VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Klasse og nasjon

av Halvdan Koht, ,
Arbeiderpartiets landsmøte. Innledning til debatt om språk- og kulturspørsmål

Skal arbeidarpartie ta standpunkt i målspørsmåle? Dei fleste parti-medlemene som har fått med offentlege saker å gjere, har vore nøydde til å ta standpunkt i ei rekke med målspørmål. Men partie har late dei stå fritt, så dei kunde røste etter sitt eige skjønn. Og for veljarane har ikkje partie sett annan regel enn at dei skal halde seg til parti-programe fyrst og fremst, - målspørsmåle må kome i andre rekka. Arbeidarpartie som parti har såleis rekna målspørsmåle som noko for seg uvedkomande, ei sak som ikkje skilde partie. Somme partifolk har jamvel sagt at det kvitta eitt for partie anten det var «landsmål» eller «riksmål» som vann her i lande.

Det er likevel eit stort spørsmål om partie i lengda kann bli stående likesælt i denne striden. Både prinsipielle og praktiske omsyn spelar inn her, og tvinger til å ta spørsmåle opp til drøfting.

Reint praktisk ligg det så at det meir og meir blir vanskeleg å sleppe utanom målstriden. Han er brennande rundt omkring i lande, og vi har altfor mange vitnemål om koss han eggar op folk, så dei står imot einannan med eit hat og ein harm som vi snautt nok møter i andre tilfelle. Slik kan bli farleg for partie, for samhalde i partie, di større partie blir og di meir makt det får i kommune- og statsstyring. Og det tar seg ikkje bra ut at partie vårt skal stå kløyvt i saker som grip så djupt ned i tankeliv og kjensleliv. Det er ikkje bra at partie ikkje kann gje medlemene sine rettleiing i slike spørsmål.

Det er vert å minne om at arbeidarpartie i si tid tok standpunkt i unionsstriden. Det kunde nok vere dei som meinte at denne striden ikkje vedkom vårt parti eller våre saker. Men vilde partie vere med i norsk politikk, så kunde det ikkje gå utanom unionsspørsmåle. Og sanninga er at arbeidarpartie fyrst av alle parti i lande reiste det programme som skulde bli løysinga, - å sprenge unionen mellom Noreg og Sverike. Det kunde vere tenkeleg, og det vilde vere lukkeleg, um arbeidarpartie fann løysinga i målstriden og tok førarskapen her som i all annan samfundsstrid.

Det spørs da om arbeidarpartie har noko prinsipp som det kann bruke på målspørsmåle, og som fører til ei lysing i samsvar med heile den sosiale tenkemåten vår. Men enda meir spørs det om partie har prinsipp som beint fram driv det til å samle seg om ei løysing.

Arbeidarpartie er ikkje eit politisk parti av same slage som dei andre partia. Det er eit revolusjonært parti, det vil skape eit nytt samfund. Og striden for dette nye samfunde bygger ikkje på politisk partiskiping, men på klassereising og klassesamling. Men det hører med til den historiske tenkinga som samfundsstriden vår har fostra, og som med det same har vorte eit grunnlag for striden, - at slik ei samfunds-omskiping på nytt klassegrunnlag samstundes fører ein ny kultur med seg.

Det kommunistiske manifeste frå 1848 har skildra for oss i sterke fargar den kultur-omveltinga som kom i fylgje med det kapitalistiske samfunde, med det revolusjonære bursjoasie, - ei omvelting som den gongen enda var ny, så ho lyste tydeleg imot førrtida og kjentes pinefullt hardt i alt samfundslive. Det unge bursjoasie reiv sund alle gamle band som feste mann til mann, så nær som den nakne baten, pengevinninga; kvart eit kall i samfunde gjorde det om til eit arbeid for løn; det jaga alle menneskja inn i ei nådelaus tevling; det ropte på fridom utan grenser, og det trælka alle som det tok i tenesta si; det nytta ut nasjonalitet og alle heilage kjensler i streve for vinning.

Vi torer ikkje spå altfor mykje i det einskilte om den kultur-omveltinga som sigeren for arbeidarklassa og sosialismen skal dra etter seg. Men så mykje torer vi visseleg seie - for det ser vi alt no er i vokster i lag med den nye klassereisinga - at ein viktig led i den nye kulturen blir ei sterk solidaritetskjensle mellom alle som arbeider. Solidariteten i arbeidarklassa har alt no skapt nye moralkrav, - krav som sèt den personlege vinningen til sides for klassebaten. Men i dette friviljuge samhalde vinn mannen ein større og sannare fridom enn han kann nå i det som kallar seg «fri» tevling; han blir tenar for ein samfundstanke, ikkje for ei penge-maskine. I det nye samfunde skal ingen lenger kunne reise den klaga: Arbeidaren har ingen heim, arbeidaren har ikkje fedreland. Der skal han finne fotfeste både i heim og fedreland. Men korkje heim eller fedreland skal lenger få bli reidskapar for økonomisk utnytting og strid.

Det er greit, at ser vi fram imot ein ny kultur som skal fylje med den økonomiske og sosiale nyskipinga vi strir for, da blir det ein skyldnad for oss å reise eit kulturprogram som kann hjelpe til å føre kulturtankane våre fram i lag med samfundstankane. Og dette kulturprogramme må fyrst og fremst bygge på samfundssolidariteten, samkjensla mellom alle dei som gjer nyttig arbeid i samfunde.

Det er rimeleg nok at dei viktigaste kulturkrava våre for det fyrste må vende seg til skolen, og der har da partie vårt alt eit program som bygger på grunntanken vår: bort ifrå klassedaning, fram til folkedaning! Vi må freiste skape ein folkeskole som meir og meir gjer seg fri ifrå alt det åndelege overklasse-velde og i standen blir fylt av ekte samfunds-ånd. Det som her kjem i fyrste rekka, det er at lærdom og oppseding i denne skolen blir så rik og så verksam som råd er, og at opplæringa går ut på å gjere barna dugføre for det nye samfunde.

I denne samanhengen er det uråd å la vere å nemne historieopplæringa som enda er så altfor mykje merkt av samfundssyne hos bursjoasie. Her trengs både lærebøker og lærarar som skjønner det nye.

Men folkeskolen står ikkje lausriven for seg sjøl i kultur-arbeide vårt. På den eine kanten må han føre fram til høgre skolar av alle slag, åpne for barn av arbeidsklassene. Og på den andre kanten tar han sjøl form etter den lærdomen som blir arbeid fram i dei høgre og kanskje serleg i dei høgste skolane, heilt opp til universitete. Det vil da seie at jamvel det høgste vitskaps-arbeide får eit rom i kulturprogramme for arbeidarpartie. Men det som vi der har ei reint serskilt interesse av, det er alt det vitskapsarbeide som gjeld sjølve samfunde, - teknikken som gjev næringslive nye metodar, økonomikk og historie som fører oss inn i samfundslovene, ikkje å tale om dei vitskapane som all slik gransking bygger på.

Det naturlege kulturprogramme for arbeidarpartie femner såleis om alt danings-arbeid, frå den høgste vitskapen til den mest elementære opplæringa. Og det bør ikkje vere unemnt at her gjeld det ikkje berre kunnskap og tenkning, men dessuten all den kulturen som nærer og styrker sansen for godleik i liv og trengen til venleik i alt ein har kringom seg. Ikkje minst viktig er det difor å gjere alt som heiter kunst til ein levande part i det ålmene åndslive, - frå dikting og tonekunst til biletkunst og byggverk; levande kunstsans er eit mektig våpen imot all råskap og vørløyse, han hører med i god folke-oppseding.

Alt slikt stiler imot å reise eit høgt og rikt kulturliv med grunnlag i brei folkekultur. All klassekultur må før eller sia gå under; berre ein ålmenn folkekultur kann ha von om å leve og bere ein ustanseleg framgang.

Det er i denne samanhengen ein må sjå målspørsmåle: det som det gjeld om for arbeidarklassa, er å finne ei løysing slik at ho fremmer krave vårt på folkekultur.

Vil ein da sjå etter koss målstriden har kome opp, så skal ein finne at alle dei som reiste rope om eit anna bokmål enn det som før var vanleg, dei heldt sterkt fram at det spurtes om å få nytte eit mål som var til hjelp og lette for folkeopplysinga. Det var klaga imot det gamle bokmåle at det ikkje gjekk beint inn til forståinga hos ålmugesmannen, og dermed fikk han dobbelt strev med å eigne til seg den kunskapen han skulde ha. Bokmåle, den naudsynte reidskapen for kulturvinning, vart på den måten eit hefte for det folkelege kultur-arbeide. Det hjelpte til å halde oppe ein klassekultur, for di det sjølv var eit overklassemål.

Det er snart hundre år sia desse klagene fyrst vart reist, og det er lett nok å sjå at dei har ikkje same makta no lenger som den gongen eller som berre sytti eller femti år tilbake. Den tid, ja heilt fram imot slutten av 19. hundreåre, streva folk med å skrive så reint dansk bokmål som dei berre kunde; det var den gamle danske bokstilen som var mønstre, aller mest visseleg i skolen og i vitskapen.

Det bokmåle vi no møter, har i mange måtar gått igjennom eit hamskifte, og vi kaller det no gjerne for «norsk-dansk» eller «dansk-norsk», d. v. s. at det danske måle her i lande har vorte gjenomsprengt med allslags norske mål-emne, i stil, i ordval, i rettskrivingsformer. Men alt slikt kann ikkje dekke over den sanninga at dette bokmåle i opphav og grunnlag er eit overklassemål, og ein kann dagstøtt legge merke til koss det framleis heng fast i det gamle danske bokmønstre.

Den «fornorskinga» som har gått for seg i det, er i røynda ingen ting anna enn at meir og meir av mål-emne frå underklassa har trengt seg inn i det og teke seg rom. Det er maktflutninga i samfunde som sèt merke i måle. Målstriden har alt teke til å bere frukter.

Dermed er det sagt at målstriden, i minste i stor mon, samstundes er ein strid om makta i samfunde, - ein klassestrid. Det er greitt nok at det nasjonale momente - norsk mot dansk - har vore ei viktig drivkraft i striden. Men det er likeså tydeleg at det norske målkrave aldri hadde kunna vinne såleis fram, om det ikkje hadde hatt ei aukande klassereising å stø seg til. Dei gamle overklassene vilde aldri av seg sjøl ha skift ut det gamle bokmåle, om så somme einskildmenner i dei kunde drøyme om å kome tilbake på den norske målgrunnen.

Det er heilt naturleg at det måtte så vere. Målgranskarane kann ettervise så mykje dei vil av naturlege overgangar frå dansk til norsk; det var likevel ikkje slike ting som avgjorde sigeren for dansk i Noreg. Den endeframme historiske sanninga er at riksmål og bokmål vart dansk i Noreg fordi ei dansk overklasse vart herre i lande, la folke under seg økonomisk og politisk og dermed tok representasjonen for det i åndslive likeså vel, - den overklassa som rår, formar alltid måle etter omsyn til seg sjølv, ikkje etter letten for folke.

Det var dansk adel som fyrst vann makt i Noreg. Men da makta sia gikk over ifrå adel til borgarstand, da hadde dette nye borgarstande lempa seg etter det danske bokmønstre. Det hadde gått så mykje lettare av di et ein stor part av byborgarane, serleg i dei øvre laga, var innflutt ifrå Danmark og Tyskland. Og sia borgarstanda sat mykje meir bufast i lande enn adelen hadde gjort, så vart detta maktskifte berre ei grunnfesting for det innførte overklassemåle. Gamal og ny overklasse heldt seg til same mål-tradisjonen, og i staden for berre dansk riksmål og bokmål laga det seg no eit talemål som tok dette bokmåle til mønster.

Såleis måtte det kome mest av seg sjøl, at etter kvart som underklassene i lande reiste seg til makt i samfund og stat, så vart det strid mellom overklassemål og underklassemål. Di djupare maktstriden i samfunde går, - di meir han blir av strid som reiser heile lag i samfunde imot einannan, - di meir blir han samstundes ein kulturstrid. Og målstriden vart ein naturleg led i klassestriden her i lande.

Det kann ha gått like eins i ymse andre land òg. Jamt har det vore så at nasjonal underkuing har vore einstydig med framandt overklasse-velde. Og underklasse-reising har da bore fram det nasjonale måle, folkemåle. Her kann det berre vere verdt å peike på den målreisinga som fylgde med revolusjonen i Russland. Når her før berre det eine stor-russiske måle fikk lov å gjelde, såleis at alle dei andre nærepå to hundre måla i rike vart haldne nede med makt, så er det no skapt ei heil mengd med nasjonale styrings-område med sine serlege folkemål til riksmål, - mange folkemål som ein før mest ikkje hadde hørt namne på. Og der det bur ymse nasjoner om einannan, har same republikken eller styrings-område fått meir enn eitt riksmål. Den sosiale omveltinga som gikk ut på å skipe ei styring berre etter omsyn til dei gamle underklassene, arbeidarane og bøndene, har ført med seg ei ny-reising for folkemål så vidfemnt som verda aldri har set maken til. Og enda må det bli lagt attåt, at sjølve det stor-russiske bokmåle har mått forme seg mykje om etter talemåle hos dei gamle underklassene. Heile tilgangen i Russland er sers lærerik for samanhengen mellom klassereising og målreising.

I vårt land òg ligg samanhengen klart i dagen, straks ein gir seg til å sjå nærare etter koss målstriden kom opp og koss han har gått fram frå tid til tid. Det er uturvande her å ettervise dette med årstal og fakta; det er gjort før i eit skrift som arbeidarpartie har gitt ut*). Det fell lett i augo at kvar einaste ny framstøyt i klassestriden har fått i fylgje nye målkrav og ny målstrid. Folkemål har kome med folkemakt.

Målreisinga i Noreg har hatt to former som har gått i breidd. På den eine sida har ho gått ut på å drive inn meir og meir av ord og former og stil frå folkemåle i sjølve det gamle bokmåle, overklassemåle. Den fyrste offisielle sigeren for dette streve kom i 1887, da det vart fastsett at barna i skolen skulde bli opplært til å lese bokmåle med norsk uttale. I 1907 fekk vi godkjent rettskrivingsreglar etter denne norske uttalen. I 1907 enda fleir av same slage, og samstundes vart det gjeve rom i bokmåle for ein heil slump med ser-norske bøygjingsformer, helst da hokjønnsformer i samsvar med norsk folketale.

På den andre sida har det gått eit strev med å bygge opp eit nytt norsk bokmål med grunlag i sjølve folkemåle, serskilt da folkemåle kringom i landsbygdene, - eit bokmål som gjerne vart kalla «landsmåle». Dette andre målstreve vann den fyrste offisielle sigeren sin i 1885, da stortinge gjorde vedtak om at landsmåle og det gamle bokmåle skulde ha jamgod rett til offisielt bruk og i skolen. I folkeskolelova for lande vart det i 1892 sett inn forskrift om at skolestyre i bygdene sjøl kunde avgjere om landsmåle eller det gamle bokmåle skulde vere grunnlag for norsk-opplæringa i skolen. Lovvedtak frå 1896 og 1907 førte opplæring i landsmål inn i den høgre skolen òg. Regjerings-forskrifter frå 1892 og 1907 åpna kyrkjene for landsmåle i salmesong og altar-teneste. Og frå 1922 kom det eine vedtake etter det andre som gav fast rom for landsmåle i heile det borgarlege styringsverke.

Slik er stillinga i dag. På alle kanter og i ulike former har folkemåle brote seg fram til makt. Det har vore hard strid om kvart einaste lite steg som er gjort. Og klassemotsetinga i denne striden har vore klar nok. Dei same partia som har ført motstande imot all annan maktvinning for underklassene, dei har stått imot framgangen for folkemåle òg, og det har hagla ned over folkemåle med ord som «vulgærmål», «pøbelmål» og slikt, - det er ord som støtt og stendig har kome att i hundre år.

Slike skjellsord har det serleg vore grovt med i striden om folkemåls-former i det gamle danske bokmåle. Og det er naturleg nok. For her spurtes det om sjølve det måle som overklassene tyktes ha eigedomsretten til ifrå gamal tid: skulde det få bli utskjemt med allslags styggedom ifrå «udana» tale?

Det er lett å forelikes om at eit blandingsmål ikkje alltid er så vakkert, i det minste ikkje i fyrste overgangstida. Denne estétiske retten kann ein gjerne gi stridsmennene for det gamle bokmåle, dei som har streva med å verje det imot det som Bjørnson kalla «den norske pukksteinen».

Men det er ikkje estetikk som avgjer lagnaden for eit mål. Måle hører med i samfundsskipnaden, og det er samfundsmakter som stakar opp stemneleia for målframgangen. Om ein så enda mange stader møter eit bokmål her i lande som held seg nokolunde trutt til det danske bokmønstre, i minste i alle ting som ikkje er rein rettskrivningsform, så kann da ingen vere i tvil om at det gamle bokmåle er dømt i Noreg. Det er sundsprengt innatil, og det står i ei tevling utatil som det minder og minder har makt til å greie seg imot. Det døyr stubb for stubb, og fortare og fortare etter kvart som dei overklassene som bar det oppe, misser makt i samfunde.

Det ligg klart i dagen at den klassereisinga som har hovudæra for at folkemåle har vunne såleis fram i siste hundreåre, det er bondereisinga. For hundre år sia hadde dei norske bøndene kome seg så langt opp økonomisk, så dei for ålvor kunde ta opp strid for sosial og politisk makt. Dei vilde ikkje lengere vere underklasse. Men dei steig ikkje berre opp og tok arv etter dei gamle overklassene. Dei vart heile tida ståande i strid med borgerklassa. Og dette sette stempel på dei ikkje berre økonomisk og sosialt, men kulturelt likeså vel. Det var det som gjorde at bondemåle fylgde med i reisinga deira, og at landsmåle fikk slik makt.

Arbeidarreisinga kom fyrst lenge etterpå, og vi skal ikkje legge dølsmål på at samfundsstriden i mange spørsmål har sett bøndar og arbeidarar imot einannen. Men likevel er det sant at den kapitalistiske framvoksteren i dei siste par mannsaldrene har drive ein større og større part av bøndene inn i livsvilkår som må tvinge dei til strid imot den borgarlege privatkapitalismen. Og det er eit faktum at arbeidarklassa har mått vende striden sin imot nett den same borgerklassa som gjenom hundre år og meir var den store fienden for bøndene. Her er såleis en strids-arv som bind tydeleg samanheng frå den eine klassereisinga til den andre. Og dette kjem serskilt kulturstriden til godes. Det kan vi fylgje i skolepolitikk, og det kann vi fylgje i målstrid. I målspørsmåle kjem det attåt at størsteparten av arbeidarklassa beint fram ættas ifrå bondesamfunde og har teke arv ifrå bondemåle.

Men den som har fått syn for det sosiale innhalde i målstriden, skjønner lett at arbeidarreisinga har mått gjere eit skifte i syne på målspørsmåle.

Noko av det som aller mest tydeleg vitnar om dette skifte, er alt det nye arbeide vi finn i den vitskapelege målgranskinga. Før hadde målgranskarane berre dyrka bokmål og arbeidd med å finne lovene i det. Men den gongen bøndene tok til å stige fram i samfundslive, slo granskarane seg på det levande talemåle, og her i lande gav dei seg til å studere alle bygdemåla. Etter så arbeidarane hadde skapt det som folk lærte seg til å kalle det «sosiale spørsmåle», fikk målgranskarane syn for at måle er ein sosial reidskap som rettar seg etter sosiale lover. Og her i lande vart bymåle emne for gransking i 20de hundreåre. Det vanvørte «vikamåle» som før berre var til spott og gjøn, har no vorte skildra i eit stort lærdomsverk. Andre norske bymål like eins. Det har sanna seg, det som han sa for halvhundre år sia, ein av dei fyrste norske sosialistane, O. J. Fjørtoft, - at gateslusken òg har eit mål som ein lyt rekne med. Det har alt kome til ære i vitskapen, og det sprenger seg fram i samfundslive. Det er underklassemåle i byane, såleis aller mest arbeidarmåle, som har brøytt seg inn i det gamle bokmåle og sett såpass norsk farge på det som det har i dag.

Vil vi spørje etter ka som er arbeidarmål i Norge, så finn vi snart at det har mange ulike former. Det lyer annarleis på Modom enn i Høyang, og det er skilnad på trøndarmål og stavangermål. Men allstad har det skyldskap med bondemåle rundt ikring arbeidarheimane, og det hører med inn i det som vi bruker kalle norsk folkemål.

Vi kann berre høre etter koss arbidarane talar i Oslo by, så blir vi ikkje i tvil om samanhengen. Her seier dei slikt som «sjuk» og «tru» og «mjelk», «eleike», «å nøye», «øy», «rau», - ekte norske grunnformer. Og med bøygjingsformene er det sameeins, dei er kavnorske. Ekte Oslomål ordlegg seg i slike setningar: «han hoppa ta brua ner i elva»; «han kasta klokka i gata»; «gutta tok sæ en røyk»; «han skreik som bikkja hadde biti 'n, men hu hadde bare rivi sund buksa hans».

Det er ikkje turvande å kome med fleire døme. Deese orda og setningane syner gritt nok ka slags målgrunnlag arbeidarane i Oslo står på. Talen deira bygger ikkje på det gamle danske bokmåle; han står i hop med bondemål og med andre bymål i det ålmenne norske målsystéme.

Og di sterkare arbeidarreisinga veks seg, di meir kjem ho til å bere fram av arbeidarmåle. Sjølvørnaden i arbeidarklassa fører det med seg av seg sjøl.

Talemåle må her kome fyrst. Alt i 1878 var det samrøstes slegje fast i Odelstinge, at i folkeskoler på landsbygda skulde bygdemåle rå i den munnlege oplæringa. Skolelova for byane sette fast i 1917 at i byskolen òg skulde læraren rettleie barna i å nytte det heimlege talemåle, og læraren sjøl skulde lempe måle sitt etter dette samme talemåle. Den retten som bymåle på den måten fikk, har nok enda ikkje vorte fullt utnytta. Men det er greitt at arbeidarane har den største interessa av å vakte på at ikkje barna deira blir opplært til å skjemmes av fars- og morsmåle sitt. Det hører med til oppfostringa i den klasse-samkjensla som skal bygge framtidsamfunde, at barna i arbeidarklassa lærer seg til å halde fast på heimemåle sitt og jamvel vere byrge av det. Det er ein led i klassereisinga.

Når det så blir spørsmål om å føre dette talemåle over i skrift, opp til bokmål og riksmål, så er det greitt nok at ein ikkje kann gi seg til å skrive kvart einaste bymål eller bygdemål på sin serskilte måte. Ein er nøydd til å freiste lempe det eine etter det andre, så det kan bli noko samla ut av det. Og ein må ta omsyn til det faktum som ligg føre, at vi alt har to bokmål ferdige til bruk her i lande. Inge målreising som arbeidarane skal vere med på, kann gå ut på å skape nye vanskar for framgangen vår. Det som det gjeld om er å lette og fremme målvoksteren, så han snarast råd er kann forme seg etter dei naturlege vilkåra og krava i arbeidarklassa og arbeidarreisinga.

No er det så med dei to bokmåla vi har, at inkje av dei er «ferdigt» i den meininga at dei står faste og urikkelege i formverke sitt. Tvert imot - dei er båe to i stendig omlaging, nær-sagt frå dag til dag. Det fins snautt nok to bokmenner som skriv allting likt i same bokmåle. Dei to målformene, den norskdanske og den nynorske, gir berre dei ytre råmene som mål-arbeide lyt halde seg innafor.

Og det er ikkje berre det gamle danske bokmåe som har lage seg om under påverknaden ifrå talemåle i arbeidarklassa. Det har gått same vegen med skriftforma for bondemåle, landsmåle. I stil og setningsbygging kann ein nok altfor titt råka på eit landsmål likeså ufolkeleg, likeså bokleg bunde som noko bokmål, serleg hos slike bok- og bladskrivarar som strevar mest med å halde oppe eit strengt, gamaldags formverk. Men sjølve formverke i landsmåle har folka storvegjes på seg sia den fyrste tida det vart oppsett, og den same rettskrivings-resolusjonen frå 1917 som fylte det gamle bokmåle med så mange valfrie norske former, gav dessuta rom for ei mangd med valfrie former frå ålmenn folketale innafor det skrivne landsmåle.

Det er på ei vis merkeleg nok, at enda sjølve landsmåls-rørsla har så mykje av opphave sitt i sosial strid og reising, så finn vi likevel her òg, likeså vel som innafor det gamle bokmåle, ei motsetning og ei strid mellom bokleg tradisjon og levande tale, mellom eit estétisk og eit sosialt syn på målspørsmåle. Enda dei alle sannkjenner og jamvel agiterer med at all folketale her i lande naturleg samlar seg i landsmåle, så synes dei enda at just mange av dei vanlegaste folkemålsformene «skjemmer» landsmåle. Det er mest utruleg, at etter ei norsk bøygjingsform som «kua» og «boka» har vunne seg fram i sjølve det gamle danske bokmåle, så fins det framleis landsmålsfolk, stridsmenner for folkemåle, som trur det skal vere mogleg å halde på med ei sjeldsynt bygdemålsform som «kui» og «boki». Ikkje å tale om ei papirform som «gjentor», som mest ikkje fins i levande bruk nokon stad i lande. Slikt er å gjere seg blind for dei sterkaste maktene i målvoksteren og blind for den nye makta som arbeidarreisinga har sett inn i han.

For arbeidarklassa og arbeidarpartie kann det ingen tvil vere om kvar dei skal ta stilling i alle slike spørsmål. Anten det gjeld det norskdanske eller det nynorske bokmåle, så må ein arbeidar med klassekjensle og samfundssyn ta standpunkt for folkemåle. Innafor dei råmene - det er ei glede å seie: dei vide råmene - som dei to skriftmåla i lande byd oss, må vi og kann vi stri for å få fram alt som har grunnlag i ålmenn folketale hos arbeidarar likeså vel som hos bønder.

Vi har høve til å gjere praktisk arbeid for dette krave i skolen. Allstad som vi har makt til det, bør vi sørgje for at opplæringa i skolen gir fullt rom for alle dei valfrie formene frå folkemåle som høver på staden. Serskilt er det viktig at den fyrste opplæringa i lesekunsta bygger på ei lærebok (abc-bok) med desse valfrie formene, anten det så er «riksmål» eller «landsmål» dei bruker i skolen. Dette er eit naturleg pedagogisk krav òg. Og så kann arbeidarpressa gjere mykje til å hjelpe folkemåle fram i live. Djervt og uvørent bør ho ta i bruk alle dei folkemålsformene - i landsmål eller i bokmål - som det er lovleg å nytte, - ja, det gjer ingen skade om ho nyttar somme former som enda ikkje er lovlege. Dermed gjer ho gagnsverk for arbeidarreisinga i kulturlive; ho førebur dei nye kulturformene som arbeidarklassa etter kvart skal skape.

Når vi såleis tar opp eit formålsklart arbeid med å drive folkemål inn i båe dei to skriftmåla som no er i bruk, er det med den tanken at vi ein gong skal nå fram til å ha berre eitt bok- og riksmål her i lande, eit mål som i sanning kann heite norsk folkemål, og som svarar til maktvilkåra i samfunde når arbeidarklassa har vunne. Det er dette som er den prinsipielle arbeidarpolitikken i målspørsmåle. Og den kann ikkje vinne, utan det blir arbeidd samstundes på båe kantane.

Det er verdt å streke under dette, at striden for folkemåle må bli ført innafor båe dei offisielle skriftformene vi har. Arbeidarpartie kann ikkje binde seg korkje til landsmåle eller til det norskdanske bokmåle, slik som dei er i dag. Det fyrste og siste formåle for vår målpolitikk må vere folkemål.

Vi kann likevel ikkje kome ifrå at mange gonger i det praktiske live blir ein nøydd til å velje mellom dei to skriftformene som står i strid imot inannan. Men vale for arbeidarklassa må da i kvart tilfelle rette seg etter grunnkrave vårt: folkemål. Det vil seie at vi på alle kantar vil åpne veg for folkemåle, så det vinn all den retten det kan nå på kvart einaste område av statsliv og rettsliv, i riksstyring, fylkesstyring og kommunestyring.

Alt embetsverk er ein reidskap for den klassa som har makta i lande, og arbeidarklassa må sette det kravet til embetsverke, at det tener den samfundspolitikken ho vil fremme. Da lyt embetsmennene bøygje seg for dei målkrava arbeidarklassa set til dei allstad som ho får makt. Dei må bli føre til å nytte folkemåle, og dei må ta det i bruk når folkeviljen krev det innafor embets-områda deira. At folkevald myndigheit rettar seg etter folkeviljen i så måte, det seier seg sjøl.

I denne samanhengen er det verdt å nemne eit praktisk tilhøve der arbeidarklassa med politisk makt kann føre folkemåle fram til varig ære og rett. Det er med stadnamnbrukte i kvar einskilt kommune. Ei regjerings-forskrift frå 1917 har fastsett reglar for norsk skrivemåte på alle norske stadnamn. Men det vantar enda mykje på at alle myndigheiter har gjennomført desse reglane, - serskilt ikkje dei kommunale myndigheitene. Og somme namn er det som kvar kommune rår for heilt for seg sjøl, - det er serleg namn på vegar og gater. At alle slike namn blir skrivne i samsvar med folkemålsuttalen på kvar stad, det er det einaste naturlege. Det kann vere rimeleg å lempe stavemåten noko etter sams regler for heile lande; men han må i minsto bygge fast på den heimlege taleforma. I dei aller fleste norske byane seier både arbeidsfolk og mange andre i dagleg tale «gata», ikkje «gaten», og arbeidarstyrte byar bør gå over til å skrive dette orde i gatenamn etter uttalen, - det er ekte norske folkemål. Andre former av same slage fylgjer straks med.

Dermed kjem vi bort-i eit spørsmål som har vekt mykje strid i dei siste åra, og som har ein viss samanheng med målspørsmåle, enda det på ymse måtar står for seg sjøl, - det er spørsmåle om namnbyte på fylke og byar og andre styrings-område i lande. Hovudsaka i dette namnbyte har vore: anten å få rett norsk form på eit namn som vankunne eller fordansking hadde rengt om på unorsk gjerd, eller å sette inn eit gamalt norsk namn i staden for eit framandsleg som dansk styring hadde trengt inn. Grunntanken i slike skifte svarar med den ålmenne tenkemåten som Arbeidarpartie må bygge sin kulturpolitikk på.

I stadnamne, likeså vel som i målbruke elles, har vi her i lande to serskilte tradisjons-liner, - ein folkeleg tradisjon og ein overklasse-tradisjon. Det er den folkelege tradisjonen som arbeidarklassa må halde fast på og verje om, og det er den som er norsk, d. v. s. i samsvar både med heimleg opphav og med folkeleg uttale.

Serleg sia 1917 har styringsmaktene arbeid med å føre stadnamna tilbake til denne norske folkegrunnen. Ein kann ikkje nekte for at det har vore gjort somme misgrep i dette arbeide; når soleis «Verdalen» eller «Odalen» har vorte omskrivne til «Verdal» og «Odal», så er det omsyn til gamalnorsk som har vunne, og det er i strid med folkemålskrave. Eller ein kan nemne at «Urskog» vert omgjort til «Aurskog» i staden for til den norske folkemålsform «Ørskau», eller «Kullebunden» til «Kolbotn» i staden for til «Kolabonn» eller «Kølabonn». Men i det store og heile har oppnorskinga vore rett og god, og sjølve grunnlage for ho låg greitt til rettes.

Vandare har det vore når det vart spørsmål om heilt namnbyte. Det gikk for det meste rett naturleg den gongen amta vart omgjort til fylke; det svarte både med gamal tradisjon og med den demokratiske omskipinga i styringsmåten, at gamle landskapsnamn no fikk avløyse dei namna som var tekne etter amtmannsgardane. Men det gikk ikkje så glatt med bynamnna. Arbeidarpartie samla seg til slutt om Oslo i staden for Christiania; her galdt det om å ta oppatt det gamle bynamne i staden for eit kongeleg namn som uta grunn var tvinga inn på byen. Men partie kløyvde seg i spørsmåle Nidaros-Trondhjem (Trondheim). Og her lyt ein vedgå at tradisjons-spørsmåle var mykje ugreiare, så saka hadde stått seg på å vente.

Det som for vårt parti må vere avgjerande i alle slike spørsmål, det er nett tradisjons-samanhengen. For namn og namnformer må vi spørje etter det folkelege grunnlage, liksom vi i alt bokmål spør etter folkemåle og retter oss etter det.

(Foredraget blev hilst med bifall av landsmøtet.)

*) Halvdan Koht: Arbeidarreising og målspørsmål. 1921.

Kjelde: Protokoll over forhandlingene på Det norske arbeiderpartiets 28. ordinære landsmøte. Oslo 1930, s. 139-149.
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen