at ho vil taka paa seg eit underkuingsarbeid, som ikkje løner seg, det er noko, som folket i dei smaae land maa hugsa paa. Serleg maa me nordmenn hugsa paa dette, me som bur i eit fjell-land, som er lett aa verja paa same maaten som andre fjell-land, t.d. Sveits. Me maa ikkje liggja under fyr den sykja: Det nyttar so ikkje korso. Ja, for det er ei sykje, ein sjukdom, naar eit folk søkk ned i ein stakkarsdom so djup, at det finn ut: Me er so faae og smaae, at me likso godt fyrst som sist kann gjeva upp all tanke paa aa verja oss; og dette er ingen sjukdom aa spela seg med, ydet er helsotti.

Eg skal her taka traaden litegrand fraa ein annan kant.

Me hugsar burarne og den striden, dei i 1899 - 1902 førde mot den engelske yvermagti. Samhugen i verdi var paa burarne si side; i mest alle land, so nær som i England. Ja jamvel i England var det mange som heldt med burarne.

Men er det nokon som trur, at burarne hadde fenge nokon samhug, um dei i 1899 hadde sagt som so: Det nyttar ikkje fyr oss aa gjera noka motstand mot England. Me er 2 smaae folk paa ikkje stort meir enn 300,000 menneskja ihop. Og det engelske riket? Ja, det hev, naar alt vert medrekna, meir enn 1000 gonger so mykje folk.

Nei burarne hadde ikkje havt stor samhug i verdi, um dei hadde tenkt so; ikkje eingong den argaste fredssauen vilde ha tykt, at burarne hadde gjort rett, um dei hadde gjeve seg utan forsvar til det siste. Ikkje berre forsvar so lengje som det var von um aa greida seg, nei forsvar so lengje forsvar er mogelegt, jamvel um det ikkje er von um aa greida seg. Slikt forsvar førde burarne og vann samhug i heile verdi.

Korleis heng dette saman? Kva er grunnen til det, at ein hev samhug med eit folk, som forsvarar seg til det siste, anten so talet paa fienden er stort eller lite? Og kva er grunnen til, at ein fær vanvyrdnad fyr eit folk, som gjev seg utan forsvar eller etter eit stakkarslegt forsvar?

Kva er grunnen til dette?

Ja, det er folkeinstinktet, som set upp det kravet: Naar det gjeld forsvaret fyr landet eller forsvaret fyr sjølvstendet til landet, so hev kvart folk, anten det er stort eller lite, den skyldnaden paa seg aa verja seg so lengje, det paa nokon maate er raad. Naar det gjeld spursmaalet um aa vera eller ikkje vera, so hev eit folk ikkje berre rett, nei det hev jamvel skyldnad til aa verja seg til det siste. Naar det gjeld livet som sjølvstendigt folk, hev ingen lov aa telja talet paa fienden. Anten det er von um aa greida seg eller det ikkje er von um aa greida seg, det er det same. Eit folk som ber seg annleis aat, er ærelaust og vert rekna fyr ærelaust.

Det er folkeinstinktet, som set upp dette kravet; ja folkeinstinktet set upp kravet jamvel i den strenge form: Det er betre fyr eit folk aa døy med ære enn aa leva med skam.

Denne lovi fyr æra hev folkeinstinktet sett upp i strengt samhøve med dei krav, som livet set og maa setja.

Eg talar um folkeinstinktet; det er eit framandord, som er noko utydelegt kaun henda. Eg meiner: Me kjenner det paa oss, at det maa vera so. Det naturlege folkevitet segjer det.

Men kva er den djupaste grunnen til dette folkeinstinktet, som set so strenge krav, naar det gjeld eit folks skyldnad til aa verja landet og sjølvstendet?

Dette heng fyr det fyrste saman med, at me, naar det gjeld stridsmaal og tvistemaal land og land imillom, ikkje hev nokor magt, som stend yver dei einskilde land og som kann segja fraa, kva som er rett, og kann setja denne fraasegn ut i livet.

Dette vert klaart, naar me gjeng litegrand attende i soga og ser paa det einskilde statssamfundet. Det var ei tid, daa staten sjølv ikkje heldt uppe rettsskipnaden innanlands, men læt dei ymse ætter hemna uretten, som ætti eller nokon mann i ætti hadde vorte ute fyre. Den tid var det ikkje berre ein moralsk, nei det var jamvel ein juridisk skyldnad aa hemna uretten. I vaar gamle gulatingslov var det soleis (i artikel 186) fastsett: Den som læt urett gaa yver seg 3 gonger utan hemn, han eig ingen rett sidan.

Med andre ord: Den som let urett gaa yver seg 3 gonger utan hemn, han var rettslaus og ærelaus. I den tid var det naudsynlegt aa setja upp dette kravet; for elles vilde rettsskipnaden lett gaaa til grunns og lovløysa taka herreveldet.

Naar fanten saag, at han utan vaagnad, utan straff eller skade, kunde gjera urett mot den eine, so vilde det snart gjeva meirsmak, so han vilde halda fram med si fanteferd mot andre og. Eller som Garborg ein gong hev sagt: "Fred med fanten er fanteferd mot fagnafolk."

I folkerettssamfundet (eller land og land imillom) hev me i dette stykkje same rettsskipnaden som dei i gamle dagar hadde i det einskilde statssamfundet. Liksom i gamle dagar kvar ætt laut halda retten uppe med privat rettshævding, sameleis maa no kvart land setja sin rett igjennem med eigi magt. Difyr gjeld den lov: det land, som finn seg i urett, misser æra si; og daa er det helder ikkje lengje aa bia, fyrr landet gjeng til grunns.

Me skal taka eit døme: konsulatsaki. Norig hadde rett til serskilt konsulatstell. Likevel tinga me med svenskarne um det. Det svenske riksstyret sa fyrst eit halvvegjes ja (i 1903). Men kom so med nye vilkaar, som var so, at det var raadlaust aa gaa inn paa dei (lydrikevilkaar). Dette var eit slag i andlitet paa heile det norske folk. Fann me oss roleg i dette vilde æra lida. Andre folk maatte daa tenkja: Eit folk som finn seg i slikt, vil tola meir av same slaget.

Me var difyr nøydde til aa setja konsulatsaki igjenom. Det var ikkje lenger spursmaal, um det var meir eller mindre naudsynlegt aa ha serskilde konsular i og fyr seg. Nei, det galdt no folkeæra og sjølvstendet. Det kjende heile folket paa seg. Og straks det synte seg, at det var raadlaust aa faa konsulatsaki løyst i unionen, laut han falla.

So skal me koma attende til noko, som det var leika inn paa ovanfyre. Me tenkjer oss, at ei veldig stormagt kom til det norske riksstyret med det kravet: Trumsøy bispedøme eller krig! (Liksom ein røvar: pengarne eller livet). Me maatte taka krigen, og det jamvel um det var aldri so lite von um aa greida seg. For gav me Trumsøy bispedøme ifraa oss utan sverdslag til ei magt, so var det ikkje lengje aa bia, fyrr andre stormagter kom og sa: "Kristiansands bispedøme eller krig! Bergens bispedøme eller krig!" Naar magterne kunde faa eit godt stykkje land utan annan kostnad enn berre eit trugsmaal, so vilde dei ikkje vera seine aa koma med trugsmaalet. Og dei vilde no og segja som so: "Dersom ikkje me tek landet, so kjem andre og tek det. Likso godt me som andre." Det vart daa eit samvitsspursmaal fyr statsmennerne i dei ymse land aa vera ute um seg i tide (jfr. ovanfyre s. 4).

Og naar so magterne fyrst hadde fenge smaken paa aa faa landvinning so billeg, daa skal du ha takk! Daa vilde det ikkje drygja lengje, fyrr dei tok til med same aatferdi mot andre smaarike. Difyr hev Garborg so rett, naar han segjer: "Fred med fanten er fanteferd mot fagnafolk."

Og no kjem me attende til burarne. Daa dei saag, at dei ikkje kunde sleppa striden med England, tok dei striden upp og gjekk paa med mod og manndom. Dei laag under til sist; men dei gav engelsmennerne ein nyttig lærdom: aa underkua fridomselskande folk, endaa um dei er smaae, det kostar so mykje, at det løner seg ikkje.

Dette beit og andre folk seg merkje i. Og kven veit? Hadde ikkje burekrigen so nyst gjeve verdi denne lærdomen, kven veit, um svenskarne daa i 1905 hadde vore god til aa halda sverdet i slira?

No skynar me, kvifyr folkeinstinktet set og lyt setja det kravet, at inkje folk utan sverdslag maa lata seg truga til aa gjeva upp sjølvstendet eller noko av landet sitt.

Landavstaaing etter trugsmaal utan sverdslag er ærelaus ferd. Og det er aa skriva under sin eigen dødsdom.

Det er mykje betre aa liggja under etter ein seig strid. At burarne heldt striden gaaande so lengje og so djervt, det var ikkje berre til nytte fyr den millomfolkelege moralen og den millomfolkelege retten og fyr deira eigi ære, nei dei kom til aa faa gagn av det paa annan maate og. Endaa engelsmennerne raadde med dei og fekk hertaka dei tvo republikarne, so lærde engelsmennerne av laak røynsle, at "ilitærpromenaden"til Pretoria vart ikkje berre ein morotur, soleis som dei hadde tenkt seg. Og engelsmennerne lærde av laak røynsle og er rædde aa stella seg so, at burarne reiser seg paa nytt. Dei fer soleis lempelegare fram mot dei hertekne folki, enn dei elles vilde ha gjort. Det blod, som burarne ofra i striden, var soleis ikkje spilt fyr dei sjølve helder. Dette av ein annan grunn og: den lange og seige striden staalsette dei og gav dei den rette merg, so dei kann halda uppe maalet sitt og nationaliteten, samvel under framandveldet. Og so lengje dei det gjer, er det endaa von. Daa kann den dagen endaa koma, daa dei fær att fridomen og sjølvstendet.

Soleis er det aa gjera sin skyldnad; det løner seg jamvel - i lengdi.

Det som no er sagt syner, kvifyr kravet um aa verja retten er og maa vera strengare i folkerettssamfundet enn i det einskilde statssamfundet. I statssamfundet er kravet til einskildmannen um aa verja retten ikkje so strengt lenger. Dette er no regelen av di alle veit, at staten no er sterk nok til aa verja rettsskipnaden innanlands, naar det røyner paa. Annleis i folkerettssamfundet.

Serleg maa kravet til alle folk, anten dei er store eller smaae, um aa verja retten til sjølvstendet og til landet sitt vera strengt. Dette ligg og djupt rotfest i det nationale livsinstinktet hjaa alle folk.

Nationalt sjølvstende er eit naudsynlegt vilkaar fyr eit folk, um det skal faa veksa og nytta evnerne sine paa beste maaten, og soleis fylla romet sitt og vera til størst nytte baade fyr seg sjølv og fyr heile mannaætti. Tenkjer me oss, at det var berre ein stat paa jordi, kva slags styre vart det daa? Allting vilde snart staa i stampe. Det vilde daa snart verta slutt med alle framstig eller det vilde iallfall gaa tungt og seigt med alt nytt, jamvel umdet var aldri so naudsynlegt og nyttigt. Aa faa ei umbot i stand, vilde vera som aa flytja eit heilt fjell med ein gong. Det vilde ikkje vera som no, daa framstiget kann brjota veg fyrst i eit land og sidan i eit anna.

Av den grunn og ligg det djupt rotfest i, folkeinstinktet, at det nationale sjølvstendet maa haldast uppe, kva det so kostar.

I den verste freds-saueskapstidi vaar var det folk her til lands, som trudde det var slett ikkje naudsynlegt aa halda noko forsvar; for no skulde me ha den evige freden. Ja det fanst jamvel dei, som slo fram paa um, at no skulde me vera eit "fyregangsland" og leggja ned alt forsvaret.

Eller som trollmann Likeglad segjer i Haugtussa:

     "Det lite er um sterke kar,

     naar av han høgg`er neven;

     eg preikar fred i hønsegard,

     fyrr eg hev bunde reven."

Nei, det nyttar ikkje aa preika fred i hønsegard, fyrr reven er bunden. Det er godt fyr reven, ja, men ikkje fyr hønsi; for det er, som ordtøkjet segjer: "Den som gjer seg til sau, fær skrubben paa nakken." Eller som tyskaranne segjer: Den som gjer seg grøn, honom ét sauerne upp."

Hjaa oss var det her ei taapeleg mistyding. Dei trudde ofte, at soleis som fredssauerne var hjaa oss, so var alle freds vener i utlandet; men det er ikkje so.

Det er tvo slags fredsrørsler i utlandet.

Kvækarfredsrørsla er den eine. Ho tok tils paa lag samstundes i Nordamerika og i England. New-York Peace society vart skipa i 1815 og Peacesociety i England vart skipa 1816. Kvækarfredsrørsla, serleg den i England, arbeider ikkje berre mot krig, men jamvel mot all væpning og alt forsvar.

Den andre fredsrørsla er den vigtigaste; den arbeider fyr fred og skilsdom, det vil segja: fyr fred og rett. Men eit godt forsvarsstell kann nettupp vera nyttigt fyr freden og retten. Gode vaapen i eit fredelege folks hender er den beste verja fyr freden.

Fyrstemannen millom fredsmennerne i Italia, Moneta, held svært ofte fram i skrifterne sine, at ein godt kann vera fredsven, um ein ikkje vil avvæpning. "Hald fred, men avvæpn ikkje,"segjer han. Eller med andre ord: Hald fred og bu deg mot ufred.

Fyrstemannen millom fredsmennerne i England, Cremer, han som fekk Nobelprisen fyr 3 aar sidan, held seg helder ikkje til kvækarfredsrørsla. Fyr snart 40 aar sidan skipa han eit freds-lag, som hev namnet "International arbitration league". Som namnet viser ("sambandet fyr millomfolkeleg skilsdom") hev dette laget sett seg til uppgaave aa arbeida fyre, at millomfolkelege tvistemaal kann løysast med skilsdom.

Dette er vegen eller hovudvegen, som ein maa gaa, naar ein arbeider mot krigen. Avvæpning er ikkje vegen. Det er lett aa skyna, naar ein tenkjer seg um.

I gamle dagar gjekk dei ikkje ut um døri utan vaapen. Og no reiser ein kvar som helst, baade innanlands og utanlands, og tek jamnast ikkje so mykje som ein kniv med til verje. Men denne individuelle freden (freden mann og mann imillom) kom ikkje i stand paa den måaten, at dei fyrst øydela alle vaapen

Nei, fyrst kom freden; og so fann folk ut at det svara seg ikkje aa gaa med vaapen stødt.

So maa det gaa land og land imillom og. Naar dei ymse folk kjenner seg trygge og ingen grunn lenger hev til aa ottast, at freden vert broten, so vil hermagti minka etter kvart. Avvæpning fylgjer daa av seg sjølv. Men den tid er ikkje komi alt no. Det maa ingen tru. Og um ho kjem nokon gong, um det er det for tidlegt aa spaa.

Soleis som verdi endaa er laga, hev den, som er fredsven, men ikkje fredssau, all grunn aa ynskja eit sterkt forsvar.

Naar er det minst von um fred millom tvo granneland?

Jau, naar den eine grannen er godt fyrebudd paa ufred, og hin laakt fyrebudd.

Litegrand større von um fred er det, naar baae landi er laakt budde.

Men størst von um varig fred er det, naar baae landi er godt budde paa ufred.

Kvifyr det? Jau, daa er det for stor vaagnad og for stort andsvar med aa brjota freden. Og freden er, som fyrr sagt, best trygda, naar det er lite aa vinna, men mykje aa vaaga med ein ufred; og den kjensla hev baae landi, naar motstandaren er godt budd. No sidan baade Frankrike og Tyskland hev herbutt seg so godt, er det mykje mindre grunn aa ottast ufred millom dei enn fyrr. Dei sanne fredsvener (i motsetning til fredssauerne) hev difyr all grunn til aa ynskja eit sterkt forsvar.

Ser me paa dei ufredarne, som hev vore dei siste aari, sidan dei ymse landi hev vorte ettermaaten godt herbudde, so finn me eit sams grunndrag: det landet som braut freden, hev vore i det høve, at det ikkje hev gjort nokon stor "innsats"; det hev ikkje sett sitt nationale tilvære paa spel. Daa Grekland i 1897 braut freden, leit det paa, at um det gjekk gale, so vilde ikkje stormagterne gjeva tyrken lov aa leggja landet under seg. Daa Nordamerika i 1898 braut freden med Spania, hadde det mykje aa vinna og lite aa vaaga med ein ufred. Landi laag soleis til, at det nationale tilværet ikkje var med i spelet fyr noko av dei.

Ein større innsats gjorde England i 1899, daa det stellte seg so, at det fekk krig med burarne. Men engelsmennerne leit paa det, at dei kunde halda krigen gaaande til dei fekk ein høveleg fred. Vann dei ikkje yver burarne, so kunde dei ikkje tapa noko større med det helder, naar alt kom til alt. Det var eit pengespursmaal. England kunde tapa pengar paa ufreden, men ikkje lett noko anna. Og det rike England kunde utan større skade tapa ein slump pengar.

Og ufreden millom Russland og Japan, ja den hadde ikkje kome upp, dersom ikkje dei tvo motstandaranne hadde lege so til, at det var raadlaust fyr den eine aa leggja den andre under seg.. Det nationale tilvære var ikkje fyr nokon av dei innsats i krigen, endaa so sterke baae landi var. Dei visste fyreaat: Den som vann kunde ikkje raaka den andre i hjarta.

Vaar nationale ulukke var alltid den, at folket so lett la seg til aa drøyma um fred og ingen faare. Den som vil sova, finn alltid soveraader. Og no er det mange hjaa oss, som tenkjer: Me hev fenge ein konge "med gode forbindelser", so no treng me ikkje um aa syta noko vidare fyr forsvaret. Kongen med sine "forbindelser" greider det nok. Eller som ein kunde høyra folk segja i fjor haust: "Den engelske kongen maa daa hjelpa dotter si lell." Dette er ei faarleg mistyding. Og det var ingen ting, som gjorde meg so saart i fjor haust, som dette, at ein daa kunde høyra eit slikt "argument". I ei grensebygd høyrde eg jamvel, at ein fanejunkar skulde ha sagt: "Jau visst vil eg røysta fyr konge; for eg vil ikkje oftare paa grensevakt!"

At staten skal løna slike "herfolk", det er ei landsskam!

Nei, det er ikkje kongen, som kann eller skal verja folket; det er folket, som skal verja baade seg sjølv og kongen. Soleis er det i alle andre land, der dei hev ein konge; og soleis maa det vera her hjaa oss og.

Dei engelske bladi hadde lagt merkje til det dumme snakket i bladi vaare um, at det gav slik trygd aa faa ein "mann med gode forbindelser". Dei engelske bladi tagde seg, til kongevalet var fraaseggjort; men daa sa dei so fallne ord: At den nye kongen er gift med dotter til den engelske kongen, hev politisk ingen ting paa seg; for skulde England vera alliera med alle dei, som er inngifte i det engelske kongehuset, so maatte England ha vaapenlag med halve Europa.

Dette er og so sant, som det var sagt. Ein einskildmann kann nok faa lov til aa trøysta seg med fatigkassa, um han vil, men eit folk maa ikkje gjera det; for det finst ingi europæisk fatigkasse.

Sume set si lit til det fredlyste grensebeltet (den nøytrale zone) millom Norig og Sverik; ja det hev jamvel vore sagt, at det er betre enn festningar.

Aa nei, dessverre. Eg var sjølv med og raadde til, at me helder skulde faa eit fredlyst belte enn eit festningsfritt belte rett og slett; eg var med paa dette av mange grunnar; men ikkje av den grunn, at eg trudde eit slikt fredlyst belte var betre vern enn kanoner. Eit slikt fredlyst belte kana vera godt aa ha; men best er det, naar det stend høveleg mange kanoner bak og so folk som kann bruka dei. Daa er eit fredlyst belte godt; for i det høve bryt ingen ei slik avtale.

Me kann soleis ikkje leggja oss til aa sova anten paa kongedømet eller det fredlyste beltet. Nei, me maa halda forsvaret i stand, so langt evnerne rekk. Det er eit av dei fyrste krav, den nye arbeidsdagen set til oss. Og evnerne rekk langt, um me tek tingen paa ein vitig maate.

Billegast vert eit godt forsvar, naar ein vekkjer forsvarshugen hjaa dei unge. Den hersveinen, som kjem paa moen uppglødd fyr fedralandet og forsvaret lærer meir paa ei vike enn ein annan paa ein heil maanad. Hugen dreg halve lasset. Den som derimot kjem med uhug, er liksom den hunden, ein maa jaga til skogs: han veider lite.

Men skal ein faa forsvarshugen upp, maa folket læra aa skyna, at eit godt forsvar er naudsynlegt fyr landsens fred og sjølvstende. Og so maa ein faa litegrand eksis inn i folkeskulen. Ei vike haust og vaar fyr alle gutar, som er t. d. millom 11 og 15 aar. I den alderen hev smaaguten nettupp slik hug til eksis. Og den hugen bør nyttast. Er ikkje læraren før til aa staa fyre desse øvingar, so fær ein underofficer setjast til det. Underofficerar hev me mest i kvar bygd; so det skortar oss ikkje paa lærarar, naar det gjeld eksis. Saman med eksisen bør gutarne ha skjoteøvingar med salonrifle.

Og so maa kvar vaapenfør mann fraa det 16de til det 40de aaret vera med i skyttarlag og skjota minst 30 skot fyr aaret. Daa fær ein gode skyttarar, og det er meir naudsynlegt fyr forsvaret i vaar tid enn nokon gong fyrr.

Alt dette vil etter maaten ikkje kosta stort, men det vil styrkja forsvarsevna og forsvarsviljen utruleg. Dei korte herøvingar, me no hev, kjem daa meir til sin rett, so dei vert meir effektive. Gjer me dette, fær me den folkevæpning, som allesanne og kloke fredsvener drøymer um. Og me vert daa saman med Sveits eit fyregangsland paa dette umkvervet.

Dei kloke fredsmennerne vil nettupp ha folket i vaapen. Det er den beste trygd fyr freden; for folket i vaapen er framifraa til forsvar, men freistar ikkje til aagang i utrengsmaal.

Korleis ein tek det, so vil eit godt forsvar kosta noko. Men her maa ein hugsa paa: freden er ein so god ting, at me kann ikkje venta aa faa han plent fyr inkje; han kostar noko liksom alle andre gode ting. Det er t. d. ein god ting aa trygda huset sitt mot eldskade. Men den tingen kostar og noko. Naar ein liknar brandtrygding ihop med eit godt forsvar, so er der likevel ein skilnad: Det er ingen større grunn aa ottast eldskade, um huset ikkje er brandtrygda enn naar det er brandtrygda. Derimot er det mykje større faare fyr ufred (og uferd), naar forsvarsstellet er laakt enn naar det er godt. Ingen bør gjera seg til mus, naar han hev katten til granne; for daa vert det ikkje lengje fred i grannelaget. Difyr er det endaa meir naudsynlegt fyr landet aa halda eit godt forsvar enn fyr ein einskildmann aa brandtrygda huset.

No hev me den gleda aa ha eit fritt og sjølvstendigt Norig. Dette gjev andsvar. Den skyldnaden ligg daa paa oss, at Norig like fritt og sjølvstendigt kann gaa til komande ætter. Etterkomaranne vaare maa faa eiga landet likso fritt og sjølvstendigt som me. Og me maa ikkje orsaka oss med, at me er eit lite folk, som lite magtar. Nei her skal me minnast eit ord av Vinje: Eit folk hev aldri gjenge til grunns av di det var lite, men av di det var daarlegt. Dette er den trøysterike lærdomen soga gjev oss.

So sa Vinje; og det er ikkje tvil um, at han hadde rett. Eit folk, anten det so er stort eller lite, held seg ikkje uppe berre med fredstalemaatar, eller kultursnakk; det lyt anna til. Dette er ikkje so aa tyda, at ein ikkje skal vera med i fredsarbeidet. Tvertum; me maa av all magt hjelpa til, so retten meir og meir kann gjelda land og land imillom som han no gjeld mann og mann imillom. Men til dette hjelper ikkje fredstalemaatar det grand. Her hjelper det mykje betre aa bu seg so godt, at me kann gjeva den fienden, som vil skipla retten og landsens fred og sjølvstende, ein lærdom, som han minnest til ein annan gong; og minnest so godt, at han ikkje oftare fær hug til aa gjera innfall i eit fredelegt land. Det høyrer med til eit godt fredsarbeid!

Kjelde: Norske folkeskrifter nr. 34, Norigs ungdomslag og student- maallaget, Oslo 1906.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen