VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Tenk stort!

av Are Kalvø, ,

Ein dag kan det hende barnebarna dine spør deg kva du eigentlig dreiv med i gamle dagar. Dette er naturligvis eit veldig godt argument for å aldri skaffe seg barnebarn.

For kva skal du svare på sånt?

Før dreiv folk med ting det var verd å fortelje barnebarna om. Dei vann krigar og bygde land og innførte folketrygd.

Men vi som lever no er sannelig ein stusslig gjeng.

For kva er det eigentlig vi har drive med?

Vi har gått litt på skule og reist litt og gått i kortbukse og kanskje skaffa oss ein familie eller to og bada litt og jobba og dratt på ferie og hatt nokre hyggelig kveldar på terrassen eller i hagen og vore ute med venner og kildesortert og ete og gått tur og kika litt på Internett og tatt eit par kurs og lata som om vi liker mørkt øl og prøvd å sette oss inn i ting som skjer i verden og fått motorstopp og plutselig blitt opptatt av kortreist mat og komme i snakk med ein merkelig fyr på fest. Og så har vi grilla. Og pussa opp. Når eg tenker meg om, så er det først og fremst det vi har gjort: Grilla og pussa opp.

Det er det livet handlar om.

Dette veit ungdommen ingenting om. Ungdommen er ikkje klar over at den dagen du er ferdig med skule og utdanning, den dagen er den morsomme delen av livet over og den kjedelige delen av livet begynner. Og på grunn av stadige medisinske framsteg, så blir det kjedelige delen av livet berre lenger og lenger. Den kan vere i seksti-sytti-åtti år i ekstreme tilfelle.

Dette veit ungdommen ingenting om. Eller endå verre, det kan hende dei veit det, dei berre tenker: Det skjer ikkje meg.

Jo, det gjer det. Det skjer alle. Og det kan skje heilt plutselig. Den kjedelige delen av livet kan begynne heilt plutselig ein dag. Du er ferdig med skule og utdanning. Du har fått deg ein jobb, ein heim, ein familie. Plutselig ein dag så våknar du. Det er kanskje laurdag. Ingenting du må gjere. Og det første du tenker, er:

«Nei, skulle ein ha tatt og pussa opp litt då? Den veggen må ikkje ha akkurat den fargen. Sofaen må ikkje stå akkurat der. Kanskje eg skulle ha skaffa meg ei hytte? Eller ei leilegheit i Berlin? Eller begge deler? Eller kanskje eg skulle ha laga meg ein platting?»

Platting er eit ord som aldri tidligare har eksistert i vokabularet ditt. Denne dagen er det plutselig heilt naturlig å tenke «platting!»  

Hems er eit anna ord som plutselig dukkar opp denne dagen.

Og grill, ikkje minst. Denne dagen kjenner du veldig sterkt at «eg må ha ein grill. Og den skal vere enorm. For her skal det grillast! Det er det eg skal gjere no, resten av livet. Eg skal grille og pusse opp. Eg skal brenne kjøt, og så skal eg måle ein vegg, og så skal eg brenne meir kjøt, og så skal eg flytte ein sofa, og så skal eg brenne meir kjøt, og så skal eg lage platting, og så skal eg brenne meir kjøt, og sånn skal eg halde på til eg dør. Og viss eg ein sjeldan gong tek ein liten pause i grillinga og oppussinga, så skal eg sette meg ned i ein sofa og sjå eit tv-program som handlar om andre folk som grillar og pussar opp.

Det er dette som er livet.

Dette er verkelig ikkje noko å fortelje barnebarna. Det siste du vil etter å ha snakka lenge og vel om gamle dagar, er at barnebarnet ditt ser deg rett i auga og seier: Bestefar, de må sannelig ha vore ein stusslig gjeng.

Før blei det utført bragder og tenkt store tankar. Hav blei kryssa. Grunnlover blei forfatta. Polpunkt nådd. Einevelde avskaffa.

Vi som lever no, driv ikkje med slikt. 

Nesten ingen eg kjenner har avskaffa einevelde, for eksempel.

I det heile tatt: Når skjedde det sist at det dukka opp ein heilt banebrytande ny idé i vår tid? I politikken, for eksempel? Og sidan dette er ein norsk nasjonaldag, når skjedde det sist at det dukka opp ein heilt banebrytande idé i norsk politikk?

De treng ikkje svare, eg veit når det var. I Norges tilfelle, så var det i 1814. Alt etter 1814 har vore justeringar. Eller oppussing, om du vil.

Det blir bytta regjeringar med jamne mellomrom, men det er ikkje dermed sagt at det skjer noko veldig nytt.

Det var ikkje sånn, for eksempel, då SV kom i regjering for første gong i historia i Norge for åtte år sidan, at landet over natta blei omdanna til eit sosialistisk helvete der kristne verdiar blei forbudt ved lov, deltakelse i multikulturelle friteatergrupper blei obligatorisk og folk blei tvangsgifta med personar av same kjønn.

Og det kjem ikkje til å bli sånn, når Fremskrittspartiet kanskje kjem i regjering for første gong i historia til hausten, at engstelige statsstøtta kulturarbeidarar blir vekte grytidlig om morgonen etter valnatta av heftig banking på døra, og utanfor står ein veldig blid og litt full Per Sandberg og seier: «Eg er den nye kulturministeren, eg har komme for å brenne bøkene dine.»

Og viss du har budd utanfor Norge såpass lenge at du ikkje veit kven Per Sandberg er, så .. er det sikkert fullt mulig å leve med det.

1814, altså. Som vi skal snakke om i dag. Fordi at sånn er det berre.

I 1814 kom det veldig mange gode idear. Det veit alle vi som faktisk har lese den norske grunnlova som blei laga dette året. Der er det masse gode idear. Oppsiktsvekkande gode idear. Dette er naturligvis ikkje spesielt norske idear. Dette var idear som fanst i verden på denne tida, og som dei som laga grunnlova gjorde om til noko som kunne fungere i Norge.

Og denne grunnlova gjeld altså framleis. Lova har blitt forandra litt, men likevel: Ideane til grunnlovsmakarane er framleis i stor grad dei ideane vi styrer samfunnet etter.

Og dette blei altså skrive i 1814. Det er ganske imponerande. 1814 er veldig lenge sidan. Det er faktisk veldig lenge sidan.

Den gongen, i 1814, var det altså ein gjeng som var samla på Eidsvoll. Dei var ikkje der spesielt lenge heller. Og det dei kom opp med var eit dokument som slår fast at Norge skal vere fritt og uavhenging, at Norge skal ha ei lovgivande, ei utøvande og ei dømmande makt, at Norge skal vere eit monarki og det skal vere trykkefridom og rettstryggleik.

Dette er ikkje dårlig etter nokre dagar på seminar på Eidsvoll.

Eg har sjølv vore på seminar på Eidsvoll. Viss det seminaret hadde vore grunnlovsforsamlinga, så ville Norge i dag hatt ei grunnlov der det stod:

«Paragraf 1: Scjschjakaduhaeinteæl?»

Det var eit sånt seminar. Dei fleste bedrifter og organisasjonar arrangerer sånne seminar med jamne mellomrom, utfrå ein tanke om at folk flest jobbar betre saman viss dei eit par gonger i året hjelper kvarandre i seng på eit Rica-hotell.

Og det er då det kan vere lett å tenke at vi som lever no er ein stusslig gjeng. For det kjem jo aldri noko fornuftig ut av seminar i våre dagar.

I 1814 kom dei altså opp med ei heil grunnlov.

Og det er jo ikkje sånn å forstå at folk i 1814 var smartere enn vi er i dag. Absolutt ikkje. Tvert imot. Folk var ikkje smarte i det heile tatt i 1814. Heller ikkje dei som laga grunnlova var spesielt smarte. I tillegg til alle dei knakande gode ideane, så stod det nemlig også ein heil del teite ting i grunnlova frå 1814. Ting som seinare har blitt sletta, fordi vi veit betre.

For eksempel stod det i den opprinnelige grunnlova at stemmeretten berre gjeld for menn som er over tjuefem år gamle. Og ikkje alle menn over tjuefem heller. Du måtte også oppfylle eitt av fleire andre krav for å få stemme. For eksempel å eige jord.

Sånt er det jo ingen som meiner i dag.

Bortsett frå Senterpartiet, kanskje, viss det blir seint nok på landsmøtefesten.

Men dei er det jo ingen grunn til å ta alvorlig.

Embetsmenn skulle også få lov til å stemme. Og såkalla kjøpstadborgarar. Bønder, jordeigarar, kjøpmenn og embetsmenn, altså.

Og kven var det som satt i grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll?

Embetsmenn. Kjøpmenn. Jordeigarar. Bønder. Og berre menn.

Dei gav kort sagt stemmerett til seg sjølv og ingen andre.

Ikkje berre meinte dei rare ting, altså. Dei var sjølvopptatte også.

Og dei var berre litt over førti år gamle. Faktisk.

Og eg gjentek for sikkerheits skuld at dei var på seminar. Så det er all grunn til å tru at dei drakk ein del. Og gjorde merkelige ting, som folk på seminar gjerne gjer.

Dette veit vi faktisk også litt om. Det finst kilder. Mellom anna blir det fortalt at ein av Eidsvollsmennene, lensmann og bonde Ole Knudsen Tvedten frå Setesdal, ein dag skal ha imponert dei andre med å bere ein hest over tunet. Tvedten skal også ha vore synlig berusa under møta.      

Førtiårskrise anno 1814, altså.

Slik dreiv dei på, Eidsvollsmennene.

Fyll. Hestebering.

I tillegg til at dei var sjølvgode. Og meinte rare ting.

Likevel klarte dei altså å lage ei grunnlov.

Og det er altså, som sagt, ikkje sånn at dei var smartare i 1814. Og dei var heller ikkje betre menneske enn vi er i dag. Igjen: Tvert imot. Dei var verkelig ikkje spesielt gode menneske i 1814. Igjen står det ting i den opprinnelige grunnlova som viser det. Ting som seinare er sletta, fordi vi i dag er betre menneske.

Det er for eksempel ganske godt kjent at i den opprinnelige grunnlova stod det at jødar ikkje skal ha adgang til Norge. I den same paragrafen stod det at heller ikkje jesuittar eller munkeordenar er lovlig.

Dei var altså ikkje spesielt rause i 1814.

Dei som laga den norske grunnlova var etter alt å dømme det vi i dag vil kalle rasistar. Og mannssjåvinistar. Og senterpartifolk.

Og dei såg ikkje ut. Verkelig ikkje. Latterlige frisyrar. Latterlige antrekk.

Ureinslige var folk på den tida. Dette veit vi i dag.

Altså: Dei som laga den norske grunnlova var ein gjeng skitne, rasistiske, sjølvopptatte, mannssjåvinistiske og litt fulle senterpartifolk med førtiårskrise. På seminar.

Og no kjem poenget:

Likevel klarte dei å komme opp med ein heil masse idear som framleis verkar kloke og fornuftige, to hundre år etterpå.           

Det er litt pinlig for oss. Det er veldig pinlig for oss, faktisk. Eg trur aldri eg har tenkt ein einaste tanke som kjem til å verke klok og fornuftig om to hundre år.

Kva er det eg har tenkt, eigentlig. Eg har tenkt: nei, skulle ein ha tatt og pussa opp litt då? Det har eg tenkt. Ganske ofte.

Og det held jo ikkje.

Og det er det eg meiner: Når ein gjeng skitne, rasistiske, sjølvopptatte, mannssjåvinistiske og litt fulle senterpartifolk med førtiårskrise på seminar klarte å komme opp med fleire idear som framleis verkar kloke og fornuftige to hundre år etterpå, då må jo vi som lever no - som faktisk er betre på alle måtar: Vi er meir demokratiske, vi er meir for likestilling, vi er mindre rasistiske, vi ser betre ut - då må jo vi som lever no vere i stand til å komme opp med idear som er heilt fantastiske.

Og det er akkurat det vi må gjere.

Vi må komme opp med nokre store idear. Tenke stort. Større enn det gjengen kom opp med for to hundre år sidan. Det må vi kunne klare. Og så kan vi feire.

Og så kan berre barnebarna komme og spørje oss kva vi dreiv med i gamle dagar.

Kjelde: www.norwegen.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen