VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD
VIRKSOMME ORD

Ei anna verd er mogleg

av Berge Furre, ,

Ei anna verd er mogleg ... vi høyrer røystene over landegrensene frå Forum Social Mundial i Porto Alegre sør i Brasil: Dei fattige tok tak - dei jordlause, dei arbeidslause, fagorganiserte, småbønder, intellektuelle, kvinneorganisasjonar, kyrkjefolk ... Tre gonger har dei samlast - hundre tusen siste gong frå alle kantar av kloten - for å løfta ein visjon av ei verd med fred, menneskerettar og sosial rettferd. Ei anna verd er mogleg ... Og ropet har nådd oss - frå dei som er utestengde frå rikdomane på denne kloten - los excluidos: "Globaliser kampen - globaliser vona".

Tunge lag av uskjønlege dogme, av bortforklaringar, av fundamentalisme har lagt seg over bodskapen frå Nasaret da Jesus opna si forkynning. Vi reiser oss og høyrer teksta frå Lukas 4:

På sabbatsdagen gjekk han inn i synagoga slik han var van og han stod opp for å lesa for dei. Dei gav han då boka etter profeten Jesaia, og da han hadde opna boka, fann han staden der det står skrive:

«Herrens Ande er over meg,

for han har salva meg

til å forkynna

ein gledebodskap for fattige.

Han har sendt meg for å ropa ut

at fangar skal få fridom

og at blinde skal få sjå,

for å løysa dei trælka or tvang

og ropa ut eit nådeår

frå Herren»

Han let att boka, gav ho til tenaren og sette seg. Alle som var i synagoga hadde augo festa på han. Så sa han til dei: I dag er desse ord frå skrifta oppfylte for øyra dykkar.

Slik lyder Herrens ord - og dei må lesast slik av oss i dag: Ei anna verd er mogleg i dag - og teikna er synlege i dag: Tvang, terror, undertrykking, diskriminering skal få ein ende.

Herrens Ande er over meg - opnar Jesus preika. "Den heilage Ande" - kven er no det? Mykje har vore spekulert og fabulert og doktrinert og ironisert over denne "persona" hjå Gud. Det er vel så enkelt som at Gud blir synleg, verkeleg for oss i dag. At Guds ande er gnisten i oss som løfter oss til mot, til tru og styrke - til ikkje å gje opp - til å sjå at ei anna verd er mogleg. At vårt strev for forandring - NYTTAR! Slik er "Guds Ande over meg"!

Religion - tru - er farlege greier. I fundamentalismens bunad kan tru drivast til katastrofar. Men å ha tru er betre enn å vera trulaus - trur eg. Tru er særleg farleg for dei mektige - for dei som undertrykker, skremmer oss til lydnad. For tru driv bort frykt - og set mot istaden - til å leva, til å kjempa, til å forandra. Tru løfter meg til å sjå ut over mitt liv, dette liv - tru er felles visjon ut over dette liv - visjon av ei anna verd. Og difor er herrane i denne verda så redde for tru. Det gjeld å temja henne, binda henne fast til makta - gjera ho til tenar for dei mektige. Historia om kyrkje og kristendom fortel dette - gong etter gong. Da kristendomen heldt på å driva det mektige Romariket i oppløysing, snudde keisaren i siste augneblink, kalla biskopane til seg - styrte kyrkjemøtet dit han ville - til ein tenar for si makt. Og da fattigbøndene i Tyskland fekk tak i Bibelen på 1500-talet og gjorde opprør - og vraka både keisar og kyrkjestyret frå Roma - fekk fyrstane panikk, slo ned opprøret - og gjorde kyrkja til tenar for konge og stat: Kongen var innsett av Gud og salva av biskop - alle skulle lyda han, den einveldige konge i Guds namn, heitte det no. Kva vi enn måtte meina om statskyrkja i dag - opphavet er ikkje vakkert.

Og difor har kvar generasjon måtta gå tilbake til skrifta, løfta bort dei mektiges slagg og bedrag - og finna evangeliet att, skinande blankt - og leita trua fram på ny - finna han som "ropa ut at fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå, * løysa dei trælka or tvang og ropa ut eit nådeår frå Herren". Kjettarane fekk svi - til dei vart kalla sanningsvitne.

For les du evangelia - dei vitnemål vi har om han som tente ein brann av tru - så er ikkje Jesus dei mektiges tenar. Der er strid rundt han heile tida. Dei mektige er etter han - fordi han er farleg for dei. Og til slutt tek dei livet av han.

Men om du les evangelia ein gong eller to gonger eller tre gonger - aldri vil du finna Jesus på parti med dei sterke, dei rike, dei mektige, aldri vil du finna han saman med undertrykkarane. Alltid vil du finna han saman med dei fattige, dei marginaliserte, kvinnene, dei som ikkje har noko å seia - før han gjev dei mot til å seia.

Dette er ei farleg tru - å få imot seg. Ho måtte temjast, bindast, kontrollerast av dei med makt som kunne bruka ho til å auka si makt. Over ei kyrkje frå 1600-talet i København fann eg ei lærerik innskrift: "Gloria deo et Christiano quinto." Denne kyrkja er bygd til ære for Gud og Kristian den 5. - han som innførte einvaldsstyret i Danmark og Noreg. Framleis ruver kongekrona, scepteret og rikseplet over krossen i mange gamle kyrkjer her til lands - før arkitektane lærte seg til å løyna slikt. Men dei tunge katedralar av stein kan minna meir om gravmæle over den døde - enn rom for tru i våre hjarto på at ei anna verd er mogleg.

Ulrich Zwingli - den eine av dei tre store reformatorar jamsides Luther og Calvin på 1500-talet - såg noko som var gløymt i tusen år: At julekrubba ikkje var idyll - men fødestova til ei fattig kvinne - ei som det ikkje var plass for i herberget blant dei velberga. Gud vart menneske - til å dela våre kår. Det er kristendomens kjerneforteljing. Og når Gud let seg bli fødd - skjer det blant dei aller fattigaste. Men det må da Gud ha tenkt på - hatt ei meining med. Sjølv om vi har gløymt det. Seier Zwingli. Og når Jesus seier: "Fylg meg!" "Gå min veg!" så førte aldri den vegen til slott eller Jerusalems "Aker Brygge". Men Zwingli såg meir: At det aldri var Guds meining at menneske skulle lida naud i undertrykking og vanmakt. Han såg at gapet mellom rikdom og fattigdom var urett - var hån mot Gud. Var synd! Han ville at det skulle delast i rettferd mellom folk. Han såg at ei anna verd var mogleg - til han fall i ein krig mot uretten.

For også Zwingli visste at Jesus levde - ein heilt annan stad enn i dei mektiges selskap. For Herren sjølv hadde sagt frå kvar han var å finna i framtida - i vår tid. Når han hadde sprengt dødens lekkjer: Det står mot slutten av Mattheusevangeliet:

"For eg var svolten...; eg var tyrst...; eg var framand...: eg var utan klede...; eg var sjuk...; eg var i fengsel..." Der var han å finna - blant dei minste små. Der er eg, seier han. Der er Gud - blant dei Frantz Fanon kalla "jordas fordømte" - dei som taper i vår brutale pengeverd som vi kallar sivilisasjon, dei som blir ofra for fattigdom, underernæring, undertrykking, dei som betalar prisen for vår rikdom. Den krossfeste er hjå det krossfeste folket, som frigjeringsteologar i Latin-Amerika har funne det.

Er vi der - med det krossfeste folket? Eller er vi blant dei som krossfester? På femten-tjue år doblast vårt lands forbruk. I ei verd der ressursane og livsmiljøet ikkje tolar vår vekst. Men å tryggja dei svakaste mot eit hardt samfunn? Avstanden mellom fattig og rik aukar - i verda og i vårt land. Vi gjenoppdagar fattig-Noreg. Anar vi eit Golgata i vårt rike lands budsjettdebattar?

Det er kristen tru at Gud handlar i historia - at Gud er i historia - i vår historie. I vår tid. At Gud er synleg i andleta til fattige, undertrykte lidande menneske. Dei ber Guds andletsdrag. Da Kristin Halvorsen og Bård Vegar Solhjell og fleire var ilag med meg som gjester hjå dei jordlause i Brasil i sommar, kom vi til ein leir av jordlause i Pernambuco - der undertrykkinga var på det hardaste. Alle tilførsler til leiren var stansa - for å få fattigbøndene til å gje opp kampen for jord og mat. Dei visste ikkje om dei hadde mat til neste måltid. Og førre måltidet snakka dei ikkje om. Dei rørte seg langsamt - og smilte lite. Slik ser svolten ut.

Men så skjedde det noko ei tid seinare. Ei vekking gjekk over det enorme landet. Ei politisk vekking. Eit val. Ein siger. Ein rus. Ein Lula. Ein som kom frå fattigdomen - hadde kjent svolten i tarmane - vart Brasils president. Og han kalla til si regjering ein av dei som hardast hadde stridd for jordreform. "No skal svolten bort!" "No skal dei fattige koma fyrst" - var Lulas ord medan tårene rann dagen etter valet. Og neste dag - i gangen framfor kapellet i den lutherske høgskulen der eg var høyrde eg teologistudentens replikk: "No trur vi på Gud og Lula."

Gud er i historia - i vår historie. Han som ropa ut "ein gledebodskap for fattige. At fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå, at trælar skal løysast or tvang", har sagt til oss: "I dag er desse ord frå skrifta oppfylte for øyra dykkar."

I dag skjer det - i historia og i tida skjer det - vi ser teikna til at ei anna verd er mogleg: Teikna i Porto Alegre, i demonstrasjonane for fred verda over. I småbønders kamp for jordreform - vi ser teikna til at Gud er i historia - i ei verd der så mykje er vondt, der det er vald og naud og svolt og tyranni. Men ikkje berre det. "Os excluidos" - dei ekskluderte - kjempar for å bli inkluderte. Der er kamp - der er sigrar. Og vi er utfordra - ikkje minst kyrkjene. Dorothy Sølle - tysk, den fremste blant feministars teologar, fremst i kampen for fred i dag - sa noko som ikkje så lett blir gløymt: "Gud har ikkje andre hender enn våre hender."

Eg vonar ho tok noko sterkt i: "Guds hender?" Vi kan ta feil når vi tyder teikna. Men vi har rett - skyldnad - til å sjå etter teikna - etter krefter som forandrar, som peikar fram mot at "ei anna verd er mogleg." Vi skal vera der det blir "ropa ut at fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå, at undertrykte vert løyste or tvang". Vi skal vera med og ropa ut eit nådeår frå Herren".

Vi har sett teikna i historia - mektige teikn - i arbeidarreising, i frigjering frå imperialisme, i menneskerettar, i kvinnekamp, i tyrannars fall. Så er det vårt kall å vera Guds hender - og leita etter teikna - og gje dei styrke. For det er Guds fotspor i historia: At menneske reiser seg til frigjering - til å ta att det menneskeverd skaparen har gjeve dei.

Vi kan ta feil i vår leiting. Vi kan be om tilgjeving for det. Vi kan leggja slikt bak oss. Men vi har skyldnad til å leita etter teikn - også i det små, i vår kvardag hjå kvarandre - og i det litt større: Ein fredsdemonstrasjon, ein åttande mars.

Kristendomen er kjærleiksmøtet mellom Gud og menneske: At Gud elska verda - menneska - så grunnleggjande at han måtte bli menneske sjølv - at hans solidaritet måtte bli så total at han vart ein av oss - og viste oss solidaritet: "I dag er desse ord frå skrifta oppfylte for øyra dykkar." I dag er vi på veg.

Men han kom ikkje som statsmann eller herførar eller generaldirektør. Gud kom som ein av dei fattige på jorda - og samla ein flokk av fiskarar, handverkarar, landarbeidarar ikring seg. Våpenlaus og utan vald utfordra han det mektige presteskapet i Israel og det enda mektigare Romarriket - den einaste supermakt til den tid. Sæle er dei fattige - ropa han ut - mot rikdomen hjå dei få. Sæle er dei som skaper fred - ropa han i eit land der krig truga.

Korleis det gjekk? Det gjekk heilt gale. Ein slik som gjekk på tvers av alt som var vanleg akseptert - ein slik som velta pengevekslarane og aksjespekulantane sine bord. Han var eit trugsmål mot dei mektige, ein farleg mann mot all.

Så gjekk det som det måtte gå: Soldatane kom. Etter ein av historias tallause skandaleprosessar kom eit av historias tallause justismord: På den mest audmykjande og pinefulle måte vart han avretta - spikra opp på eit tre til han døydde av smertene - våpenlaus, hjelpelaus. Som så mange - i vonde tider - i vår tid.

Og så var vel slutt? Så var vel Jesus-rørsla knust? Slik såg det ut. Tilhengarane hans rømde til alle kantar. Sviket frå hans eigne var den siste audmyking. Hanen gol og Peter gret.

Men så var ikkje det slutten likevel. Da nederlaget syntest totalt - da all von syntest vera ute - da dei fattiges von tyktest sløkt - skjedde der noko som skulle endra verdssoga. Da mennene hadde rømt i motløyse, kom motige kvinner til grava: Den døde skulle iallfall få det stell einkvar død fekk i dei tider.

Men da dei kom til grava, var ho tom. Dødens krefter - som synest så totalt overlegne - hadde likevel tapt. Og Maria sprang frå grava - og vart den fyrste kristne forkynnar: Han har stått opp! Og sidan kunne bodskapen sprengja grensene: Kjærleiken var sterkare enn hatet. Kjærleiken var sterkare enn døden. Gud hadde stilt seg på livets side. Dei som hadde gjeve opp alt for å fylgja han - fylgja Gud - hadde ikkje gjort det til fånyttes. Det nytta. Det nytta å leva. Det nytta å kjempa.

På dagen for kvinners kamp for frigjering skal vi minna kvarandre om korleis det er kvinner med mot og tru som viser oss kven Gud er - på to avgjerande punkt i forteljinga om Jesus: Ved Jesu fødsel - den skandaliserte ungjenta Maria - gravid utan ektefelle. Ho har fått vita at ho ber Gud under beltet - framtida i sin kropp, vona om fridom for eit okkupert og undertrykt folk. Ho leit på engelens bodskap - og sprengte skamma med sine trygge - stolte ord. Så går ho jublande gjennom landsbyen med løfta hovud - gravid, stolt og sterk i si tru: - fjern frå den audmykje, underdanige Maria ei mannskyrkje gjerne har vilja gje oss: For ho har fått vita kven Gud er:

Storverk gjorde han med sin sterke arm,

for han spreidde dei som bar på hovmodstankar

og støytte stormenn ned frå trona,

men lyfte dei låge opp.

Han metta dei svoltne med gode gåver,

men sende dei rike tomhendte bort.

Og så - kvinnene ved grava - som møtte den oppstadne og gjekk derifrå og fortalde at det avgjerande var skjedd: At historia hadde snudd. Og ei anna Maria er den fyrste til å fortelja verda at no har det skjedd. Og så den Maria som i ein flokk av kvinner møter den oppstadne - og er den fyrste til å forkynna det som har skjedd: Ei anna verd er mogleg *

Som Grundtvig let det høyra i det praktfulle diktet kvinneevangeliet: der vi skal ta med eit par vers:

I Herrens Hus er Varmen

Den dybe Kjærlighed

Som har i Kvinde-barmen

Sitt rette Arnested!

Derfor det var en Kvinde

som Naade fandt hos Gud;

Fra Himmelens Veninde

Sprang Jordens Frelse ud!

Marias Kvinde-vise,

Med Englesang i Kor

Bød alle Slægter prise,

Den salige paa Jord!

Og naar Maria glemmes,

Hvor Jesus nævnes end,

Da Hjertet overstemmes

Af Hjernespind hos Mænd.

Og dermed var eit farleg evangelium sluppe ut i verda - av kvinnehand: Vårt evangelium - at ei anna verd er mogleg. Amen.

Kjelde: www.nytid.no
Utskrift frå VIRKSOMME ORD
Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen